Smittevern
Artikkel | Sist oppdatert: 30.07.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Å hindre at smittsame sjukdomar blir overførte i befolkninga er sentralt i departementet sitt arbeid med smittevern.
Smittevernloven (lovdata.no) med forskrifter skal sikre at myndigheitene set i verk nødvendige smitteverntiltak og koordinerer verksemda si, samtidig som rettstryggleiken til den enkelte blir ivaretatt.
Slik opprettheld vi eit godt smittevern:
- Tilby eit godt nasjonalt vaksinasjonsprogram.
- Sørge for ein god beredskap for smittevern.
- Informere publikum om effektive tiltak.
- Førebygge antibiotikaresistens.
- Redusere førekomsten av infeksjonar knytt til helsetenester.
- Samarbeide internasjonalt, inkludert gjennom nasjonal gjennomføring av Verdas helseorganisasjon sine helsereglar IHR-forskrifta (lovdata.no).
Desse områda blir følgde opp gjennom eigne nasjonale strategiar og beredskapsplanar.
Strategiar og planar:
- Handlingsplan for eit bedre smittevern 2019–2023
- Nasjonal strategi mot antibiotikaresistens 2015–2020
- Handlingsplan mot antibiotikaresistens i helsetenesten
- Nasjonal beredskapsplan for pandemisk influensa
- Nasjonal strategi mot hepatittar (2018-2023)
- Nasjonal strategi for arbeidet mot virale leverbetennelsar (hepatittar)
Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet har sentrale oppgåver på smittevernområdet.