På Helsenorge finn ein informasjon om sjølvmord og sjølvmordstankar (helsenorge.no), mellom anna kvar ein kan få hjelp dersom ein sjølv har sjølvmordstankar, og kven ein kan kontakte for råd og rettleiing ved uro for andre.

Handlingsplan for førebygging av sjølvmord

10. september 2020 blei handlingsplanen for førebygging av sjølvmord 2020–2025 – Ingen å miste lansert. Med denne blei det innført ein nullvisjon for sjølvmord i Noreg.

Det er eit verdisyn om at vi som samfunn ikkje har nokon å miste i sjølvmord. Nullvisjonen gjeld for heile samfunnet, fordi arbeidet med å førebygge sjølvmord høyrer heime i alle sektorar og skjer på ulike arenaer, som helse- og omsorgstenesta, skule, arbeidsplassar, fritidsarenaer og innan samferdsel.

Regjeringa har starta arbeidet med ein ny og meir spissa handlingsplan for førebygging av sjølvmord. Fram til den nye planen blir lagt fram, er den noverande handlingsplanen forlenga.

Tidlegare handlingsplanar har ikkje i tilstrekkeleg grad tatt inn over seg samanhengen mellom gjeld, økonomiske problem og sjølvmordsrisiko. Dette vert eitt av temaa ein skal sjå nærare på i arbeidet med ny handlingsplan.

Eit felles ansvar

Mange av dei som tar sitt eige liv har ikkje vore i kontakt med helse- og omsorgstenesta eller psykisk helsevern/TSB før sjølvmordet. Derfor er det viktig at arenaer som skular, universitet og arbeidsplassar er merksame på sjølvmordsrisiko.

Tilsette i helse- og velferdstenestene har alle eit ansvar for å vere merksame på sjølvmordsfare og etablere samarbeid med anna helsepersonell med spesiell kompetanse til å avdekke, kartlegge og sette i verk tiltak for å førebygge sjølvmord.
Kommunen skal førebyggje, avdekke, avverje, behandla og følgje opp sjølvskading og sjølvmordsforsøk. Dette inngår som ein del av kommunen sitt sørgje-for-ansvar ovanfor eigne innbyggjarar.

Ansvaret ligg hjå alle relevante tenester innan kommunal helse- og omsorgsteneste. Tenestene skal ytast i samsvar med rettane etter pasient- og brukarrettslova (lovdata.no). Som hjelp til kommunane er det utarbeidd rettleiande materiell om førebygging av sjølvskading og sjølvmord (helsedirektoratet.no).

Spesialisthelsetenesta sitt ansvar

Spesialisthelsetenesta har ansvar for å utgreie, behandle og følge opp personar ved risiko for sjølvmord og etter sjølvmordsforsøk. Ansvaret er nedfelt i mellom anna helsepersonellova, spesialisthelsetenestelova og lov om psykisk helsevern.

Det er utvikla nasjonale faglege behandlingsretningslinjer for ulike tilstandar der sjølvmordstankar og sjølvmordsrisiko er ei kjend problemstilling. Med rett behandling av psykiske lidingar, spesielt depresjon, kan sjølvmordsfare reduserast og sjølvmord førebyggast.

Individuelt tilpassa behandling, ei heilskapleg tilnærming og tett samarbeid med primærhelsetenesta og andre lokale tilbydarar kan vere viktige element i sjølvmordsførebygging. Samarbeid på tvers av nivåa er ei lovpålagd plikt for både spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Ei ny nasjonal fagleg retningslinje for førebygging av sjølvmord i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (helsedirektoratet.no) blei publisert 16. april 2024. Retningslinja er blitt godt mottatt i klinisk praksis i alle regionar. Det er laga ein digital treningsplattform for sjølvmordsførebygging basert på anbefalingene i retningslinja, og denne skal utviklast vidare i samarbeid mellom Helsedirektoratet og spesialisthelsetenesta.

Aktørane i det sjølvmordsførebyggande arbeidet

Det sjølvmordsførebyggande arbeidet i Noreg har utvikla seg over fleire tiår og involverer mange aktørar med ulike roller. Helsedirektoratet sitt ressurskart (helsedirektoratet.no) viser dei ulike aktørane.

Det er oppretta eit nasjonalt forum for førebygging av sjølvmord, mellom anna for å sikre felles innsats og god koordinering på tvers av sektorar.

Forumet er breitt samansett med representantar frå brukar- og pårørandeorganisasjonar, organisasjonar for dei etterlatne, tenester og ulike fag- og kompetansemiljø. Det er også oppretta eit tilhøyrande direktoratssamarbeid.