NOU 2014: 2

Lik og likskap— Om betaling for kremasjon, gravlegging og grav

Til innhaldsliste

11 Framlegg til regelendringar ved sida av mandatet

11.1 Innleiing

Utvalet har gjennom arbeidet med problemstillingane i mandatet også tangert andre problemstillingar knytte til gravplassforvaltninga og gravferdslova. I dette kapittelet har utvalet samla nokre av dei observasjonane og vurderingane som klarast peika på eit behov for regelendring. Sjølv om temaet ligg ved sida av mandatet, kan kapittelet vere med å auke den samla nytta av arbeidet i utvalet.

11.2 Oskespreiing

11.2.1 Oskespreiing i Norden

I Danmark blir oske spreidd om lag 2000 gonger kvart år, det vil seie om lag 3,8 prosent av dei avlidne.1 Dei fleste gongene blir oska spreidd over ope hav, sjå nærare Bekendtgørelse af lov om begravelse og ligbrænding § 3 tredje og fjerde ledd.

I Sverige kan ein ikkje søkje om løyve til oskespreiing før dødsfallet. I 2012 blei det gjeve 1966 løyve til oskespreiing, det vil seie 2,4 prosent av alle avlidne. Av desse gjaldt 88 prosent spreiing over vatn.2

Under 2 prosent av dei avlidne i Finland får oska si spreidd. Ein treng ikkje løyve for å spreie oske, men ein treng løyve frå den som eig jorda der spreiinga skal skje, sjå begravningslagen § 19.

I Noreg blei det utlevert 251 osker til oskespreiing i 2012, det vil seie om lag 0,6 prosent av alle avlidne. Dei fleste søkjer om løyve til oskespreiing før dei døyr, men 36 prosent av sakene hos fylkesmennene i 2012 gjaldt folk som allereie var døde, sjå Asp 2012.

På Island er oskespreiing ikkje vanleg, men kan skje over ope hav eller i fjellet.

11.2.2 Flytte vilkåra for spreiing av oske inn i lova

Gravferdslova gjev berre ei overordna regulering av oskespreiing, medan vilkåra følgjer av rundskriv frå departementet. Rundskrivet er å forstå som ein instruks til fylkesmennene om korleis dei skal nytte den rettslege kompetansen dei har fått i gravferdslova § 20 andre ledd. Når vilkåra står i rundskriv, blir dei mindre tilgjengelege og heller aldri vurderte av Stortinget. Utvalet har kome fram til at vilkåra for oskespreiing bør gå fram av gravferdslova.

11.2.3 Flytte avgjerdsmakta frå Fylkesmannen til gravplassforvaltninga lokalt

Utvalet meiner at det ikkje er behov for at behandlinga av saker om oskespreiing blir behandla på mellomnivået i gravplassforvaltninga. Også i lys av at oskespreiing kan sjå ut til å kunne bli meir vanleg, sjå nærare kapittel 6.1.2 og vedlegg 4, bør ein vurdere krava til saksbehandlinga. Utvalet har kome til at ein bør halde fast ved kravet om løyve til oskespreiing, men løyvet bør behandlast av gravplassforvaltninga i den kommunen der spreiinga skal skje.

Gravferdslova § 20 blir omfattande med tillegga utvalet gjer framlegg om. Utvalet gjer derfor framlegg om å skilje ut første ledd som § 20 om privat gravstad og at ny § 20a blir ei føresegn om oskespreiing. Styresmakt for avgjerder etter § 20 om privat gravstad er Fylkesmannen. Styresmakt for avgjerder etter § 20a om oskespreiing er gravplassforvaltninga.

11.2.4 Styrkt kontroll med gjennomføring av oskespreiing

Departementet går langt i retning av at fylkesmennene skal krevje stadfesting av at oska er spreidd, sjå i rundskriv P-8/2012. I 2012 stilte 15 av dei 18 fylkesmennene vilkår om å få ei stadfesting etter at oska var spreidd, sjå Asp 2012. Fire av fylkesmennene hadde òg etterspurd denne stadfestinga når ho ikkje blir send inn.

