Dette ansvaret er mellom anna skildra i helse- og omsorgstenestelova (lovdata.no).

Kommunen skal også fremje folkehelse og førebygge sjukdom og skade i samsvar med folkehelselova (lovdata.no), som også omfattar rusmiddel. 

Kommunane sitt ansvar

Kommunane sitt ansvar på rusmiddelfeltet spenner frå førebygging og folkehelseretta tiltak til behandling og oppfølging. Ansvaret for folkehelseretta og førebyggande tiltak kjem mellom anna fram i folkehelselova og alkohollova (lovdata.no).

Kommunane sitt ansvar for nødvendige helse- og omsorgstenester til personar med rusmiddelproblem følger av helse- og omsorgstenestelova. Kommunen skal tilby dei same helse- og omsorgstenestene til personar med rusmiddelproblem som til alle andre innbyggarar i kommunen.

Kommunane har også ansvar for andre velferdstenester som målgruppa treng, mellom anna etter sosialtenestelova (lovdata.no).

Organisering av tenestene

Kommunane kan organisere tenestene sine slik dei sjølve finn det føremålstenleg.

Tenester til personar med rusmiddelproblem er ofte organiserte som ein del av, eller i samorganisering med, kommunen si psykiske helseteneste.

Rådgivande eining for russaker

Kommunane skal ha etablert ei rådgivande eining for russaker. Eininga har ansvar for å ta imot personar som er pålagde å møte som krav ved påtaleunnlating på vilkår i straffesaker om bruk og oppbevaring av narkotika til eige bruk.

Eininga skal gi tilpassa råd og rettleiing om risiko ved bruk av ulovlege rusmiddel, og skal viss personen sjølv ønsker det hjelpe folk som bruker rusmiddel med å finne ut kva tenester dei treng og gi dei vidare hjelp.  

Kommunane står fritt til å integrere dei rådgivande einingane i den øvrige organiseringa av arbeidet overfor personar med rusmiddelproblem, eller å legge til andre oppgåver og funksjonar i arbeidet på rusmiddelfeltet. Helsedirektoratet gir ut rettleiande materiale for desse einingane.

Tenestetilbodet

Kommunane sitt ansvar for helse- og omsorgstenester til personar med rusmiddelproblem omfattar mellom anna råd og rettleiing, utgreiing og behandling, psykososial rehabilitering, helsetenester i heimen og plass i institusjon ved behov.

Tenester frå fastlege og heimeteneste er også sentrale i det kommunale rusarbeidet. Fastlege og sosialteneste kan vise vidare til tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) (helsedirektoratet.no).

Mange kommunar har også oppsøkande tenester, til dømes utekontakt retta mot utsette barn og unge. Mange stader blir det tilbydd oppsøkande behandlings- og oppfølgingstilbod og skadereduserande tiltak, som lågterskel helsetilbod og utdeling av brukarutstyr o.l.

Kommunane kan også opprette brukarrom for tryggare og mindre skadeleg inntak av narkotika, i tråd med regelverket for brukarromsordninga.

Variasjonar i rusmiddelproblem

Innhaldet i tenestene må ta omsyn til at det kan vere store variasjonar i kvar enkelt sitt rusmiddelproblem, meistrings- og funksjonsnivå.

Nokre brukar rusmiddel periodevis, andre har langvarige rusmiddel­lidingar og kan ha omfattande psykiske og somatiske plager, sosiale utfordringar og behov for samansette tenester.

Helsedirektoratet har fleire rettleiarar som kommunane kan bruke som utgangspunkt for tenestene, til dømes rettleiar for psykisk helsearbeid og rusarbeid for vaksne (helsedirektoratet.no). Kommunane kan også søke om tilskot til utvikling av kommunalt rusarbeid (helsedirektoratet.no).

Brukar­medverknad

Brukarar har ein lovfesta rett til å medverke, og tenestene har plikt til å involvere brukaren i utgreiingar, tilbod og tilgjengelege behandlingsval.

Kommunen skal sørge for at teneste­ytarar som gir helse- og omsorgstenester etablerer system for å innhente pasientar og brukarar sine erfaringar og meiningar. Kommunen skal sørge for at representantar for pasientar og brukarar blir høyrde ved utforminga av kommunen si helse- og omsorgsteneste.

Involvering av pårørende og barn som pårørande

Pårørande til personar med rusmiddelproblem opplever ofte store psykiske belastningar. Kommunen bør sikre god dialog og kontakt med pårørande, og at dei får generell informasjon om tenestetilbod, rutinar og rettar o.l.

Kommunen skal involvere pårørande dersom det er ønske og samtykke frå pasienten. Pårørande kan involverast som informasjonskjelde, støtte eller som representant for pasienten.

Kommunen har eit særskilt ansvar for at barn som pårørande og etterlatne får nødvendig oppfølging. Helsepersonell i kommunen har plikt til å bidra til å ta vare på barn som pårørande. Dette kan til dømes organiserast med etablering av barneansvarlege i tenestene. Kommuneleiinga skal sørge for at dette inngår i rutinar, retningslinjer og kompetanseplanar.

Samarbeid med andre sektorar

Mange med rusmiddelproblem har behov for tenester frå fleire sektorar. Dei kommunale helse- og omsorgstenestene skal samarbeide med andre tenesteytarar, til dømes arbeids- og velferdsforvaltninga, dersom samarbeid er nødvendig for å gi pasienten eller brukaren eit heilskapleg og samordna tilbod.

Kommunen skal ha rutinar og prosedyrar for samhandling med spesialisthelsetenesta om oppfølging under og etter døgnopphald i spesialisthelsetenesta. Samarbeid og samordning med kriminalomsorga er også sentralt for å gi nødvendige helse- og omsorgstenester eller andre velferdstenester til innsette, ved lauslating og straffegjennomføring utanfor fengsel. Ved behov skal kommunen oppnemne koordinator, og eventuelt også etablere ein individuell plan (IP).

Frivillige og ideelle organisasjonar er også ein viktig del av det samla tilbodet til personar med rusmiddelproblem. Innsatsen frå ideell sektor kan både supplere og vere ein del av det offentlege tilbodet. Kommunane bør søke samarbeid med frivillige og ideelle verksemder for å gi eit samanhengande og heilskapleg tenestetilbod til sine brukarar og pasientar. 

Regionale kompetansesenter på rusfeltet (KORUS)

Dei sju regionale kompetansesentra på rusfeltet (korus.no) skal bidra til å formidle kunnskapsbasert praksis og auke kompetansen i tenestene på rusmiddelfeltet, og dei har eit særskilt ansvar for kompetanseheving i kommunane.

KORUS er også viktig i det overdoseførebyggande arbeidet, mellom anna gjennom ein overdosekoordinatorfunksjon ved kvart senter.

Sentra har i tillegg viktige oppgåver i arbeidet med å styrke kommunane sitt systematiske arbeid med folkehelse og rusmiddelførebygging gjennom formidling og implementering av forskings- og/eller kunnskapsbaserte tiltak.