NOU 2014: 2

Lik og likskap— Om betaling for kremasjon, gravlegging og grav

Til innhaldsliste

8 Fridom til å velje kommune for gravlegginga

Åtte prosent av gravleggingane finn stad i ein annan kommune enn der avlidne budde. Etter gjeldande rett er det opp til gravplassforvaltninga om dei vil ta imot utanbygds gravlegging. Utvalet gjer framlegg om at gravplassforvaltninga skal ta imot utanbygds gravlegging.

Gravplassforvaltningane kan i dag krevje at dei etterlatne dekkjer kostnadene ved utanbygds gravlegging. Utvalet går inn for likestilling mellom innanbygds og utanbygds gravlegging. Utvalet gjer framlegg om at gravplassforvaltningane gjer opp seg imellom etter tre ulike satsar som departementet fastset i forskrift.

8.1 Innleiing

8.1.1 Mandatet

I dette kapitlet tek utvalet opp gravlegging i ein annan kommune enn der den avlidne var folkeregistrert. I mandatet er utvalet bede om å «utrede: (…) utvidelse av retten til grav utenfor bostedskommunen». Spørsmålet dreier seg dels om ein rett til grav i ein annan kommune enn der den avlidne var folkeregistrert, og dels om kva det skal koste for dei etterlatne.

Formuleringa «utvidelse av retten til grav utenfor bostedskommunen» kan vere litt misvisande fordi det etter gjeldande rett ikkje finst nokon rett til grav utanfor kommunen ein er folkeregistrerte i. Føresegna om dekning av kostnadene ved særskilt tilrettelagd grav er ikkje regulert som ein rett til grav utanfor kommunen der den avlidne var folkeregistrert, sjå gravferdslova § 6. Ein kunne tolke formuleringa i mandatet som ei føring frå departementet om at utvalet skal gå inn for ein rett til grav utanfor heimkommunen, men utvalet legg til grunn at det skal greie ut alternativa og gje si tilråding på fritt grunnlag.

8.1.2 Kort om ordvalet

Noreg har både bygder, tettstader, byar og litt større byar. Etter kommunelova 1992 har vi nesten kome bort frå skiljet mellom by og land i lovgjevinga. Når ein skal skrive om gravlegging i ein annan kommune enn der den avlidne var folkeregistrert, kunne ein skilje mellom utanbygds gravlegging for dei mindre kommunane og utanbys for dei store. Når utvalet likevel vel å skrive om utanbygds gravlegging uansett kor stor kommunen er, kjem det dels av omsynet til å forenkle språket og dels at utanbygds er nokså innarbeidd.

8.1.3 Kor mange blir gravlagde utanfor kommunen dei var folkeregistrerte i?

8.1.3.1 Undersøkingane til utvalet

Utvalet spurte kyrkjeverjene i fem fylke om kor mange utanbygds som blir gravlagde kvart år. Oslo hadde flest utanbygds med 461 i 2011, medan Kvitsøy rapporterte om ingen utanbygds. Variasjonen i utanbygds gravleggingar samsvarer i store trekk med det som kom fram i den nettbaserte spørjeundersøkinga sommaren 2013.

I den nettbaserte spørjeundersøkinga sommaren 2013 svarte 294 gravplassforvaltningar på kor mange utanbygds gravleggingar dei hadde i 2012, og talet på urne- og kistegravleggingar. Desse gravplassforvaltningane gjennomførte 32 955 gravleggingar i 2012, og 2558 av dei var utanbygds.1 Dette var 8 prosent av alle gravleggingar, og utvalet legg til grunn at 8 prosent av gravleggingane i Noreg i 2012 var utanbygds gravleggingar. Det var 3446 utanbygds gravleggingar i 2012 i Noreg dersom desse gravplassforvaltningane er representative.2

Figur 8.1 Gjennomsnittleg prosent utanbygds gravleggingar av talet på gravlagde per fylke.

Figur 8.1 Gjennomsnittleg prosent utanbygds gravleggingar av talet på gravlagde per fylke.

Kjelde: Nettbasert spørjeundersøking til kyrkjeverjene sommaren 2013.

Figur 8.2 Prosent utanbygds gravferder i dei 243 gravplassforvaltningane som svarte på denne delen av den nettbaserte spørjeundersøkinga sommaren 2013. X = gravplassforvaltningar Y = prosent utanbygds.

Figur 8.2 Prosent utanbygds gravferder i dei 243 gravplassforvaltningane som svarte på denne delen av den nettbaserte spørjeundersøkinga sommaren 2013. X = gravplassforvaltningar Y = prosent utanbygds.

Kjelde: Nettbasert spørjeundersøking til kyrkjeverjene sommaren 2013.

Dei tre gravplassforvaltningane med meir enn 30 prosent utanbygds i figur 8.2 hadde til saman 52 gravleggingar i 2012 (både innanbygds og utanbygds). Med andre ord slår små tal sterkare ut på grafen enn på landsgjennomsnittet.

8.1.3.2 Sverige

Om lag 22 prosent av avlidne svenskar blir gravlagde utanfor soknet der dei budde.3 I Noreg er det fellesrådet som er ansvarleg for gravplassane, og det er aldri tale om betaling frå dei etterlatne ved gravlegging i eit anna sokn innanfor kommunen. For norske forhold er det gravlegging utanfor kommunen der den avlidne var folkeregistrert, som er interessant.7,4 prosent av dei som blei gravlagde etter ein seremoni i Svenska kyrkan, blei gravlagde i ein annan kommune.4 Halvparten av gravleggingane skjedde under 38 kilometer unna, og berre 10 prosent skjedde meir enn 250 kilometer unna. Forskaren Roger Marjavaara konkluderer med at «post-mortal mobility» stort sett er «short-distance mobility».5

8.1.3.3 Utanbygds gravlegging samanlikna med flyttingar mellom kommunar

Tal frå SSB viser at 4,6 prosent av innbyggjarane i Noreg flytta til ein annan kommune i 2012. Prosenten er nokså stabil over åra. Av dei som flytta, stod aldersgruppa 20–29 år for 39 prosent av flyttingane mellom kommunar og aldersgruppa 30–39 år for 18 prosent, sjå figur 8.3. Deretter fell talet på flyttingar markert. I aldersgruppa 70 år og eldre flyttar gjennomsnittleg ein halv prosent til ein ny kommune kvart år.