Utvalet viser til at gravferdslova byggjer på prinsippet om at alle skal ha ei grav, sjå kapittel 5 og prinsipp 5. Dersom dei etterlatne hentar ut urna med oske med sikte på oskespreiing, tek dei over eit ansvar. Det er rimeleg at det offentlege følgjer med på at dei etterlatne følgjer opp ansvaret sitt. Dersom dei etterlatne ikkje sender inn ei stadfesting til gravplassforvaltninga om at oska er spreidd, bør gravplassforvaltninga ha tydeleg heimel til krevje urna levert tilbake med sikte på gravlegging.3

11.2.5 Framlegg

Gravferdslova § 20a Spredning av aske:

Den som har fylt 15 år, kan søke om tillatelse til at den som skal sørge for vedkommendes gravferd, sprer asken for vinden. Søknaden rettes til gravplassforvaltningen der asken ønskes spredd.Fylkesmannen kan etter søknad fra person som har fylt 15 år, gi tillatelse til at den som skal sørge for vedkommendes gravferd sprer asken for vinden. Tillatelse kan også gis etter vedkommendes død når det godtgjøres at avdøde ønsket askespredning. Slik tillatelse kan også gis for aske etter barn når nærmeste etterlatte ønsker det. Gravplassforvaltningen kan sette vilkår for tillatelsen.
Tillatelsen skal gjelde spredning i et bestemt område
  1. i sjø og fjorder samt elver, vassdrag eller øvrig ferskvann hvor spredning eller senkning av urner av lett oppløselig materiale, ikke vil være til sjenanse for friluftslivet eller næringslivet eller

  2. på fjellet eller på andre ubebygde steder hvor spredning ikke vil være til sjenanse for friluftslivet eller næringslivet.

Vedtektene for gravplassen kan fastsette at aske kan spres på angitte steder som ikke faller inn under vilkårene i andre ledd.
Urnen blir utlevert fra gravplassforvaltningen der asken skal spres ved fremvisning av tillatelse til askespredning. Den som sørger for gravferden, skal bekrefte skriftlig overfor gravplassforvaltningen at askespredningen har funnet sted i tråd med tillatelsen. Dersom slik bekreftelse ikke foreligger innen én måned etter at urnen er utlevert, kan gravplassforvaltningen kreve at urnen blir levert tilbake for gravlegging i kommunen hvor avdøde var folkeregistrert ved dødsfallet. (…)

Merknader:

  • Lova gjev ingen rett til oskespreiing, men gravplassforvaltninga kan ikkje utan grunngjeving avslå søknaden. Vilkåra går fram av føresegna. Dette er ei offentlegrettsleg avgjerd. Utvalet legg til grunn at gravplassforvaltninga vil behandle søknader om oskespreiing utan omsyn til den historiske eller aktuelle skepsisen til oskespreiing i enkelte miljø.

  • Avgjerda om å gje eller nekte løyve ligg til gravplassforvaltninga der ein ønskjer at oska skal spreiast. Dette gjeld både for søknader som ein person sender med tanke på eiga gravferd, og søknader som blir sende etter dødsfallet. Utvalet reknar med at tyngdepunktet i saksbehandlinga vil gjelde kvar oska skal spreiast, ikkje dei formelle vilkåra. Gravplassforvaltninga bør få rettleiing om saksbehandlinga og malar på avgjerder, sjå framlegget om ein rettleiar i kapittel 9.7.2.

  • Det er ein føresetnad at den gravferdsansvarlege respekterer ønska til den avlidne, men dette er ikkje eigna for kontroll frå det offentlege.

  • Løyvet skal gjelde eit avgrensa område. Det inneber at gravplassforvaltninga må seie kvar spreiinga skal skje. Den geografiske avgrensinga i løyvet bør ikkje vere heilt presis. Det må vere uvisst nøyaktig kvar oska ligg, slik at oskespreiing ikkje inneber etablering av private gravstader i naturen.

  • Kriteriet «ubebygde steder» avgrensar kvar i utmarka oska kan spreiast.

