NOU 2014: 2

Lik og likskap— Om betaling for kremasjon, gravlegging og grav

Til innhaldsliste

13 Økonomiske og administrative konsekvensar

13.1 Oversyn

Utvalet har gjort greie for dei økonomiske og administrative konsekvensane av kvart framlegg undervegs i rapporten.

Utvalet gjer ikkje framlegg om øyremerkte tilskot, om individuelle rettar eller om meir statleg tilsyn.

Utvalet gjer framlegg om at dei etterlatne ikkje lenger skal betale for kremasjon og utanbygds gravlegging. Dermed blir tenestene gratis for dei etterlatne. Utvalet vil peike på at i motsetnad til på andre sektorar fører ikkje gratis offentlege gravferdstenester til overforbruk. Folk døyr berre éin gong.

Kommunane må kompenserast når heimlane til å krevje betaling frå dei etterlatne blir oppheva. Utvalet meiner at dei økonomiske konsekvensane av framlegga er relativt avgrensa. Dei auka overføringane til kommunane bør ikkje vere ei hindring for at ein no, endeleg, skal likestille kremasjon og kistegravlegging og la folk sleppe å betale ein meirkostnad dersom dei vel å gravleggje sine kjære på ein plass som står dei nærare enn kommunen avlidne budde i.

13.2 Kompensasjon til kommunane fordi heimlar for brukarbetaling blir oppheva

Kommunane må kompenserast ved bortfall av heimlar til å krevje brukarbetaling. Kompensasjonen bør skje som auka overføringar gjennom inntektssystemet. Utvalet legg til grunn at kommunane vil auke overføringane til dei kyrkjelege fellesråda som gravplassforvaltning i tråd med behovet lokalt.

Utvalet har gjort framlegg om å oppheve dei fem heimlane for brukarbetaling nedanfor og har kome til at tapet for gravplassforvaltninga er som følgjer:

  • Opphevinga av heimelen til å krevje kremasjonsavgift, sjå kapittel 6.4: 40 millionar kroner

  • Opphevinga av heimelen til å krevje gravleige i dei første 20 åra etter ny gravlegging i ei leigd grav, sjå kapittel 7.5.3: 47 millionar kroner

  • Opphevinga av heimelen til å krevje gravleige ved gravlegging i grav ved sida av blir fanga opp i kompensasjonen ovanfor.

  • Opphevinga av heimelen til å krevje kostnadsdekning ved utanbygds gravlegging, sjå kapittel 8.3.1: 12,1 millionar kroner

  • Opphevinga av heimelen til å krevje gravleige frå dag éin ved utanbygds gravlegging (utanom gravlegging i leigde graver), sjå kapittel 8.3.2: 5,2 millionar kroner

Samla tap for gravplassforvaltningane per år er om lag 104,3 millionar kroner som følgje av å oppheve desse fem heimlane til å krevje brukarbetaling. Når eventuell kompensasjon blir lagd inn i rammetilskotet til kommunane, vil tilskotet bli fordelt etter objektive storleikar og ikkje reflektere gravleiga, kremasjonsavgifta osb. i den enkelte kommune. Kompensasjon gjennom rammetilskotet inneber at kommunar med høg brukarbetaling, vil måtte nytte andre frie inntekter til å dekkje inntektsbortfallet. Utvalet ser to alternative nøklar å fordele kompensasjonen etter: anten fordele etter talet på innbyggjarar eller etter den generelle kostnadsnøkkelen. Resultatet i kroner per kommune er ikkje svært ulikt etter dei to nøklane. Utvalet meiner at kompensasjonen bør fordelast etter den generelle kostnadsnøkkelen fordi han fangar opp fleire faktorar.

13.3 Kompensasjon til kommunane som følgje av nye oppgåver til gravplassforvaltninga

Kommunane må kompenserast som følgje av at gravplassforvaltninga blir pålagd nye oppgåver. Utvalet legg til grunn at kommunane vil auke overføringane til dei kyrkjelege fellesråda som gravplassforvaltning i tråd med behovet lokalt.

Utvalet har gjort framlegg om at gravplassforvaltninga skal få desse nye oppgåvene:

  • Gravplassforvaltninga skal behandle søknader om oskespreiing, utlevere urna og følgje opp at gravferdsansvarlege stadfestar at oska har blitt spreidd i tråd med løyvet, sjå kapittel 11.2: kr 700 000.

  • Gravplassforvaltninga skal stå for båretransporten til krematoriet, sjå kapittel 6.5: 22,5 millionar kroner – og tilsvarande uttrekk frå løyvinga til NAV.

Samla meirkostnader per år som følgje av nye oppgåver er om lag 23,2 millionar kroner.

