Pasient- og brukaromboda
Artikkel | Sist oppdatert: 06.02.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Pasient- og brukarombodet skal arbeide for å ta vare på behova, interessene og rettstryggleiken til pasienten og brukaren.
Arbeidsområdet til pasient- og brukarombodet omfattar statlege spesialisthelsetenester, fylkeskommunale tannhelsetenester og kommunale helse- og omsorgstenester. Ombodet skal arbeide for å ta vare på behova, interessene og rettstryggleiken til pasienten og brukaren overfor desse tenestene. Ombodet skal også arbeide for å betre kvaliteten i tenestene.
Det finst eit pasient- og brukarombod i kvart fylke. Ombodet skal gi råd, rettleiing og informasjon om forhold som høyrer inn under arbeidsområdet til ombodet.
Alle kan vende seg til pasient- og brukarombodet, munnleg eller skriftleg, og også anonymt. Ombodet avgjer sjølv om ein førespurnad gir tilstrekkeleg grunn til å ta ei sak opp til behandling. Ombodet kan også ta saker opp til behandling på eige initiativ.