  • Oskespreiing som er til sjenanse for fastbuande eller hyttefolk, vil òg vere til sjenanse for friluftslivet. At spreiing på land berre skal skje på «ubebygde steder», tryggjar interessene til fastbuande og hyttefolk.

  • Referansen til næringslivet vil til dømes innebere at oske ikkje bør spreiast i merdar eller på andre stader det kan vere til sjenanse for landbruk og fiskeri.

  • I vedtektene kan ein lokalt fastsetje at oske kan spreiast på stader som ikkje oppfyller vilkåra i lovføresegna. Fylkesmannen skal godkjenne vedtektene, så her ligg det ein viss kontroll.

11.2.6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Utvalet har undersøkt ressursbruken hos fylkesmennene ved å lese årsrapportane for 2012 og spørje dei om tidsbruken. I 2012 behandla fylkesmennene 811 saker om oskespreiing. Talet på saker spenner frå 10 til 92 per år i 2012. Fleire fylkesmenn svarer at talet på saker er høgare i 2013 som er året dei tek utgangspunkt i når dei svarer om ressursbruken. Ressursbruken i 2013 per sak blant dei ni fylkesmennene som svarte på spørsmålet, spenner frå ei halv stilling (12 timar per sak) til i underkant av éin time per sak. Saksbehandling inneber arbeid i arkivet, hos saksbehandlar og hos leiar. I tillegg kjem å utarbeide informasjon til nettstaden og gje rettleiing over telefon både før og etter at søknaden blir send. Utvalet legg til grunn at uttrekket frå fylkesmennene bør basere seg på ein ressursbruk på to timar per søknad.

Dersom ein legg til grunn at saksbehandlarar tener kr 465 300 per år, arbeider 1750 timar per år og legg til 61 prosent (for feriepengar, arbeidsgjevaravgift og kontor), blir kostnaden kr 428 per time. Uttrekket frå tildelinga til fylkesmennene blir om lag kr 700 000 basert på talet på søknader i 2012. Det endelege uttrekket må basere seg på oppdaterte tal.

Utvalet gjer framlegg om å styrkje oppfølginga i etterkant. I dag følgjer ikkje alle fylkesmennene opp gravferdsansvarlege. Det taler for at kommunane bør få tilført meir enn ein trekkjer frå fylkesmennene. Dersom oskespreiing blir meir vanleg, aukar kunnskapen hos innbyggjarane. Det kan tale for at ressursbruken på rettleiing vil gå ned. Dersom gravplassforvaltninga fastset i vedtektene kvar oskespreiing kan skje, vil innbyggjarane raskt kunne finne ut kva som gjeld, og saksbehandlinga gå relativt raskt. Utvalet legg derfor opp til at kommunane blir styrkte med det same beløpet som blir trekt frå fylkesmennene.

11.3 Oskespreiing på gravplassen

I Sverige kan ein spreie oske på gravplassen. Det inneber at dei etterlatne kan ta del i handlinga og sjå kvar oska endar opp. Dette kan vere eit alternativ til anonym gravlegging der dei etterlatne ikkje får ta del i handlinga, og eit alternativ til å spreie oske for vinden der dei etterlatne må ut på tur.

Oskespreiing på gravplass blei avvist i NOU 1989: 7 side 267 og 314. Utvalet er ikkje kjent med at denne gravferdsforma har vore etterspurd. Det er relativt få anonyme gravleggingar i Noreg per år. Grunngjevinga for å tillate å spreie oske på gravplassen kan derfor ikkje knytast til at ein reknar med at mange vil velje det. Grunngjevinga må heller knytast til at ein ønskjer ei gravferdslovgjeving som opnar for fleire alternativ enn i dag. Avgjerda om ein lokalt ønskjer denne gravferdsforma, ligg til den lokale gravplassforvaltninga.

Gravferdsforma føreset at tilsette i gravplassforvaltninga er til stades ved handlinga og tek urna med seg til gravplassen. Dermed er det ikkje naudsynt med særskilt løyve for denne typen oskespreiing. Dei etterlatne avgjer om dei vil spreie oska sjølve eller be den tilsette i gravplassforvaltninga gjere det.

