Spørsmål og svar om Tropical Forest Forever Facility (TFFF)
Artikkel | Sist oppdatert: 18.06.2026 | Klima- og miljødepartementet
Tropical Forest Forever Facility (TFFF) vart lansert på klimatoppmøtet COP30 i november 2025. Nedanfor finn du spørsmål og svar om det nye fondet og Noregs rolle.
Spørsmål og svar om TFFF
Tropical Forest Forever Facility (TFFF) er eit fond som Brasil lanserte under klimatoppmøtet COP30 i november 2025. Fondet skal sikre finansiering til regnskogen i generasjonar framover.
Dette er den største internasjonale satsinga på regnskog sidan Noreg lanserte regnskogsatsinga for 18 år sidan.
Fondet vil vere ope for alle regnskogsland. Land må bevise at dei har tatt vare på skogen for å få pengar. Minst 20 prosent av midlane skal gå til urfolk og lokalsamfunn.
TFFF er tenkt å fungere litt som det norske oljefondet. Penger frå land og private skal investerast i ein brei portefølje av verdipapir. Denne plasseringa skal gi avkastning. Deler av denne avkastninga skal gå til skogland.
Brasil har føreslått at private vil bidra med lån til marknadsbasert rente, mens land skal bidra med lån til ekstra låg rente. Brasil sitt mål er å hente inn 250 milliarder kroner i lån frå land. Målet er at fondet på sikt skal bli uavhengig av bistandsmidlar.
Noreg har annonsert eit lån på inntil 30 milliardar kroner. Lånet vil bli utbetalt gradvis fram til 2035 og skal vere tilbakebetalt innan 2075.
Noreg stiller fleire vilkår før ein avtale kan bli underteikna og pengar utbetalt:
- Minst 100 milliardar kroner må vere mobiliserte frå land innan utgangen av 2026.
- Noreg skal ikkje stå for meir enn 20 prosent av totalbeløpet.
- Fondet skal ha ein berekraftig finansieringsmodell med akseptabel risiko for det norske lånet.
- Stortinget må gi sin tilslutning.
Lån og bidrag på over 68 milliardar kroner er så langt annonserte frå Brasil, Indonesia, Tyskland, Frankrike, Luxembourg og Noreg.
I førebuinga til ei eventuell inngåing av avtale, arbeider Noreg og dei andre landa med å vidareutvikle finansieringsmodellen og identifisere eit akseptabelt nivå for risikoen.
Nei. Regjeringa står ved støtta si til TFFF. Gjennom revidert nasjonalbudsjett har regjeringa informert Stortinget om status for arbeidet og fått fullmakt til å inngå ein låneavtale når dei annonserte vilkåra er oppfylte. Regjeringa vil deretter gå tilbake til Stortinget for å få løyving i budsjettet.