Nokre flyttar meir enn andre. Nokre flyttar svært lite. Av årskulla fødde på 1950- og 1960-talet er mellom 34 og 42 prosent av mennene bufaste, det vil seie at dei aldri har flytta over ei kommunegrense. Av kvinnene fødde dei same tiåra er mellom 23 og 28 prosent bufaste.6

Figur 8.3 Flytting mellom kommunar i 2012 fordelt på aldersgrupper. X= aldergrupper Y= personar.

Figur 8.3 Flytting mellom kommunar i 2012 fordelt på aldersgrupper. X= aldergrupper Y= personar.

Kjelde: SSB

Vi såg ovanfor at 8 prosent av alle avlidne blir gravlagde i ein annan kommune enn dei var folkeregistrerte i. Dette inneber at avlidne flyttar nær dobbelt så mykje som gjennomsnittet av innbyggjarane.

8.1.3.4 Vurdering: Ein veit ikkje om kostnadene jamnar seg ut over tid

Ein del innbyggjarar vil ha betalt skatt til den same kommunen gjennom heile livet, men dei fleste vil ha betalt skatt til ulike kommunar innan dei døyr. Utvalet meiner at variasjonen i bustad og i prosent utanbygds gravleggingar peikar i retninga av at kostnadene ved utanbygds gravlegging varierer mellom gravplassforvaltningane. Dersom det ikkje var brukarbetaling for utanbygds gravlegging, ville nokre gravplassforvaltningar få auka kostnader, og andre ville spare kostnader. Utvalet har ikkje data som følgjer straumen av utanbygds gravleggingar over tid og kan derfor ikkje vurdere om kostnadene ved utanbygds gravlegging jamnar seg ut over tid.

8.1.4 Kvifor blir avlidne gravlagde i ein annan kommune enn den dei var folkeregistrerte i?

Forskinga til Roger Marjavaara tyder på at faktorane som «trekkjer» avlidne til ein gravplass ein annan plass enn der dei var folkeregistrerte, er sterkare enn faktorane som «skyver» avlidne vekk frå gravplassen der dei var folkeregistrerte. 7 Faktorane er sette opp i figur 8.4, men styrken i faktorane går ikkje fram.

Figur 8.4 Faktorar som verkar inn på kvar avlidne blir gravlagde.

Figur 8.4 Faktorar som verkar inn på kvar avlidne blir gravlagde.

Kjelde: Lysarka Roger Marjavaara la fram på SKKFs konferanse i Stockholm 27–28. mai 2013. Modellen finst på engelsk i Marjavaara 2013 side 263.

Det går fleire straumar av avlidne på veg mot grava, og dei største er:8

  1. Frå storbykommunar til områda rundt («suburban surroundings») (628 avlidne)

  2. Mellom kommunar med mindre enn 25 000 innbyggjarar (443 avlidne)

  3. Frå større bykommunar til kommunar med mindre enn 25 000 innbyggjarar (426 avlidne)

  4. Mellom kommunar («suburban surroundings») kring storbyar (407 avlidne)

  5. Frå områda rundt («suburban surroundings») til storbykommunar (277 avlidne)

Berre ein av desse straumane går «heim» frå byen til landet, dvs. ein motsett flyttestraum av dei levande.9 I analysen til Marjavaara er faktorane fødestad og hytte viktige for å forklare utanbygds gravleggingar, men desse faktorane forklarer under halvparten av variasjonen i flyttemønster etter døden.10 Utvalet kjenner ikkje til data som viser dei tilsvarande straumane i Noreg.

8.1.5 Kvar ønskjer nordmenn å bli gravlagde?

På oppdrag frå utvalet stilte SSB to spørsmål som gjeld utanbygds gravlegging i intervjuundersøkinga si, sjå vedlegg 4. 74 prosent av dei spurde ville bli gravlagde i kommunen der dei bur i dag. 13 prosent svarte positivt at dei ville bli gravlagde ein annan stad, det vil seie fleire enn delen utanbygds i dag. Dersom ein berre reknar med dei som hadde teke ei avgjerd, og ser bort frå dei som svarte at dei ikkje veit, får ein 82 prosent som vil gravleggjast innanbygds og 18 prosent utanbygds. Delen som ønskjer å bli gravlagd i kommunen dei bur i, er lågast blant dei yngre og blant respondentar frå Oslo og Akershus. Delen som ønskjer å bli gravlagd i kommunen dei bur i, er høgast blant dei som er 45–66 år, og blant respondentar frå Vestlandet og Nord-Noreg.

Det var i undersøkinga tre alternativ til å bli gravlagd i kommunen der ein bur. Av dei som ønskte eitt av desse alternativa (av alle som svarte på spørsmålet), fordeler svara seg slik:

  • 7 prosent ønskjer å bli gravlagde i kommunen der dei vaks opp

  • 2 prosent ønskjer å bli gravlagde i kommunen der dei næraste pårørande bur

  • 4 prosent ønskjer å bli gravlagde ein annan stad

Sidan det var relativt få respondentar som ønskte å bli gravlagde ein annan stad enn i kommunen der dei i dag er folkeregistrerte, skal ein vere varsam i tolkinga. Svara tyder på at heimstaden har størst trekk-kraft. Staden der dei næraste pårørande bur, har lågare trekk-kraft. Det kan tale for at omsynet til at grava skal vere lett å kome til for dei etterlatne, har lita vekt.

8.2 Gjeldande rett

8.2.1 Gravplassforvaltninga kan seie nei

Retten til grav etter gravferdslova § 6 første ledd gjeld i kommunen der den avlidne var folkeregistrert. Gravplassforvaltninga kan gje løyve til at avlidne som var folkeregistrerte i andre kommunar, kan gravleggjast i kommunen. Lova heimlar at gravplassforvaltninga som gravlegg ein avliden som var folkeregistrert i ein annan kommune, kan krevje at dei etterlatne dekkjer kostnadene og betaler gravleige. Denne betalinga er ikkje ei avgift.

Dette inneber at gravplassforvaltninga kan seie nei til å gravleggje utanbygds avlidne. I den nettbaserte undersøkinga sommaren 2013 svarte 98 prosent av gravplassforvaltningane at dei ikkje hadde sagt nei til nokon gravleggingar i 2012.11 Det var folkerike kommunar på det sentrale Austlandet som hadde sagt nei til utanbygds gravlegging ein eller fleire gonger i 2012: Drammen, Lørenskog, Moss, Oppegård, Oslo og Skedsmo. Unntaket er Hvaler som er ein mindre kommune, men som hadde mange utanbygds gravleggingar.

