St.prp. nr. 8 (2004-2005)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 791/2004/EF av 21. april 2004 om eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje organ som er aktive på europeisk plan på området utdanning og opplæring, og for å støtte særlege tiltak på det same området (programmet for utdanningsorganisasjonar)

Til innhaldsliste

6 Konklusjon og tilråding

Noreg si deltaking i programmet i medhald av EØS-avtala er i tråd med norske utdanningspolitiske interesser. Dette vil òg vere i tråd med norske interesser når det gjeld oppfølginga til EU av den europeiske dimensjonen innan utdanning og opplæring. Deltaking i dette programmet er ein føresetnad for at Noreg framleis skal kunne vere til stades i arbeidsgruppene som følgjer opp Lisboa-målsetjingane på utdanningsområdet. Utdannings- og forskingsdepartementet tilrår difor at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 791/2004 av 21. april 2004 om eit fellesskapshandlingsprogram for å fremje organ som er aktive på europeisk plan på området utdanning og opplæring, og for å støtte særlege tiltak på det same området (programmet for utdanningsorganisasjonar). Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.