St.prp. nr. 79 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 4/2001 av 31. januar 2001 om endring av vedlegg IX til EØS-avtala (fjerde direktiv om motorvognforsikring)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

EØS-komiteen vedtok 31. januar 2001 å endre vedlegg IX til EØS-avtala, som omhandlar finansielle tenester, til òg å omfatte europaparlaments- og rådsdirektiv 2000/26/EF av 16. mai 2000 om tilnærming av medlemsstatenes lovgivning om ansvarsforsikring for motorvogner og om endring av rådsdirektiv 73/239/EØF og 88/357/EØF (fjerde direktiv om motorvognforsikring).

Innlemminga av europaparlaments- og rådsdirektiv 2000/26/EF i EØS-avtala utfyller det eksisterande regelverket om motorvognforsikring. Direktivet er eit ledd i arbeidet med å gjere det enklare for skadelidne å få fremja krav og dekt tap som har kome på som følgje av skade som er framkalla av motorvogn i ein annan EØS-stat, eller i ein stat som tek del i grønt kort-ordninga.

Ettersom gjennomføringa i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, i samsvar med § 26 2. leddet i Grunnlova og artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala. Fristen for å gjennomføre direktivet er sett til 20. juli 2002. Direktivet gjev påbod om at det vert skipa eit eige skadebotsorgan, som skal vere etablert eller godkjent innan 20. januar 2002.

Avgjerda i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsdirektiv 2000/26/EF i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.