Etter pasient- og brukarrettslova § 2-1d (lovdata.no) har personar under 67 år med langvarig og stort behov for personleg assistanse etter helse- og omsorgstenestelova (lovdata.no) rett til å få slike tenester organisert som brukarstyrt personleg assistanse.

Retten omfattar også personar over 67 år som før dei fylte 67 år har fått innvilga brukarstyrt personleg assistanse. Vidare omfattar retten avlastningstiltak for personar med foreldreansvar for heimebuande born under 18 år med nedsett funksjonsevne.

Stadfestinga av denne retten er ein del av regjeringa sitt arbeid med å følge opp intensjonen i FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne.

To utval

Hausten 2019 blei det sett ned eit utval som gjekk gjennom BPA-ordninga i si heilskap (BPA-utvalet). BPA-utvalet leverte si utgreiing i desember 2021.

Utvalet var delt i synet på grunnleggande spørsmål knytt til framtidig organisering og regulering av ordninga, mellom anna spørsmålet om kva forvaltingsnivå som bør ha ansvaret for ordninga og kvar den framtidige ordninga bør regulerast.

NOU 2021:11 «Selvstyrt er velstyrt» har gitt eit godt kunnskapsgrunnlag om BPA. Under høyringa av utvalet si innstilling, og i det vidare arbeidet, har det likevel kome opp problemstillingar det er ønskeleg å få utgreidd vidare.

Regjeringa satt derfor i oktober 2025 ned eit ekspertutval som skal vurdere korleis BPA kan innrettast for å bidra til likestilling, likeverd og samfunnsdeltaking. Utvalet skal levere si utgreiing innan 15. desember 2026.