Offentleg fysioterapiteneste
Artikkel | Sist oppdatert: 26.02.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Kommunen si helse- og omsorgsteneste skal fremje folkehelsa og førebygge, diagnostisere og behandle sjukdom og skadar. Ho skal også fremje medisinsk habilitering og rehabilitering.
For å løyse desse oppgåvene er kommunen også pålagd å sørge for fysioterapiteneste. Den kommunale fysioterapitenesta består av førebyggande verksemd og av behandling, habilitering og rehabilitering i og utanfor institusjon.
Delar av fysioterapitenesta blir utøvde på helsestasjon, i skule, i barnehage, på sjukeheim, i ulike omsorgsbustader, samt til pasientar som har behov for opptrening i samband med overføring frå sjukehus til eige heim.
Organisering av fysioterapi
Kommunen kan organisere fysioterapitenesta enten ved å tilsette fysioterapeutar i kommunale stillingar eller ved å inngå driftsavtale med sjølvstendig næringsdrivande fysioterapeutar.
Fysioterapeutar i kommunane skal ha eit nært samarbeid med andre faggrupper i kommunen og spesialisthelsetenesta.
Fysioterapi blir også ytt på sjukehus (spesialisthelsetenesta) og ved private opptreningsinstitusjonar som har avtale med regionale helseføretak.
Folketrygdlova
Fysioterapeutar med driftsavtale med kommunen kan utløyse refusjon frå trygda som følgjer av takstane i forskrift om stønad til dekning av utgifter til fysioterapi med heimel i folketrygdlova (lovdata.no). Folketrygda sine ytingar er ei rettsbasert yting for den enkelte pasient.
Refusjonen går til fysioterapeuten. Alle avtalefysioterapeutar skal ha inngått avtale om direkte oppgjer med Helfo (lovdata.no). Fysioterapeuten kan ikkje krevje betaling frå pasienten for den delen av behandlinga folketrygda dekkjer.
Behandling hos fysioterapeut med driftsavtale (eventuelt fysioterapeut på fastlønn) inngår i eigenandelstakordninga (lovdata.no).
Eigenandel for fysioterapi er differansen mellom honorartaksten som er avtalt mellom staten, KS (kommunane sitt sentralforbund) og Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforbund og Privatpraktiserande Fysioterapeutar si foreining og folketrygda sin refusjonstakst.
Yrkesskade og barn under 16 år
Ved behandling for godkjend yrkesskade og for barn under 16 år blir det ytt full stønad frå folketrygda, inkludert den godkjende eigenandelen.
Folketrygda yter i tillegg tilskot til kommunane for fastlønnsstillingar for fysioterapeutar (fastlønnstilskot). Fastlønnstilskot blir gitt i staden for refusjon etter forskrift om stønad til dekning av utgifter til fysikalsk behandling (lovdata.no), gitt i medhald av folketrygdlova § 5-8 femte ledd (lovdata.no).
Det er eit vilkår for fastlønnstilskot at stillinga utgjer meir enn ein tredel av full stilling og er tillagd kurative oppgåver utanfor institusjon.
Fastlønnstilskot og terapiriding
Fastlønnstilskotet dekker også tilfelle der folketrygda gir full godtgjersle. I dei andre tilfella kan ein krevje eigenandel grå pasienten som er lik differansen mellom honorartakst og refusjonstakst i fysioterapiforskrifta.
Det blir også gitt bidrag til terapiriding (helsenorge.no). Dette formålet inngår ikkje i eigenandelstakordninga.
Det er ikkje krav om tilvising frå lege for å oppsøke fysioterapeut i den kommunale helse- og omsorgstenesta.
Fysioterapeut utan driftsavtale
Behandling hjå fysioterapeut utan driftsavtale/tilsetting i kommunen fell utanfor trygda sine refusjonsordningar/eigenandelsordningar.
Pasienten betaler den prisen fysioterapeuten sjølv fastset (fri prisfastsetting).
Manuellterapeut og kiropraktor
Ein har rett til refusjon frå folketrygda ved behandling hjå legespesialist med driftsavtale med regionalt helseføretak og ved behandling i offentleg poliklinikk dersom det ligg føre tilvising frå manuellterapeut (ikkje krav om driftsavtale) og kiropraktor.
Manuellterapeut og kiropraktor har også høve til å dokumentere at ein person ikkje er arbeidsfør (sjukmelde) i inntil 12 veker.
Manuellterapeut kan rekvirere radiologiske undersøkingar for symptom på sjukdom i muskel- skjelettsystemet på lik linje med lege og kiropraktor.