NOU 2014: 2

Lik og likskap— Om betaling for kremasjon, gravlegging og grav

Til innhaldsliste

1 Liste over ord og omgrep

Det er mange ord og omgrep knytte til gravlegging og gravferd, og ikkje alle er like eintydige. Utvalet har utarbeidd ei ordliste med forklaringar. Ordlista vil vere grunnlaget for formulering av framlegg til ny lov- og forskriftstekst. Einskapleg ordbruk er òg ein føremon for arkiva og for den som skal finne fram der. Der det ikkje er opplagt kva som er det tilsvarande ordet på bokmål, står bokmålsordet i ordlista med tilvising til nynorskordet. I ordlista refererer ordet «lova» til gravferdslova av 1996 og «forskrifta» til gravferdsforskrifta av 1997.

Allmenn gravplass

Gravplass for alle, dvs. som ikkje er reservert for visse grupper. Ein gravplass etablert etter gravferdslova er ein allmenn gravplass. Ein gravplass etablert av eit registrert trudomssamfunn etter lov om trudomssamfunn og ymist anna § 18 er ikkje ein allmenn gravplass. I praksis er offentleg gravplass det same som allmenn gravplass, men når ein nyttar omgrepet offentleg gravplass, ligg vekta på at gravplassen er eit offentleg ansvar, ikkje på at han er open for alle.

Anonym grav

Grav som ikkje har informasjon om kven som ligg der, dette er berre kjent for gravplassforvaltninga. Grava har ikkje ein ansvarleg og kan ikkje leigast. Det kan ikkje setjast opp gravminne. Gravfelt for anonym grav blir ofte kalla anonym minnelund.

Ansvarleg for grav

Den som står som ansvarleg for ei fri grav, sjå gravferdslova §§ 9 fjerde ledd og 16. Leigaren er ansvarleg for ei leigd grav.

Anonym minnelund

Gravfelt for anonyme graver. Feltet kan ha felles minnesmerke, men utan opplysning om kven som ligg der.

Avgift

Betaling til fellesrådet når gravferdslova heimlar kravet om betaling for løysing av fellesrådet sine oppgåver etter lova.Sml. betaling for teneste.

Avliden

Det døde mennesket. Bokmål: Avdød.

Balsamering

Behandling av liket for å forseinke nedbrytinga. I dag blir gjerne blodet tømt ut og erstatta med væske med konserverande kjemikalium. Alternativt kan liket liggje i formalin eit døgn. Balsamering er ikkje praksis i Noreg, men det kan vere behov for å preparere eit lik før det blir transportert til utlandet.

Begravelse (bokmål)

Gravferdsseremoni som endar med at kista med den avlidne blir lagd i jorda. Sml. bisetting. Gravferd eller gravferdsseremoni kan nyttast både om kista skal i jorda eller skal kremerast. Utvalet rår til at ein nytter desse orda som er felles for kistegravlegging og kremasjon og felles for bokmål og nynorsk.

Betaling for teneste

Betaling som gjeld tenester som innbyggjarane sjølve kan velje om dei ønskjer, og som ikkje ligg innanfor oppgåvene til gravplassforvaltninga etter lova. Sml. avgift. Innbyggjarane kan ikkje alltid velje leverandør. Innbyggjarane kan få rekninga ved gravferd i ein annan kommune enn den der avlidne var folkeregistrert, sjå gravferdslova § 6 andre ledd.

Bevaring

Sjå vern.

Bisettelse (bokmål)

Gravferdsseremoni når kista seinare skal kremerast, dvs. når kista ikkje skal i jorda etter seremonien. Tidlegare blei ordet nytta om overføringa av kista frå heimen eller sjukehuset til gravkapell og ev. kort seremoni der. Etter kremasjonen blir ei urne med oska sett ned på ein gravplass (sjå «urnenedsetjing»), eller oska blir spreidd (sjå «oskespreiing»). Utvalet rår til at ein ikkje nyttar ordet bisettelse på bokmål eller bisetjing på nynorsk, men heller ordet «gravferd» eller «gravferdsseremoni». Desse orda er felles for kistegravlegging og kremasjon.

Båreandakt

Kort andakt utan samanheng med gravferdsseremonien. Kan innehalde syning, sjå syning.

