Regjeringa sin tobakkstrategi blei lagd fram som del av folkehelsemeldinga i 2023. Gjennom denne vil regjeringa redusere tobakks- og nikotinrelaterte helseskadar.

Hovudmål i tobakksstrategien

  • Andelen daglege røykarar og snusbrukarar skal vere under 5 prosent i alle alders- og utdanningsgrupper.
  • Barn fødde i 2010 og seinare skal ikkje bruke tobakksvarer og nikotinprodukt.
  • Alle som ønsker det, skal få tilbod om gratis hjelp til å slutte å røyke.
  • Tilgangen til tobakksvarer og nikotinprodukt skal bli vesentleg redusert for å verne barn og unge.
  • Ingen skal bli plaga av passiv røyking.

I tråd med våre internasjonale forpliktingar skal tobakksindustrien ikkje kunne påverke tobakkspolitikken. For å nå måla fører Noreg ein heilskapleg tobakkpolitikk for å førebygge bruk, oppmode til tobakksavvenning og verne mot passiv røyking.

Aktuelle tiltak er mellom anna lovreguleringar som røykfrie område, reklameforbod og krav til utforming, merking og innhald i produkta, haldningskampanjar og økonomiske verkemiddel som høge avgifter. Noreg deltek også aktivt i internasjonalt samarbeid på området.

Tobakksregelverk

Tobakksskadelova (lovdata.no) frå 1973 var ei av dei første av sitt slag i verda. Lova er seinare endra ei rekke gonger. Lova sitt overordna formål er «å avgrense dei helseskadene som bruk av tobakksvarer fører med seg ved å redusere forbruket og på sikt bidra til å oppnå eit tobakksfritt samfunn.»

Ei rekke av lovkrava gjennomfører WHO sin tobakkskonvensjon, protokollen mot ulovleg handel med tobakksvarer og EU sine tobakksdirektiv.

Lova regulerer mellom anna:

  • Reklameforbod
  • Aldersgrenser
  • Røykeforbod
  • Krav til standardisert innpakking, helseåtvaringar og pakningsmerking
  • Krav til innhald og utslepp
  • Rapporteringsplikter
  • Ordningar for løyve og registrering
  • System for sporing og tryggleiksmerking av tobakksvarer

Helserisiko

Bruk av tobakksvarer kan føre til ei rekke alvorlege sjukdommar, mellom anna kreft, hjarte- og karsjukdommar, hjerneslag, kols, augesjukdommar og diabetes type 2. Bruk av nikotinprodukt kan føre til fleire av dei same helseskadene.

Bruk av tobakks- og nikotinprodukt under graviditet aukar mellom anna risikoen for tidleg fødsel, låg fostervekt og dødfødsel.

Barn og ungdom er særleg sårbare for dei negative effektane av nikotin. Hjernen er først ferdig utvikla i 25-årsalderen, og bruk av nikotin i ungdommen har ei negativ påverknad på utviklinga av hjernen på fleire område.

Kjelder til meir informasjon om tobakksarbeidet