EØS-avtalen skaper eit einsarta økonomisk samarbeidsområde mellom EU og dei tre EØS/Efta-statane, Noreg, Island og Liechtenstein. Norske borgarar og bedrifter skal behandlast likt med EU-borgarar og bedrifter i EU og omvende innanfor avtaleområdet. Dette bidreg til å hindre handelsbarrierar og gi føreseielege og like rammevilkår.

Deltaking i den indre marknaden inneber at eit produkt som er godkjent i eitt land, som hovudregel òg er tillaten å omsetje i dei andre EØS-landa. Utanlandske tenesteytarar har som hovudregel krav på å kunne tilby sine tenester på lik linje med nasjonale tenesteytarar. Utanlandske investorar har, med avgrensa unntak, rett til etablering og til likebehandling med nasjonale investorar.

EØS-avtalen omfattar òg felles reglar og krav til varer og tenester og annan økonomisk aktivitet for å vareta omsyn til helse og tryggleik, miljø og forbrukarvern. Den omfattar òg nærmare samarbeid på område som forsking og innovasjon, miljø, utdanning og sosialpolitikk.

Arbeidstakarar og studentar frå andre EØS-land har som hovudregel krav på likebehandling med vertslandet sine eigne borgarar. Dette gir moglegheiter for å arbeide og studere i EØS-området med rett til trygdeytingar og helsebehandling.

EØS-avtalen blei underskriven i 1992 og tredde i kraft i 1994.