Dette inneber å dele og ta del i utviklinga av kunnskap, kompetanse og erfaringar internasjonalt. Noreg støttar også opp om land som har svakt utbygde helsesystem.

Koronavirus-pandemien viste tydeleg kor sårbare og lite førebudde land var for nye smittsame sjukdomar med pandemisk potensial.

Pandemien viste korleis smittsame sjukdomar ikkje kjenner landegrenser, og at internasjonalt samarbeid er heilt sentralt i handteringa av internasjonale helsekriser.

Helseberedskap som del av sivil beredskap

I lys av Russland sin invasjon av Ukraina og eit geopolitisk verdsbilete i dramatisk endring, blir helseberedskap i aukande grad sett i samanheng med den sivile beredskapen. Helsesystema må også vere førebudde på krise og krig.

Noreg si helseberedskap er avhengig av velfungerande og velfinansierte internasjonale system for beredskap og respons mot helsekriser.

For Noreg er det viktig med sterk tilknyting til EU sin helseberedskap, til EUs styrkte samarbeid om sivil beredskap, og å støtte Verdas helseorganisasjon (WHO) si leiande og koordinerande rolle i internasjonalt helsearbeid, samt global deling av kunnskap og informasjon.

Tiltak ved helsekriser

Å sikre nasjonal og global tilgang til medisinske mottiltak som legemiddel, vaksinar, medisinsk utstyr og smittevernutstyr under pandemiar er essensielt.

Få land, om nokon, har tilstrekkeleg produksjon innanlands av varer og utstyr som er nødvendige for å handtere ei helsekrise åleine.

Som ei lita og open økonomi er også Noreg avhengig av handel og samarbeid med andre land for å sikre tilgang til nødvendige medisinske mottiltak – i og utanfor globale helsekriser.

Antimikrobiell resistens

Smittsame sjukdomar kan ikkje kjempast ned av noko land åleine. Ei vidareføring av denne trusselen er at det same gjeld for antimikrobiell resistens.

Sidan legemiddel mot vanlege infeksjonar blir ineffektive, trugar resistente mikrobar med å sette moderne medisin fleire tiår tilbake, auke risikoen frå pandemiar og føre til overbelastning av den globale helsetenesta.

Det er viktig å få land til å implementere like restriktive tiltak som i Noreg, men vi må også  bidra til betre tilgang til nødvendig diagnostikk og legemiddel der dei trengst. Noreg jobbar saman med andre land og multilaterale organisasjonar for å motverke denne samla globale trusselen.

Globale mål for berekraftig utvikling

I 2015 vedtok FNs medlemsland 17 globale mål for berekraftig utvikling fram mot 2030. Med desse måla er det vedtatt eit rammeverk for utvikling og samarbeid om verdas utfordringar. Måla gjeld for alle land.

Måla er integrerte og udelelege («integrated and indivisible»), altså påverkar dei kvarandre. Miljø, økonomi og sosial utvikling blir sett i samanheng. Arbeidet for helse, livskvalitet og utjamning av sosiale forskjellar står sentralt.

Helseforvaltninga har eit særskilt ansvar for å følge opp berekraftsmål 3 (sdgs.un.org) som handlar om å sikre god helse og fremje livskvalitet for alle, uansett alder. I tillegg følger helseforvaltninga opp andre helserelaterte berekraftsmål.

Globale fellesgode

Det globale helselandskapet gjennomgår store endringar. Multilateralt samarbeid er under press.

Rammevilkåra for internasjonalt helsesamarbeid er svekka som følge av USA si varsla uttrekking frå WHO og landet sine reduserte løyvingar til helserelatert bistand og medisinsk forsking. I tillegg er det ein generelle nedgangen i bistandsløyvingar.

Dette får konsekvensar for arbeidet med å førebygge, oppdage og respondere på infeksjonstruslar og utbrot, og for forsyningstryggleiken av medisinar, vaksinar og diagnostikk, både globalt, regionalt og på landnivå.

WHO si evne til å bistå medlemslanda i arbeidet med å styrke helseberedskapen og handtere helsekriser, kjem derfor under press.

Ikkje-smittsame sjukdomar og klima

Ikkje-smittsame sjukdomar utgjer den viktigaste årsaka til for tidleg død i verda, mellom anna grunna risikofaktorar som tobakk, alkohol og andre rusmiddel, usunt kosthald og mangel på fysisk aktivitet.

Nesten ein fjerdedel av alle dødsfall på verdsbasis er relaterte til miljøforhold og særleg luftforureining.

Verdas klimautfordringar påverkar både helse og miljø, i form av luftveislidingar, tilgang til reint drikkevatn og rein mat samt spreiing av smittsame sjukdomar.

«Grøn helse» føreset eit grønt skifte. Forsking og utvikling skjer på tvers av landegrenser. Det er eit omfattande forskingssamarbeid både nordisk, regionalt og globalt.