Verdas helseorganisasjon (WHO)

Verdas helseorganisasjon (WHO) er FN sin særorganisasjon for helse. Noreg har vore aktiv sidan organisasjonen blei oppretta 7. april 1948.

I perioden 2024–2027 er Noreg medlem av WHO sitt styre. I Noreg sin WHO-strategi for perioden Noreg er styremedlem, går det fram at Noreg særleg vil bidra aktivt i forhandlingane om pandemiavtale, vere ein forkjempar for at Éin-helse-perspektivet blir integrert på alle nivå i samfunnet, jobbe for auka innsats mot antimikrobiell resistens, og å styrke kunnskap om ikkje-farmakologiske smitteverntiltak.

Noreg var ein aktiv bidragsytar då det Internasjonale helsereglementet (IHR) frå 2005 blei revidert i 2024. IHR er eit internasjonalt regelverk (who.int) som blir administrert av Verdas helseorganisasjon (WHO). Regelverket har som formål å hindre spreiing av smittsame sjukdomar og stoff som kan føre til sjukdom over landegrensene.

EU Health Security Committee (HSC)

EU sin raske respons på alvorlege grenseoverskridande truslar mot helse blir koordinert av EU sitt helsetryggingskomité (HSC).

Helsetryggingskomiteen (HSC) (europa.eu) er underlagt EU sitt generaldirektorat for helse- og mattryggleik (DG SANTE). Helse- og omsorgsdepartementet deltar fullt ut i arbeidet i HSC med observatørstatus.

HSC er eit sentralt forum for utveksling av kunnskap og informasjon mellom lanna, blant anna om spesifikke tiltak vedtekne av kvart land, og saman med Europakommisjonen definerer komiteen handlingane som skal følgast når det gjeld beredskap, planlegging, risikokommunikasjon og krisekommunikasjon og respons.

ECDC

ECDC (europa.eu) er EU sitt smittevernbyrå. Helse- og omsorgsdepartemenet deltar som medlem i styret for ECDC. 

Hovudmåla til ECDC:

  • søke etter, samle inn, evaluere og spreie relevant vitskapleg og teknisk data
  • kome med vitskaplege meiningar og vitskapleg og teknisk hjelp inkludert opplæring
  • gi rettidig informasjon til Kommisjonen, medlemsstatane, fellesskapsorgan og internasjonale organisasjonar som er aktive innanfor folkehelsefeltet
  • koordinere det europeiske nettverket av organ som opererer innanfor ECDC sitt mandat, inkludert nettverk som oppstår frå folkehelseaktivitetar støtta av Kommisjonen og drift av dei dedikerte overvåkingsnettverka
  • utveksle informasjon, ekspertise og beste praksis, og legge til rette for utvikling og gjennomføring av felles tiltak, etter ei Éi helse-tilnærming (ecdc.europa.eu)

HERA

EU sin Health Emergency Preparedness and Response Authority (HERA) (europa.eu) er eit generaldirektorat i kommisjonen oppretta i 2021.

HERA bidar til å styrke EU si evne til å føresjå helsekriser og legge planar for tilgang til medisinske mottiltak, som kan bli sett i verk når helsekriser oppstår. Noreg møter i HERA sitt styre og i underkomitear av styret.

CEPI

CEPI (Coalition for Epidemic Preparedness Innovations) (cepi.net) er etablert for å fremje og akselerere forsking og utvikling på vaksinar og vaksinekandidatar for raskt å kunne få kontroll over utbrot av alvorlege smittsame sjukdomar og dermed hindre at dei utviklar seg til pandemiar.

Målet er å sikre at vaksinar mot eit alvorleg smittsamt sjukdomsutbrot skal kunne utviklast på 100 dagar (The 100 days mission).

Regjeringa investerer i CEPI si portefølje for å styrke globale fellesgode for helseberedskap.