Skadeleg og risikofull rusmiddelbruk og rusmiddellidingar har store samfunnsmessige konsekvensar, for den enkelte og dei pårørande.

Bruk av alkohol og ulovlege rusmiddel er blant dei viktigaste risikofaktorane for å døy før fylte 70 år i Noreg, og resultat frå det globale sjukdomsbyrdeprosjektet viser at rusbrukslidingar bidrar betydeleg til helsetap (sjukdom) og tapte leveår både globalt og i den norske befolkninga. 

Førekomsten av alkoholbrukslidingar er betydeleg høgare enn for andre rusmiddellidingar. 

Førebygge betre

Førebygging handlar om gode velferdstilbod som treff alle. Regjeringa sitt mål er å kome tidleg nok inn, slik at problem ikkje utviklar seg og blir langvarige eller kroniske.

Det er eit mål for regjeringa at færrast mogleg skal begynne med ulovlege rusmiddel, og det er avgjerande å gi tidleg og god hjelp når behovet er der.

Rusførebyggande arbeid  

Den førebyggande innsatsen overfor barn og unge er særleg viktig, og for at den skal ha effekt må den vere kunnskapsbasert. Det føreset at det blir nytta metodikk som er effekt-evaluert, og at intervensjonane blir implementerte etter anbefalte standardar.

Derfor har Helsedirektoratet satt i gang  eit nasjonalt program for rusførebyggande arbeid blant barn og unge (helsedirektoratet.no). Programmet har som formål å førebygge rusmiddelbruk blant barn og unge og avgrense skadane som rusmiddelbruk kan medføre, gjennom å implementere kunnskapsbaserte verktøy og metodikk hjå aktørar med ansvar for rusførebygging.

Dette inneber å styrke kunnskapsgrunnlaget for førebyggande arbeid, formidling av kunnskap til relevante aktørar og målgrupper, utvikling av ei kunnskapsbasert portefølje av tiltak, og tilrettelegging for pilotering og implementering.

Rett til verdige liv

Personar med rusmiddelproblem har rett til verdige liv med god tilgang på behandling og oppfølging, og deltaking i arbeid og meiningsfull aktivitet. 

Tenestene som blir gitt skal vere tilgjengelege, heilskaplege, koordinerte og individuelt tilpassa.

Kommunal helse- og omsorgsteneste

Kommunane sitt ansvar for nødvendige helse- og omsorgstenester til personar med rusmiddelproblem følger av helse- og omsorgstenestelova (lovdata.no).

Kommunen skal gi nødvendige og fagleg forsvarlege helse- og omsorgstenester til alle som bur eller mellombels oppheld seg i kommunen og tilby dei same helse- og omsorgstenestene til personar med rusmiddelproblem som til alle andre innbyggarar i kommunen. 

Kommunane har også ei sentral rolle i det helsefremjande og førebyggande arbeidet på rusmiddelfeltet. Vidare har kommunane eit ansvar for andre velferdstenester som målgruppa har behov for, mellom anna etter lov om sosiale tjenester i NAV (lovdata.no).

Psykiske problem og rus

Det er ein klar samanheng mellom psykiske problem og lidingar og rusmiddelproblem. Ein høg del av pasientar i rusbehandling har også ei psykisk liding, og derfor er det kommunale rusarbeidet ofte samorganisert med den psykiske helsetenesta i kommunen.

Tenestetilbodet følger av helse- og omsorgstenestelova (lovdata.no) og for personar med rusmiddelproblem og rusmiddellidingar kan dette mellom anna omfatte utgreiing og behandling, rådgiving og rettleiing, psykososial støtte, inkludert bistand til å skaffe bustad og yte oppfølging i eigen bustad, og tilvising til tverrfagleg spesialisert rusbehandling (helsedirektoratet.no) i spesialisthelsetenesta (TSB).

I tillegg har sosialtenesta ei rekke ansvarsoppgåver, tenester og tilbod som også omfattar personar med rusmiddelproblem, inkludert økonomiske ytingar, mellombels bustadtilbod mv.

Tverrfagleg spesialisert rusbehandling 

Spesialisthelsetenesta har ansvaret for å tilby befolkninga tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) i samsvar med lova om spesialisthelsetenester (lovdata.no) § 2-1 5. ledd.

At tenestene er tverrfaglege, betyr at dei skal bli utført av personell med medisinsk, psykologisk og sosialfagleg kompetanse.

Rusbehandling i spesialisthelsetenesta omfattar augeblikkeleg hjelp (rusakuttmottak), avrusingstilbod, poliklinisk behandling, døgnbehandling, inkludert institusjonsplassar som kan ta imot rusmiddelavhengige med heimel i helse- og omsorgstenestelova §§ 10-2 til 10-4 og legemiddelassistert rehabilitering (LAR) (helsenorge.no).

Heilskaplege behandlingsforløp

Utgreiing og behandling i TSB kan gå føre seg i poliklinikk, i regi av ambulante tenester eller i samband med døgninnlegging.

Pasientar i TSB skal få heilskaplege behandlingsforløp gjennom dei nasjonale pasientforløpa.

Samarbeid mellom ulike nivå 

Personar som står i fare for å utvikle, eller har utvikla rusproblem eller rusbrukslidingar, kan ofte ha behov for tenester frå ulike instansar og nivå for å oppnå god effekt av behandlinga og oppfølginga som blir gitt.

Den kommunale helse- og omsorgstenesta skal samarbeide med andre forvaltningsnivå og sektorar for å gi forsvarleg hjelp. Samhandlinga mellom spesialisthelsetenesta og kommunane er mellom anna regulert i dei lovpålagde samarbeidsavtalane etter helse- og omsorgstenestelova §§ 6-1 og 6-2, samt forskrift om kommunal betaling for utskrivingsklare pasientar (lovdata.no).

Også samarbeidet med arbeids- og velferdsforvaltninga står sentralt, til dømes gjennom tiltak for sosial- og arbeidsretta rehabilitering (nav.no) og med kriminalomsorga ved lauslating frå fengsel mv.

Frivillig og ideell sektor

Noreg har eit stort og viktig innslag av ideelle aktørar på rusmiddelfeltet. Dei ideelle organisasjonane gjer tilbod både som supplement til og som ein del av den offentlege helse- og omsorgstenesta.

Dei er også store leverandørar av behandlingsplassar til spesialisthelsetenesta.