Bårerom

Eigna rom til mellombels oppbevaring av den avlidne i kiste. Som hovudregel har rommet inngang utanfrå og inneheld kjølerom, enkelte stader er det fryserom.

Båretransport

Transport av avlidne, som hovudregel i kiste. NAV betaler for naudsynt båretransport etter nærare reglar.

Den som sørgjer for gravferda

Sjå gravferdsansvarleg.

Den som tek seg av gravferda

Sjå gravferdsansvarleg.

Dødfødt barn

Eit dødfødt barn har same rett til grav som andre avlidne, sjå lova § 6 første ledd.

Etterlatne

Dei næraste attlevande eller dei som var pårørande til avlidne medan ho eller han levde, sjå lova § 9 andre ledd. Sml. gravferdsansvarleg.

Festar

Sjå gravleigar.

Feste av grav

Sjå gravleige.

Festeavtale

Sjå gravleigeavtale.

Festebrev

Sjå gravleigeavtale.

Festegrav

Sjå leigd grav.

Festetid

Sjå leigeperiode.

Flytting av gravlagd

Flytting av leivningane (også oske) frå ei grav til ei anna, sjå lova § 7 andre ledd.

Flytting av namn

Sjå namneflytting.

Fond

Sjå stellavtale.

Forskotsbetalt gravstell

Sjå stellavtale.

Freda grav

1) Ei grav skal stå urørt i fredingstida, sjå fredingstid.

2) Krigsgraver frå første og andre verdskrigen er også freda, sjå lova § 23a.

3) Ei grav osb. kan vere freda etter kulturminnelova § 4 første ledd bokstav j og andre ledd (samiske gravminne). Slik freding er ikkje det same som vern som gravplassforvaltninga gjer etter forskrifta § 27. Sjå vern.

4) Gravplass som blir lagd ned, er freda i 40 år etter siste gravlegging, sjå lova § 8 tredje ledd.

Fredingstid

Tidsrommet frå siste gravlegging til grava kan takast i bruk neste gong (gjenbrukast). Den tida som går med for at gravinnhaldet skal bli brote ned, dvs. minst 20 år, sjå lova § 8.

Fri grav (frigrav)

Grav som det ikkje skal betalast leige for. Kostnaden ved å halde grava blir dekt av løyvinga frå kommunen.

Frigravsperiode

Den perioden ein ikkje betaler leige og grava er kosta av det offentlege.

Grav

Felles omgrep for alle graver for avlidne menneske. Kistegrav, urnegrav, anonym grav, grav i namna minnelund og naturleg grav (lova § 1 tredje ledd). Dersom oska blir spreidd for vinden, er det inga grav.

Gravareal

Den delen av ein gravplass som blir nytta til graver, dvs. ikkje stiar, parkeringsplass, driftsbygningar osb.

Gravbed

Bed på einskild urne- eller kistegrav.

Gravdjupne

Djupna på grava, sjå forskrifta §§ 13 og 14. For å få plass til kista og 0,8 meter jord over, er ei kistegrav normalt 1,3 meter djup. For å få plass til urna og 0,5 meter jord over, er ei urnegrav normalt 0,8 meter djup.

Gravfelt

Gravplassane er delte opp i ulike delar av praktiske grunnar, sjå forskrifta § 4. Gravene er som hovudregel samla i gravfelt. Felta er gjerne avgrensa av til dømes vegar og vegetasjon.

Gravferd

Hendingane frå dødsfallet til kista eller oska er gravlagd eller oska er spreidd. Ordet blir òg nytta snevrare om gravferdsseremonien. Gravferdslova regulerer berre ein del av gravferda.

Gravferdsansvarleg

Fysisk person som er utpeika av avlidne til å ta seg av gravferda. Dersom ingen er utpeika før dødsfallet, regulerer lova § 9 kven som kan få bli gravferdsansvarleg.

Gravferdsbyrå

Kommersiell verksemd som etter avtale med dei etterlatne ordnar det praktiske kring gravferda og gjev råd til dei etterlatne. Bokmål: begravelsesbyrå. – Utvalet rår til å nytte ord gravferdsbyrå på begge målformer.

Gravferdsformer

Kistegravlegging, urnegravlegging og oskespreiing er tillatne gravferdsformer i Noreg per 2014.

Gravferdsseremoni

Seremoni i samband med gravlegging uansett om det er kiste- eller urnegravlegging. Også ved urnenedsetjing og oskespreiing kan det vere ein enkel seremoni, men då har det normalt allereie vore ein gravferdsseremoni før kremasjonen.

Gravfred

Sjå fredingstid. Kiste eller oskeurne skal stå urørt i fredingstida, sjå lova § 8. Gravfreden er uttrykk for at gravlegginga er ei endeleg handling, og at grava ikkje kan nyttast til ny gravlegging så lenge gravfreden varer.

Gravkart

Kart som viser gravene på eit gravfelt, sjå forskrift § 4.

Gravkapell

Seremonilokale på gravplassar og krematorium. Det kan krevjast avgift for bruk av gravkapell. Sjå livssynsnøytrale seremonilokale.

Gravlegat

Sjå stellavtale.

Gravlegging

Nedgraving av kiste eller oskeurne i ei grav. Oskespreiing er ikkje gravlegging.

Gravleigar

Den som står som part i avtale om leige av grav. Leigaren rår over grava og avgjer kven som skal gravleggjast i grava. Leigaren har plikt til å halde ho i hevd og betale leige.

Gravleige

Tidsavgrensa avtale om leige av grav. Vi har to former for leige av grav: 1) Når ei grav blir teken i bruk, kan det vere høve til å leige ein eller fleire graver ved sida av. 2) Når fredingstida er over, kan grava leigast og dessutan nyttast til ny gravlegging.

Gravleigeavtale

Avtale om leige av grav. Lova krev at gravplassforvaltninga sørgjer for dokumentasjon av avtalen om gravleige, sjå lova § 14 siste ledd. Det er ikkje formkrav på utforming av avtalen, og kvitteringa på innbetalt gravleige kan erstatte avtaledokumentet dersom det går fram kva for grav ho gjeld, og kor lang leigeperioden er.

Gravminne

Minnesmerke i varig materiale som står på ei grav eller ein gravstad med namn og data på den gravlagde, ofte utforma i stein. Det skal som regel berre vere eitt gravminne på kvar grav/gravstad. Sml. minnesmerke.

Gravplan

Sjå gravkart.

Gravplass

Det som lova til kvar tid definerer som gravplass: Allmenn gravplass forvalta av kyrkjeleg fellesråd/kommune eller gravplass forvalta av eit registrert trudomssamfunn. Tidlegare nytta lova ordet kyrkjegard.

Gravferdsforvaltning

Sjå gravplassforvaltning.

Gravferdsstyresmakt

Sjå gravplassforvaltning.

Gravplasstyresmakt

Sjå gravplassforvaltning.

Gravplassforvaltning

Forvaltningsorgan med rettsleg kompetanse til å ta avgjerder med heimel i gravferdslova. Kyrkjeleg fellesråd er gravplassforvaltning etter hovudmodellen i gravferdslova og har dei oppgåvene som spring ut av å ha ansvar for å forvalte allmenne gravplassar. Både fellesråda og kommunane kan vere lokal gravplassforvaltning etter lova. – Utvalet vel ordet gravplassforvaltning framfor gravplasstyresmakt fordi det er felles for begge målformer. Den norske kyrkja har oppgåver knytte til gravferda som seremoni og sorgarbeid, men dette er oppgåver som ikkje spring ut av gravferdslova.

Gravplassplan

Oversikt over alle «element» på gravplassen, sjå gravplassforskrifta § 3.

Gravregister

Register med oversikt over alle gravlagde, kvar og når dei er gravlagde, kva graver som er leigde saman, når leigeavtalen går ut, og kven som er leigar av grava (forskrifta § 19).

Gravreserve

Talet på ledige graver, sjå kravet i lova § 2 om å ha ledige graver til tre prosent av innbyggjartalet i kommunen. Gravplassforvaltninga skal byggje nye gravplassar, sjå gravferdslova § 3 og kyrkjelova § 14, medan kommunen skal sørgje for regulert areal til føremålet, sjå forskrifta § 2.

Gravstad

Fleire graver som det er avtalt å leige saman.

Gravutstyr

Fast utstyr på grava, lykter, innramming osb., sjå forskrifta § 22

Halde grava i hevd

Plikta til å halde tilsyn med grava, sjå til at gravminnet er sikra, og sørgje for at eventuelt gravbed blir stelt.

Implantat

Teknisk hjelpemiddel som av medisinske omsyn er operert inn i kroppen, til dømes hjartestimulator («pacemaker») og kunstige ledd. Nokre implantat skal vere opererte ut av kroppen før kremasjon for å unngå skade på omnen osb. (som hjartestimulator, sjå forskrifta § 33), medan andre blir tekne ut etter kremasjonen.

Innanbygds

Avlidne som blir gravlagde i kommunen der ho eller han var folkeregistrert ved dødsfallet. Sml. utanbygds. Når utvalet likevel vel å skrive om innan- og utanbygds gravlegging uansett kor stor kommunen er, kjem det dels av omsynet til å forenkle språket og dels av at innan- og utanbygds er nokså innarbeidde.

Innviing av gravplass

Seremoni når gravplass eller gravfelt blir teke i bruk. Livssynssamfunn kan gjennomføre kvar sin seremoni. Innviinga har ikkje noko å seie for den rettslege statusen til gravplassen, sjå lova § 5.

Jorddjupne

Djupna på jorda i gravfelt, sjå forskrifta §§ 13 og 14. Under ei kiste skal det vere minst 0,3 meter jord over fjell eller grunnvatn. Sidan gravdjupna er 1,3 meter, må jorddjupna vere minst 1,6 meter. Under ei urne bør det vere minst 0,1 m jord. Sidan gravedjupna er 0,8 meter, bør jorddjupna vere minst 0,9 meter.

Jordoverdekking

Jorda som ligg over kista eller urna.

Kiste

Lett nedbryteleg og brennbar kiste med lokk der avlidne kan plasserast i si fulle lengd, sjå forskrifta § 29

Kistegrav

Grav som er stor nok for kister. Forskrifta § 13 set krav til storleiken. Urner kan også bli lagde i ei kistegrav.

Kolumbarium

Vegg eller byggverk med nisjar der ein lukkar eller murar inn urne med oske etter kremasjon.

Krav om gravlegging eller kremasjon

Krav (bokmål: begjæring) frå den som tek seg av gravferda om gravlegging eller kremasjon av avlidne. Det gjeld ingen formkrav. Gravplassforvaltningane nyttar for det meste eit standardisert skjema utforma av departementet.

Kremasjon

Forbrenning av lik av menneske i kiste i særskild omn. – Utvalet vil ikkje tilrå dei meir eksplisitte orda bålferd eller likbrenning.

Kremasjonsomn

Godkjend omn til bruk til kremasjon av lik (forskrifta § 32).

Kremasjonsnummer

Einskilt nummer for kvar kremasjon. Ei eldfast brikke med nummeret følgjer kista under kremasjonen og blir lagd i oskeurna etter kremasjonen.

Kremasjonsregister

Register med kremasjonsnummer, namn på avlidne, fødselsdato, dødsdato, kremasjonsdato, dato for utlevering av oskeurna og stad for gravlegging, sjå lova § 25 og forskrifta § 35.

Krematorium

Anlegg for kremasjon. Krematorium skal godkjennast, sjå lova § 10 tredje ledd og forskrift om avgrensing av forureining kapittel 10.

Kremering

Sjå kremasjon.

Kremulator

Apparat som knuser restane etter kremasjonen, (hovudsakeleg brente bein), til støv/oske etter at implantat og metallbitar er tekne ut.

Krigsgrav

Graver for utanlandske soldatar og krigsfangar frå første og andre verdskrigen som er gravlagde i Noreg. Krigsgraver skal vere freda utan tidsavgrensing, haldast i hevd og forvaltast med den vørdnad som eigenarten til grava krev. (Lova § 23 a).

Krigsgravplass

Gravplass med graver for utanlandske soldatar og krigsfangar frå første og andre verdskrigen.

Kyrkjegard

Lokal nemning på gravplass. Omgrepet i lova er gravplass, sjå Prop. 81 L (2010–2011) punkt 3.5.2.

Ledige graver

Sjå gravreserve.

Leigar

Sjå gravleigar.

Leigd grav

Grav som er leigd mot betaling av avgift, sjå gravleige.

Leige

Sjå gravleige.

Leigeperiode

Den tida ein avtale om leige av ei grav normalt gjeld for, sjå gravleige. Sml. leigetid.

Leigetid

Tida ein har leigd ei grav for.

Lik

Død kropp.

Livssynssamfunn

Eit fellesskap basert på felles forpliktande oppfatningar om menneskets plass i tilværet og haldning til sentrale etiske spørsmål. (NOU 2013: 1) Omgrepet omfattar både trudomssamfunn (religiøse livssynssamfunn) og sekulære livssynssamfunn. Den norske kyrkja er slik sett eit livssynssamfunn. Grensa mellom religiøse og sekulære livssynssamfunn er ikkje viktig på gravferdsfeltet. På gravferdsfeltet er det relevant å trekkje ei grense mellom gravplassar forvalta av Den norske kyrkja (eller ein kommune) etter gravferdslova og gravplassar forvalta av andre livssynssamfunn.

Livssynsnøytralt seremonilokale

Rom eller bygg som er utforma slik at menneske som er medlemer i ulike livssynssamfunn, og menneske som ikkje er medlemer i noko livssynssamfunn, kan bruke lokalet til seremoniar ved overgangar i livsfase som namnefest, bryllaup og gravferd. Lokalet kan nyttast til fleire føremål enn seremoniar.

Livssynsopen seremoni

Ved gravferd er det ein gravferdsseremoni med stor valfridom for dei etterlatne. Kulturdepartementet har utarbeidd materiale til livssynsopne seremoniar.

Minnelund

Gravfelt for gravlegging av kiste eller urner der ein ikkje kan setje opp individuelle gravminne. På namna minnelund blir namn og data sett inn på eit felles minnesmerke. Anonym minnelund har ikkje plass for å setje opp namn og data.

Minnesmerke

Minnesmerke som ikkje er gravminne, til dømes minnesmerke på anonym eller namna minnelund, krigsminnesmerke og minnesmerke over sjøfolk osb., sjå gravferdsforskrifta § 21.

Namna minnelund

Minnelund der namn og data på dei gravlagde blir sette på eit felles minnesmerke.

Namneflytting

Namnet på ein gravlagd person blir fjerna frå det opphavlege gravminnet og sett på gravminnet på ei eksisterande grav ein annan stad, anten på same gravplass eller på ein annan gravplass, sjå forskrifta § 21 2. ledd.

Offentleg gravplass

Sjå allmenn gravplass.

Omløpstid

Tida mellom kvar gong ei grav blir brukt til ny gravlegging. Omløpstida blir gjerne rekna ut for ein heil gravplass og ligg ein stad mellom fredingstida og leigetida (anten maksimal leigetid der det er innført eller vanleg leigetid).

Opning av grav

Oppgraving av jorda i grava for å gje plass til kiste eller urne.

Oppgjer

Oppgjer mellom heimkommunen og kommunen der den avlidne blir gravlagd. I Sverige kallar dei ordninga Clearing.

Opphøyr av leigeforhold

Avslutting av avtale om leige av grav.

Oske

Det som ligg att etter kremasjonen, hovudsakleg brente bein, som er knuste i kremulatoren, sjå dette. Oska blir samla i ei urne og forsegla.

Oskegrav

Grav der ein strør oska direkte i eit hol på gravplassen. Dette er praksis i Sverige. I Noreg skal oska etter kremasjon over i ei urne (sjå gravferdslova § 10 sjette ledd), og urna blir anten graven ned (gravferdsforskrifta § 14 andre ledd) eller tømd ved spreiing (gravferdslova § 20 andre ledd). I Noreg bør ein nytte ordet urnegrav.

Oskespreiing

Oska blir tømd ut av urna eller senka i havet. Krev løyve frå Fylkesmannen, sjå lova § 20 andre ledd og rundskriv P-8/2012 frå FAD av 18. desember 2012.

Oskeurne

Lett nedbryteleg behaldar til oske etter kremasjon, sjå gravferdsforskrifta § 31. I daglegtale og i lov og forskrift nyttar ein ofte det kortare uttrykket urne. Oskeurne blir nytta når ein vil unngå mistydingar.

Overføring av leigeforhold

Avtale om leige av grav blir inngått med ny leigar. Det må liggje føre ei fråsegn frå den opphavlege leigaren om at ho eller han gjev frå seg rettane sine i leigeavtalen, sjå lova § 16.

Plantefelt

Sjå gravbed.

Privat gravstad

Gravstad for oskeurne utanfor gravplass, sjå lova § 20 første ledd. Frå gammalt av kan det vere kistegraver på privat gravstad.

Seremoni

Ritual ved høgtidelege høve som gjev meining, trøyst eller glede for menneska som tek del.

Sletting av grav

Ei grav kan først slettast etter fredingstida dersom ho ikkje blir leigd vidare. Ei grav kan slettast når leigetida tek slutt. Leigaren har ansvar for å ta bort gravminnet. Grava kan då nyttast til ny gravlegging.

Spreie oske for vinden

Sjå oskespreiing.

Stellavtale

Avtale om at gravplassforvaltninga eller andre leverer gravstell, det vil seie stell og planting i gravbedet ein eller fleire gonger i året. Gravstell kan etter gjeldande rett betalast på forskot. Dette har vore omtalt som «fond» eller «gravlegat», men utvalet rår til at ein ikkje nyttar desse orda fordi dei gjev inntrykk av å vere ei eiga økonomisk eining (stifting).

Stellerom

Eige rom til stell av den avlidne og til å leggje avlidne i kiste.

Støpul

Frittståande klokketårn, sjå forskrifta § 7.

Symbolsk flytting

Sjå namneflytting.

Syning

Kista med den avlidne blir opna, slik at dei etterlatne kan sjå og ta på den avlidne og ta eit siste farvel. Gravferdsbyrået kan stå for syninga, eller syninga kan vere ledd i ein båreandakt. Bokmål: også «visning»

Syningsrom

Eige rom til å ha enkel seremoni for den avlidne, eventuelt med open kiste.

Sørgje for gravferda

Sjå gravferdsansvarleg.

Tildelingsplan

Plan for tildeling av nye graver på gravplassen.

Tilrettelagd grav

«grav som er særskilt tilrettelagt for å imøtekomme religiøse og livssynsmessige minoriteters behov», sjå lova § 6 andre ledd. Kostnadane ved gravlegginga blir dekte av kyrkjeleg fellesråd i heimkommunen når denne ikkje sjølv har den aktuelle typen graver.

Tilvist grav

Ei grav gravplassforvaltninga har peika ut for avlidne. Det motsette av leigd grav (sjå dette) der det er leigaren som tek avgjerda om kven som skal gravleggjast i grava.

Trudomssamfunn

Eit fellesskap basert på felles forpliktande oppfatningar om tilværet der mennesket ser seg sjølv i relasjon til ein gud eller ein eller fleire transendente makter. (NOU 2013: 1) Same som religiøst livssynssamfunn. Sjå Livssynssamfunn.

Urnehall

Lokale der oskeurner er plasserte synleg og tilgjengeleg for lengre tids oppbevaring. Sml. kolumbarium.

Urne

Lett nedbryteleg behaldar som inneheld oske etter kremasjon. Same som oskeurne.

Urnegrav

Grav til oskeurne med plass til fire urner, sjå forskrifta § 14.

Urnenedsetjing

Senking av urna i grava. Grava blir deretter lukka. Urnenedsetjing skjer med eller utan dei etterlatne til stades.

Utanbygds

Avlidne som blir gravlagd i ein annan kommune enn der ho eller han var folkeregistrert ved dødsfallet. Sml. innanbygds.

Vedtekter

Lokale forskrifter vedtekne med heimel i lova § 21.

Vyrkedag

Dagane frå og med måndag til og med fredag, sjå forskrifta § 12. Bokmål: virkedag

Vern

Det kan vere gode grunnar til å ta vare på eldre eller spesielt utforma gravminne osb. på ein gravplass. Gravplassforvaltninga har mynde til å verne, sjå forskrifta § 27.

Vigsling av gravplass

Sjå innviing av gravplass.

Til forsida