Utvalet gjer framlegg om at nytt og femte ledd i gravferdslova § 20a skal lyde:

Vedtektene for gravplassen kan fastsette at aske kan spres på anonym minnelund eller annet sted på gravplassen angitt i vedtektene, dersom den som sørger for gravferden ber om det. Representant for gravplassforvaltningen skal være til stede ved askespredningen.

Merknader:

  • Gravplassforvaltninga kan ikkje krevje betalt for å delta når oske blir spreidd på gravplassen. Dette er omfatta av ansvaret for gravlegginga.

  • Dei etterlatne kan arrangere ein seremoni på gravplassen, men gravplassforvaltninga er ikkje forplikta til å delta på meir enn å overlevere urna (inkludert kontroll av at det er rett urne) og å vere til stades ved sjølve spreiinga. Ein omfattande seremoni bør vere avtalt med gravplassforvaltninga på førehand, men dette må regulerast nærare i vedtektene.

  • Føresegna nemner at oske kan spreiast på anonym minnelund, men opnar for at vedtekta kan peike ut eit anna område for spreiing på gravplassen. Dette kan til dømes vere ein lund med tre eller andre skjerma område på gravplassen.

11.4 Kolumbarium

Spørsmålet om å tillate kolumbarium i Noreg kjem opp frå tid til anna. Kolumbarium er ein vegg eller eit byggverk med nisjar der ein lukkar eller murar inn urne med oske etter kremasjon. Etter fredings- og leigetida blir urna teken ut og gravlagd. Ein kan kalle kolumbarium for ein vertikal, mellombels gravplass. Eit kolumbarium er likevel å rekne som endeleg gravlegging i den forstand at dei etterlatne ikkje seinare kan ta urna ut av kolumbariet og krevje gravlegging i til dømes ordinær urnegrav.

I utgreiinga som låg til grunn for forslaget for gjeldande gravferdslov, blei det vist til at såkalla urnehallar kravde vakthald fordi nisjane der urnene blei oppbevarte, ikkje blei lukka eller mura igjen, sjå NOU 1989: 7 side 311. Ordet «urnehall» er i NOU 1989: 7 side 304 definert som eit rom «hvor askeurne er plassert synlig for lengre tids oppbevaring», med andre ord ikkje dei gjenmura nisjane som ein fritt kan vandre blant i til dømes Sør-Europa. Urnehallane i Noreg blei berre i liten grad brukte. Grunngjevinga for ikkje å vidareføre kolumbarium i Noreg i 1996 gjaldt slik open lagring av urner.

I Noreg har vi nokre få kolumbarium frå før gravferdslova av 1997. Ein har kolumbarium i Sverige. I Danmark blei ein stor del av urnene sette i kolumbarium i første halvdel av 1900-talet, sjå det danske tidskriftet Kirkegården 2/2013 side 10–14 og side 30–31. 39 prosent av urnene i København blei sette i kolumbarium i 1921, medan berre 16 urner blei sette i kolumbarium i 2011 (av over 6600 kremasjonar i København same år). I Finland blei 105 urner sette i kolumbarium i 2012.4

Røynslene frå Danmark gjev ikkje grunn til å rekne med at mange etterlatne ville velje kolumbarium i Noreg. Fordi kolumbarium berre er aktuelt ved kremasjon og kremasjonsprosenten i Noreg var på 37 i 2012, er det her tale om ei gravferdsform som truleg ikkje blir særleg vanleg. Dersom lovgjevinga skal opne for denne gravferdsforma, kan grunngjevinga ikkje knytast til at ein reknar med å spare areal på gravplassane. Grunngjevinga må heller knytast til at ein ønskjer ei gravferdslovgjeving som opnar for fleire alternativ. Avgjerda om ein lokalt skal etablere kolumbarium, ligg til den lokale gravplassforvaltninga.

