Forord

2020 har vore eit annleis og utfordrande år. Koronapandemien har gitt store utfordringar for næringslivet, men vi har òg sett ein auke i digitaliseringstakta. Regjeringa har sett inn ei rekke tiltak for å møte utfordringane i næringslivet og sikre at vi har eit næringsliv som er så omstillingsdyktig og robust som mogleg.

Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.

Foto: Martin B. Andersson/Departementene

Som distrikts- og digitaliseringsminister er eg opptatt av at vi skal ha næringsutvikling i heile landet, og eg er sikker på at digitalisering vil gjere det meir attraktivt å bu og arbeide i distrikta. Eg ønsker å legge til rette for fleire teknologiarbeidsplassar i distrikta, blant anna gjennom politikken for breiband, og gjennom arbeidet med å legge til rette for meir deling av data både i og med næringslivet.

Koronakrisa har vist oss at det går an å arbeide godt og effektivt sjølv om ein ikkje nødvendigvis sit på eit kontor i Oslo. Gjennom gode kommunikasjons- og samhandlingsløysingar kan ein jobbe saman utan å vere saman fysisk.

Korleis kan vi ta med oss det beste frå perioden med koronarestriksjonar inn i ein normal kvardag? Eg trur mange nå tenker litt annleis når det kjem til digitalisering. Fleire som òg tidlegare har hatt tilgang til digitale verktøy, men kanskje vegra seg for å gå i gang, har i løpet av kort tid blitt ekspertar på videokonsultasjonar og læringsplattformer.

I fjor sommar samla eg rundt 30 spennande bedrifter – både digitalt og fysisk og med god "korona-avstand" – til møte. Deltakarane kom frå viktige norske sektorar som helse og velferd, havbruk, landbruk, reiseliv og IKT. I møtet diskuterte vi nettopp dette: Korleis kan det offentlege bidra til ny digital næringsutvikling, nye sjansar til eksport og til å skape nye arbeidsplassar i distrikta?

For nokre næringar har tida sidan 12. mars 2020 vore tung, mens andre plutseleg har opplevd ein auke i etterspørsel. Atter andre har funne heilt nye nisjar og forretningsmodellar som følge av pandemien. Eg trur vi går ei framtid i møte med meir fleksible og varierte arbeidsformer og færre både korte og lange arbeidsreiser. Kanskje går vi mot eit arbeidsliv som er både meir menneske- og familievennleg, meir kostnadseffektivt og meir berekraftig!

Dette dokumentet er ikkje ei uttømmande oversikt over regjeringa sin politikk innanfor dei temaområda og sektorane vi skriv om – verken før eller etter Covid-19. Men eg håpar vi får vist fram nokre av dei moglegheitene som finst – både gjennom beskrivinga av tiltak frå regjeringa og gjennom dei mange eksempla. Tanken er å vise fram noko som enten kan bidra direkte til– eller vere til inspirasjon for – digital næringsutvikling i heile landet. Eg trur vi kan bli flinkare til å vise fram dei gode eksempla og heie på suksessane. I dette dokumentet vil eg gjere nettopp det!

Signatur for distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.

Linda Hofstad Helleland
Distrikts- og digitaliseringsminister