8.2.2 …men ikkje ved gravlegging i ei leigd grav

Gravleigaren rår over ei leigd grav, sjå gravferdslova § 15. Dersom den avlidne blir lagd i ei leigd grav, er det ikkje viktig kvar den avlidne var folkeregistrert ved dødsfallet.12 Gravplassforvaltninga kan ikkje avvise gravlegginga, men kan krevje betalt for arbeidet med sjølve gravlegginga dersom den avlidne ikkje var folkeregistrert i kommunen.

8.2.3 Plikta til å melde flytting etter folkeregisterlova

Retten til grav er knytt til folkeregistreringa. Hovudregelen er at ein skal vere folkeregistrert der ein «regelmessig tar sin døgnhvile», sjå forskrift 9. november 2007 nr. 1268 om folkeregistrering § 5-1. Det heiter vidare at mellombels opphald på inntil seks månader ikkje krev endring av folkeregistert adresse dersom innbyggjaren har ein annan bustad. Forskrifta har ein spesialregel om dei som bur på sjukeheim og liknande, sjå forskrifta § 5-8 tredje ledd tredje til femte punktum:

Personer som blir innlagt på alders- eller sykehjem i en annen kommune enn bostedskommunen, regnes fortsatt som bosatt i den kommunen de hadde sitt bosted på innleggelsestidspunktet, uavhengig av bestemmelsene i første og annet punktum. Forutsetningen er at kommunen som personen var bosatt i på innleggelsestidspunktet fortsatt skal ha det rettslige og økonomiske ansvaret for å tilby vedkommende alders- og sykehjemsplass. Har ikke personen bolig til disposisjon regnes vedkommende som bosatt etter regelen i § 5-11 nr. 1.

Dei som ikkje lenger har ein bustad i kommunen dei er folkeregisterte i, og som er omfatta av regelen i § 5-8 tredje ledd femte punktum, treng heller ikkje melde flytting. Spørsmålet er kvar ho eller han har størst tilknyting, sjå forskrifta § 5-11:

Personer som er uten fast bosted i kommunen (u.f.b.), regnes likevel som bosatt der når de på grunn av oppholdets varighet og omstendighetene ellers må antas å ha større bostedsmessig tilknytning til denne kommunen enn til andre kommuner.

Oppsummert taler dette for at folk sjeldan opplever at dei mot slutten av livet blir folkeregistrerte i ein annan kommune og mister retten til grav i heimkommunen. Det er derfor ikkje behov for regelendringar for å sikre retten til grav for «eldre og funksjonshemmede som bor i institusjon og er registrert som hjemmehørende i en annen kommune enn den de har sterkest tilhørighet til», slik det er formulert mandatet.

8.2.4 Kva seier vedtektene om gravlegging av avlidne som ikkje var folkeregistrerte i kommunen?

Gravplassrådgjevaren sitt framlegg til lokale vedtekter, sjå vedlegg 5, har ei formulering som utvidar retten til grav:

Avdøde personer som på grunn av sykdom eller alderdom har bodd i en annen kommune mot slutten av livet, betraktes på samme måte som kommunens egne innbyggere.

Denne formuleringa finn ein i om lag 63 prosent av dei 94 lokale vedtektene utvalet har kartlagt. Ut frå forståinga av regelverket om folkeregistrering ovanfor er det tvilsamt om ei vedtekt som dette har mykje å seie rettsleg sett. Formuleringa kan tryggje innbyggjarane, og føresegna kan ha hatt rettslege verknader før ei forskriftsendring i 2005. Før dette var regelen at personar som blei innlagde på sjukeheim i ein annan kommune, skulle vere folkeregistrerte der dersom opphaldet viste seg å vare i meir enn seks månader, eller dersom innbyggjaren ikkje hadde anna bustad. Gravplassvedtektene tryggja dermed bandet mellom innbyggjarane og lokalsamfunnet dei høyrde til.

8.2.5 Kven blir rekna som utanbygds?

I den nettbaserte undersøkinga sommaren 2013 svarte 255 gravplassforvaltningar på kva typar avlidne dei etterlatne måtte betale for som utanbygds.

Tabell 8.1 Svar i den nettbaserte undersøkinga sommaren 2013 på spørsmål om kven som blir rekna som utanbygds.

Spørsmål: Kven blir rekna som innanbygds slik at ein ikkje må betale for sjølve gravlegginga (utanom gravkapell, organist osv.)?

Blir rekna som innanbygds (%)

Betaler som utanbygds (%)

Avliden som budde det meste av livet sitt i kommunen, men som av ulike grunnar ikkje var innbyggjar ved dødsfallet?

56

44

Avliden fødd i kommunen som ikkje var innbyggjar ved dødsfallet?

4

96

Avliden med slekt i kommunen, men som ikkje sjølv var innbyggjar ved dødsfallet?

4

96

Avliden som hadde ektefelle eller born som er gravlagde i kommunen, men som ikkje sjølv var innbyggjar ved dødsfallet?

17

83

Avliden som leigde ei grav i kommunen, men som ikkje sjølv var innbyggjar ved dødsfallet?

12

88

Avliden som hadde hytte eller annan eigedom i kommunen, men som ikkje sjølv var innbyggjar ved dødsfallet?

1

99

Avliden var ikkje sjølv innbyggjar ved dødsfallet, men den som tek seg av gravferda, er innbyggjar i kommunen?

4

96

Svara i tabell 8.1 tyder på at det gjennomgåande er ei nokså lik forståing av kven som er utanbygds, med eitt unntak: Gravplassforvaltningane er delte når det gjeld avlidne som har budd det meste av livet i kommunen, men som ikkje var folkeregistrerte i kommunen ved dødsfallet. Her vel om lag halvparten å leggje vekt på den formelle folkeregistreringa, medan resten legg vekt på butida. Denne persongruppa kan omfatte avlidne som var i privat pleie, dvs. som ikkje budde på institusjon, men hadde flytta til slekt i alderdomen.

