Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 79 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 47/2003 av 16. mai 2003 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/65/EF om fjernsal av finansielle tenester til forbrukarar

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 47/2003 av 16. mai 2003 vart vedlegg IX (finansielle tenester) og vedlegg XIX (forbrukarvern) til EØS-avtala endra ved innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/65/EF av 23. september 2002 om fjernsal av finansielle tenester til forbrukarar, og om endring av rådsdirektiv 90/619/EØF og av direktiv 97/7EF og 98/27/EF.

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald for samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala. Stortinget vert gjennom denne proposisjonen oppmoda om å gje samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen.

Avgjerda i EØS-komiteen og direktiv 2002/65/EF i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Til toppen
Til forsida av dokumentet