Dette inneber at kommunen har ansvaret for utbygging, organisering og gjennomføring av eit forsvarleg og heilskapleg tenestetilbod til kvar enkelt som har behov for helse- og omsorgstenester.

Organisering og handlefridom

Kommunane har betydeleg fridom når det gjeld organisering og tildeling av helse- og omsorgstenester. Dette betyr at sjølv om den enkelte har rett til nødvendige helse- og omsorgstenester, så har ein ikkje rett til å velje ei bestemt teneste eller organiseringsform.

Staten har ansvar for å sikre kommunane gode rammevilkår gjennom regelverk og økonomiske rammer og ved å føre tilsyn. Staten skal vidare legge til rette for kommunal planlegging og utvikling i balansen mellom omsynet til eit likeverdig tenestetilbod til alle og tilpassing til lokale forhold og behov.

Omsorgstenestene skal bidra til at pasientar og brukarar så langt som mogleg kan leve og bu sjølvstendig, og ha ein aktiv og meiningsfull kvardag i fellesskap med andre. Tenestene skal utformast i dialog med den enkelte og pårørande.

Kva er omsorgstenester?

Omsorgstenester er eit breitt spekter av kommunale tenester som skal dekke helse- og omsorgsbehov hos personar som oppheld seg i kommunen. Tenestene er behovsprøvde, noko som betyr at det blir gjort ei individuell vurdering av om du har rett på tenesta, basert på helsetilstand, funksjonsnivå og livssituasjon.

Kommunen sitt ansvar for omsorgstenester er avgrensa mot tenester som krev spesialistkompetanse eller utstyr som normalt finst på sjukehus. Dette blir tatt hand om av spesialisthelsetenesta. Kommunane har heller ikkje ansvar for behov som den enkelte sjølv kan forvente å handtere.

Omsorgstenester kan vere både helsefagleg bistand og praktisk hjelp, tilpassa den enkelte sitt behov for å meistre kvardagen og leve eit verdig og sjølvstendig liv. Tenestene blir ofte gitt i private heimar, omsorgsbustader eller institusjonar som sjukeheim, og kan vere både kortvarige og langvarige.

Dei klassiske omsorgstenestene er helsetenester i heimen, opphald i institusjon (sjukeheim), personleg assistanse eller anna praktisk bistand, støttekontakt, omsorgsstønad, pårørandestøtte og avlasting, samt brukarstyrt personleg assistanse (BPA).

Kommunane er lovpålagde å tilby desse tenestene, men står fritt til å utvikle nye løysingar, til dømes bruk av velferdsteknologi som GPS, medisindispenser og sensorteknologi.

Finansiering

Kommunane sine utgifter til omsorgstenester blir i hovudsak finansierte av frie inntekter (skatteinntekter og statleg rammetilskot), samt brukarbetaling og eventuelle gebyrinntekter.

Med frie inntekter meiner ein at kommunane ikkje er forplikta til å bruke inntektene på bestemte tenester og tiltak, men kan sjølve avgjere korleis inntektene skal nyttast.

Sjølv om inntektene er frie, må kommunane følge lovpålagde krav til tenestetilbod, innhald og kvalitet.

Klage

Dersom du meiner at du ikkje får dei omsorgstenestene du har krav på, eller at det er feil eller manglar ved kommunen si vurdering av ditt behov, har du rett til å klage.

For at den som har fatta det vedtaket du er ueinig i skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klaga til kommunen.

Dersom klaga ikkje fører fram, skal kommunen sende klaga vidare til statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Aktuelt regelverk

Rettar og plikter innanfor dei kommunale helse- og omsorgstenestene er i hovudsak samla i to lover. Rettar for pasientar, brukarar og pårørande er regulert i pasient- og brukarrettslova (lovdata.no).

Kommunen sine plikter til å sørge for nødvendige helse- og omsorgstenester er regulert i helse- og omsorgstenestelova (lovdata.no).

Helse- og omsorgstenestene kan ytast av kommunen sjølv, eller ved at kommunen inngår avtale med andre offentlege eller private tenesteytarar.

Uansett kven som faktisk utfører tenestene ovanfor innbyggjarane, har kommunen ansvaret for at desse blir planlagde, gjennomførte, vurderte og korrigerte i tråd med lovverket.