St.prp. nr. 84 (2002-2003)

Om utbygging av riksveg 544 Halsnøysambandet med delvis bompengefinansiering

Til innholdsfortegnelse

3 Lokal behandling

Kommunestyret i Kvinnherad fattet 26. mars 1998 følgende vedtak:

  1. Kvinnherad kommune går inn for å delta med eit samla tilskot til Halsnøysambandet på inntil 30 mill. kr.

  2. Tidlegare kommunal forskottering (15 mill. kr) vert omgjort til tilskot. Påløpne renter av dei forskotterte midlane vert ein del av tilskotet (7 mill. kr).

  3. Kvinnherad kommune går inn med eit nytt tilskot slik at totalsummen vert 30 mill. 1998-kr, med utbetaling i år 2000/2001. Finansiering: låneopptak i år 2000/2001/ombudsjettering i økonomiplanen.

  4. Større inntekter enn venta (meir bompengar/større trafikk) skal fyrst gå til attendebetaling av det kommunale tilskotet.

Kommunen har i brev til Samferdselsdepartementet datert 23. juni 2003 bekreftet at den holder fast ved det foreliggende finansieringsopplegget.

Fylkestinget i Hordaland fattet 22. april 1998 følgende vedtak:

  1. Fylkestinget i Hordaland rår til at nytt vegsamband Kvinnherad fastland - Halsnøy med tilstøytande vegar (dvs. fylkesvegen frå Pollen til rv 544 og frå Tofte til Ranavik) vert teke opp som riksveganlegg.

  2. Fylkestinget rår til at Fastlandssamband Halsnøy AS får løyve til å krevje inn førehandsbompengar i ferjesambandet Leirvik - Ranavik - Sunde frå 1. januar 1999 og fram til anlegget opnar for trafikk. Førehandsbompengesatsane vert fastsett som 4 takstsoner i tillegg til gjeldande ferjetakst og gjeld alle køyretøy.

  3. Dersom prosjektet ikkje vert realisert rår fylkestinget til at innkravde førehandsbompengar vert brukt til opprusting av vegane på Halsnøy og rv 544.

  4. Fylkestinget rår vidare til at Fastlandssamband Halsnøy AS får løyve til å krevje inn etterskotsbompengar frå den dagen Halsnøysambandet opnar for trafikk og fram til bompengelånet og renter er nedbetalt.

  5. Fylkestinget rår til at Kvinnherad kommune får løyve til å gje eit tilskot på 30 mill. kr (1998-kr) til prosjektet.

  6. Fylkestinget vedtek å førehandsprioritere ytterlegare 44,3 mill. kr av riksvegbudsjettet eller tilsaman 120 mill. kr i planperioden 2002-2011.

Ved behandlingen av handlingsprogrammet for perioden 2002-2011 i juni 2001 (fylkesfordelt ramme til Hordaland) prioriterte fylkestinget 40 mill. kr (2002-kr) i statlige midler til prosjektet i perioden 2002-2005. Fylkestinget la opp til videreføring med 70 mill. kr (2002-kr) i perioden 2006-2011, til sammen 110 mill. kr (2002-kr). Ved fylkestingets behandling var det lagt til grunn et kostnadsoverslag på 295 mill. kr (2002-kr).