St.prp. nr. 80 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 48/2003 av 16. mai 2003 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2000/35/EF om kamp mot forseinka betaling i handelshøve

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Når det gjeld økonomiske og administrative konsekvensar, synest eit eventuelt framlegg om å endre fristen for når det skal løpe forseinkingsrenter frå éin månad til 30 dagar etter påkrav, å få svært små praktiske, økonomiske eller administrative konsekvensar.

Dersom forseinkingsrentesatsen skal fastsetjast to gonger i året i tråd med reglane i direktivet, vil dette medføre noko meir arbeid for Finansdepartementet, som fastset rentesatsen. Det er likevel ingen grunn til å tru at dette vil føre til nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.

For verksemdene vil det føre til at dei må halde seg oppdaterte på den nye rentesatsen oftare enn no. Det kan òg tenkjast at ein oftare må endre standardoppsett på faktura og liknande. Ut frå den kunnskapen ein no sit inne med, er det enkelt å gjere slike endringar ved hjelp av dei vanlege fakturaprogramma som er på marknaden i dag. Det er difor ikkje grunn til å tru at hyppigare endring av forseinkingsrentesatsen vil påføre verksemdene nemneverdig meirbelastning, verken økonomisk eller administrativt.

Noko anna er at forseinkingsrentesatsen kan bli høgare enn han er no. Dette vil han alltid måtte bli så lenge foliorenta til Noregs Bank er over fem prosentpoeng, i og med at rentesatsen alltid skal vere minst foliorenta pluss sju prosentpoeng, jf. ovanfor. Slik situasjonen er i dag er dette tilfelle (pr. 1. januar 2003 var foliorenta 6,5 prosentpoeng). Dersom direktivet allereie hadde vore gjennomført i norsk rett, ville det medført ein rentesats på minst 13,5 prosentpoeng for første halvåret av 2003, i motsetning til 12 prosentpoeng som er gjeldande sats. Ei slik auke av rentesatsen vil vere ein føremon for kreditorar, men ei ulempe for debitorar. Dersom forseinkingsrentesatsen blir vesentleg høgare enn i dag, kan ein difor ikkje sjå vekk frå at enkelte skuldnarar vil få ei auka økonomisk belastning. Det nokre verksemder taper på høgare rente vil likevel andre vinne. Totalt sett vil difor dette kunne jamne seg ut.

Eit framlegg om at organisasjonar som representerer verksemder skal kunne gå til søksmål for å prøve om standardavtaler om betalingsfristar eller konsekvensane av forseinka betaling er urimelege for kreditor, vil berre innebere eit høve for organisasjonane til å gjere dette. Dersom det skulle bli mange søksmål, vil det kunne bli eit auka trykk på domstolane, men det er etter departementet sitt syn liten grunn til å tru at så vil skje.