8.2.6 Korleis løyser ein dette i dei andre nordiske landa?

8.2.6.1 Danmark

I Danmark er det ein svært vid krins av avlidne som har rett til å bli gravlagde i eit sokn. Dette er mogleg fordi kostnadene ved gravlegginga blir dekte ved brukarbetaling i Danmark og ikkje over skatten. Lov om folkekirkens kirkebygninger og kirkegårde § 14 lyder:

§ 14. Sognets beboere har ret til at blive begravet på kirkegården i det sogn, hvor de bor.
Stk. 2. Udensognsboende, som har en særlig tilknytning til sognet, ligestilles med indensognsboende. Særlig tilknytning foreligger, hvis den udensognsboende
  • 1) tidligere har haft bopæl i sognet,

  • 2) har nære pårørende, der bor i sognet, eller

  • 3) har forældre, ægtefælle eller børn, der er begravet på en kirkegård i sognet.

Stk. 3. Andre udensognsboende end dem, der er nævnt i stk. 2, har ligeledes adgang til at blive begravet på kirkegården. Menighedsrådet kan dog afvise dette, hvis det er nødvendigt ud fra hensynet til den nuværende eller fremtidige betjening af sognets egne beboere.

Ministeriet har ikkje tal på kor mange som blir gravlagde utanfor soknet eller kommunen dei høyrde til ifølgje folkeregisteret.

8.2.6.2 Finland

Etter lova har ein berre krav på grav i kommunen der den avlidne var folkeregistrert. I praksis grev forsamlingane også grav til dei som ikkje var folkeregistrerte, i det minste når det snakk om ei urnegrav eller ein minnelund. Som i Danmark betaler dei etterlatne for kvart trinn i gravferda, og gravplassforvaltninga som tek imot utanbygds, får dermed dekt kostnadene sine.

8.2.6.3 Island

På Island har dei etterlatne stor fridom til å velje gravplass.

8.2.6.4 Sverige

Retten til grav er i Sverige knytt til ansvarsområdet til huvudmannen, sjå begravningslagen 9 kap. 6 og 7 §§ og Handbok för begravningsverksamheten 2013 side 178. Det vil normalt seie soknet, sjå nærare kapittel 4.5. Når ein ser på korleis ein i Sverige har regulert utanbygds gravlegging, må ein ha klart for seg at mykje er gratis i Sverige, som kostar dei etterlatne pengar i Noreg:

  • a) Kremasjon er gratis i Sverige.

  • b) Båretransport til og frå krematorium er gratis i Sverige. Ein betaler heller ikkje for transport av urna frå krematoriet til gravplassen.

  • c) Båretransport innan kommunen der den avlidne var folkeregistrert, er gratis i Sverige også når avstanden er mindre enn 20 kilometer.

  • d) Dei etterlatne betaler ikkje gravleige frå dag éin ved utanbygds gravlegging i Sverige.

Som i Noreg må dei etterlatne i Sverige betale båretransporten frå staden der den avlidne var folkeregistrert (der den avlidne hadde rett til grav), til staden der gravlegging skal skje.

Det gjeld ingen rett til grav kvar som helst i Sverige.13 Etter lova har gravplassforvaltninga (huvudmannen) plikt til å yte gravferdstenester til utanbygds berre dersom «den avlidne kan beredas gravplats där», sjå begravningslagen 9 kap 7 §. Dette inneber at dersom det ikkje finst plass på gravplassane innanfor ansvarsområdet til huvudmannen, kan gravplassforvaltninga avslå kravet om utanbygds gravlegging. Tilrådinga frå Svenska kyrkans arbetsgivarorganisation er at dette ikkje kan avgjerast i kvart enkelt tilfelle, men må vere ei generell avgjerd som bør stå i eit såkalla policy-dokument. Ein kan klage på avgjerder om å avslå krav om utanbygds gravlegging. Høvet til å klage gjer det endå viktigare å regulere utanbygds gravlegging generelt.

I Sverige er det laga til eit system for oppgjeret mellom gravplassforvaltningane lokalt. Oppgjersordninga i Sverige blir kalla begravningsclearing. Satsane blir fastsette for kvart år av det statlege organet Kammarkollegiet, sjå vedlegg 6. Oppgjersordninga har så langt utvalet veit, ikkje blitt evaluert eller forska på. Kammarkollegiet spør gravplassforvaltningane lokalt om korleis dei ser på nivået på satsane.14 Dei fleste har få oppgjer per år: 58 prosent betaler for under 30 gravleggingar utanbygds i året, og 59 prosent tek imot oppgjer for under 30 utanbygds i året. Talet på oppgjer aukar med talet på innbyggjarar.

Døme 1: Den avlidne blir gravlagd i kistegrav på staden der ho blei fødd, som er ein annan stad enn der ho var folkeregistrert ved dødsfallet. Slekta har inga leigd grav der, så det må gravast i ei ny grav. Då må gravplassforvaltninga der den avlidne var folkeregistrert, betale kr 5888 for (etableringa) den nye grava og kr 4232 for gravlegginga, altså kr 10 120. I tillegg kjem eventuelle utgifter til transport og seremonilokale som blir dekte etter faste satsar. Utanom dette oppgjeret mellom gravplassforvaltningane, kan det vere eit oppgjer mellom sokna for seremonien.15

Døme 2: Den avlidne blir gravlagd i ei urnegrav på staden der han var fødd, som er ein annan stad enn der han var folkeregistrert ved dødsfallet. Urnegrava blir leigd av ein yngre bror. Då må gravplassforvaltninga der den avlidne var folkeregistrert, betale kr 64 for kvart år som skal til for å utvide fredingstida til 25 år for urnegrava, dvs. opp til kr 1610 dersom grava ikkje var i fredingstida før gravlegginga. Med kr 2300 for kremasjonen og kr 644 for gravlegginga blir det til saman opptil kr 4554. I tillegg kjem eventuelle utgifter til transport og seremonilokale som blir dekte etter faste satsar.

Dersom dei etterlatne ønskjer at til dømes liksyninga skal skje i ein tredje kommune, kunne oppgjeret bli meir komplisert. Svenska kyrkans arbetsgivarorganisation og Sveriges Kyrkogårds- och krematorieförbund har derfor lagt opp til ein praksis der det berre er to partar i oppgjeret: kommunen der den avlidne var folkeregistrert, og kommunen der gravlegginga skjer.16 Det inneber at dei etterlatne i utgangspunktet må bere kostnadene for tenester dei vel å leggje til andre stader enn anten der den avlidne var folkeregistrert eller der gravlegginga skjer. Slike tenester hos tredjemann er utanfor oppgjersordninga, men dei etterlatne kan be gravplassforvaltninga der den avlidne var folkeregistrert, betale clearing-satsen for tenester gravplassforvaltninga sjølv slepp å levere.

