4 Frå prinsipp til praksis
Som strategien illustrerer, arbeider regjeringa kontinuerleg og på brei front for ytringsfridom og ei velfungerande offentlegheit. Mange ulike departement og etatar deltek i arbeidet, og innsatsen til regjeringa fyller ut og verkar saman med innsats frå sivilsamfunnet, næringslivet og kvar enkelt borgar.
Arbeidet verken startar eller sluttar med denne strategien. Hovudformålet med strategien er å trekkje opp prinsipp for – og synleggjere – den samla innsatsen på ytringsfridomsområdet. Omtalen av meir konkrete innsatsområde og tiltak er derfor eit utval og eit augneblinksbilete. Omtale av fleire innsatsar og tiltak vil bli publisert løpande på ei eiga temaside for ytringsfridom på regjeringa.no.
Regjeringa vil leggje til rette for ein politisk debatt om temaa mellom anna gjennom munnlege utgreiingar i Stortinget om statusen for ytringsfridommen og arbeidet for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.
Målet er òg at strategien i seg sjølv kan bidra til eit ope og opplyst offentleg ordskifte om ytringsrommet, ytringskulturen og ytringsberedskapen i tida framover.