3 Noreg og verda

Temaet for denne strategien er arbeidet regjeringa gjer for å leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte, som føresetnad for ytringsfridom og demokrati, i Noreg. Samtidig er Noreg «eit land i verda, i krig som i fred», noko som er endå meir tydeleg i dag enn då Lars Korvald sa desse orda i ein stortingsdebatt i 1972.

Internett og sosiale medium kjenner i liten grad landegrenser, noko som har knytt verda tettare saman. Dette har gitt store gevinstar, men samtidig ført med seg nye utfordringar og sårbarheiter. Rammevilkåra for det offentlege ordskiftet i Noreg blir heile tida påverka av den teknologiske utviklinga, av globale internettplattformer og av ein raskt skiftande kulturell, sosial og politisk kontekst ute i verda.

Ytrings- og pressefridommen er under betydeleg press i mange land. Også land som tradisjonelt blir oppfatta som demokrati, har innført nye restriksjonar som avgrensar ytringsfridommen. Ein del av dette biletet er ein aukande grad av styresmaktstyrt sensur av internett og mediekanalar. Omfanget av hatefulle ytringar, desinformasjon og propaganda på nett er samtidig med på å auke polariseringa og undergrave tilliten til demokratiske institusjonar og verdiar. Journalistar blir i mange land utsette for truslar, trakassering og overvaking, og særleg kvinnelege journalistar er utsette for kjønnsdiskriminering, seksuell trakassering og andre overgrep. Digitale plattformer er hovudarenaer for radikalisering og rekruttering til ekstremistiske nettverk og organisasjonar. Det er òg meir spreiing av ekstremistisk innhald på populære, kommersielle plattformer enn før.

Å verne om ytringsfridommen er høgt prioritert i det internasjonale menneskeretts-arbeidet til Noreg. I den politiske dialogen med styresmaktene i andre land skal Noreg vere ein tydeleg forsvarar av ytringsfridommen, inkludert den kunstnariske ytringsfridommen. I multilaterale forum, som FNs generalforsamling, FNs menneskerettsråd, UNESCO, Europarådet og OSSE, skal Noreg òg spele ei aktiv rolle for å styrkje rammevilkåra for ytringsfridom og vere klar i kritikken av menneskerettsbrot i enkeltland. Ein eigen strategi for ytringsfridom i utanriks- og utviklingspolitikken presenterer overordna mål og prioriterte tiltak i arbeidet utanrikstenesta gjer med å vareta eit mangfald av uavhengige medium, sikre tilgang til informasjon, sikre trygge rammer for ytringsfridom, inkludert kunstnarisk ytringsfridom, og verne om journalistar og andre utsette grupper.

Ytringsfridom, pressefridom og demokrati står sterkt i det nordiske og nordisk-baltiske samarbeidet. Dei nordisk-baltiske landa har ein tett dialog og utarbeider ofte felles posisjonar og utsegner til støtte for uavhengige medium, tryggleik for journalistar og ytringsfridom i multilaterale forum som FN, Europarådet og OSSE. Det nordiske samarbeidsprogrammet for kultur 2025–2030 har som mål å fremje ytringsfridommen og den kunstnariske fridommen i Norden gjennom auka fokus på den frie og uavhengige rolla til kultursektoren og media. Prioriteringa blir følgd opp gjennom konkrete verkemiddel som prosjektstøtte til kunst- og kulturaktørar og gjennom tiltak i regi av dei skiftande formannskapane. Det etablerte nordiske og nordisk-baltiske samarbeidet byggjer dermed opp om og styrkjer initiativa frå kvart enkelt land innanfor kultur, frie medium og ytringsfridom.

Arbeidet for ytringsfridommen nasjonalt og internasjonalt må sjåast i samanheng. Svekking av ytringsfridommen, det offentlege ordskiftet og tilliten til demokratiske institusjonar i andre land vil påverke oss her heime òg.

Derfor er internasjonalt samarbeid nødvendig.

Regjeringa vil

  • vere ein tydeleg forsvarar av ytrings- og pressefridommen i multilaterale forum som FN, Europarådet og OSSE
  • støtte internasjonal innsats for å verne om journalistar, og arbeide mot straffritak for overgrep
  • bidra til gode rammevilkår for ytringsfridom internasjonalt gjennom å vere aktiv i multilaterale forum og i kommunikasjon med styresmaktene i andre land

Innsatsområde og tiltak

  • oppfølging av Strategi for ytringsfrihet i utenriks- og utviklingspolitikken
  • bruk av EØS-midlane til å fremje sivilsamfunn, demokrati, rettsstat og menneskerettar
  • oppfølging av Meld. St. 20 (2024–2025) Innsats for demokrati, rettsstat og menneskerettigheter i Europa
  • Noreg som vertsland for FN-konferansen Internet Governance Forum 2025
  • Noregs formannskap i Europarådets vennegruppe for journalisttryggleik