8.2.7 Kva med flytting innanfor kommunegrensa?

Føresegnene i §§ 5-8 og 5-11 i forskrifta om folkeregistrering gjeld flytting til ein annan kommune. Desse unntaka gjeld ikkje ved flytting innanfor kommunen. Ved flytting innanfor kommunen gjeld hovudregelen i forskrift om folkeregistrering § 5-1 om at ein må melde flytting ved opphald som varer lenger enn seks månader.

Etter gravferdslova har ein rett til grav i kommunen, sjå gravferdslova § 6. Kommunen er den geografiske avgrensinga av retten til grav etter lova, men dei lokale vedtektene kan gje ei nærare presisering av kvar ein har rett til grav. I dei få kommunane med berre éin gravplass er det ikkje behov for å regulere nærare kvar dei avlidne skal bli gravlagde.

Tilknyting er viktig for mange når det gjeld val av gravplass – både for dei som vel gravplass for ein avliden, og for dei levande som tenkjer gjennom kvar dei sjølve ein dag vil bli gravlagd. Formelt sett kan fellesrådet gjennom vedtektene endre kva gravplass folk høyrer til, eller kvar dei kan bli gravlagde. Til dømes vil eit vilkår om at ein gravplass berre tek imot urner og ikkje kiste, endre føresetnadene for tankane folk har om gravferda for sine og seg sjølve. For gravleigarar kan eit slik vilkår vere surt fordi ein kanskje har betalt for ei grav som no ikkje lenger kan nyttast fordi lengstlevande ikkje ønskjer å bli kremert. For lengstlevande sjølv kan det vere tungt å velje mellom å bli gravlagd ved sida av førstavlidne og å sleppe tanken på å bli kremert.

I framlegget til standardvedtekt er det to alternativ om kva for gravplass eller gravplassdistrikt ein høyrer til. Det første alternativet lyder: «Avdøde personer innen kommunen skal gravlegges på den gravplass de sokner til.» Dette inneber at ein har delt kommunen inn i ulike gravplassdistrikt. Blant dei 94 vedtektene utvalet kartla, gjaldt dette alternativet hos 24 prosent av gravplassforvaltningane. Det andre alternativet lyder: «Avdøde personer innen kommunen kan gravlegges på hvilken som helst av gravplassene i kommunen.» Dette alternativet gjev dei etterlatne høve til velje ein av gravplassane i kommunen. Blant dei 94 vedtektene utvalet kartla, gjaldt dette alternativet hos 54 prosent av gravplassforvaltningane.

Det er visse geografiske variasjonar:

  • Oslo: Her gjeld tilknytinga til gravplassdistriktet.

  • Rogaland: Tilknytinga til gravplassdistriktet gjeld i 12 fellesråd. Tilknytinga til kommunen gjeld i 9 fellesråd.

  • Sør-Trøndelag: Tilknytinga til kommunen gjeld i 16. Tilknytinga til gravplassdistriktet gjeld i 7 fellesråd.

  • Troms: Tilknytinga til kommunen gjeld i 17. Tilknytinga til gravplassdistriktet gjeld i 1 fellesråd.

  • Østfold: Tilknytinga til kommunen gjeld i 8. Tilknytinga til gravplassdistriktet gjeld i 2 fellesråd.

Langtidsopphald (over seks månader) på sjukeheim eller liknande innanfor kommunen vil føre til at ein må melde flytting. Dersom ein lokalt har valt alternativet med gravplassdistriktet, kan vedkomande kome til å sokne til ein annan gravplass enn før, kanskje ein annan enn ho eller han kjenner seg knytt til. Sidan dette i så fall er utslag av reglar fastsette lokalt, er det ikkje behov for at nasjonale reglar løyser spørsmålet om kvar ein skal ha rett til grav ved flytting internt i kommunen. Av dei 23 fellesråda som knytte retten til grav til gravplassdistriktet, hadde 12 eit tillegg om at tilknytinga det opphavlege soknet gjeld sjølv «om den avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i eit anna sokn eller i ein annan kommune mot slutten av livet».17

8.2.7.1 Røynsler i kommunar som har blitt slått saman

Utvalet spurte kyrkjeverjene i kommunar som har blitt slått saman dei siste åra om dei etterlatne hadde blitt meir eller mindre knytt til den lokale gravplassen (som dei soknar til). Dette gjeld ikkje mange kommunar, og ikkje alle svarte, men tendensen i svara var klar: Folk er framleis sterkt knytte til gravplassen dei soknar til, innanfor grensene av den opphavlege kommunen.

Utvalet spurte òg om drifta av gravplassane var blitt lettare eller meir effektiv som følgje av at fleire gravplassar kan driftast under eitt. Svara peikar i retning av større effektivitet, betre arbeidstilhøve (ferie, HMS osb.) og styrkt administrativ kapasitet.

8.3 Brukarbetalinga

8.3.1 Kva må ein betale for gravlegging utanfor heimkommunen?

8.3.1.1 Lova

Gravferdslova § 6 andre ledd første punktum gjev gravplassforvaltninga høve til å krevje betaling ved gravlegging av avlidne som ikkje var folkeregistrerte i kommunen: «Det kan da kreves dekning av kostnadene ved gravferden og avgift som ved feste av grav.»

Føresegna nyttar orda «kreves dekning», som inneber noko anna enn at fellesrådet er fri til å setje ein pris etter eige skjøn. Ordlyden peikar i retning av kostnadsdekning, og det inneber at betaling må vere avgrensa til dei faktiske kostnadene fellesrådet har hatt. Ordet «kostnadene» peikar i retning av noko meir enn utlegga (utgiftene) fellesrådet har hatt. Dette kan tale for at tidlegare utgifter kan reknast inn, til dømes etableringa av grava og ein del av kostnadene til anlegget elles.