Det følgjer av prinsipp 5 i kapittel 5 at graver ikkje skal vare for all framtid. Urna og oska blir ikkje brote ned i kolumbariet. Lovgjevinga må derfor løyse kva som skal skje med urna etter fredings- og leigetida. I svensk lovgjeving gjer ein unntak frå føresegna om gravfred for gravlegging av urne frå kolumbarium, sjå Handbok för begravningsverksamheten 2013 side 110. I Noreg har vi ikkje ei eksplisitt føresegn om gravfred å gjere unntak frå, men rettsleg sett er likevel vurderinga den same: Kolumbarium er gravlegging, men gravlegginga skjer i to omgangar; ein gong i kolumbariet og til sist i jorda.

Utvalet gjer framlegg om at gravferdsforskrifta § 15a skal lyde:

§ 15a. Anonym minnelund, navnet minnelund og kolumbarium
Med minnelund forstås gravfelt på gravplass uten adgang til gravminne knyttet til den enkelte grav. § 13 første ledd og § 15 annet og tredje ledd gjelder tilsvarende for grav i anonym og navnet minnelund. Med kolumbarium forstås vegg eller byggverk på gravplass med plass til oppbevaring av askeurner i lukkede nisjer.
Gravens plassering på anonym minnelund er bare kjent for gravplassforvaltningen. Plassering av grav på navnet minnelund kan gjøres kjent. Anonym og navnet minnelund skal plasseres i atskilte gravfelt.
Ved anonym minnelund kan det plasseres minnesmerke. Ved navnet minnelund skal det plasseres minnesmerke med navn og data på de gravlagte. I kolumbarium skal navn og data på de gravlagte stå på den enkelte nisje. Minnesmerke og kolumbarium skal være livssynsnøytralt utformet.
Grav på anonym minnelund har ingen ansvarlig. På navnet minnelund og i kolumbarium kan grav leiesnår det har gått 20 år etter gravleggingen. Nærmere bestemmelser gis i gravplassens vedtekter. I vedtektene kan det fastsettes bestemmelser som fraviker kravene i § 31 første ledd for askeurner som skal gravlegges i kolumbarium. Dersom graven ikke leies eller etter leietidens utløp, gravlegges urne fra kolumbarium i anonym urnegrav eller anonym minnelund.

Merknader:

  • Kolumbarium skal stå på gravplass.

  • Med ordet lukka nisjar gjer ein det mogleg å setje urna bak eit gitter, eit vindauge eller ei dør. Ein treng med andre ord ikkje mure att nisjen, men urna skal vere utilgjengeleg. Det er ein føresetnad at nisjane er store nok til å romme oskeurner etter maksimalmåla i gravferdsforskrifta § 31.

  • Fredingstida er den same som for urner.

  • For å stå i kolumbarium i 20 år eller meir kan det vere behov for at urner toler meir enn det som følgjer av krava i gravferdsforskrifta § 31 første ledd. Vedtektene kan derfor stille krav om særskilt materiale eller utforming av urna. Etter fredings- og leigetida kan det vere behov for at gravplassforvaltninga overfører oska til ei anna urne før gravlegginga i anonym grav eller anonym minnelund. Dette er ikkje eit brot på gravfreden.

  • Dei etterlatne har ikkje høve til å velje ei anna gravlegging enn anonym urnegrav eller minnelund etter fredings- eller leigetida. Det inneber at dei ikkje er til stades ved gravlegginga, sjå gravferdsforskrifta § 15a andre ledd.

  • Sjølv om fredingstida går ut, har gravplassforvaltninga ikkje plikt til å ta urna ut av kolumbariet og gravlegge henne. Tomme nisjar i eit kolumbarium kan gje eit lite tiltalande inntrykk, og det bør vere opp til gravplassforvaltninga når urna skal gravleggjast i anonym grav eller anonym minnelund.

  • Kravet om livssynsnøytral utforming av minnesmerke i minnelund og kolumbarium gjeld berre nye minnelundar og nye kolumbarium. Grunngjevinga er at minnelund og kolumbarium skal vere opne for alle. Dersom det er viktig for dei etterlatne å ha religiøse eller andre symbol knytt til staden for å minnast avlidne, kan dei setje opp eit individuelt gravminne på ei ordinær grav. Det er sjølvsagt ikkje noko brot på føresegna om dei etterlatne set frå seg gravlykt eller liknande som til dømes har ein kross på seg, ved minnesmerket.

  • Gravplassforvaltninga kan krevje avgift for grav i kolumbarium etter same prinsipp som gjeld for namna minnelund, det vil seie at dei etterlatne betaler ein relativ del av kostnadene ved å etablere kolumbariet og for vedlikehaldet i fredingstida. Betalinga er knytt til talet på nisjar, sjå 7.4. Gjenbruk av nisjar kan over tid føre til at gravplassforvaltninga får dekt meir enn kostnadene ved å etablere kolumbariet.

  • Gravleiga skal vere den same for grav i namna minnelund og kolumbarium som elles, sjå kapittel 7.5.6.

11.5 Overføring av gravleigeavtalar når gravleiar døyr

Etter gjeldande rett er det kommunen som skal ta avgjerda dersom dei etterlatne er usamde om kven som skal ta seg av gravferda, sjå gravferdslova § 9 tredje og fjerde ledd. Dersom det er usemje om kven ein gravleigeavtale skal overførast til når gravleigaren døyr, tek kyrkjeleg fellesråd avgjerda, sjå gravferdslova § 16 andre ledd. Konfliktløysinga er lagt til ulike forvaltningsorgan for desse sakene, truleg fordi det kyrkjelege fellesrådet har registeret over gravleigeavtalar og dermed har meir informasjon når usemje skal løysast etter § 16 andre ledd.

Etter kva utvalet kjenner til, er det ei utfordring at dødsbua ikkje sender melding til gravplassforvaltninga om kven gravleigavtalen skal overførast til. Bustyrar og dei etterlatne er kanskje ikkje medvitne om kravet i gravferdslova § 16 andre ledd. Dersom ingen sender melding og tida går, kan buet vere skifta innan gravplassforvaltninga spør kven gravleigeavtalen skal overførast til. Då blir det den som tek seg av gravferda, eller ein slektning som får spørsmålet om kven gravleigeavtalen skal overførast til.

Utvalet gjer framlegg om ei regelendring som klargjer kven som i utgangspunktet skal få høve til å leige grava, men som i dag utan frist for når andre etterlatne kan ta spørsmålet opp til avklaring. Fordi grava kan liggje ein annan stad enn der gravleigaren blei gravlagd, kan det også med ei slik lovendring gå lang tid før det blir avklart kven som endeleg skal vere gravleigar. Utvalet legg likevel til grunn at gravleigar i mange tilfelle vil leige grav innanfor same kommune som ho eller han sjølv blir gravlagd.

Utvalet gjer framlegg om at gravferdslova § 16 andre ledd skal lyde:

Når gravleier dør, skal den som besørger gravferden, gis anledning til å bli leier av grav gravleieren leide, med mindre noen etterlatte skriftlig krever spørsmålet avgjort av gravplassforvaltningen der den leide graven ligger.

Merknader:

  • Føresegna byggjer på ein presumpsjon om at den som tek seg av gravferda, stod den avlidne nær og normalt var knytt til dei som er gravlagde i gravene som den avlidne leigde. Dersom denne presumpsjonen ikkje står til, kan dei etterlatne krevje spørsmålet om kven som skal leige grava, avgjort av gravplassforvaltninga der den leigde grava ligg.

  • Dersom den avlidne leigde graver i fleire kommunar, er det fleire avgjerder som må bli tekne. Gravplassforvaltninga tek berre avgjerd om dei gravene som er leigde hos seg.

  • Dersom det teknisk er mogleg, bør personvernomsyn ikkje hindre gravplassforvaltninga frå å gjere søk på namnet til konkrete avlidne gravleigarar på tvers av kundar/kommunar i databasar over gravleigeavtalar. Opplysningane om gravene avlidne leigde, skal ikkje spreiast, men nyttast til å fastsetje ny gravleigar, sjå forvaltningslova § 13 a nr. 1 om at opplysningar omfatta av teieplikt kan «gjøres kjent for dem som de direkte gjelder». Om teieplikta, sjå rundskriv V-18 B/2006.