13.4 Omfordeling av oppgåver på mellomnivået

Flytting av oppgåva med å behandle søknader om oskespreiing inneber eit uttrekk frå tildelinga til fylkesmannsembeta på 700 000 kroner, sjå ovanfor.

Flyttinga av oppgåvene frå bispedømeråda inneber eit uttrekk på 2 millionar kroner og ei tilsvarande styrking av fylkesmennene, sjå kapittel 9.5. Ei sentralisering av oppgåvene på mellomnivået til eitt fylkesmannsembete inneber at desse 2 millionar kronene ikkje blir spreidde på alle embeta. Ein modell er at det sentrale embetet får heile overføringa og finansierer særskilde oppgåver i dei andre embeta etter behov, til dømes opplæringskonferansar.

Dersom gravplassrådgjevaren blir tilsett i det sentrale embetet, vil det innebere ei fagleg styrking. I så fall vil det bli tale om eit uttrekk frå tildelinga til Tunsberg bispedømeråd som denne stillinga i dag administrativt ligg under.

13.5 Oppgåver for departementet

Utvalet har ikkje gjort framlegg om nye oppgåver for departementet, men har peika på oppgåver innanfor det forvaltningsansvaret som blir kravd av eit departement:

  • Rettleiar retta mot gravplassforvaltninga lokalt: kr 700 000.

  • Meir innbyggjarretta informasjon på regjeringa.no. Utvalet har ikkje rekna ut kostnaden.

  • Styrkt arbeid med gravplassar i KOSTRA, ny rapportering frå krematoria til SSB, fleire spørsmål på KOSTRA-skjemaet kommunane fyller ut og sender til SSB. Utvalet har ikkje rekna ut kostnaden, men vil peike på at departementet kan prioritere mellom ansvarsområda sine, slik at statistikken om gravplassar blir meir omfattande.

  • Evaluering av lovendringar ligg under forvaltningsansvaret for ei lov. Utvalet har ikkje rekna ut kostnaden.

  • Forsking på gravplassar og gravplassforvaltning: 2,5 millionar kroner årleg.

  • Rettleiing, informasjonsmøte, innlegg på konferansar og konfliktløysing i samband med nytt regelverk, mellom anna oppgjersordninga. Utvalet har ikkje rekna ut kostnaden.

Det vil vere eit viktig signal frå staten dersom investeringar i ny krematoriekapasitet blei omfatta av ei rentekompensasjonsordning der staten tek renteutgiftene, sjå kapittel 6.1.7. Utvalet har ikkje rekna på kostnadene.

Utvalet legg til grunn at det framover vil vere eit høgare ambisjonsnivå i forvaltninga av gravferdslova, og strekar under at det føreset større ressursbruk på sentralt nivå. Dersom departementet ønskjer å løyse delar av desse oppgåvene ved å nytte kompetansen i fylkesmannsembetet der oppgåvene etter gravferdslova er samla, må dette embetet styrkjast.

13.6 Uendra ressursbruk for det offentlege

Utvalet blei bede om også å kome med eit framlegg «basert på uendra ressursbruk for det offentlige.» Utvalet strekar under at framlegga våre går ut på å oppheve heimlar for å krevje brukarbetaling. Oppgåveløysinga må dermed finansierast med skatt i staden for lokalt fastsette avgifter. Tenestene og krava til dei er stort sett uendra. Utvalet meiner derfor at dei fleste av framlegga ikkje kan seiast å auke kostnadene for det offentlege, berre ei vriding frå avgift til skatt.

Utvalet meiner at det ikkje vil vere rett å dekkje inn framlegga i denne rapporten ved å satse på ei uspesifisert effektivisering av tenesteproduksjonen lokalt. Utvalet viser til at berre finnane nyttar færre ressursar per avliden i Norden, sjå tabell 4.3 i kapittel 4.

Det enkle svaret på tinginga er å auke brukarbetalinga. Ein måte å auke brukarbetalinga på er å oppheve unntaket frå meirverdiavgift for seremonielle tenester i meirverdiavgiftslova, men utvalet har ikkje lykkast med å finne ut kor mykje staten vil tene på det. Ein annan måte å auke brukarbetalinga på er å gje gravplassforvaltninga utvida heimlar til å krevje brukarbetaling. Dersom dette skal vere aktuelt, må det ikkje undergrave den økonomiske likestillinga av kremasjon og kistegravlegging. Heimelen må derfor i så fall leggjast på alle gravferdsformer, til dømes som ei avgift på alle gravleggingar. Utvalet meiner at gravlegging skal vere eit offentleg ansvar og ein offentleg kostnad, sjå nærare prinsipp 1 i kapittel 5, og vil ikkje tilrå ei slik allmenn gravleggingsavgift. Også tidlegare utval har gått imot ei slik avgift, sjå NOU 2006: 2 Staten og Den norske kirke side 138.

Til forsida