Ein kan stille spørsmål ved kor langt attende i tid «gravferden» går, det vil seie om kostnader før dødsfallet kan reknast inn. Når gravferdslova nyttar ordet «gravferd» elles, er det stort sett i samband med gravferdsansvarlege: «den som sørger for gravferden». For denne personen starta sjølvsagt ikkje gravferda før dødsfallet. Gravferda starta også ved dødsfallet når gravferdslova § 9 siste ledd gjev heimel til å krevje at buet dekkjer kostnadene når kommunen tek seg av gravferda. Dersom ein derimot ser gravferda frå gravplassforvaltninga si side, kan gravferda sjåast i eit lengre perspektiv. Ein kan seie at gravferda starta med at gravplassen blei til. Det er i alle fall slik departementet har tolka føresegna. Ei side av grunngjevinga for ei slik tolking var å gje gravplassforvaltninga insentiv til å ta imot utanbygds.18 For vanlege folk er det ikkje umiddelbart velklingande å seie at det å etablere grava er ein del av gravferda, men ut frå det som er sagt ovanfor, legg utvalet til grunn at gravplassforvaltninga ved utanbygds gravlegging kan krevje dekt den delen av anleggskostnaden som er knytt til å etablere grava.

Departementet skriv om dette i rundskriv V-5/2002: «Når det gjelder adgangen til å kreve betaling for gravlegging av personer uten bopel i kommunen, forutsettes det at denne ikke praktiseres på en måte som oppleves urimelig.» Denne føringa er det ein rettsteoretisk kallar eit etterarbeid, det vil seie eit dokument som har blitt til etter at regelen blei gjeven. Korleis departement tolkar ein regel, er normalt eit relevant moment når ein skal bruke han i praksis. I dette tilfellet er det ikkje tale om ei føring om innhaldet i regelen, men ei føring om korleis han skal bli brukt. Med andre ord: Departementet seier ikkje at høg prissetjing av utanbygds gravlegging er i strid med regelen. Derimot oppmodar departementet gravplassforvaltningane til ikkje å bruke fridomen regelen gjev, til å fastsetje ein pris som innbyggjarane opplever som urimeleg. Dette må nok forståast slik at det er den meir allmenne oppfatninga til innbyggjarane det blir vist til (objektiv vurdering). Om enkeltpersonar ikkje kan forsone seg med betalinga (subjektiv vurdering), har mindre å seie.

Lova har sjølvsagt større vekt enn rundskrivet, så gravplassforvaltninga har heimel til å krevje at dei etterlatne dekkjer kostnadene ved gravlegginga utanbygds fullt ut.

8.3.1.2 Sideblikk: Betaling for gravferdsseremonien i regi av Den norske kyrkja

Kyrkjelova reknar ikkje gravferdsseremoni som gudsteneste. Etter kyrkjelova § 20 andre ledd kan det kyrkjelege fellesrådet ta betaling for utleige av kyrkja når det går fram av reglar som er godkjende av bispedømerådet.

Tenesteordninga for prestar som gjer teneste i eit sokn, avgrensar pliktene til å utføre kyrkjelege handlingar, sjå § 11 i forskrift av 19. oktober 1990 nr. 4983 Tjenesteordning for menighetsprester. Når «avdødes nærmeste pårørende eller den som sørger for gravferden» er knytt til soknet, kan presten ikkje krevje betaling for gravferdsseremonien. Her er det altså ikkje folkeregistreringa til den avlidne som er avgjerande.

Det kan vidare vere aktuelt med betaling for organist, kyrkjetenar osb. Til saman kan det bli tale om merkbare utgifter. I Dyrøy har gravplassforvaltninga fastsett eit øvre tak på kr 6000 på kva dei etterlatne skal betale ved utanbygds gravleggingar.

8.3.1.3 Sideblikk: Meirverdiavgift

Seremonielle tenester er unnatekne meirverdiavgift. Det inneber at ein må skilje mellom tenestene ved gravferd. Sjølve gravinga er meirverdiavgiftspliktig, medan leige av kapell og organist ved seremonien er unnateke meirverdiavgift. Dersom gravplassforvaltninga ikkje splittar fakturaen, blir heile beløpet meirverdiavgiftspliktig.

8.3.1.4 Undersøkinga til KA i 2009

I undersøkinga til KA i 2009 svarte 20 prosent av fellesråda at dei ikkje sende rekning til dei etterlatne ved gravlegging av personar som ikkje var busette i kommunen. For 17 prosent var styrken i banda til kommunen avgjerande (skjønsmessig vurdering), medan 63 prosent alltid sende rekning. Gjennomsnittleg kravde gravplassforvaltningane kr 3737 for utanbygds kistegravlegging og kr 1515 for utanbygds urnegravlegging. I tillegg kjem brukarbetaling i form av kremasjonsavgifta og gravleige frå dag éin.

8.3.1.5 Undersøkinga til Russnes og Kjeldsen 2012

I undersøkinga til Russnes og Kjeldsen i 2012 svarte 86 prosent av fellesråda at dei krev betaling for å gravleggje avlidne som ikkje var busette i kommunen, sjå Russnes og Kjeldsen 2012. Gjennomsnittleg kravde gravplassforvaltningane kr 3251 for utanbygds kistegravlegging og kr 1156 for utanbygds urnegravlegging.19 I tillegg kjem brukarbetaling i form av kremasjonsavgifta og gravleige frå dag éin.

8.3.1.6 Kartlegginga i fem fylke

Utvalet såg på prisane i fellesråda i dei fem fylka. Ein del fellesråd hadde ingen pris for utanbygds, særleg ikkje for urnegravlegging. Gjennomsnittet blant dei som hadde ein pris, var kr 3342 for utanbygds kistegravlegging (høgaste kr 8500) og kr 1396 for utanbygds urnegravlegging (høgaste kr 4200).

8.3.1.7 Undersøkinga sommaren 2013

I den nettbaserte spørjeundersøkinga sommaren 2013 svarte 86 prosent av gravplassforvaltningane at dei tek betaling for utanbygds gravlegging, altså det same som i 2012-undersøkinga.

Gjennomsnittleg pris for utanbygds kistegravlegging er kr 4023 hos dei som gav opp ein pris (208 gravplassforvaltningar). Median er kr 3500, høgste er kr 18 645 og lågaste er kr 0. Det er om lag 10 prosent av gravplassforvaltningane som dreg opp gjennomsnittet, sjå figur 8.5.

Gjennomsnittleg pris for utanbygds urnegravlegging er kr 1573 hos dei som gav opp ein pris (211 gravplassforvaltningar). Median er kr 1000, høgste er kr 10 000 og lågaste er kr 0.

Figur 8.5 Pris for kiste- og urnegravlegging utanbygds. X = talet på gravplassforvaltningar Y = kroner.

Figur 8.5 Pris for kiste- og urnegravlegging utanbygds. X = talet på gravplassforvaltningar Y = kroner.

Blant gravplassforvaltningane som svarte på undersøkinga, var kremasjonsprosenten 38, men kremasjonsprosenten er litt høgare blant dei utanbygds enn blant innanbygds. Ut frå kremasjonsprosenten blant dei utanbygds og prisen gravplassforvaltninga sjølv har gjeve opp for utanbygds urne- og kistegravlegging, blir dei samla inntektene i 2012 frå utanbygds gravlegging i dei 242 gravplassforvaltningane som svarte at dei krev betaling for dette:20

  • kistegravlegging: 5,7 millionar kroner

  • urnegravlegging: 3,7 millionar kroner

Oslo aleine tok inn over 2,7 millionar kroner i betaling for utanbygds gravlegging i 2012.

Tala ovanfor omfattar 242 gravplassforvaltningar. Resten av dei 295 gravplassforvaltningane som svarte på den nettbaserte undersøkinga, krev ikkje betalt for utanbygds gravlegging. For å rekne ut kva gravplassforvaltningane samla tek inn for utanbygds gravlegging, held vi Oslo utanfor når vi reknar ut landsgjennomsnittet. Inkludert inntektene Oslo tek inn, blir dei samla inntektene frå betaling for utanbygds gravlegging i 2012 om lag 12,1 millionar kroner.

8.3.1.8 Tal frå Ecclesia

Tal frå kundedatabasen til Ecclesia tyder på at gravplassforvaltningane kravde 13,4 millionar kroner frå dei etterlatne i samband med utanbygds gravleggingar i 2013. Oslo er då med i landsgjennomsnittet. (Kundane til Ecclesia fakturerte for 9,5 millionar kroner for utanbygds gravlegging i 2013.) Denne summen viser kva som ligg i fakturasystemet. Systemet skil ikkje på kiste- og urnegravlegging.

Tabell 8.2 Pris for utanbygds gravlegging i kommunar av ulik storleik.

Innbyggjarar

Gjennomsnittspris for utanbygds gravlegging

0–1999

596

2000–4999

734

5000–9999

1 531

10 000–19 999

2 162

20 000–29 999

2 050

30 000–49 999

3 732

50 000–99 999

4 836

100 000 eller fleire

7 520

Kjelde: Kundedatabasen til Ecclesia

Prisen varierer med talet på innbyggjarar i kommunen, sjå tabell 8.2. Gjennomsnittsprisen var kr 4907 (inntekter delt på utanbygds gravlagde). Ei årsak til at gjennomsnittsprisen er høgare enn i andre undersøkingar, kan vere at gravplassforvaltninga fakturerer gravleige eller andre tenester samtidig med betaling for utanbygds gravlegging. Ein veit ikkje i kva grad dette skjer.

8.3.1.9 Oppsummering

Tabell 8.3 Pris for utanbygds kiste- og urnegravlegging ifølgje ulike undersøkingar.

Undersøking

Pris for utanbygds kistegravlegging

Pris for utanbygds urnegravlegging

2009 (KA)

3 737

1 515

2012 (Russnes og Kjeldsen)

3 251

1 156

2013 (kartlegging i fem fylke)

3 342

1 396

2013 (nettbasert spørjeundersøking)

4 023

1 573

2013 (tal frå Ecclesia)

4 907

-

Undersøkingane ovanfor er oppsummerte i tabell 8.3. Variasjonen i prisane mellom desse undersøkingane treng ikkje peike på ei prisutvikling, men kan like gjerne kome av at det var ulike respondentar. Variasjonane kan òg kome av upresise svar, til dømes at nokre gravplassforvaltningar har teke med gravleige eller seremoni. For dei seinare utrekningane legg utvalet til grunn at utanbygds kistegravlegging kostar kr 4000. Når det gjeld dei samla inntektene frå betaling for utanbygds gravlegging i 2012, legg utvalet til grunn utrekninga basert på den nettbaserte spørjeundersøkinga sommaren 2013, det vil seie 12,1 millionar kroner.

Utvalet merkar seg at prisane ikkje reflekterer investeringane som skal til for å etablere urne- og kistegraver. Dette kan tolkast som at dei fleste gravplassforvaltningane har følgt opp føringa frå departementet om at gravplassforvaltninga ikkje skulle ta så mykje betalt at dei etterlatne opplevde prisen som urimeleg.

8.3.2 Gravleige frå dag éin ved utanbygds gravlegging

I tillegg til betalinga for sjølve gravlegginga kjem gravleiga. Ved gravlegging utanbygds fell ein utanfor området for retten til fri grav i 20 år. Derfor kan gravplassforvaltninga krevje gravleige frå dag éin. I den nettbaserte spørjeundersøkinga sommaren 2013 svarte 56 prosent av gravplassforvaltningane at dei tek gravleige frå dag éin ved utanbygds gravlegging. Urnene utgjorde her noko meir enn 37 prosent av dei utanbygds gravleggingane.

Etter regulativet er gjennomsnittleg gravleige i gravplassforvaltningane som krev gravleige frå dag éin ved utanbygds gravlegging, kr 151 for kistegraver og kr 138 for urnegraver. Den gjennomsnittlege gravleiga blant desse 161 gravplassforvaltningane var kr 204 når ein deler samla inntekter på talet på utanbygds gravleggingar (både urne- og kistegraver). Gravleiga blir trekt opp av nokre få gravplassforvaltningar med høgare gravleige og mange utanbygds gravleggingar. Når ein skal sjå på kva dei etterlatne i gjennomsnitt betaler i gravleige frå dag éin ved utanbygds gravlegging, blir det rett å leggje kr 204 til grunn. Utvalet legg til grunn at gjennomsnittleg gravleige i dei 20 åra (fredingstida) er om lag kr 4000.

Omsett til tal for heile landet ville gravplassforvaltningane teke inn om lag kr 500 000 i gravleige frå dag éin ved utanbygds gravlegging det første året dersom alle utanbygds blei gravlagde i tilviste graver.21 Utvalet legg til grunn at utanbygds blir lagde i tilviste graver i same grad som innanbygds, det vil seie 50 prosent, sjå nærare 7.5.2.2.

