Forord

Ytringsfridommen er meir enn ein rett – han er sjølve livsnerven i eit levande demokrati. Han gir oss kraft til å forme samfunnet vi ønskjer å vere ein del av, og til å byggje bruer mellom menneske med ulike erfaringar, verdiar og syn.

Vi treng eit offentleg ordskifte som ikkje berre toler usemje, men som verdset det. Eit samfunn der ulike stemmer ikkje berre får plass, men blir lytta til. Der vi ikkje trekkjer oss tilbake i stille, men møtest med ei open og nysgjerrig haldning.

I ei tid der verda endrar seg raskt, og der teknologi, politikk og kultur blir fletta tettare saman enn nokosinne, står vi overfor nye spørsmål om korleis vi skal leve saman – og korleis vi skal snakke saman. Det er i dette landskapet vi må fornye og forsterke forståinga vår av ytringsfridommen.

Regjeringa vil jobbe for eit samfunn der alle har reelt høve til å delta i samtalen. Der ytringsfridommen ikkje berre er formell, men reell – støtta av kunnskap, tilgang og tryggleik. Eit samfunn der teknologien blir brukt til å styrkje fellesskapen, ikkje splitte han. Der vi saman byggjer ein kultur for korleis vi snakkar med – og om – kvarandre.

Denne strategien er eit steg i den retninga. Han handlar ikkje om å kontrollere ordskiftet, men om å styrkje det. Ikkje om å avgrense ytringsrommet, men om å gjere det meir ope, meir tilgjengeleg og meir inkluderande.

Vi står framfor viktige val. Skal vi lykkast med å bevare og utvikle demokratiet vårt, må vi investere i det som held det levande: tillit, deltaking og eit ope og opplyst offentleg ordskifte.

Lubna Jaffery – Kultur- og likestillingsminister