bilde av en åpen lommebok
Foto: Nicola Barts

Dei fleste i Noreg har høg levestandard. Likevel vil nokre i løpet av livet oppleve økonomiske problem og andre levekårsutfordringar. Det kan ha ulike årsaker, som at ein har blitt arbeidsledig, har blitt sjuk, har låg løn eller låg utdanning, endring i familiesituasjonen eller andre sosiale forhold.

Korleis kan ein få hjelp? 

Det er mange offentlege velferdsordningar som kan hjelpe dei med låg inntekt og andre levekårsutfordringar:  

Trygdesystemet

Den norske folketrygda gir økonomisk støtte til personar som opplever ulike former for inntektsbortfall eller ekstrautgifter på grunn av sjukdom, arbeidsløyse, alderdom, uførleik, eller andre sosiale forhold. Trygdesystemet er ein viktig del av velferdsstaten og sikrar at alle innbyggjarar har ein viss økonomisk tryggleik i ulike livssituasjonar.  

Sosialhjelp

Kommunane kan yte økonomisk sosialhjelp til personar som ikkje kan forsørgje seg sjølve gjennom arbeid eller andre inntektskjelder. Dette skal sikre at alle har midlar til å dekkje grunnleggjande behov.  

Bustøtte

Husbanken gir økonomisk støtte til personar med låg inntekt for å hjelpe dei med å betale husleige eller bustadlån. Dette bidreg til å sikre at fleire har råd til ein trygg og stabil bustad.  

Barnetrygd og kontantstøtte

Familiar med barn får barnetrygd, som er ei månadleg utbetaling for å bidra til å dekkja utgifter til forsørging av barn. Kontantstøtte blir gitt til foreldre som vel å vere heime med små barn i staden for å sende dei i barnehage. Man kan få kontantstøtte frem til barnet er 19 månader.  

Utdanning og opplæring

Styresmaktene tilbyr gratis grunnskule og vidaregåande opplæring, samt støtte til høgare utdanning gjennom Lånekassen. Dette skal sikre at alle har moglegheit til å få ei utdanning og betre jobbmoglegheitene deira. Elevar i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend frå Lånekassen.  

Arbeidsmarknadstiltak

Nav (Arbeids- og velferdsforvaltninga) tilbyr ulike tiltak for å hjelpe personar som står utanfor arbeidsmarknaden med å kome i jobb, inkludert jobbsøkarkurs, arbeidspraksis og støtte til vidareutdanning.  

Helse- og omsorgstenester

Noreg har eit omfattande helsevesen som gir gratis eller subsidierte helsetenester til alle innbyggjarar. Dette inkluderer behandling for fysiske og psykiske helseproblem, som kan vere ein føresetnad for å kome seg inn i arbeid og ut av fattigdom.

Tiltak for inkludering av barn og unge fattigdom

Styresmaktene har ordningar for å bidra til inkludering av barn og unge i låginntektsfamiliar, inkludert støtte til fritidsaktivitetar, og inntektsavhengig stipend for elevar i vidaregåande opplæring.  

Samarbeid med frivillige organisasjonar

Styresmaktene har dialog med frivillige organisasjonar som representerar sosialt og økonomisk vanskelegstilte gjennom eit kontaktutvalg. Det er fleire tilskotsordningar som frivillige organisasjonar og sosiale entreprenørar som arbeider mot fattigdom kan søkje på. Desse ordningane blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet og omfattar: