Vald og overgrep er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Helse- og omsorgstenestene har ei viktig rolle i å førebygge, avdekke og avverje vald og overgrep, samt i oppfølging og behandling av både personar som er utsette for eller som utøver vald.
Vald og overgrep råkar ein betydeleg del av befolkninga i Noreg. Dei helsemessige konsekvensane kan vere omfattande, langvarige og potensielt livstrugande.
Konsekvensar av vald
I tillegg til dei store konsekvensane for den enkelte, fører vald også til store samfunnsøkonomiske kostnader i form av auka behov for hjelpetiltak i skulen, psykisk og fysisk helsehjelp, barneverntiltak, samt hjelp frå krisesentertilbod, sosialhjelp og auka behov for politiressursar.
Vald kan vere fysiske handlingar som slag og spark, eller psykisk vald som truslar, nedvurdering, kontrollering og audmjuking. Vald kan også vere seksuell vald, som valdtekt, incest eller uønskt berøring.
Helsesektoren si rolle
Mange sektorar har ei viktig rolle i arbeidet med å førebygge og motverke vald og overgrep. Helse- og omsorgstenestene skal ha særleg merksemd retta mot at pasientar og brukarar kan vere utsette for, eller står i fare for å bli utsette for, vald eller seksuelle overgrep.
Kommunen, dei regionale helseføretaka og fylkeskommunen skal legge til rette for at helse- og omsorgstenesta og tannhelsetenesta blir i stand til å førebygge, avdekkje og avverje vald og seksuelle overgrep.
Vald i nære relasjonar
Helse- og omsorgstenestene har også ei viktig rolle i oppfølging og hjelp til personar som har vore utsette for vald og overgrep. Personar som er utsette for vald i nære relasjonar vil i ein akutt situasjon ofte bli tatt hand om av den kommunale legevakttenesta, overgrepsmottak eller barne- og ungdomsavdelingar i spesialisthelsetenesta.
Desse tenestene vil behandle den akutte tilstanden, og deretter vise personen vidare etter behov. Etter akuttfasen vil medisinsk og psykososial oppfølging hovudsakleg skje lokalt i den kommunale helse- og omsorgstenesta, eller i spesialisthelsetenesta.
God oppfølging av personar som utøver eller står i fare for å utøve vald og overgrep er viktig i eit førebyggande perspektiv.
Opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar
Regjeringa har lagt fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar.
Planen inneheld tiltak for å førebygge og avdekkje vald og overgrep i større grad, gi betre oppfølging til valdsutsette, auke kompetansen, styrke samarbeidet mellom tenester og sektorar, samt legge til rette for at vald og overgrep blir prioritert høgare i heile straffesakskjeda.
Regjeringa skal også legge fram ein ny handlingsplan mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald.