NOU 2014: 2

Lik og likskap— Om betaling for kremasjon, gravlegging og grav

Til innhaldsliste

3 Gravferd i Noreg i dag

3.1 Om gravferd og tradisjonar

Overalt og til alle tider har menneske opplevd at menneske døyr og skal døy. Ein kan bli både audmjuk og klokare i møte med dei fellesmenneskelege spørsmåla døden vekkjer. Likevel er døden gjerne eit faktum som ikkje får mykje plass i det offentlege rom eller i våre private samtalar.

Utvalet tek utgangspunkt i at haldningar og handlingar ved dødsfall varierer etter tid og stad.1 Sjølv mellom naboland er det merkbare variasjonar, til dømes innanfor Skandinavia. Dei gravferdstradisjonane vi har i Noreg, kan ha ulike opphav, og dei er i utvikling. Utvalet legg til grunn at det kan vere vanskeleg å trekkje ei grense mellom praksis som har opphav i tradisjon (vande handlingar), folkelege førestillingar og livssyn. Utvalet legg til grunn at dette også gjeld for innvandrarar og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja.2

Allmenne utviklingstrekk påverkar og synest i handteringa av døden. Ein kan tale om ei utvikling frå eit einskapleg og tradisjonsnormert avskil til ein seremoni som i dag lèt seg forme og iscenesetje ut frå behovet til dei sørgjande eller ønska til den avlidne.3 Den avlidne blir handtert av institusjonar og profesjonar, ikkje av slekta.

Utvalet legg til grunn at norsk gravferdspraksis vil endre seg over tid – og vil ta opp i seg praksis og førestillingar frå andre land og frå livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. Utvalet meiner at gravferdslova og gravferdsforvaltninga bør leggje til rette for ein variert praksis, og at rolla deira ikkje er å verne særlege norske tradisjonar. Det kan likevel vere ein verdi at endringar på dette området tek tid.

3.2 Slik går det føre seg før gravferda

3.2.1 Planlegging av gravferd

Eit menneske kan velje om det vil leggje planar for eiga gravferd eller ikkje. For nokon er det nok å skrive opp nokre nummer frå salmeboka, medan andre vil leggje meir av regien sjølve.

I intervjuundersøkinga sommaren 2013 spurte SSB om folk ønskjer å ta avgjerder om eiga gravferd eller overlate det til dei etterlatne. Rapporten frå SSB er trykt som vedlegg 4 til rapporten. 54 prosent vil overlate avgjerdene til dei etterlatne, 37 prosent vil ta avgjerdene sjølve, og 9 prosent veit ikkje. Det er litt fleire kvinner enn menn og litt fleire med innvandrarbakgrunn som vil ta avgjerdene sjølve. I mindre sentrale strok vil fleire overlate avgjerdene til dei etterlatne. Blant dei som ønskte å ta avgjerdene sjølve, var det berre 29 prosent som allereie hadde gjort det.4

Gravferdslova rommar ei spenning mellom respekten for avlidne i §§ 1 og 10 og fullmakta til den som tek seg av gravferda i § 9. Det er den som tek seg av gravferda, som tek avgjerdene og gjennomfører gravferda.

3.2.2 Vask og stell av liket

Når nokon døyr på sjukeheim eller sjukehus, er det sjukepleiarar eller helsefagarbeidarar som steller avlidne før vedkomande blir lagd på kjølerommet eller køyrd bort.5 Det er dei same pleiarane som har gjeve pleie, lindring og merksemd til den døyande i tida før dødsfallet. I boka Far vel skildrar Eivind Berthelsen korleis døyande blir pleidde og avlidne stelte.6 Boka byggjer på intervju med pleiarar ved Hammerfest sjukehus og skildrar korleis døyande blir tekne vare på med profesjonell haldning og menneskeleg varme over denne avgjerande terskelen. Berthelsen viser at vask og stell av liket nærast er ein seremoni i seg sjølv, med sju symbolsk lada element:7

  1. «Vi lufter ut sjelen». Pleiarane opnar vindauget etter dødsfallet og etter at dei pårørande har gått ut.

  2. «Vi rydder nattbordet». Pleiarane tek bort bruksting frå nattbordet. Deretter legg dei på ein duk og tenner eit kvitt lys.

  3. «Døde skal ikke se ‘sjuskat’ ut». Pleiarane steller den avlidne, kjemmer håret, reinsar neglene.

  4. «Vi bruker lunka vann». Sjølv om avlidne ikkje vil merke kulda, nyttar pleiarane lunka vatn når dei vaskar.

  5. «Jeg tar på den døde». Pleiarane tek av seg hanskane og stryk avlidne over hender, kinn og panne.

  6. «En stille bønn inne i meg». Pleiarane er til stades som medmenneske og strekkjer merksemda si utover rommet til staden den avlidne kan vere på veg.

  7. «Vi legger på morslakenet». Ordet «mors» er latin for døden. Den avlidne blir lagd i eit særskilt laken som er kvitt med lilla pynteband. Eit sjukehus har mange laken, men lakenet som blir lukka om avlidne, er eit særskilt laken som berre blir nytta til dette.

I Noreg skal liket gravleggjast eller kremerast seinast ti vyrkedagar etter dødsfallet, sjå gravferdslova §§ 10 og 12. I Sverige var fristen for gravlegging eller kremasjon to månader fram til 1. mai 2012. Då blei fristen halvert. På grunn av den lange fristen har ein balsamert lik, men praksis varierer frå 70–80 prosent av alle avlidne i Stockholm til 2 prosent i Göteborg og Malmö.8 Balsamering vil seie at ein nyttar kjemikaliar for å forseinke nedbrytingsprosessane i kroppen, vanlegvis ved å erstatte blodet med ei oppløysing som inneheld det giftige stoffet formaldehyd. I Noreg balsamerer vi ikkje, men det er ikkje forbode.9

Kista blir ikkje opna på krematoriet eller gravplassen.10 Praksis er at dei som arbeider på krematorium eller gravplassane, ikkje skal bli eksponerte for liket. Dette inneber at det er gravferdsbyrået som står for eventuell syning av den avlidne.

3.3 Slik går gravferda føre seg

3.3.1 Gravferdsformene

Dersom ein tek utgangspunkt i korleis og kvar liket endar opp, kan ein skilje mellom tre gravferdsformer som alle er regulerte i gravferdslova:

  1. Kistegravlegging der liket blir lagt i ei kiste som blir senka ned i ei grav på ein gravplass og dekt til med jord. Det er vanleg å setje opp individuelt gravminne, men grava kan òg vere anonym eller ha felles minnesmerke med plass til namn og data.

  2. Urnegravlegging der liket blir lagt i ei kiste som blir brent i ein særskilt omn (krematorium). Oska blir samla i ei urne som blir senka ned i ei grav på ein gravplass og dekt til med jord. Det er vanleg å setje opp individuelt gravminne, men grava kan òg vere anonym eller ha felles minnesmerke med plass til namn og data.

  3. Oskespreiing der liket blir lagt i ei kiste som blir brent i ein særskilt omn (krematorium). Oska blir samla i ei urne, og innhaldet blir seinare tømt ut på vatn eller på land. Oskespreiing føreset løyve frå Fylkesmannen.

Tidlegare då mange nordmenn døydde på havet, kunne ein ha tala om havet som ein fjerde gravferdsform. I dag døyr få på havet, men gravferdslova slår fast at gravfreden gjeld også der ein avliden ligg i naturen, sjå gravferdslova § 1 tredje ledd. På ein gravplass kan ein setje opp gravminne for avlidne ein ikkje kan finne, sjå gravferdsforskrifta § 21.

3.3.1.1 Geografisk variasjon i kremasjonsprosenten i Noreg

I den nettbaserte spørjeundersøkinga sommaren 2013 svarte kyrkjeverjene på kor mange av dei avlidne innbyggjarane som blei kremerte i 2012. Samanlikna med talet på gravlagde i kvar kommune kan ein sjå variasjonen i kremasjonsprosenten. Blant dei 295 gravplassforvaltningane som svarte, var gjennomsnittet 36 prosent kremasjon. 87 prosent hadde ein kremasjonsprosent som var lågare enn 36 prosent. Med andre ord er det nokre få og folkerike kommunar som dreg opp gjennomsnittet.

Når ein ser på variasjonen mellom fylka, kan ein anten ta utgangspunkt i kremasjonsprosenten i kvar kommune eller for dei avlidne i fylket. Skilnaden stadfestar at det er dei folkerike kommunane som dreg opp gjennomsnittet. Samla sett viser tala at kremasjon er ei vanleg gravferdsform i dei fleste fylka.

Tabell 3.1 Kremasjonsprosenten i dei ulike fylka ut frå talet på gravlagde. Prosenten er rekna ut på to ulike måtar.

Fylke

Gjennomsnittet av den lokale kremasjonsprosenten i kvar kommune i 2012

Kremasjonsprosent blant dei avlidne i fylket i 2012

Østfold

24

40

Akershus

41

53

Oslo1

76

Hedmark

17

22

Oppland

16

22

Buskerud

31

52

Vestfold

42

47

Telemark

11

19

Aust-Agder

7

17

Vest-Agder

5

16

Rogaland

11

21

Hordaland

11

42

Sogn og Fjordane

3

3

Møre og Romsdal

9

19

Sør-Trøndelag

11

13

Nord-Trøndelag

12

22

Nordland

4

6

Troms

5

16

Finnmark

4

5

1 Talet avvik frå kremasjonsstatistikken fordi han tek utgangspunkt i talet på avlidne i kommunen. Talet her tek utgangspunkt i talet på gravlagde.

3.3.1.2 Ny teknologi

I Sverige har eit utval sett nærare på ny teknologi og nye gravferdsformer, sjå SOU 2013: 82. Dei gjer ikkje framlegg om å innarbeide nye gravferdsformer i svensk lovgjeving, men rår til at lova regulerer korleis ei slik godkjenning skal gå føre seg.11 Ei svensk verksemd har arbeidd med frysetørring som gravferdsform (såkalla promesjon) i mange år, men metoden er ikkje teken i bruk i Sverige og det er uvisst om metoden er tenleg som gravferdsform.12

Utvalet meiner at det ikkje er noko mål at norsk gravplassforvaltning skal vere i første rekkje i den teknologiske utviklinga. Utvalet vil ikkje gjere noko framlegg om ein heimel for forsøk eller dispensasjon i gravferdslova.

3.3.1.3 Innviing av gravplass

Gravferdslova § 5 gjev trudoms- og livssynssamfunn som er verksame på staden, høve til å gjennomføre ein seremoni når ein ny gravplass blir teken i bruk. Det er ikkje slik at berre Den norske kyrkja kan innvie ein gravplass. Innviinga er i lova kalla seremoni, og ein tenkjer seg ikkje som før at jorda blir til «kristen jord» gjennom handlinga. Om kva innviinga inneber teologisk og for livssynssamfunna, sjå Prop. 81 L (2010–2011) side 17. Human-Etisk Forbund seier:

For Human-Etisk Forbund er det ingen utfordring at gravplasser er vigslet. Vigsling av jord er kun fremføring av bønn og uten betydning for ikke-religiøse.13

3.3.1.4 Frist for gravlegging og kremasjon

Liket skal anten gravleggjast i kiste eller kremerast innan ti vyrkedagar etter dødsfallet, sjå gravferdslova §§ 10 andre ledd og 12 første ledd og kapittel 10.2.11 om registrering av dødsfall.

Fristen for å setje ned urna er seks månader, sjå gravferdslova § 12 andre ledd, men det er ikkje grunn til at dei etterlatne eller gravplassforvaltninga skal vente lenge med å få satt ned urna, sjå rundskriv V-11B/2004. Er det vinter, kan jorda tinast og urna setjast ned.14

3.3.2 Kistegravlegging

Ved kistegravlegging blir leivningane brotne ned ved hjelp av den naturlege aktiviteten i jorda og i liket. I norsk tradisjon blir kista som oftast graven ned i retninga aust-vest, det vil seie med beina mot aust. Denne tradisjonen har samanheng med den kristne førestillinga om oppstoda. At dei levande legg dei døde i jorda i ei særskild retning eller stilling, finn ein døme på i alle fall 5000 år tilbake i tid.15

Ei kistegrav skal etter gravferdslova vere minst 4,5 kvadratmeter stor (3 x 1,5 meter).16 Det skal vere minst 0,8 meter jord over kista, og derfor er det vanleg at grava er 1,3 meter djup. Kista skal liggje i fred i minst 20 år. Dersom kvaliteten på jorda eller klimaet lokalt forseinkar nedbrytinga, skal fredingstida vare lenger.

Graver kan bli nytta om igjen, sjå 3.3.6 om kvar det er vanleg og mindre vanleg med gjenbruk. Det er gravleigaren som tek stilling til om grava skal nyttast om att. Graver som ikkje (lenger) blir leigde, kan gravplassforvaltninga sjølv ta i bruk på nytt.

Det som eventuelt blir att i grava etter at fredingstida er over, blir aldri fjerna frå jorda. Gravarane held derfor eit skarpt blikk på grabben når dei grev ei grav etter at fredings- og leigetida er over. Grove knoklar og kisterestar blir samla og lagde attende i grava under den nye kista. Er det meir enn dette i grava, blir grava lukka og ikkje gjenbrukt på ei tid, sjå gravferdsforskrifta § 12.

3.3.3 Kremasjon og urnegravlegging

3.3.3.1 Nedbryting ved hjelp av varme

Kremasjon inneber at kista og liket blir brent. Liket blir med andre ord brote ned ved hjelp av varme. Etter brenninga er det nesten berre brente bein att. Oska frå kista utgjer om lag 5 prosent. Oska blir lagd i ei urne som blir lagd i jorda i ei urnegrav på gravplassen. Alternativt kan urna bli tømd ut (spreidd), men Fylkesmannen må i så fall gje løyve først.

Kremasjon kan skildrast på ein vakker måte:

Cremation is one of the elementary forms of human behaviour, uniting, as it does, fire and death, two of the most fundamental features of existence. In cremation, fire combines with death not simply as some mechanical technique of corpse combustion, even though at certain times and in certain cultures that industrial image may predominate, but also as a value-laden and socially grounded means of coping with death and reflecting upon the meaning of life. This social frame elevates the process beyond mere combustion to a higher domain of action – one rooted in beliefs drawn from myths and religious doctrines and ritually expressed in symbolic ways that give meaning to life and significance to human destiny.17

3.3.3.2 Kort om historia til kremasjon i Vesten18

Kremasjon er ei gammal gravferdsform som blei dominerande i Noreg frå yngre bronsealder (om lag 1100–500 fvt.). Kremasjon blei mindre vanleg etter kvart som kristendomen vann fotfeste i Europa frå 400-talet og kriminalisert av Karl den store på 700-talet. I Noreg kom gravlegging utan kremasjon attende i dei første hundreåra av vår tidsrekning, særleg for avlidne frå høgare sosiale lag. I vikingtida (om lag 800–1050 vt.) blei begge gravferdsformene praktisert. Frå kristninga frå 1000-talet blei gravlegging utan kremasjon norma.19 Kremasjon blei ei kampsak for ein frilynt elite frå midten av 1800-talet og er no etablert att som vanleg i Vesten.

3.3.3.3 Kremasjonsprosessen

Kremasjon er ein prosess i fleire ledd med høge krav til tryggleik og kontroll.20 Kista blir merkt med nummer, slik at ein veit kven sine leivningar som ligg i kista. Ei eldfast brikke med nummeret skal følgje med gjennom heile prosessen, sjå gravferdsforskrifta § 34. Politiet skal få melding før kremasjon. Før kremasjonen blir nummeret på kista kontrollert.

Sjølve kremasjonen finn stad i ein omn som berre blir nytta til kremasjon. Omnen blir varma opp til om lag 800 grader ved hjelp av olje eller gass. Kista blir ført inn med eit mekanisk apparat; det er så varmt at dei tilsette ikkje kan løfte kista inn. Døra til omnen går raskt igjen, men målinga på kista er gjerne overtent innan få sekund, og ein kan sjå flammene idet døra lukkar seg. Kremasjonen tek om lag halvannan time. Dei tilsette, ofte kalla krematørar, kontrollerer at prosessen er ferdig før dei skrapar restane ut av brennkammeret. Restane blir brende ein gong til i eit sekundært brennkammer. Neste kremasjon kan då gå føre seg i det første brennkammeret på same tid, og omnen er konstruert slik at oskene ikkje blir blanda saman. Etter at oska er tømd ut av det andre brennkammeret, blir ho avkjølt. Dei avkjølte leivningane er stort sett brente bein. Protesar og liknande blir plukka ut før leivningane blir knuste i ein kremulator (beinknusar).

Etter omgangen i kremulatoren er oska fin nok til å kome over i urna. Først blir nummeret som har følgt oska, kontrollert mot lista over kremasjonar og urna forsvarleg merkt. Før urna blir lukka og forsegla, blir brikka med nummeret lagd oppi.21

Urnegravlegginga skjer på ein gravplass. Urnegrava skal vere minst 2,25 kvadratmeter. Ho skal kunne delast opp i fire like store areal som kvar gjev plass til ei urne. Gravfreden blir sikra ved at kvar urne får sin eigen plass. Den som leiger ei urnegrav, kan ha inntil fire gravlagde utan å betale meir ein éi gravleige.

3.3.3.4 Urnegravlegginga

Urna blir senka ned i ei grav som er stor nok til urna og djup nok til å gje 50 cm jord over urna, dvs. at grava normalt er 80 cm djup. Gravplassforvaltninga er til stades ved urnegravlegginga, også kalla urnenedsetjinga. Tilsette på gravplassen vil då møte opp i pene klede, ikkje arbeidsklede. Det er opp til dei etterlatne kor omfattande ein eventuell seremoni ved urnegravlegginga skal vere. Det er alltid tid til song, dikt eller tale. Iblant deltek prest eller annan representant for eit livssynssamfunn. Grava er lukka når den tilsette forlèt staden.22

3.3.4 Før kremasjonen

3.3.4.1 Kva kan leggjast i kista?

Også i vår tid ønskjer etterlatne å sende med den avlidne gjenstandar, men det er avgrensingar i kva som kan leggjast i kista før kremasjonen. Departementet har i rundskriv P-2/2012 informert om klede og gjenstandar i kista. Desse krava gjeld både ved kistegravlegging og ved kremasjon:

Dersom det er eit ønskje om å kle avdøde i eigne klede, skal desse kunne brytast ned i jorda innan fredingstida som gjeld for gravplassen. Bomullsklede vil som regel brytast ned i jorda. Nylonklede vil ikkje late seg bryte ned så lett. Dette gjeld også for klede av ull, slik som til dømes bunadar. Dersom det er usikkert om kleda let seg bryte ned, bør ein syte for at kleda er opne i ryggen. Dette er viktig for nedbrytinga i jorda. Dei fleste tøyprodukt vil brenne i kremasjonsomnen utan å sleppe ut skadelege gassar. (…)
Gjenstandar som medfører risiko for eksplosjon eller medfører anna fare må ikkje leggjast ned i ei kiste som skal bli kremert. Dette vil mellom anna gjelde for alkohol, ammunisjon, batteri, brennbare væsker, glas og kolfiber (kan finnast i golfkøller).
Også gjenstandar som blir lagt ned i ei kiste som skal gravleggast, må kunne brytast ned i jorda innan fredingstida for gravplassen. Her må ein vise skjøn. Dette vil særleg vere aktuelt når barn ønskjer å leggje ned gjenstandar i kista, som til dømes bamsar/kosedyr, fotballar, verktøy, myntar, mobiltelefonar eller liknande. Hvis det er mogeleg, bør gjenstandar som ikkje let seg bryte ned takast ut før gravlegginga. Gravferdsbyråa veit som regel om det har blitt lagt ned slike gjenstandar og må då informere dei etterlatne om at gjenstandane vil bli teke ut av kista.

Før liket kan kremerast, må hjartestimulator (såkalla pacemaker) fjernast. Så langt utvalet kjenner til, treng ikkje andre implantat fjernast. Silikon vil fordampe. Større implantat, som ledd i metall, vil bli plukka ut etter kremasjonen. Mindre implantat som gull i tennene vil bli skilde ut i kremulatoren. Verdifulle materiale i protesar, andre implantat og gull frå tenner kan bli gjenvunne.23 I 2012 fekk 17 krematorium utbetalt til saman over 1,5 millionar kroner frå eit firma som gjenvinn slike materiale. Inntekta går til krematoriet.24

Hjartestimulatoren må fjernast fordi batteriet kan eksplodere og gjere skade på omnen.25 Det blei operert inn om lag 2700 hjartestimulatorar i 2011.26 Dersom ein legg til grunn at det er om lag 2700 hjartestimulatorar i kvart årskull avlidne og at fordelinga mellom kremasjon og kistegravlegging er den same som for andre (37 prosent), må det fjernast om lag 1000 hjartestimulatorar kvart år i samband med kremasjon. Det vil seie at hjartestimulator må fjernast ved om lag kvar femtande kremasjon. Hjartestimulatoren ligg ikkje djupt i kroppen, og operasjonen går raskt. Dersom dødsfallet skjer på sjukehus, sjukeheim eller annan institusjon, blir hjartestimulatoren fjerna der. Elles må avlidne køyrast til eit sjukehus eller liknande der hjartestimulatoren kan fjernast. Dette blir rekna som naudsynt transport av NAV.

3.3.4.2 Kven opererer ut implantat?

Utvalet spurde krematoria om implantat eksploderte i kremasjonsomnen. Implantat som eksploderer, er ikkje noko problem ved 15 av 24 krematorium. Hos dei andre eksploderer implantat mellom éin gong per månad og seks gonger per år.

Ni krematorium svarer at dei har inntrykk av at implantat blir operert ut av liket av andre enn helsepersonell, til dømes tilsette i gravferdsbyrå, medan fire krematorium svarer at implantat berre blir operert ut av liket av helsepersonell.

3.3.4.3 Framlegget i NOU 2011: 21

I NOU 2011: 21 Når døden tjener livet er det gjort framlegg om at implantat som hjartestimulatorar skal opererast ut av helsepersonell, ikkje av andre. Kostnadene ved framlegget blei ikkje vurderte i NOU 2011: 21:

I følge forskrift av 10.1.1997 nr. 16 til gravferdsloven § 33, skal hjertestimulator (pacemaker) og tilsvarende implantat være operert ut av kroppen før avdøde kan kremeres. Bakgrunnen for dette kravet er at det har hendt at slike implantater har eksplodert under kremering. Enkelte kremasjonsovner kan bli skadet ved en eksplosjon fra en pacemaker. Av hensyn til avdøde mener Utvalget at fjerning av slikt implantat må gjøres på en forsvarlig måte. Etter lovutkastets § 3-2 foreslås det derfor implantat må fjernes av helsepersonell. Slik fjerning krever ikke særskilt samtykke.

Oppfølginga av lovframlegget ligg i Helse- og omsorgsdepartementet.

3.3.5 Oskespreiing

Krematoria rapporterte at oska i 251 tilfelle i 2012 blei utlevert til oskespreiing, dvs. om lag 0,6 prosent av alle avlidne, sjå nærare kapittel 10.3.5 om behovet for statistikk og styringsinformasjon og kapittel 11.2 om endring av reglane om oskespreiing.

Tidlegare sa gravferdslova at ein ikkje kunne krevje kyrkjeleg medverknad ved ei gravferd som enda med oskespreiing. Føresegna blei teken ut av lova og spørsmålet overlate til Den norske kyrkja sjølv. Kyrkja finn no ikkje at det ville stride mot kristen lære om ein prest medverkar ved ei gravferd som endar med oskespreiing.27

Departementet gav i desember 2012 vidare rammer for spreiing av oske i fjordar, vassdrag og innsjøar enn før, sjå Rundskriv P-8/2012. Desse endringane kan med tida føre til at fleire vel oskespreiing.

I 2012 godkjente fylkesmennene 741 søknader om oskespreiing,det vil seie i underkant av to prosent av talet på avlidne, men sakene gjaldt både menneske som søkte mens dei levde (64 prosent) og etterlatne som søkte på vegner av avlidne (36 prosent).28 Dei som søkte Fylkesmannen om løyve til oskespreiing, ville spreie oska slik:

  • På hav eller fjord: 57 prosent

  • På fjellet: 38 prosent

  • I skogen: 5 prosent

  • På elv eller innsjø: under 0,1 prosent

3.3.6 Sletting og gjenbruk av graver

Etter fredingstida kan ei grav slettast dersom ho ikkje blir leigd. Liket er då vanlegvis brote ned og grava kan nyttast til ny gravlegging. Sletting inneber at gravminnet blir teke bort og at grava blir registrert som historikk i gravregisteret. Ved sletting av grava blir det siste fysiske minnet om den avlidne fjerna frå det offentlege rom. Slettinga kan opplevast å stå i motsetnad til ein tekst på gravminnet om at den avlidne aldri vil bli gløymt, sjå Moen 2012 side 142f, men bodskapen var nok oppriktig meint då teksten blei sett på gravminnet.

Når jorda har brote ned liket, blir grava brukt på nytt eller gravarealet går attende til naturen. Slettinga av grava er slik sett like naturleg som døden.

Dersom graver ikkje blir nytta fleire gonger, vil gravplassane berre vekse og krevje meir areal. Ein vil også oppleve at dei etterlatne ikkje lenger steller gravene. Ei uskjøtta grav tener til lite – verken til ære for avlidne eller trøyst for etterlatne.

Tal frå kundedatabasen til Ecclesia tyder på at gravplassforvaltningane i Noreg disponerer nær 2,8 millionar graver. Av desse har fredingstida gått ut på nær 2 millionar. Dette inneber at om lag 70 prosent av gravene i Noreg kan nyttast til ny gravlegging. Mange av desse gravene vil vere leigde, og då er det gravleigar som tek avgjerda om grava skal nyttast til ny gravlegging.

Haldninga til gjenbruk av graver varierer. I nokre land har ein grava for alltid, medan ein i Nord-Europa gjerne nyttar grava fleire gonger. I landet vårt varierer haldninga og praktisering av gjenbruk. I den nettbaserte undersøkinga sommaren 2013 blei gravplassforvaltningane spurde om graver i praksis blei sletta og nytta til ny gravlegging, sjå tabell 3.2. Dei 295 som svarte, fordelte seg slik:

  • Alltid: 9 prosent

  • Som oftast: 42 prosent

  • Av og til: 31 prosent

  • Sjeldan: 9 prosent

  • Aldri: 9 prosent

Dersom ein slår saman dei som seier Alltid og Som oftast, blir det om lag like mange som når ein summerer Aldri, Sjeldan og Av og til.

Tabell 3.2 Prosent av gravplassforvaltningane i dei ulike fylka som svarte i dei fem ulike kategoriane for grad av gjenbruk i kommunen.

Blir graver i praksis sletta og nytta til ny gravlegging?

Fylke

Aldri

Sjeldan

Av og til

Som oftast

Alltid

Østfold

8 %

15 %

69 %

8 %

Akershus

25 %

60 %

15 %

Oslo

100 %

Hedmark

46 %

31 %

23 %

Oppland

29 %

53 %

18 %

Buskerud

31 %

69 %

Vestfold

9 %

73 %

18 %

Telemark

20 %

67 %

13 %

Aust-Agner

50 %

33 %

17 %

Vest-Agder

15 %

69 %

15 %

Rogaland

6 %

6 %

50 %

28 %

11 %

Hordaland

13 %

29 %

50 %

8 %

Sogn og Fjordane

53 %

47 %

Møre og Romsdal

11 %

44 %

39 %

6 %

Sør-Trøndelag

6 %

38 %

56 %

Nord-Trøndelag

8 %

58 %

25 %

8 %

Nordland

26 %

39 %

23 %

10 %

3 %

Troms

69 %

6 %

25 %

Finmark

50 %

33 %

8 %

8 %

Landet

9 %

9 %

31 %

42 %

9 %

Det er berre i Finnmark, Nordland, Troms og Rogaland at det finst gravplassforvaltningar som svarer at graver aldri blir nytta om igjen. Dersom ein slår saman svara for Aldri og Sjeldan, ser ein eit klart regionalt mønster. I Finnmark svarte 83 prosent av gravplassforvaltningane ein av desse to, i Troms 75 prosent og i Nordland 65 prosent. Deretter kjem Hordaland, Møre og Romsdal og Rogaland der mellom 11 og 13 prosent av gravplassforvaltninga svarte ein av desse to.

Dersom ein slår saman Alltid og Som oftast, ser ein at gjenbruk er vanleg på Austlandet. I Oslo svarte dei ein av desse to, Vestfold 91 prosent, Vest-Agder 85 prosent, Telemark 80 prosent, Østfold 77 prosent, Akershus 75 prosent, Oppland 71 prosent, Buskerud 69 prosent.29

3.3.7 Leigetid etter fredingstida

I den nettbaserte undersøkinga sommaren 2013 blei gravplassforvaltningane spurde om kva som var vanleg leigetid for graver etter fredingstida. Dei 274 som svarte på spørsmålet, fordelte seg slik:

  • 20 år eller mindre: 19 prosent

  • 21–40 år: 41 prosent

  • 41–60 år: 28 prosent

  • Over 60 år: 12 prosent

Dersom ein legg til grunn at tyngdepunktet av avtalar ligg midt i intervalla, kan ein rekne med ei gjennomsnittleg leigetid (etter fredingstida) på 37 år. I så fall har gravplassforvaltningane eit stort potensial for sikre inntekter i gravleiga.

Leigetider etter fredingstida på inntil 40 år er heilt dominerande i Akershus, Oppland, Oslo, Telemark, Vestfold og Østfold. Her svarer 80 prosent eller fleire av gravplassforvaltningane i fylket at normal leigetid er inntil 40 år. Leigetider på over 40 år er vanlege i Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag, Nordland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Her svarer 50 prosent eller fleire av gravplassforvaltningane at normal leigetid er meir enn 40 år.

3.4 Fleire avlidne i åra framover

Dersom ein fordeler dei 41 992 avlidne i 2012 på 428 kommunar, blir gjennomsnittet 98 gravleggingar i kvar kommune. Talet på gravleggingar per år varierer frå over 4000 i Oslo til 4 i Træna, dersom ein legg til grunn svara i den nettbaserte spørjeundersøkinga til kyrkjeverjene sommaren 2013. Av dei 295 som svarte, er medianen 52 gravleggingar per år. I Finnmark, Nordland og Sogn og Fjordane er gjennomsnittet under 50 gravleggingar per gravplassforvaltning per år.

Figur 3.1 byggjer på framskrivinga til SSB av talet på avlidne (middelalternativet – MMMM) og viser auken i prosenteiningar i talet på avlidne i kvart fylke i 2040 samanlikna med 2011. I Akershus vil det til dømes døy 66 prosent fleire i 2040 enn i dag, medan auken blir lågast i Sogn og Fjordane med 20 prosent. Nasjonalt vil det i 2040 døy over 15 000 fleire kvart år enn i dag, det vil seie ein auke på 37 prosent.

Figur 3.1 Prosentvis auke i talet på avlidne i kvart fylke i 2040 samanlikna med 2011.

Figur 3.1 Prosentvis auke i talet på avlidne i kvart fylke i 2040 samanlikna med 2011.

I befolkningsframskrivinga stansar ikkje auken i 2040, men stig vidare fram til 2100 då ein vil ha om lag 75 prosent fleire avlidne pr. år enn i 2011.

Figur 3.2 Talet på avlidne kvart år frå 2011 til 2100.

Figur 3.2 Talet på avlidne kvart år frå 2011 til 2100.

Innvandringa er ein av faktorane som gjer ei slik framskrivinga av befolkninga usikker. For gravplassforvaltninga kan innvandringa føre til behov for særskilt tilrettelagde graver, men det heng saman med kvar innvandrarane kjem frå, og i kva grad ønska for gravferda over tid tilpassar seg norsk praksis.30 For drifta av gravplassane dei neste tiåra er det endå meir vesentleg korleis ønska den jamne nordmannen har for gravferda, utviklar seg.

Kommunane har plikt til å planleggje, og dei har plikt til å ha nok gravplassar, sjå kommunelova § 5 nr. 1, plan- og bygningslova § 11-1 og gravferdslova § 2. I den nettbaserte spørjeundersøkinga sommaren 2013 svarer over 95 prosent av gravplassforvaltningane at ein per i dag har graver til tre prosent av innbyggjarane. Av dei som svarer nei eller ikkje veit, har alle planar om å etablere nye eller utvide gravplassar, med unntak av ei gravplassforvaltning som meiner at dei kan møte behovet for gravplassar utan å ha graver til 3 prosent av innbyggjarane.

Over 100 gravplassforvaltningar svarte kor mange nye graver dei treng dei neste ti åra. Dersom ein føreset at det faktiske behovet gjennomsnittleg ligg midt i intervalla i spørsmålsstillinga, og føreset at desse gravplassforvaltningane er representative, kan ein leggje til grunn at gravplassforvaltningane ser behov for over 130 000 nye graver i Noreg dei neste ti åra, det vil seie ein auke på om lag 5 prosent. Gravplassforvaltningane svarer at dei har planar om desse utvidingane eller nyetableringane.

Krematoria kremerer avlidne frå kommunane omkring. Delen som kjem frå andre kommunar enn den krematoriet ligg i, varierer frå 6 prosent i Halden til over 90 prosent på Gjøvik. Berre eitt krematorium er eigd av eit interkommunalt selskap, medan andre har samarbeidsavtalar med fleire gravplassforvaltningar. Fleire avlidne og moglege endringar i kremasjonsavgifta, sjå kapittel 6, kan tale for at gravplassforvaltningane bør vurdere behovet for samarbeid og for faste avtalar om kremasjon.

3.5 Organisering og kostnader i gravplassforvaltninga

3.5.1 Oppgåveplassering og organisering

Dei kyrkjelege fellesråda er gravplassforvaltning lokalt i Noreg, slik som i dei andre nordiske landa, sjå nærare kapittel 4. I kapittel 9 gjer utvalet greie for forvaltningssystemet.

3.5.2 Livssynsmangfaldet

3.5.2.1 Medlemskapen i Den norske kyrkja

76 prosent av innbyggjarane er medlemer i Den norske kyrkja.

Figur 3.3 Innbyggjartalet og medlemskapen i Den norske kyrkja fordelt på aldersgrupper per 1.01.2013.

Figur 3.3 Innbyggjartalet og medlemskapen i Den norske kyrkja fordelt på aldersgrupper per 1.01.2013.

Kjelde: SSB og Per Tanggaard i Kyrkjerådet.

Dersom ein fordeler innbyggjarane på aldersgrupper av fem årskull, er over 60 prosent av innbyggjarane i alle aldersgrupper medlemer i Den norske kyrkja. Medlemsprosenten varierer og er over 80 prosent blant dei over 60 år og over 90 prosent blant dei over 80 år.

Gravplassane er allmenne, sjå nærare kapittel 5 og 9. I rolla som gravplassforvaltning lokalt har dei kyrkjelege fellesråda plikt til å sørgje for «grav som er særskilt tilrettelagt for å imøtekomme religiøse og livssynsmessige minoriteters behov», sjå gravferdslova §§ 1 og 6.

3.5.2.2 Kyrkjeleg gravferd og andre gravferder

Den norske kyrkja er klart dominerande når det gjeld gravferdsseremoniar, sjølv om talet på kyrkjelege gravferder går sakte nedover. Ein større del av gravferdene er kyrkjelege enn medlemskapen generelt tilseier. I 2012 blei 90 prosent av dei avlidne gravlagde med ein seremoni forretta av ein prest i Den norske kyrkja.31 Det er færrast kyrkjelege gravferdsseremoniar i Oslo.32

Intervjuundersøkinga til SSB i vedlegg 4 viser at 97 prosent av dei spurde (som var mellom 16 og 79 år) hadde vore til stades ved ein gravferdsseremoni. Gravferdsseremoni var den mest vanlege kontakten folk hadde med Den norske kyrkja, sjå innbyggjarundersøkinga 2013, der 64 prosent (av 1236 respondentar) melde at dei hadde vore i ei gravferd dei siste tolv månadene. Folk er nøgde med gjennomføring av gravferdsseremoniane i Den norske kyrkja. Innbyggjarundersøkinga 2013 tyder òg på at folk er nøgde med standarden på gravplassane.

I den nettbaserte spørjeundersøkinga sommaren 2013 svarte 39 prosent av gravplassforvaltningane at dei hadde graver som var «særskilt tilrettelagt for å imøtekomme religiøse og livssynsmessige minoriteters behov». Av dei som ikkje hadde slike graver, hadde nær ein femdel avtale med ei anna gravplassforvaltning om å gravleggje i deira tilrettelagde graver. Med andre ord er over halvparten av gravplassforvaltningane budd på gravlegging i tilrettelagde graver. Svara peikar i retning av at det i 2012 blei gravlagt om lag 600 i tilrettelagde graver, av desse var over halvparten folkeregistrert i ein annan kommune ved dødsfallet. Gravplassforvaltninga som tek imot utanbygds gravlegging i tilrettelagd grav, krev i gjennomsnitt litt over kr 12 000 av gravplassforvaltninga i kommunen der avlidne var folkeregistrert, men talet er usikkert fordi det berre ligg svar frå 19 gravplassforvaltningar til grunn.

3.5.2.3 Ønske for gravferdsseremonien

Kulturdepartementet har lagt til rette for eit større mangfald i gravferdsseremoniar ved å få utarbeidd ei rekkje ulike malar for seremoniar og leggje dei ut på nettstaden sin, sjå www.livssynsapenseremoni.no.33 Gravferdsseremonien ligg utanfor gravferdslova og mandatet til utvalet. Fordi seremonien kastar lys over livssynsmangfaldet og den praktiske kvardagen til dei kyrkjelege fellesråda, bad utvalet SSB stille to spørsmål om seremonien i intervjuundersøkinga sommaren 2013.72 prosent ønskjer seremoni i regi Den norske kyrkja, medan 9 prosent ønskjer seremoni i regi av Human-Etisk Forbund, og 5 prosent ønskjer seremoni i regi av andre livssynssamfunn. 10 prosent vil arrangere seremonien sjølve, medan 6 prosent ikkje veit eller ikkje ville svare.

Det er skilnad på sentrale og mindre sentrale strok. I mindre sentrale strok var det relativt fleire som ønskte seremoni i regi av Den norske kyrkja, medan det var relativt fleire i sentrale strok som ønskte seremoni i regi av Human-Etisk Forbund eller andre livssynssamfunn enn Den norske kyrkja eller seremoni i privat regi. Seremoni i regi av Den norske kyrkja er ønskt av over halvparten av respondentane i alle grupper (alder, kjønn, inntekt, utdanning, geografi) unnateke dei som vil ha oskespreiing, og dei med innvandrarbakgrunn.

26 prosent ønskjer ein gravferdsseremoni utan religiøst innhald. Det er like mange som ønskjer ein seremoni utan religiøst innhald, blant respondentar med innvandrarbakgrunn som blant dei utan. 66 prosent ønskjer ein gravferdsseremoni med kristent innhald, og 3 prosent ønskjer anna religiøst innhald, medan 6 prosent ikkje veit eller ikkje ville svare. Blant dei som er over 67 år, ønskjer 83 prosent ein gravferdsseremoni med kristent innhald. Ein del av dei som ønskjer at Den norske kyrkja skal stå for gravferdsseremonien sin, ønskjer ikkje ein seremoni med kristent innhald. Dette kan tolkast som eit uttrykk for éin dimensjon ved Den norske kyrkja som folkekyrkje. Det er truleg også slik at det å sjå for seg eigen gravferdsseremoni i ei særskild kyrkje, veg tungt for mange.

3.5.3 Kostnader i gravplassforvaltninga

Driftsutgiftene for gravplassane var på 799 millionar kroner i 2012, sjå rundskriv P-5/2013. Dette omfattar ressursbruken i dei kyrkjelege fellesråda og i kommunane. Investeringane i 2012 var på 248 millionar kroner. Dersom ein tek med ytingane over folketrygdlova kapittel 7 til gravferdsstønad, båretransport osb. på 173,4 millionar kroner i 2012, blir dei samla offentlege kostnadene over 1,2 milliardar kroner i 2012.

3.5.3.1 Kvar finst tala?

Dei kyrkjelege fellesråda lokalt har drifts- og forvaltningsansvaret for dei aller fleste gravplassane i Noreg. Dermed er rekneskapane til dei kyrkjelege fellesråda den beste kjelda til økonomiske data.34 Fem kommunar har teke over oppgåva som gravplassforvaltning etter regelen i gravferdslova § 23. I tillegg har tre kommunar teke over driftsansvaret, medan om lag 70 kommunar yter tenester i staden for å overføre pengar til det kyrkjelege fellesrådet for at dei skal gjere jobben (kommunal tenesteyting).

For den som vil ha oversikt over økonomien i gravplassforvaltninga, er utfordringa at det finst tal i både kommunerekneskapen og i rekneskapen til dei kyrkjelege fellesråda. Desse tala er dels overlappande ved at tilskotet frå kommunane til dei kyrkjelege fellesråda finst begge plassar. Å summere opp ressursbruk i kommunane og i dei kyrkjelege fellesråda ville gje eit for stort tal. I kommunerekneskapen ligg det ressursbruk som ikkje ligg i rekneskapen til dei kyrkelege fellesråda. Dette gjeld særleg dei kommunane som har teke over oppgåva som gravplassforvaltning, og dei kommunane som har driftsansvaret. Departementet utarbeider kvart år eit rundskriv som summerer opp den kyrkjelege økonomien i året før. I dette rundskrivet fører departementet saman tala frå fellesråda med tala frå kommunerekneskapen i dei kommunane som har forvaltningsansvaret, driftsansvaret eller gjev løyvinga i form av kommunal tenesteyting, sjå seinast rundskriv P-5/2013.

3.5.3.2 Kommunal tenesteyting og kommunar med forvaltningsansvaret

Bærum, Gjesdal, Modum, Sandefjord og Vennesla har teke over ansvaret for oppgåvene etter gravferdslova. Kommunen har driftsansvaret i Oslo, Skedsmo og Sola. Det inneber at fellesråda i desse kommunane ikkje har ført utgifter under føremålet gravplassar, samtidig med at det er ført store beløp i kommunerekneskapen på dei tilsvarande føremåla.

I rekneskapane for dei kyrkjelege fellesråda for 2012 er verdien av denne kommunale tenesteytinga rapportert til om lag 40 millionar kroner, sjå rundskriv P-5/2013. I den nettbaserte spørjeundersøkinga sommaren 2013 svarte 115 gravplassforvaltningar at dei tek imot kommunal tenesteyting. Det vil seie at i underkant av 40 prosent av gravplassforvaltningane får kommunale tenester knytte til drifta av gravplassane i kommunen. Ein spurde her ikkje om administrative tenester. Hadde ein det gjort, ville truleg endå fleire svart at kommunen leverte tenester til gravplassforvaltninga. Dei mest vanlege kommunale tenestene som gravplassforvaltningane får, er vinterdrift (snørydding og strøing), sommardrift og opning og lukking av grav.

Verdien av den kommunale tenesteytinga skal gå fram av rekneskapen til det kyrkjelege fellesrådet. Utvalet spurte kyrkjeverjene om verdien av den kommunale tenesteytinga som finst i rekneskapen, var i samsvar med den faktiske verdien. Svara fordelte seg slik:

  • For høg i høve til faktisk verdi: 4 prosent

  • Ganske riktig i høve til faktisk verdi: 53 prosent

  • For låg i høve til faktisk verdi: 30 prosent

  • Veit ikkje: 13 prosent

Utvalet meiner at svara peikar i retning av at verdien av den kommunale tenesteytinga er sett for lågt i rekneskapen til ein god del kyrkjelege fellesråd.

3.5.3.3 Brukarbetalinga

Brukarane betaler mellom anna gravleige og kremasjonsavgift, og dei betaler for stell av grav. Brukarbetalinga på gravplassane i 2012 var på om lag 308 millionar kroner til saman i dei kyrkjelege fellesråda og kommunane: 90 millionar i kommunerekneskapen og 218 millionar i rekneskapen til dei kyrkjelege fellesråda. Desse tala byggjer på rekneskapsdata som departementet har stilt saman, sjå rundskriv P-5/2013. Dette er første gong rekneskapsdata for gravplassforvaltningane blir stilt saman på denne måten, og tala nedanfor må tolkast med eit atterhald om feil i dataa. Tala i tabell 3.3 byggjer på summen av brukarbetaling og brutto driftsutgifter i dei ulike fylka. Tala omfattar brukarbetaling knytt til gravlegginga (kremasjon, gravkapell og utanbygds gravlegging) og brukarbetaling som gjeld tenester som gravstell.

Tabell 3.3 Brukarbetalinga i gravplassforvaltningane i prosent av driftsutgiftene i gjennomsnitt for 2010 – 2012.

Innbyggjartal

0–2500

2500–5000

5–10 000

10–20 000

20–50 000

Over 50 000

Brukarbetaling

18 %

23 %

28 %

32 %

41 %

49 %

Brukarbetalinga dekkjer i gjennomsnitt om lag 38 prosent av driftsutgiftene. Tala inneber at dei som kjøper gravstell, leiger graver, vel kremasjon, leiger gravkapell osb. til saman betaler om lag 38 prosent av driftskostnadene på gravplassane. Prosenten brukarbetaling aukar i takt med kommunestorleik, men dette kan òg handle om sentralitet eller skilnader mellom landsdelar, sjå figur 3.4. Der det kyrkjelege fellesrådet er gravplassforvaltning, ligg brukarbetalinga på 34 prosent i gjennomsnitt. Der kommunane er gravplassforvaltning, ligg brukarbetalinga på 58 prosent i gjennomsnitt. Skilnaden har vore nokså stabil i åra 2010 til 2012. Gravferdsetaten i Oslo kommune har ei brukarfinansiering på mellom 65 og 70 prosent.35

Figur 3.4 Brukarbetalinga i gravplassforvaltningane i prosent av driftsutgiftene i gjennomsnitt for 2010–2012.

Figur 3.4 Brukarbetalinga i gravplassforvaltningane i prosent av driftsutgiftene i gjennomsnitt for 2010–2012.

3.5.3.4 Driftsutgiftene

Brutto driftsutgiftene varierer mellom gravplassforvaltningane. Også i desse tala ligg både rekneskapa til dei kyrkjelege fellesråda og til kommunane. Utvalet har ikkje grunnlag for å seie noko om kvifor driftsutgiftene varierer slik mellom fylka, sjå figur 3.5. Utvalet meiner at for få kommunar har drifts- og/eller forvaltningsansvar til at det gjev meining å samanlikne ressursbruken i kommunane og i dei kyrkjelege fellesråda.

Figur 3.5 Driftsutgiftene til gravplassforvaltningane i kroner per innbyggjar i gjennomsnitt for 2010–2012.

Figur 3.5 Driftsutgiftene til gravplassforvaltningane i kroner per innbyggjar i gjennomsnitt for 2010–2012.

3.5.4 Kva kostar det å etablere ei grav?

3.5.4.1 Undersøkinga til utvalet

Utvalet har samla inn informasjon om kostnadene ved 20 nye, utvida eller rehabiliterte gravplassar som blei godkjende av bispedømerådet i 2009, sjå nærare om undersøkinga i kapittel 2. Gjennomsnittstala som blir presenterte nedanfor, blir lagde til grunn når utvalet reknar ut samfunnsøkonomisk lønsemd og økonomiske konsekvensar, men er ikkje meint som grunnlag for kalkylar ein kan leggje til grunn lokalt. Det ligg i definisjonen av eit gjennomsnitt at talet kan vere feil for alle konkrete prosjekt, men likevel liggje midt i spennet mellom dei. Gjennomsnittsprisane utvalet legg til grunn, er dels baserte på svar frå gravplassforvaltningane og dels baserte på skjøn.

3.5.4.2 Utnyttingsgrad

Av estetiske og praktiske omsyn er det grenser for kor tett gravene bør liggje. Utnyttingsgraden på ein gravplass seier kor mykje gravareal ein får av heile gravplassen. Ein gravplass har stiar, vegar, parkering, driftsbygning, store tre, buskar, gjerde, hekkar osb. Utvalet har lagt seg på ein positiv definisjon der gravarealet er alt som er merkt i gravkartet som graver, med andre ord stort sett firkantar på rekkje og rad. Det inneber at dersom ein kjenner talet på kistegraver og urnegraver på ein gravplass, kan ein stort sett rekne seg fram til gravarealet: urner x 2,25 kvadratmeter og kister x 4,5 kvadratmeter.36 Dersom gravplassen har minnelund, kan ein ta med arealet: urner x 0,25 kvadratmeter.

Svara i kartlegginga av gravplassane godkjende i 2009 gav ein gjennomsnittleg utnyttingsgrad på 31,6 prosent. Det vil seie at litt under ein tredel av arealet blei nytta til graver.

Utvalet legg til grunn ein gjennomsnittleg utnyttingsgrad på 32 prosent for sine utrekningar. Utvalet vil peike på at utnyttingsgraden ikkje bør vere for høg. Ein bør ta omsyn til estetikk og vørdnad (bokmål: verdighet), ikkje berre arealøkonomi. Til dømes bør det vere avstand mellom gangvegar og næraste grav for å unngå å brøyte snø over grava om vinteren. Det bør òg vere avstand mellom røtene til trea og næraste grav. Eit anna omsyn er tenleg drift som inneber at ein ønskjer å kome fram med større maskinar. Då kan ikkje gravene stå for tett. Ein gravplass skal òg ha grøne kvalitetar; han er ikkje eit lager for leivningar og gravminne. Buskar, hekkar, kurver på vegar, bed og store høgdeforskjellar i terrenget reduserer utnyttingsgraden, men kan gjere gravplassen vakrare.

Minimumskravet til ei urnegrav gjev ikkje store plassen til å bøye seg ned for å stelle grava. Det taler for at arealet kring gravene bør vere relativt sett større ved urnegraver enn kistegraver. Sjølv med ein utnyttingsgrad på 32 prosent meiner utvalet at ein bør rekne med relativt lågare arealutnytting ved urnegraver enn kistegraver. Utvalet legg til grunn at ei urnegrav krev 60 prosent av arealet til ei kistegrav når utvalet reknar ut samfunnsøkonomisk lønsemd, sjå nedanfor og vedlegg 3. Utvalet har ikkje teke omsyn til at minnelundar med urner kan vere arealeffektive.

Utvalet strekar under at i arbeidet med utforming av gravplassar må det gjerast konkrete vurderingar av utnyttingsgraden. Ein kan mellom anna leggje urnegraver på skogsbotn og stader der ein ikkje like enkelt kan ha kistegraver, men utvalet vil peike på at omsynet til universell utforming og tilgjenge til gravene, sjå gravferdsforskrifta § 7 andre ledd, taler for at urnegraver ikkje bør leggjast i meir skrånande terreng enn kistegraver.

3.5.4.3 Tomtekostnader

Blant dei 20 kartlagde gravplassprosjekta blei det kjøpt tomt til berre seks. Dette tyder på at kommunane og gravplassforvaltninga mange plassar har vore tidleg ute med å setje av areal til gravplass. Dei seks svara i kartlegginga gav ein gjennomsnittleg tomtepris på kr 210 per kvadratmeter. Prisen spente frå kr 25 til kr 640 per kvadratmeter. Variasjonen i pris såg ikkje ut til å henge saman med sentralitet.37

I den nettbaserte spørjeundersøkinga sommaren 2013 spurte utvalet om tomteprisen per kvadratmeter for den siste utvidinga eller nye gravplassen. Gjennomsnittet var kr 124 per kvadratmeter. Variasjonen i pris såg berre i nokon grad ut til å henge saman med sentralitet.38 Det var få svar og eit stort spenn, så utvalet meiner at ein bør leggje til grunn medianen. Blant dei gravplassforvaltningane som betalte for tomta til den seinaste gravplassutvidinga, var medianen kr 35 per kvadratmeter.

Utmåling av erstatning ved oreigning (bokmål: ekspropriasjon) til gravplass følgjer same prinsipp som til veg. Ein ser bort frå den noverande reguleringa og spør kva som ville vere den påreknelege utnyttinga dersom den nye reguleringa ikkje hadde kome.39 Statens vegvesen byggjer veg på mellom anna dyrka og dyrkbar mark. Dei har inga nasjonal oversikt over kva dei betaler ut i erstatning til grunneigarane. Dersom ein føreset at jorda også i framtida vil vere landbruksjord, kan ein rekne med ein pris i eit spenn på mellom kr 10 og 30 per kvadratmeter ved forhandlingar eller vanlege skjønnssaker.40

Utvalet viser til at talet på avlidne per år vil auke, og at ein etter kvart vil gå tom for tidlegare bandlagde areal og tomter kommunen har kjøpt. Svara ovanfor tyder på at gravplassforvaltninga betaler meir for nytt gravplassareal, og det kjem truleg av at alternativ utnytting er aktuelt, til dømes utbygging. Utvalet meiner det er positivt dersom tala er uttrykk for at kommunane legg til rette for gravplassar på attraktive areal i nærleiken av bustader osb., og ikkje legg nye gravplassar i skogkanten eller langt unna der folk bur, eller langt unna kollektivtransport.

3.5.4.4 Gjennomsnittskostnader per ny grav

Å fastsetje ein gjennomsnittskostnad per ny grav inneber fare for å forvirre meir enn ein opplyser. Det er ei lang rekkje faktorar som gjer gravplassar rimelege (god jord, naturleg drenering, rimeleg tomt, terreng som er eigna, naturleg vegetasjon, fleire urnegraver enn kistegraver) og ei lang rekkje faktorar som gjer gravplassar dyrare (full masseutskifting, drensleidningar, dyr tomt, store driftsbygningar, parkering, vakre gjerde, omsynet til landskapsvern, kulturminne). Utvalet strekar under at ein har ikkje gått gjennom rekneskapen for konkrete prosjekt. Det inneber mellom anna at ein ikkje veit om arbeidet med reguleringa er teke med eller ført på kommunen, eller om eventuelle arkeologiske undersøkingar er tekne med.41

For å rekne gjennomsnittskostnad må ein òg ta stilling til kor mange graver ein skal rekne med. Utvalet har lagt til grunn at begge graver med dobbel djupne ikkje alltid blir brukte. Ein har derfor rekna 1,3 graver per grav med dobbel djupne. Utvalet har sett bort frå graver i minnelund. I dei 20 prosjekta utvalet fekk inn svar for, var gjennomsnittleg kostnader per ny grav kr 13 946. Det var relativt få urnegraver i desse utbyggingane, berre 17 prosent.

Utvalet stilte spørsmål om dette i den nettbaserte spørjeundersøkinga sommaren 2013: «Hva ble de totale kostnadene for utvidelsen per grav (inkl. planlegging, tomt og opparbeidelse osv.)?» Svara gav ein gjennomsnittleg kostnad på kr 10 928 per ny grav.42

Utvalet legg til grunn at ei ny grav kostar i gjennomsnitt kr 15 000 per grav. Ein går noko opp samanlikna med tala ein har fått inn, av to grunnar. For det første er det uvisst om alle kostnader har blitt rekna inn i totalbeløpa gravplassforvaltningane har gjeve, til dømes reguleringsarbeidet. For det andre vil det i framtida vere behov for nye gravplassar tilpassa ei meir mangfaldig befolkning. Graver tilpassa «religiøse og livssynsmessige minoriteters behov» er vanlegvis ikkje dyrare enn andre graver, men utvalet legg til grunn at innbyggjarane elles vil ønskje fleire typar graver til sine avlidne, og at gravplassforvaltninga vil ha ambisjonar for dei grøne kvalitetane på gravplassane.

3.5.5 Dei tilsette på gravplassane

Om lag 1500 personar arbeider praktisk og administrativt med gravplassar. Det er om lag 1000 tilsette i fellesråda som arbeider med eller på gravplassane, om lag 300 kommunalt tilsette som yter tenester til fellesråda, og 200 i reine kommunale gravplassforvaltningar. Ein har ikkje oppdaterte tal på årsverka eller kompetansen i gravferdssektoren dei seinare åra, men det er mogleg å teikne eit bilete:

  • Mange menn.

  • Mange vaksne tilsette.

  • Kombinasjonsstillingar, det vil seie at 70 prosent gjer andre oppgåver i tillegg til å arbeide med eller på gravplassen. Om lag 80 personar arbeider med kremasjon i Noreg, men berre 15 på heiltid.

  • Variasjon i utdanning og bakgrunn. Ingen utdanning peikar direkte inn mot arbeid på gravplassane. Det har vore arbeidd med kompetanseheving, mellom anna i regi av Norsk forening for kirkegårdskultur. Arbeidstakarorganisasjonane har vore engasjert.

  • Høg trivsel. Mange blir verande lenge i jobben sin fram til pensjonsalder.

Maskinar og utstyr på gravplassane varierer og har nok blitt betre dei siste åra. Dette har redusert fysiske skadar osb. på dei tilsette. Psykisk kan dette vere ein krevjande arbeidsplass på grunn av møtet med menneske i sorg eller krise. Barnedødsfall går truleg inn på alle. Beinrestar og anna under graving kan vere ei tilvenjing og ei utfordring.

3.5.6 Sideblikk. Gravferdsbyråa

Dei om lag 360 gravferdsbyråa i landet sysselset om lag 1000 personar.43 Byråa møter menneske i ein spesiell situasjon:

Gravferdsbransjen har en utfordrende oppgave. Vi driver forretning med produkter og tjenester som folk ikke planlegger eller forbereder på forhånd. Derfor er det ofte krevende å komme med god informasjon om alt som skal tas stilling til når et dødsfall inntreffer. I motsetning til andre livsriter i livet som dåp, konfirmasjon og bryllup, med forventning, glede og grundig planlegging, blir tilrettelegging av gravferd en stor kontrast.44

Gravferdsbyråa omsette i 2011 for om lag 1,3 milliardar kroner.45 Utvalet kjenner ikkje til offentleg statistikk som viser kva ei gravferd kostar.46 Gravferdsbyråa skal leggje prislista si ut på nettstaden sin.47 Kravet er at prislista skal vise minimums- og maksimumsprisar.

3.5.7 Vurdering: Det er lov å snakke om kva det kostar

Døden er endeleg og vekkjer ofte store kjensler. Spørsmål om pengar kan kjennast framand, og ein kan ønskje å sleppe å tenkje på pengar i den fasen.

Utvalet har fått i oppgåve å sjå på brukarbetalinga ved gravferd. Vår oppgåve var å tenkje på kva det skal koste når ein avliden skal gravleggjast. Er det feil å tenkje på effektivitet når det gjeld gravferd? Er det feil å samanlikne den samfunnsøkonomiske lønsemda til dei ulike gravferdsformene? Utvalet meiner at dette er heilt legitime spørsmål. Effektiv ressursbruk og kunnskap om samfunnsøkonomisk lønsemd er avgjerande for at vi også i framtida skal ha verdige gravferder for innbyggjarane i landet vårt. Ingen offentlege tenester er gratis, sjølv om brukarbetaling kan vere låg.

Også dei som har ansvar for drift av gravplassar, må tenkje på kva det skal koste når ein avliden skal gravleggjast. Fellesrådet må tenkje på det når dei fastset vedtektene for gravplassane og legg rammene for drifta. Kommunestyret må tenkje på det når dei fastset avgifta for gravkapell, kremasjon og gravleige (gravferdslova § 21) og løyvinga til fellesrådet (kyrkjelova § 15). Omsynet til kostnadseffektivitet blir til ein viss grad sikra gjennom demokratisk styring. Det vil seie at eit folkevald organ som har ansvar og høve til å styre, vil søkje kostnadseffektive løysingar for å få mest mogleg ut av ressursane. Demokratisk styring er òg sjølvsagt ein verdi i seg sjølv, til dømes ved at innbyggjarane direkte eller indirekte har høve til å påverke korleis gravplassane lokalt skal sjå ut, og kva tenestene skal koste.

Utvalet legg til grunn at det er legitimt og naudsynt å tenkje på kostnadene ved gravferda når nokon døyr. Tomrommet etter den avlidne blir ikkje mindre eller større av å tenkje gjennom kva det vil koste med seremoni, minnesamvær, gravminne og leige av grava. Det kan vere ein måte å førebu seg sjølv og andre dersom vaksne menneske snakkar med yngre slektningar eller andre utvalde personar som står dei nær, om tankar og ønske for eiga gravferd. Og då er det heilt på sin plass å snakke om kva ting kostar, og kjenne på om tinga som kostar, kjennest viktige.

Utvalet ser det ikkje som eit fornuftig mål at gravferda skal vere kostnadsfri for dei etterlatne. Det vil kunne føre til overforbruk av gratis tenester som tek ressursar frå andre føremål. Eller det kan føre til ei standardisering som kjennest framand. At dei etterlatne vel sjølve og tek kostnaden sjølve, sikrar både valfridom og kostnadseffektivitet.

3.5.7.1 Sideblikk: Kva betaler dei etterlatne?

Ut frå nokre raske søk på nettstadene til gravferdsbyråa ser prisane ut til å varierer slik:48

  • Minimumspris frå kr 17 711 til 31 902.

  • Maksimumspris frå kr 41 982 til 82 218.

  • Maksimumspris med billigaste kiste frå kr 26 982 til 46 323.

  • Båretransport frå kr 16 til 30 per kilometer, men her ligg ei rekkje ulike kalkylemodellar til grunn.

  • Gravminne kostar ein stad mellom kr 15 000 og 20 000 ferdig sett opp på grava, det vil seie inkludert skrift/gravering, frakt, sokkel, boltar og montering.49

Wang begravelsesbyrå gjev døme på prisen på fire ulike gravferder (inkl. kremasjonsavgift for Oslo-innbyggjar, kr 3300):50

  • Berre kremasjon, ikkje seremoni: kr 16 659

  • Enkel seremoni frå sjukeheim, inntil 50 deltakarar: kr 32 058

  • Vanleg seremoni frå gravkapell, inntil 75 deltakarar: kr 43 426

  • Stor seremoni frå kyrkje, inntil 300 deltakarar: kr 57 528

For utanbygds gravleggingar kjem avgifter og betaling til fellesrådet i tillegg. Her er eit døme som viser at gravlegging med kremasjon av utanbygds i Trondheim kommune kan koste kr 15 586 utanom fakturaen frå gravferdsbyrået:51

  • Leige av kyrkje/kapell, kr 4386

  • Meditasjonsspill, kr 750

  • Kremasjon, kr 5150

  • Nedsetjing av urne, kr 2100

  • Gravleige, urneplass (20 år), kr 3200

3.6 Miljøkonsekvensar av kremasjon og kistegravlegging

3.6.1 Utslepp i samband med gravferd

All menneskeleg verksemd påverkar miljøet. Når ein skal samanlikne verknadene på miljøet av kremasjon og kistegravlegging, ser ein bort frå faktorar som er like for dei to gravferdsformene. Eit døme er transporten til urnenedsetjinga. Utvalet legg til grunn at oppmøtet ved urnenedsetjinga motsvarer andre besøk ved kistegraver og såleis ikkje aukar den samla transporten.52

Ein kan skilje mellom miljøverknader knytte til sjølve gravferda og nedbrytinga av liket og miljøverknader knytte til førebuinga. Tilpassa til norske forhold kan ein dele prosessane inn slik: 53

Førebuing:

  • Oppstart: vaske, kle og kjøle liket. Kiste. Brev om dødsfallet. Trykking og distribusjon av dødsannonse. Blomar. Seremoni (oppvarming og lys)

  • Minnesamvær: Varme og lys, mat og drikke, takkekort etterpå

  • Transport av kista til og frå seremonilokalet

  • Transport av gjestane til og frå seremonien og minnesamværet

Kistegravlegging:

  • Opne og lukke grava. Tilrettelegging på gravkanten. Tining på vinteren

  • Senke kista. Energibruk og livssyklus for utstyr og elektriske innretningar for å senke kista

  • Gravminnet: fundament, steinen, utforming, gravering, transport

  • Nedbryting av kista og liket

  • Arealbruk

  • Drift og vedlikehald av gravplassen. Livssyklus for utstyret

  • Oppsamling og nedgraving av beinrestar ved gjenbruk av grava

  • Fjerning og destruksjon av gravminne

Kremasjon og urnegravlegging:

  • Operere ut pacemaker

  • Olje og straum til omnen. Livssyklus for omnen. Gjenbruk av varmen frå omnen

  • Straum til anlegget som reinsar røyken. Karbon og kjemikaliar. Livssyklus for reinseanlegget. Deponering av spesialavfall

  • Elektrisk straum til kremulatoren (beinknusar). Livssyklus for utstyret

  • Gravlegging eller resirkulering av metall som blir att

  • Urna

  • Urnenedsetjinga

  • Gravminnet: fundament, steinen, utforming, gravering, transport

  • Arealbruk for urnegrav og krematorium med bårerom

  • Drift og vedlikehald av gravplassen. Livssyklus for utstyret

  • Fjerning og destruksjon av gravminne

I studien til Keijzer 2011 blir det nytta ulike metodar for å sjå på miljøverknadene av ulike gravferdsformer. Hovudtendensen etter alle tre metodane er at førebuingsfasen har større miljøverknader enn sjølve gravferda og nedbrytinga av liket.

3.6.2 Forureining ved kistegravlegging

3.6.2.1 Nedbrytinga

Gravplassar har blitt omtala som eit slags deponi.54 Liket blir brote ned i jorda gjennom ei rekkje prosessar med mange drivkrefter, særleg mikroorganismar.55 Substansane i liket blir brotne ned til enklare og enklare substansar. Nedbrytinga skjer gjennom reaksjon med oksygen (aerobt) og utan oksygen (anaerobt).56 Det er ein miljøføremon at kister i Noreg skal vere av materiale som blir brote ned, slik at liket ikkje blir liggjande utan kontakt med jorda lenge, sjå gravferdsforskrifta § 29.

Gravplassar forureinar generelt lite dersom dei har tenleg plassering og god drift.57 Nedbrytinga av liket heng saman med temperaturen (klima) og jorda og med kor mykje luft og vatn som kjem til.58 Nedbrytinga blir òg påverka av materialet i kista og kleda på liket. Med andre ord er vurderinga av forureininga frå ein gravplass ei konkret vurdering. Generelt er det svært lite materiale som kjem frå nedbrytinga av lik i jorda som forlèt gravplassen.59 Ein ser då vekk frå konsekvensane av sjeldne hendingar som jordras og flaum.

Det har vore gjort ei rekkje studiar for å undersøkje forureining frå gravplassar, mellom anna Dent 2002. Dent går i avhandlinga gjennom forsking frå ei rekkje land og dokumenterer eigne undersøkingar.60 Dent konkluderer med at «earth burial is an ecologically sustainable activity».

Sjølv om konklusjonen i studien er klar, rår Dent til at det blir forska meir på forureining frå kistegravplassar.61 Keijzer finn at kistegravlegging berre fører til små utslepp av forureining i jorda, men hovudkonklusjonen hennar er likevel at dette er usikkert.62

Ved nedbryting i jorda blir kvikksølv i tennene ikkje utsette for høg temperatur, men held seg i fast form. På grunn av fråværet av forbrenning blir dioksin ikkje danna. Når liket ikkje blir brent, blir det mindre av desse alvorlege typane forureining.

Jorda reinsar vatn.63 Ein gjennomgang av forskinga avdekte ikkje resultat som gav grunn til ikkje å bruke overvatn eller drensvatn frå gravplass til å vatne vekstane på gravplassen.64 Ein svensk studie viser at sigevatn frå gravplass er lite forureina av metall.65

3.6.2.2 Alternativ bruk av areal

Krava til utforming av gravplassar og utnyttingsgraden er omtalt ovanfor.

Det er ein realitet at gravplassar tek areal frå andre føremål.66 I den nettbaserte spørjeundersøkinga sommaren 2013 fekk gravplassforvaltningane spørsmål om kva type areal som blei nytta ved den seinaste utvidinga eller nyetableringa av gravplass i kommunen. 142 gravplassforvaltningar svarte og gav svar for arealet på 188 gravplassar. Fordelinga var slik:

  • Område tidlegare sette av og regulerte til gravplass: 39 prosent

  • Dyrkbar mark/landbruksareal: 29 prosent

  • Skog og utmark: 22 prosent

  • Turterreng og friluftsområde: 3 prosent

  • Bustadtomter: 3 prosent

  • Tomter for næring: 2 prosent

  • Anna: 2 prosent (mellom anna parkeringsareal og jorddeponi)

  • Park, leikeplassar og idrettsplassar: null

I 2012 blei 11 210 000 kvadratmeter dyrka og dyrkbar jord omdisponerte til anna enn landbruksføremål etter avgjerder med heimel i plan- og bygningslova og jordlova.67 Omdisponeringa i 2009 var litt høgare, 12 998 000 kvadratmeter. For samanlikninga si skuld kan ein føresetje at all utviding av gravplassar skjer på jordbruksareal. Det samla talet for utvidingar av gravplassar som blei godkjent i 2009, var 205 365 kvadratmeter, med andre ord om lag 1,6 prosent av den samla omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord. Etter kvart vil ein lokalt gå tom for areal tidlegare sett av til gravplassar. Då vil dyrka mark/landbruksareal og skog/utmark truleg vere dei arealtypane som vil bli nytta til å etablere gravplassar. Utvalet finn at avgangen dyrka og dyrkbar jord til gravplass er svært avgrensa og gjev eit avgrensa inngrep i den grøne profilen på området samanlikna med vegar og utbygging til bustad eller næring.

3.6.3 Forureining frå krematorium

3.6.3.1 Røyk

I Europa er det om lag 1000 krematorium som gjennomfører lag 1,5 millionar kremasjonar per år. Kremasjonsprosenten i Europa er om lag 37 prosent, dvs. som i Noreg.68 Utsleppa frå krematorium er ikkje regulerte av felles reglar på EU-nivå, og utvalet har fått opplyst frå Miljødirektoratet at det ikkje går føre seg eit regelverksarbeid på EU-nivå som Noreg er involvert i.69 EU har gjeve direktiv med krav til utslepp frå forbrenning av avfall, men desse gjeld ikkje krematorium. Grensene for utslepp og krava til utstyret i krematoria varierer derfor i Europa utan at variasjonane kan grunngjevast miljøfagleg. Lite gjennomtenkte reglar eller reglar som ikkje tek utgangspunkt i særtrekka til krematoria, kan føre til auka utslepp.70 Dette er bakgrunnen for eit initiativ i 2008 frå European Crematoria Network for å setje miljøkrava på dagsordenen, sjå heftet Eurocrematoria 2008.

Den mest alvorlege forureininga frå krematorium kjem ikkje av den menneskelege kroppen i seg sjølv, men materiale vi får i oss gjennom livet, som amalgam i tennene og tungmetall som blir akkumulert i næringskjeda.71 Forureininga frå krematorium påverkar miljøet generelt ved at til dømes dioksin blir teke opp i gras og kjem inn i næringskjeda, men forureininga kan òg bli teken opp i kroppen gjennom andedrettet.72 Dioksinutsleppa frå europeiske krematorium er ikkje alvorleg høge,73 men kvikksølv blir flyktig i den høge temperaturen i omnen og blir då eit miljøproblem. Kvikksølv er svært miljø- og helseskadeleg. Kroppen inneheld naturleg noko kvikksølv som slepp ut ved kremasjon, men ei plombe med amalgam i ei tann kan innehalde nær 100 gonger meir kvikksølv enn kroppen.74 Amalgam frå tenner er den produktgruppa som inneheld mest kvikksølv,75 men stod ikkje for meir enn 14 prosent av dei norske kvikksølvutsleppa i 2003.76 Ein bør derfor ikkje miste blikket for heilskapen og berre sjå på amalgam og krematoria når det blir snakk om kvikksølvutslepp.

Noreg har som mål å eliminere bruk og utslepp av kvikksølv innan 2020.77 Utsleppa i Noreg gjekk ned frå 2,5 tonn i 1995 til 0,8 tonn i 2009.78 Når det gjeld kvikksølv, er dei nasjonale utsleppa vesentleg mindre enn mengda landet tek imot med vinden frå andre land. Når det gjeld dioksin, mottek vi om lag like mykje som vi slepper ut sjølve.79 Krematoria stod saman med avfallsforbrenning for utsleppet av 120 kilo kvikksølv i 1995. Utsleppa er no redusert til 75 kilo per år av dei 800 kilo som blir sleppt ut i Noreg. Til samanlikning slepper industrien ut 263 kilo, kommunale avløp 122 kilo og båtar 69 kilo. Auken i utsleppa av kvikksølv frå vegtrafikk, dekkslitasje og vegstøv frå 1995 til 2009 tilsvarer nesten på kiloet reduksjonen i utsleppa frå krematorium og avfallsforbrenning i same periode.80 88 prosent av kremasjonane skjer per i dag i krematorium med reinsing.

Amalgam i eksisterande plomber i Noreg i dag representerer ca. 10 tonn kvikksølv. Etter kvart vil plombane bli bytte ut med andre materialar – eller folk vil døy og tennene hamne i jorda eller omnen. I minst 30 år framover vil kvikksølv sleppe ut frå plombar i tennene.81 Etter kvart som mengda amalgam i tennene går ned, vil den potensielle forureininga frå krematoria også gå ned. Utvalet meiner at omsynet til kostnad/nytte tilseier at etter kvart som det blir mindre kvikksølv igjen i tennene til folk, bør reinsekrava evaluerast og tilpassast den forureininga som faktisk finst i røyken.

Krava i forureiningsforskrifta kapittel 10 er ulike for krematorium som kremerer færre enn 200 per år, og større krematorium.82 Reinsekrava i forskrifta omfattar støv, kvikksølv (Hg) og karbonmonoksid (CO). Når det gjeld dioksin, må en merke seg at dioksin bind seg til støv, slik at reinsing av støv kan redusere utsleppet av dioksin.83

Tabell 3.4 Dei norske krava til utslepp frå krematorium.

Stoff

Kategori I (mg/Nm3) > 200 per år

Kategori II (mg/Nm3) < 200 per år

Totalt støv

20

150

Kvikksølv totalt (Hg tot.)

0,05

Karbonmonoksid (CO)

100

100

Samanlikna med den europeiske oversikta over reinsekrava til Eurocrematoria 2008 er det norske reinsekravet for kvikksølv strengt, sjå tabell 3.5. Til dømes er kravet i Nederland og Sveits 0,2 mg/Nm3, med andre ord fire gonger så romsleg som i Noreg.84 På den andre sida blir det i andre land stilt krav om reinsing av fleire stoff:

Tabell 3.5 Samanlikning av krava til utslepp frå krematorium i Europa.

Stoff

Reinsekrav

Land

Dioksin

0,1; 500/1–5 minutt

Storbritannia, Tyskland, Sverige, Belgia, Austerrike

Hydrokarbonar (CxHy)

20, 75, 150

Storbritannia, Tyskland, Italia, Frankrike, Belgia, Nederland, Austerrike, Sveits, Tsjekkia

NOx

250, 400 700, 875, 900 gr/cr

Italia, Sverige, Frankrike, Belgia, Sveits, Tsjekkia

Hydrogenklorid (HCl)

30, 75, 200

Storbritannia, Tyskland, Frankrike, Belgia, Austerrike, Sveits, Tsjekkia

SOx

200, 300

Frankrike og Belgia

Miljødirektoratet har ingen planar om å endre dei norske krava til utslepp frå krematorium.85 Utvalet legg derfor til grunn at krematorieeigarane kan planleggje for vidare drift med gjeldande reinsekrav.

Reglane i forureiningsforskrifta kapittel 10 tok til å gjelde for alle krematorium i 2007. Bakgrunnen for reglane var målet om å redusere utsleppa av kvikksølv til luft. Det blei ikkje gjort vurderingar av andre typar forureining frå krematorium eller nokon vurdering av om kremasjon er meir miljøvenleg enn kistegravlegging.

3.6.3.2 Godkjenning og tilsyn

Det er departementet med ansvar for gravferdslova som godkjenner krematorium og endringar i krematorium, sjå gravferdslova § 4 andre ledd. Godkjenninga er ikkje delegert til Fylkesmannen.

Eit krematorium skal halde seg innanfor utsleppskrava og andre krav i forureiningsforskrifta kapittel 10. Forureiningsstyresmaktene regulerer og følgjer opp utsleppa frå krematoria. Eit krematorium skal måle utsleppa regelmessig og rapportere resultat og avvik. Fylkesmannen fører tilsyn.

Godkjenninga av krematorium frå departementet tek utgangspunkt i reguleringa i gravferdslova, medan utsleppa er regulerte i forureiningsforskrifta. Ny krematoriekapasitet i Noreg kan kome som små krematorium avgrensa til 200 kremasjonar (kategori II) og store krematorium utan avgrensing av talet på kremasjonar (kategori I).

3.6.3.3 Ein tank er nok

Utvalet har kartlagt ressursbruken i krematoria i Noreg. Det går med over 690 000 liter olje per år i dei 21 krematoria som nyttar olje. I tillegg kjem dei tre krematoria som nyttar gass. Forbruket per kremasjon varierer frå 27 liter til 102 liter.86 Gjennomsnittet for dei ulike krematoria er 54 liter. I tillegg kjem elektrisk straum på over 3,5 millionar kilowattimar. For å få eit bilde av ressursbruken kan ein tenkje seg at det går med ein biltank per kremasjon. Sett i eit livsløpsperspektiv er ein tank til ikkje mykje. 630 000 liter olje utgjer om lag 2 promille av det årlege salet av lette fyringsoljar.87 Årleg blir det omsett i underkant av 10 milliardar liter petroleumsprodukt i Noreg, av dette over 3,5 milliardar liter diesel til bilar. Utvalet konstaterer at forbruket av olje til kremasjon er ein svært liten del av forbruket som går med i løpet av eit menneskeliv, og ein svært liten del av det samla forbruket i Noreg.

3.6.3.4 Forureining ved transport til og frå krematorium

I spørjeundersøkinga sommaren 2013 fekk utvalet svar på kor mange avlidne i kvar gravplassforvaltning som blei kremerte i 2012, og kor langt det er til krematoriet. Dersom tala er representative for landet, utløyser båretransport i samband med kremasjon over 700 000 kilometer køyring med bil.88 Føresetnaden her er at det berre er ei kiste i kvar bil, og at bilen køyrer tom attende. Dersom ein reknar eit gjennomsnittleg forbruk på ein halv liter diesel per mil, krev køyringa til og frå krematoria om lag 35 500 liter diesel kvart år, det vil seie om lag ein tjuedel av oljeforbruket i krematoria.

3.6.4 Forureining ved spreiing av oske

I Noreg er det vanlegare å spreie oske over vatn enn over land, sjå Asp 2013. Utvalet kjenner ikkje til studiar av miljøkonsekvensane av å spreie oske over vatn, men legg til grunn at den avgrensa mengda med oske raskt blir tynna ut i vassmassane og ikkje er kjelde til lokal forureining.

Ved spreiing av oske over land held oska seg på eit lite område. Miljøkonsekvensane av oskespreiing over land er vurdert i Sverige, sjå Lundstedt 2009.89 Denne studien gjeld Skogskyrkogården i Stockholm der oska etter om lag 1500 kremasjonar blir spreidd kvart år. Sidan 1961 er oska etter over 60 000 kremasjonar spreidd eller graven ned. Studien viser, ikkje overraskande, at oske er oske. Oske påverkar jorda, vegetasjonen og konkurransevilkåra mellom planteartane, men jorda finn raskt fram til ny balanse. Konklusjonane er:

Trots denna stora mängd aska som tillförts minneslunden är påverkan på mark och vegetation marginell. (…) Våra mätningar visar att askspridning inte ger någon höjning av halterna av kvicksilver i mark och vegetation.

Utvalet legg til grunn at oskespreiing over vatn og land ikkje er ei kjelde til forureining.

3.6.5 Vurdering: Kremasjon er ikkje meir miljøvenleg enn kistegravlegging

Utvalet legg til grunn at kistegravlegging, kremasjon og oskespreiing skaper svært avgrensa forureining. Dei gjeldande reinsekrava handterer utsleppa som kremasjonsprosessen skaper. Fråværet av varme er den største miljøfordelen ved kistegravlegging fordi kvikksølv ikkje blir sleppt laus og dioksin ikkje danna.

Energibruken ved kremasjon og arealbruken ved kiste- og urnegravlegging er svært avgrensa. Det kan vere ein konkurranse om areala lokalt, men gravferdsverksemda kan gå føre seg som i dag langt inn i framtida. Kremasjon er ikkje meir miljøvenleg enn kistegravlegging, og omsynet til miljøet talar ikkje for omlegging av noverande praksis.

Fotnotar

1.

Sjå Østigard 2006, Ruud 2008 og Plesner og Døving 2009.

2.

Sjå døme hos Ruud 2008 side 42.

3.

Danbolt 2002 side 18f. For ei skildring av gravferd i tidlegare tider, sjå Danbolt 2002 side 14–18.

4.

Gravferdsbyrå og Human-Etisk Forbund tilbyr skjema eller nettstader der ein kan skrive opp ønska sine.

5.

Behandling av lik inneber mogeleg smittefare og må derfor følgje reglar om hygiene, sjå merknadene til § 1-1 i forskrift 3. april 1998 nr. 327 om transport mv. av lik.

6.

Berthelsen 2011, sjå særleg side 17–43.

7.

Berthelsen 2011 side 100–108.

8.

Det danske tidsskriftet Kirkegården 2/2013 side 45. Dersom ein reknar 3–5 liter formalin i kvart lik, blir det brent eller grave ned store mengder gift kvart år.

9.

For avlidne som skal gravleggjast i andre land, kan det vere eit krav frå mottakarlandet om balsamering, sjå merknadene til § 4-1 i forskrift 3. april 1998 nr. 327 om transport mv. av lik.

10.

Som det heiter i gravplassrådgjevaren sitt framlegg til standardvedtekt, sjå vedlegg 5: «Liksyning kan bare finne sted etter samtykke fra den som sørger for gravferden og er de ansatte uvedkommende.» At kista ikkje blir opna i krematoriet, er ein felles europeisk praksis, sjå Eurocrematoria 2008 side 12.

11.

Tilrådinga er at éin av länsstyrelsene (tilsvarer Fylkesmannen) får i oppgåve å ta imot søknader om godkjenning av nye gravferdsformer og førebu saka for avgjerd i departementet. Regjeringa kan anten innarbeide gravferdsforma i lovgjevinga eller la vere. Denne avgjerda kan ikkje påklagast. Søkjaren må betale kostnadene ved saksbehandlinga og sakkyndige fråsegner. Søkjaren må vere lokal gravplassforvaltning eller ha tilslutning frå lokal gravplassforvaltning. Sjå SOU 2013: 82 side 55–71.

12.

Sjå det svenske tidsskriftet Kyrkogården nr. 4/september 2013 side 3, 5–7. Sjå vidare SOU 2013: 82 side 55-56 og 62 som viser til SOU 2009: 79 der ein konstaterte at det ikkje var mogleg å vurdere om frysetørring var tenleg som gravferdsform.

13.

Notat til utvalet frå generalsekretær i Human-Etisk Forbund Kristin Mile 2. desember 2013.

14.

Teknisk sett kan urna vere klar til å bli sett ned etter nokre få timar dersom det ikkje er langt mellom seremonistaden, krematoriet og gravplassen. Føremonen er ein uavbroten seremoni der dei etterlatne kan følgje den avlidne frå seremonien og heilt fram til grava også ved kremasjon, men dette er ikkje vanleg praksis i Noreg. Sjå nærare det danske tidsskriftet Kirkegården desember 2012 side 22–23.

15.

Ruud 2008 side 1-2. Om gamle norske gravskikkar, sjå side 8–15.

16.

Dei fleste gravplassar er godkjende etter den tidlegare lova som sa at gravene kunne vere noko mindre.

17.

Encyclopedia 2005 side xvii.

18.

Sjå kapittel 6.1 om haldninga til kremasjon i ulike livssyn og blant nordmenn i dag. Kjelder for dette avsnittet er Ruud 2008 side 8, 66–67 og 69–76, Lahtinen 1989 side 14–18 og 23–44, Encyclopedia 2005 side xviii, NOU 2006: 2 side 132, SOU 2013: 82 side 60–61. Om oldkyrkja og kremasjon, sjå Ruud 2008 side 64–65. Om utviklinga av kremasjon i Noreg, sjå Encyclopedia 2005 side 329–332. Om likbrenningsrørsla i Sverige, sjå Ekström 2007. Om kremering i Finland, sjå Lahtinen 1989.

19.

Ifølgje Ruud 2008 side 8 heldt likbrenning seg lengst i innlandet. Av dei skandinaviske landa var det i Noreg at likbrenning forsvann sist. Om kristninga og konsekvensane for gravskikkane, sjå Ruud 2008 side 14–15.

20.

Internasjonalt er det utarbeidd etiske reglar for dei som driv og som arbeider i krematorium, sjå http://www.int-crem-fed.org/code-of-ethics.

21.

Ved oskespreiing kan dei etterlatne bli overraska over lyden når nummerbrikka fell ut.

22.

Nokre gravferdsbyrå tilbyr såkalla assistanse ved urnegravlegging, men dette er eit tilval. På dei to prislistene utvalet har kome over, er satsane kr 525 og kr 650. Gravplassforvaltninga skal ta seg av urnegravlegginga, og dei etterlatne treng ikkje betale for det.

23.

Sjå gravferdsforskrifta § 33 som blei endra frå 1. januar 2012 etter høyringsnotat som blei sendt ut i juni 2012. Ei tilsvarande ordning er greidd grundig ut i Sverige, sjå SOU 2013: 82 side 39–54 som gjer ei samanlikning av rettsstoda i Norden.

24.

Om inntektene blir nytta til å redusere kremasjonsavgifta, er opp til krematorieeigaren. Lovgjevinga gjev ikkje føringar om dette, men det finst føringar om kva inntektene kan nyttast til, i avtalen mellom krematoriet og firmaet som gjenvinn materiala.

25.

Ruud 2008 side 73–74.

26.

Sjå nettstaden til Den norske Lægeforening der ein finn «Norsk pacemaker- og ICDstatistikk for 2012» (Hjerteforum nr. 2 / 2013/ vol. 26) av Eivind S. Platou, Pacemaker- og ICD-senteret, Kardiologisk avdeling, Oslo universitetssykehus, Ullevål. Tal for hjartestimulatorar finst ikkje offentleg tilgjengeleg hos SSB, Folkehelseinstituttet eller HELFO.

27.

Sjå vedtak på Kyrkjemøtet i 2012 (KM 8/12) basert på uttale frå Bispemøtet (Sak BM 007/12): «En fornyet gjennomgang har vist at askespredning etter Bispemøtets oppfatning ikke strider mot kirkens tro på menneskets legemlige oppstandelse og håpet om evig liv. Det kristne oppstandelseshåp er ikke avhengig av at det jordiske legemets tilbakeføring til jorden er bundet til et bestemt, geografisk sted. – Bispemøtet er følgelig av den oppfatning at det ikke er læremessig grunnlag for å avvise kirkelig gravferd som etterfølges av askespredning. Det er heller ikke læremessig nødvendig å avvise kirkelig medvirkning ved selve askespredningen.»

28.

Asp 2013.

29.

Sjølv der det er vanleg med gjenbruk, tyder tala frå kundedatabasen til Ecclesia på at nesten like mange graver kan nyttast til ny gravlegging som elles i landet. I Oslo er fredingstida gått ut på om lag 60 prosent av gravene, Vestfold 69 prosent, Vest-Agder 67 prosent, Telemark 72 prosent og Østfold 66 prosent.

30.

Om det religionssosiologiske perspektivet, sjå Krematorieverksamheten – kartlägging och analys, Sveriges kyrkogårds- och krematorieförbund (2010) side 35f.

31.

KIFO 2013 side 29. Til samanlikning skjer over 11 prosent av gravferdene i Danmark utan medverknad frå kyrkje- eller livssynssamfunn, sjå http://www.dst.dk/da/Statistik/emner/folkekirken/kirkelige-handlinger.aspx.

32.

Notat av Per Tanggaard i Kyrkjerådet, henta frå www.kyrkja.no.

33.

Når det gjeld livssynsopen seremoni, opplyser gravferdsbyrået Jølstad at slike seremoniar ofte har religiøst innhald. Mange etterlatne ønskjer salmesong eller dikt med kristent innhald. Jølstad opplyser at dei har sju gravtalarar som gjer dette som ein del av jobben sin som gravferdskonsulent. Blant desse finst både kristne og humanetikarar. Ofte er det praktiske omsyn som gjer at folk vel å ikkje nytte prest frå Den norske kyrkja. Personleg informasjon frå administrerande direktør Jan Willy Løken.

34.

Kvart år saknar ein rekneskapar frå om lag 25 kyrkjelege fellesråd.

35.

Personleg informasjon frå Stein Olav Hohle, driftssjef i Gravferdsetaten, Oslo kommune.

36.

Før gravferdslova tok til å gjelde i 1997, var krava til storleiken på graver mindre. På eldre gravplassar eller gravfelt kan det derfor vere fleire graver per dekar enn på nye.

37.

Kommunane sortert frå billigaste til dyraste tomt: Rauma, Skedsmo, Sarpsborg, Stord, Sauda, Stavanger.

38.

Kommunane sortert frå billigaste til dyraste tomt: Re, Arendal, Meløy, Hobøl, Lier, Agdenes, Fitjar, Gratangen, Ullensaker, Hemne, Nes, Rauma, Lørenskog, Sarpsborg, Austevoll, Bodø, Selje, Masfjorden, Namsos, Hemnes, Molde, Time, Vennesla, Grimstad, Vindafjord, Fredrikstad, Ulstein, Stavanger, Bergen.

39.

Personleg informasjon frå Håvard Steinsholt og Sølve Bærug ved Universitetet for miljø- og biovitenskap.

40.

Personleg informasjon frå medarbeidarar i Statens vegvesen: Olaf Ballangrud i direktoratet, Eli Bjorvatn i region Sør og Kjell Blomseth i region Aust.

41.

Arbeidet med reguleringssaka kan vere like kostnadskrevjande sjølv om arealet er lite eller gravene få.

42.

Ein gjennomsnittskostnad på dette nivået peikar i retning av at kalking av graver løner seg. Dersom liket ikkje blir brote ned på normalt vis, kan det mellom anna kome av mykje leire i jorda, for lite oksygen i jorda eller at liket var pakka i plast. Metoden går ut på at ein set nedbytinga i gang igjen med kalk. I Oslo kommune har ein fått høve til å gjenbruke fleire tusen graver ved å kalke dei med metoden til firmaet Norsk Miljøstabilisering AS. Kostnaden er på om lag kr 4000 pluss mva. per grav. Alternativet er å la grava stå urørt svært lenge – og det har også ein kostnad.

43.

Tal frå Virke gravferd, notat til utvalet 090413. Talet på tilsette er frå 2010.

44.

Notat frå Virke gravferd til utvalet 090413

45.

Tal frå Virke gravferd, notat til utvalet 090413. Omfattar både mva-pliktig og -fri omsetjing.

46.

Dersom ein deler omsetninga på 1,3 milliardar kroner på dei 41 992 avlidne i 2012, får ein om lag 31 000 kroner i omsetning per avliden. Dette talet inkluderer båretransport betalt av NAV.

47.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har fastsett forskrift av 11. november 2012 nr. 1066 om prisopplysninger for varer og tjenester. Forskrifta er generell og erstattar mellom anna forskrift av 12. desember 1997 nr. 1393 om prisopplysning for gravferdstjenester. Som tidlegare pålegg forskrifta gravferdsbyråa å gje opplysning om prisane sine. Føremålet med forskrifta er å fremje god prisinformasjon for å betre konkurransen mellom næringsdrivande og gjere det enklare for forbrukaren å samanlikne prisar.

48.

Lasta ned 15. april 2013.

49.

Personleg informasjon frå Arild Settem i Settem Steindustri.

50.

http://www.wangbegravelse.no/images/dokumenter/prisoverslag/15-01-13-priseksempler-4-stk.pdf.

51.

http://www.kirken.trondheim.no/article.php?id=1009.

52.

Sjå nærare vedlegg 4. Keijzer 2011 samanliknar miljøverknaden av gravferdsformene i Nederland. I Nederland er det vanleg at oske blir spreidd, ikkje gravlagd i urne. Dermed er arealbruken mindre ved kremasjon enn i Noreg. Vidare tek ein i denne studien berre med miljøverknaden av å produsere og transportere gravminnet når ein vurderer verknadene av kistegravlegging, ikkje urnegravlegging. Dette gjer samanlikninga av gravferdsformene i studien til Keijzer mindre relevant for Noreg. Studien til Keijzer viser at produksjon eller bruk av sink, bomull og naturstein slepper ut kvikksølv, faktisk om lag halvparten av det samla utsleppet av kvikksølv frå kremasjon, sjå Keijzer 2011 side 39.

53.

Inndelinga byggjer på Keijzer 2011 side 17, 19 og 20.

54.

På engelsk «Landfill». Formuleringa er nytta i tittelen på eit arbeid av Boyd B. Dent og M.J. Knight frå 1998: Cemeteries: a special kind of landfill. The context of their sustainable management.

55.

Dent m.fl. 2004. Denne litteraturen krev sterk mage, sjå døme i Dent m.fl. 2004 side 583: «Discoloured natural liquids and liquefying tissues are made frothy by the gases forming within the decomposing remains.»

56.

Dent m.fl. 2004 side 578.

57.

Dent 2002 side 392, 399 og 400. Dent gjev råd om planlegging og drift av kistegravplassar på side 404.

58.

På nokre gravplassar i Noreg blir gravene vatna ned etter gravlegginga, det vil seie at jorda blir metta med vatn, slik at ho søkk saman. Grava kan då såast til med ein gong utan at ein treng å vente på at jorda søkk saman. Nokre gonger kollapsar kista under vekta av vatnet. Ifølgje Dent m.fl. side 578 fører ikkje nedvatning til mindre tilgang på oksygen enn samanlikna med jorda omkring.

59.

Personleg informasjon frå Prof. Dr. med. Dirk Shoenen, Bonn. Ein svensk rapport viser generelt tilfredsstillande avrenning, sjå Rapport rörande dagvatten från kyrkogårdar och begravningsplatser. Kyrkogårdsförvaltningen Stockholms stad 2006, Börje Olsson.

60.

Dent 2002 side 393-397. Han skriv på side 407: «Whilst arguments may rage about the efficacy of cremation, the reverance and dignity of cremation for peoples with certain religious affiliations, economic or other matters, there is some comfort in now knowing that interment practices can continue geoscientific parameters are taken into account.»

61.

Dent 2002 side 405.

62.

Keijzer 2011 side 40 og side 9 med tilvisingar.

63.

Ifølgje Blomster 2012 side 9 med tilvisingar gjev jorda betre reinsing enn eit reiningsverk bygd av menneske.

64.

Blomster 2012 side 24 og tilvisingar på side 11.

65.

Lundstedt 2009 side 13.

66.

I London i 1896 blei det sagt slik: «But the question of paramount importance is how to stop the increase of cemeteries. Are we ever to allow England to be divided like a chess-board into towns and burial-places? What we have to consider is how to dispose of the dead without taking so much valuable land from the living. (…) If the cemeteries are not to extend indefinitely they must in time be built upon, or they must be used for burial over and over again, or the ground must revert to its original state as agricultural land, or we must turn parks and commons into cemeteries, and let our cemeteries be our only recreation ground – which Heaven forbid!» Sjå Mrs. Basil Holmes [Isabella M. Holmes]: The London Burial Grounds: notes on their history from the earliest times to the present day, Maximillian and Co, New York, 1896. Tilgjengeleg på archive.org: http://archive.org/stream/londonburialgro00holmgoog#page/n272/mode/2up/search/without.

67.

Areal til skogplanting er ikkje med i dette talet. Sjå notatet Rapportering på KOSTRA landbruk - en vurdering av tall for 2012 frå Statens Landbruksforvaltning/Seksjon arealbruksutvikling til Landbruks- og matdepartementet, 14.06.2013, sak 13/297.

68.

Eurocrematoria 2008. Same tal i Mari og Domingo 2010 side 131.

69.

Opplysning frå Heidis Frantzen. Sjå Eurocrematoria 2008 og Mari og Domingo side 135. I Eurocrematoria 2008 side 18 er det eit framlegg til felles reglar på EU-nivå.

70.

Eurocrematoria 2008 side 11.

71.

Mari og Domingo 2010 side 132.

72.

Mari og Domingo 2010 side 132. Dioksin er polyklorerte dibenzodioksiner, forkorta PCDD eller PCDD/F.

73.

Mari og Domingo 2010 side 133.

74.

Mari og Domingo 2010 side 132 hevdar at kroppen naturleg inneheld 6 mg kvikksølv, medan ein plombe kan innehalde 0,5 g kvikksølv, altså 500 mg. I rapporten OSPAR 2004 blir det rekna ut frå ein føresetnad om 3 g kvikksølv per lik, truleg inkludert plombar.

75.

Skjelvik 2012 side 9f.

76.

Klif: Handlingsplan for å redusere utslipp av kvikksølv, 2010 side 11.

77.

Klif: Handlingsplan for å redusere utslipp av kvikksølv, 2010.

78.

Prioriterte miljøgifter: Nasjonale utslipp – status 2009, KLIF, 2012 side 3.

79.

Prioriterte miljøgifter: Nasjonale utslipp – status 2009, KLIF, 2012 side 4.

80.

Prioriterte miljøgifter: Nasjonale utslipp – status 2009, KLIF, 2012 side 73.

81.

Skjelvik 2012 side 11 og KLIF: Handlingsplan for å redusere utslipp av kvikksølv, 2010 side 11.

82.

I høyringa kom det synspunkt om å setje grensa ved 100 kremasjonar, men dette blei avvist, sjå KLIF 2002 side 2-3.

83.

Klif 2002 side 4.

84.

Eurocrematoria 208 side 9.

85.

Opplysning frå Heidis Frantzen i Miljødirektoratet.

86.

Også tala frå utgreiinga før bygginga av krematoriet på Ringsted utanfor København viste at forbruket per kremasjon varierte i stor grad mellom dei fem opphavlege krematoria, sjå Uddrag af «Notat vedrørende konsekvenser for CO2–regnskab ved alternative filterudbygninger. 22. juni 2009».

87.

http://www.ssb.no/emner/10/10/10/petroleumsalg/tab-2012-12-17-01.html.

88.

Andre former for transport er ikkje tekne med her, til dømes ferje, Hurtigruta osv.

89.

Av etiske grunnar gjer ein ikkje analyse av sjølve oska, sjå Lundstedt 2009 side 8. Rapporten er grundig og gjev nyanserte vurderingar, til dømes når det gjeld kva djupne målingane blir gjorde på, og verknadene over lang tid, sjå Lundstedt 2009 side 8 og 27.

Til forsida