  • Den nogjeldande føresegna set ikkje opp nokon frist for å krevje at gravplassforvaltninga tek stilling til kven gravleigeavtalen skal overførast til. Heller ikkje framlegget her set nokon frist. I ei konkret sak kan det vere ulike grunnar til at dei etterlatne ikkje tek opp eller kan ta opp spørsmålet om gravleigeavtalen i samband med dødsfallet. Det kan derfor vere uheldig om lova set ein frist, men det vil vere god skikk å ta opp spørsmålet så snart som råd.

  • Dersom det blir fastsett ny gravleigar, kan den som inntil då var gravleigar, ikkje krevje at ny gravleigar skal gjere opp for innbetalt gravleige.

11.6 Autorisasjonsordning for gravferdsbyrå?

Utvalet viser til at gravferdsbyråa gjer ein viktig jobb, men at det er eit misforhold mellom kor sårbare brukarane er, og kor spinkel den offentlege reguleringa av verksemda til byråa er. Det er etablert ei klagenemnd for gravferdstenester med tre medlemer: ein frå byråa, ein frå Forbrukarrådet og ein ubunden leiar. Utvalet er i tvil om dette er tilstrekkeleg, og vil peike på at det ved ein seinare krossveg bør vurderast å innføre eit krav om registrering av gravferdsbyrå og eventuelt også krav om løyve til å drive gravferdsbyrå.5

11.7 Redaksjonelle endringar

Teiknet % og forkortinga pst bør endrast til prosent i gravferdslova § 2 og gravferdsforskrifta § 24.

11.8 Same ordval i rettsspråket

11.8.1 Forskrift om prisopplysninger for varer og tjenester

Forskrift av 14. november 2012 nr. 1066 om prisopplysninger for varer og tjenester § 17 taler om gravstein der ein i gravferdslova taler om gravminne. Framlegg til endring i § 17 første ledd:

Det skal opplyses om varer og tjenester som ikke er inkludert i pristilbudet og som kan medføre vesentlige utgifter i tilknytning til en gravferd. Slike varer og tjenester kan være utgifter til minnesamvær, musikkinnslag, gravminne, inskripsjon og kommunale avgifter.

11.8.2 Plan- og bygningslova

I mellom anna § 11-7 taler lova om grav- og urnelundar der ein i gravferdslova taler om gravplassar. Ordet «grav- og urnelunder» bør erstattast med «gravplasser» i §§ 11-7, 12-5, 13-3, 15-1, 15-2.

Fotnotar

1.

Det blir ikkje ført offisiell statistikk over oskespreiing i Danmark. Talet er henta frå talepunkta til departementschef Henrik Nepper-Christensen ved opninga av Nordisk Kongress for kyrkjegardar og krematorium 4. september 2013.

2.

Länsstyrelsen i Stockholm skriv på nettstaden sin: «Enligt Länsstyrelsen i Stockholms läns praxis medges tillstånd till utströende av aska efter avliden på annan plats än begravningsplats i princip endast över öppet hav eller annat större vattenområde och då minst 1000 meter från närmaste land. / Gravsättning på annan plats än begravningsplats innefattar endast utströende av aska. Detta betyder att s.k. sjösättningsurnor inte får användas.»

3.

Sjå den svenske begravningsförordningen (1990:1147) 34 §: «Den som har fått tillstånd enligt 30 eller 31 § skall inom den tid som länsstyrelsen bestämmer lämna in ett intyg till länsstyrelsen om att det har förfarits med askan i enlighet med beslutet om tillstånd.»

4.

Statistisk årsbok för kyrkan 2012 side 211.

5.

Sjå kort omtale i NOU 1989: 7 side 225–226. Dersom ein vurderer å innføre ei autorisasjonsordning for gravferdsbyrå, kan det praktiske arbeidet med registrering og oppfølging leggjast til dette eine fylkesmannsembetet, sjå kapittel 9.5.4.

Til forsida