St.prp. nr. 72 (1996-97)

Om samtykke til at Noreg deltek i den fjerde kapitalpåfyllinga i Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling, IFAD

Til innholdsfortegnelse

3 Forhandlingsprosessen om IFADs fjerde kapitalpåfylling

Forhandlingane om den fjerde kapitalpåfyllinga i IFAD starta i 1992 og vart først avslutta tidleg i 1997. Målet for påfyllinga vart tidleg sett til US dollar 600 mill over eit tidsrom på tre år, medan det endelege resultatet vart omlag US dollar 430 mill. Årsaka til at prosessen vart så lang og vanskeleg, var for det første at OPEC-landa tidleg gav til kjenne at deira del ville gå ytterlegare ned. Forhandlingane vart brotne i 1993, men vart tekne oppatt hausten 1994 etter at det tidlegere på året vart oppretta ein spesialkomité som skulle sjå på kva for følgjer ei endra byrdefordeling ville få for styringsstrukturen i IFAD. Noreg deltok i denne komiteen, som var samansett av 36 land. Komiteens arbeid munna ut i eit framlegg som innebar at OECD-landa skulle få meir å seie og OPEC-landa mindre, medan låntakarlanda skulle få garantert same stilling i fondet som før. Framlegget om restrukturering og framlegg om gjennomføring av fjerde kapitalpåfylling vart fremja samla på IFADs rådsmøte i januar 1995. På bakgrunn av at påfyllingsforhandlingane framleis var i gang, var det meininga at resolusjonen skulle gjennomførast så snart desse var avslutta.

Men det skulle vise seg at forhandlingane kom til å trekkje ut i nesten to år til. Denne gongen oppstod problemet i OECD-gruppa i og med at USA gav til kjenne ein kraftig reduksjon i sin tradisjonelle del. På eit tidspunkt var det usikkert om USA i det heile kom til å delta i kapitalpåfyllinga. Ved sida av nedskjeringar i eigne bistandsbudsjett var eit av USAs argument at IFAD kunne vera finansielt sjølvberande ved eit redusert utlånsnivå. Dette vart eit tema særleg i den siste delen av forhandlingene, og alternative finansieringskjelder vart utgreidde og drøfta.

Det var semje om at IFADs investeringspolitikk skal justerast for å oppnå større avkastning på investeringsporteføljen, og at IFAD skal kunne vedta nye lån basert på framtidige tilbakebetalingar på lån, og arbeide for ei betre handtering av lånekanselleringar. Sjølv om dette skulle føre til auka inntekter for IFAD, støtta ikkje dei andre gjevarane i OECD-gruppa USAs syn om at ei kapitalpåfylling var unødvendig. For det første var fleirtalet i gruppa samde om at IFAD må ha eit årleg utlånsnivå på US dollar 400 mill for å kunne oppfylle mandatet sitt, og at dette nivået ikkje kunne oppretthaldast utan ei kapitalpåfylling. For det andre argumenterte dei andre gjevarane med at vedtaket om reformer av IFADs styringsstruktur føresette ei kapitalpåfylling. Eit tredje aspekt som vart trekt fram, var dei følgjene det vil få for gjevarane sin innverknad på sikt og for IFADs rolle som utviklingsinstitusjon dersom IFAD skal baserast berre på eigengenererte inntekter. Resten av OECD-landa var difor samde om å søkje ei løysning uavhengig av storleiken på USAs eventuelle bidrag.

Frå norsk side var ein innstilt på å medverke til eit best mogleg resultat av forhandlingane sjølv om USA skulle falle frå, dersom alle dei andre gjevarane i OECD-gruppa opprettheldt sine bidrag. I sluttfasen vart det klart at USA likevel kom til å bidra til den fjerde kapitalpåfyllinga i IFAD, sjølv om bidraget vart redusert til ein tredel av den tradisjonelle delen. USA gjorde det òg klart at dette er den siste kapitalpåfyllinga i IFAD dei kjem til å delta i. USAs reduserte bidrag medførte at også andre OECD-land, m.a. Tyskland og Frankrike, reduserte sine bidrag noko.