Forbetring av helsetilstanden er eit hovudmål for OECD-landa (oecd.org), fordi det kan bidra til høgare økonomisk vekst og auka velferd.

I gjennomsnitt blir om lag ni prosent av brutto nasjonalprodukt brukt på helsetenester i OECD-landa.

Kva gjer OECD innan helse?

OECD nyttar ein fleirdimensjonal tilnærming til helse, sidan mange sider ved offentleg politikk kan påverke folkehelsa.

OECD sitt helserelaterte arbeid er ikkje orientert mot analyse av helsetilstanden i befolkninga, men dei publiserer data om medlemslanda sine helsesystem og helseutgifter. 

OECD analyserer kvaliteten i dei ulike landa sine tenester, ser på utviklingstrekk, samanliknar helsetenesta i landa og gjer utgreiingar som belyser effekten av tiltak og reformer som medlemslanda gjennomfører for å betre kvalitet, effektivitet og resultat i helsesektoren. 

Om organiseringa

Arbeidet med helserelaterte spørsmål innan OECD-organisasjonen blir utført av helseavdelinga i Directorate for Employment, Labour and Social Affairs. Helseavdelinga er også sekretariat for helsekomiteen.

Helsekomiteen har i hovudsak delegatar frå alle medlemslanda og møtast to gonger per år. Det blir halde møter på ministernivå omtrent kvart femte år.

Bygge opp helsesystem

Noreg har faste delegatar i møta. Dei viktigaste arbeidsområda for helsekomiteen er utvikling av komparative data for helsepolitikk og resultat, som kvalitet, ressursutnytting, førebyggande helsearbeid, legemiddel, aldring, finansiering og personell.

Som følge av pandemien har det dei siste åra også blitt jobba mykje med å sjå på kva som gjer helsesystem robuste.

Komiteen har også tatt tak i viktige utviklingsområde og betydning for helsetenestene, som digitalisering/KI og klima. 

Eit satsingsområde har også vore PaRIS (patient-reported indicator surveys) (oecd.org), ei undersøking av den vaksne befolkninga sin brukaropplevde kvalitet i helsetenestene.

Ekspertgrupper i OECD

For å assistere helsekomiteen er det oppretta fleire ekspertgrupper permanent eller mellombels. OECD samarbeider tett med andre internasjonale organisasjonar, for eksempel WHO, G7 og G20 på helseområdet.

OECD Health Data (oecd.org) er ein database tilgjengeleg på nett og er ein av dei mest omfattande kjelder til helserelatert statistikk.

Ein viktig nøkkelpublikasjon er Health at a Glance som blir publisert for OECD-landa og dei europeiske landa annakvart år. I tillegg publiserer OECD fleire rapportar årleg.

Europarådet og helse

Samarbeidet i Europarådet har som hovudmålsetting å fremje demokrati, rettsstaten og respekt for menneskerettar.

Innanfor helseområdet tar Noreg del i Pompidou-gruppa, eit tverrfagleg samarbeid om narkotikaspørsmål, og i Europarådet sitt direktorat for legemiddelkvalitet (EDQM).

EDQM utviklar mellom anna standardar for verkestoff og hjelpestoff som inngår i legemiddel.