Forskrifta (lovdata.no) skil mellom tenester i og utanfor institusjon.

Utanfor institusjon

Det kan ikkje krevjast eigenandel for praktisk bistand og hjelp til personleg stell og eigenomsorg. Med personleg stell og eigenomsorg meiner ein hjelp til å stå opp og legge seg, personleg hygiene, toalettbesøk, hjelp til å kle av og på seg, hjelp til å ete, nødvendig tilsyn og tilsvarande grunnleggande behov.

Kommunen kan likevel sjølv fastsette reglar for betaling av eigenandel og betalingssatsar for praktisk bistand og opplæring, inkludert brukarstyrt personleg assistanse, som ikkje gjeld personleg stell og eigenomsorg.

Dette kan til dømes vere typiske heimehjelps- og husmorvikartenester, som til dømes reingjering, klesvask og matlaging og anna praktisk arbeid i hushaldet. Det omfattar også annan praktisk hjelp til brukaren, som til dømes hjelp til å gjere nødvendige innkjøp, ærend til bank, postkontor og andre offentlege kontor og liknande daglege gjeremål.

Kommunen kan i utgangspunktet sjølv bestemme nivået på eigenandelane for praktisk bistand, men det øvre taket er likevel det tenesta kostar å produsere.

Eigenandelane skal vurderast i samanheng med inntekta til brukaren, slik at vedkommande behaldar nok til å dekke personlege behov og kunne ta ansvar som forsørgar.

Kommunen kan heller ikkje ta meir enn eit maksimalbeløp fastsett i forskrift i eigenandel for praktisk bistand til personar i hushald med samla skattbar nettoinntekt under 2G (lovdata.no).

I institusjon

Kommunen kan krevje betaling for langtidsopphald i institusjon, inkludert sjukeheim. Av inntekter opp til folketrygda sitt grunnbeløp, etter frådrag for eit fribeløp, kan det krevjast betalt 75 prosent årleg.

Av inntekter utover folketrygda sitt grunnbeløp kan det krevjast inntil 85 prosent. Betalinga skal avgrensast slik at alle har minst 25 prosent av folketrygda sitt grunnbeløp att til eige bruk, i tillegg til fordelen av fribeløpet.

Det skal gjerast frådrag i utrekninga av vederlaget dersom bebuaren har heimebuande ektefelle eller mindreårig barn, eller heilt eller delvis forsørger barn over 18 år.

For korttidsopphald i institusjon kan kommunen krevje eigenandel slik det er fastsett i forskrift.