Kven er omfatta av lova?

Desse gruppene er omfatta av tannhelsetenestelova:

  • Barn og ungdom 0–18 år
  • Personar med psykisk utviklingshemming
  • Eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon eller som får helsehjelp i heimen
  • Unge vaksne mellom 19 og 28 år*
  • Personar med rusmiddelliding som mottar bestemte helse- og omsorgstenester
  • Innsette i fengsel
  • Andre grupper som fylkeskommunen har vedtatt å prioritere

* Denne gruppa betaler ein eigenandel. Eigenbetalinga skal ikkje vere høgare enn 25 prosent av departementet sine fastsette takstar (inkludert eventuelle utgifter til tanntekniske arbeid). Gruppa inkluderer dei som fyller 19 og 28 år i behandlingsåret.

I tillegg får nokre grupper gratis tannhelsehjelp basert på Stortinget sine budsjettvedtak. Dette gjeld personar utsette for tortur/overgrep og med odontofobi,

Ytingar til vaksne

Den offentlege tannhelsetenesta kan i tillegg yte tenester til vaksne pasientar mot betaling etter fylkeskommunen sine føresegner og fastsette takstar.

Fylkeskommunen skal sørge for å tilby slike tenester i område av fylket der det ikkje føreligg anna tilstrekkeleg tilbod.

Fylkeskommunen skal også sørge for at tannhelsetenester, inkludert spesialisttenester, er tilgjengelege for alle som bur eller oppheld seg i fylket. Fylkeskommunen har eit samordningsansvar for den offentlege (fylkeskommunale) tenesta og privat sektor.

Odontologiske kompetansesenter

Det finst i tillegg fem regionale odontologiske kompetansesenter. Fylkeskommunane er ansvarlege for desse kompetansesentra, som blir drifta gjennom statlege tilskot.

Kompetansesentra skal styrke spesialisttilbodet til pasientar med rettar etter tannhelsetenestelova, og sikre at det også finst ei desentralisert spesialistutdanning av tannlegar.

Kompetansesentra har dessutan ei særskild rolle opp mot forsking og fagutvikling på tannhelsefeltet.

Sjukdomstilstandar i munnhola

Personar med gitte lidingar og/eller sjukdomstilstandar i munnhola kan få offentleg finansierte tannhelsetenester etter folketrygdens regelverk.

Størstedelen av tannbehandling med trygdefinansiering blir utført i privat sektor. Fleirtalet av pasientar i privat sektor er vaksne betalande pasientar samt yngre pasientar som får kjeveortopedisk behandling.

Det er fri prissetting i privat sektor, og det inneber at kostnadene for utført behandling ikkje samsvarer med departementet sine fastsette takstar. Viss ein har dårleg råd, kan ein søke Nav om økonomisk sosialhjelp til å dekke utgifter til tannlege. 

Den unge vaksengruppa (21 til 28 år)

Gjennom budsjettforlik med SV har det offentlege tannhelsetilbodet til unge vaksne blitt styrka i perioden 2022 til 2025.

Frå 1. juli 2024 fekk unge vaksne i alderen 21til 24 år lovfesta rett til nødvendig tannhelsehjelp i den offentlege tannhelsetenesta, med 75 prosent rabatt. Fra 1. juli 2025 gjelder det samme for unge vaksne i alderen 25 til 28 år.

Tannhelseutval oppnemnd i 2022

I august 2022 utnemnde Helse- og omsorgsdepartementet eit utval som gjekk gjennom tannhelsefeltet.

I mandatet til utvalet fekk dei i oppgåve  om å føreta ein heilskapleg gjennomgang av tannhelsetenesta, inkludert organisering, finansiering og lovverket irekna regulering og rettar.

Utvalet leverte si innstilling 26. september 2024. Rapporten har vore på allmenn høyring, og departementet arbeider med oppsummering av høringssvara.