Gravleige frå dag éin må betalast så lenge dei etterlatne vil ha grava. Dersom dei etterlatne hadde valt å gravleggje den avlidne der ho eller han var folkeregistrert ved dødsfallet, ville dei hatt fri grav i 20 år. Tilsvarande ville gravplassforvaltninga der gravlegginga skjer, gjeve fri grav i 20 år dersom grava hadde blitt nytta til innanbygds gravlegging i staden for utanbygds. Utvalet tek derfor utgangspunkt i dei 20 åra for å rekne ut meirinntekta ved gravleige frå dag éin ved utanbygds gravlegging. For å rekne ut inntekta per år legg utvalet til grunn at dei etterlatne etter tidlegare utanbygds gravlegging også betaler gravleige innanfor sine år i 20-årsperioden. Dersom halvparten av utanbygds blir gravlagd i tilviste graver og utløyser betaling av gravleige frå dag éin, blir dei årlege inntektene frå gravleige frå dag éin 5,2 millionar kroner.22

Nokre gravplassforvaltningar har sett ein høgare sats for gravleiga for utanbygds. Til dømes krev Moss kyrkjelege fellesråd dobbelt så mykje i leige for ei urnegrav for utanbygds. Utvalet har ikkje kartlagt praksis elles.

8.3.3 Vurdering

8.3.3.1 Ein merkbar kostnad

Utanbygds kistegravlegging kan ut frå gjennomsnittstala utvalet har kome til, kome opp i over kr 8000 inkludert gravleige frå dag éin. Dette talet inkluderer ikkje båretransporten. Sjølv om dette kan vere eit merkbart beløp for dei etterlatne, dekkjer det truleg ikkje kostnadene for gravplassforvaltninga som tek imot utanbygds gravleggingar, sjå kapittel 3.5.4 og vedlegg 3.

Finansieringsmodellen i gravferdslova § 6 andre ledd inneber at for kvar utanbygds gravlegging sparer heimkommunen til den avlidne pengar. Det inneber vidare at dersom delen utanbygds gravlegging aukar, sparer kommunesektoren pengar fordi brukarbetalinga går opp.

Intervjuundersøkinga til SSB tyder på at delen utanbygds gravlegging kan kome til å auke. For å unngå ei ytterlegare vriding vekk frå skattefinansiering mot brukarbetaling taler dette for at ein bør ta grunnleggjande grep for å endre finansieringa av utanbygds gravleggingar.

8.3.3.2 Kostnadene til båretransport ved utanbygds gravlegging

Utvalet meiner at dei etterlatne bør bere kostnadene til båretransport ved utanbygds gravlegging. Gravlegginga er ei offentleg teneste uansett kvar ein innbyggjar blir gravlagd. Valet om å gravleggje i ein annan kommune enn der den avlidne var folkeregistrert, er opp til dei etterlatne. Val av stad er eit tilval, ikkje ei offentleg teneste. Det er derfor rett at det er dei etterlatne som ber kostnadene ved båretransporten frå kommunen der avlidne var folkeregistrert, til kommunen der gravlegginga skal skje. Sjå likevel kapittel 6.6.2 om offentleg ansvar for transport av urne til gravplassforvaltninga der gravlegginga skal skje.

8.3.3.3 Er prisane akseptable?

Den nettbaserte undersøkinga sommaren 2013 stadfestar inntrykket frå tidlegare undersøkingar av at prisane gjennomsnittleg er nokså nøkterne og ikkje ser ut til å dekkje kostnadene gravplassforvaltninga har. 44 prosent av gravplassforvaltningane svarte at dei ikkje tek gravleige frå dag éin. Det er verd å merke seg at så mange vel bort ei inntekt og dermed sparer dei etterlatne for kostnader.23

Nokre prisar er så høge at gravplassforvaltninga kan få dekt meir enn det etableringa av grava og gravlegginga kostar. Gravferdslova § 6 seier at det kan «kreves dekning av kostnadene ved gravferden». Lova set ei grense for kor mykje gravplassforvaltninga kan krevje av dei etterlatne. Lova peikar i retning av det som blir kalla sjølvkost, men seier ikkje kva for kostnader som kan takast med i reknestykket. Utvalet meiner at det utfordrar den gjeldande reguleringa av utanbygds gravlegging dersom gravplassforvaltningane legg betalinga svært høgt.

8.3.3.4 Varierer det for mykje kva dei etterlatne betaler for gravlegging i ein annan kommune enn der avlidne var folkeregistrert?

Svaret på om variasjonane er akseptable eller ikkje, heng saman med korleis ein ser på gravlegging utanbygds. Ein kan ta utgangspunktet til lova om at ein har rett til å bli gravlagd i kommunen der ein var folkeregistrert. Utanbygds gravlegging er då ei teneste som gravplassforvaltninga kan velje å yte eller ikkje, og som dei kan krevje at dei etterlatne betaler dei fulle kostnadene for. Fordi utanbygds gravlegging då er ei teneste gravplassforvaltninga yter av velvilje, er det rimeleg at prisane varierer og at dei kjem opp i eit nivå som dekkjer kostnadene.

Eit alternativt perspektiv byggjer på at ein merkbar del av gravferdene no er utanbygds og truleg vil vere det i framtida. Då blir det å ta imot utanbygds gravleggingar å rekne for ein ordinær del av drifta av dei fleste gravplassforvaltningane. For å sikre same tilgang til denne tenesta for alle bør prisen ikkje vere høg, ho bør vere føreseieleg, og ho bør ikkje variere for mykje.

Utvalet meiner at utanbygds gravlegging bør reknast som ein rett på same måte som retten til grav i kommunen der den avlidne var folkeregistrert. Utanbygds gravlegging er uttrykk for at banda mellom menneske og stadene dei har levd, er sterkare enn grensene mellom kommunar.

Eit brukarretta og framtidsretta forvaltnings- og finansieringssystem for gravplassane må ta omsyn til tilknytinga til ein annan plass enn kommunen der den avlidne var folkeregistrert ved dødsfallet. Utvalet meiner at innbyggjarane bør bli behandla likt også etter at dei er døde og går inn for likestilling mellom innanbygds og utanbygds gravlegging.

Utvalet meiner at gravlegging skal vere eit offentleg ansvar og ein offentleg kostnad også for utanbygds, sjå prinsipp 1 i kapittel 5. Utvalet meiner derfor at dei etterlatne ikkje skal betale for utanbygds gravlegging.

Utvalet gjer framlegg om at gravplassforvaltningane gjer opp seg imellom etter tre ulike satsar som departementet fastset i forskrift. Finansieringa av utanbygds gravleggingar bør vere ein del av den generelle skattefinansieringa av gravferd.

Kapittel 8.4 gjer greie for framlegget til rettsleg regulering, medan 8.5 gjer greie for satsane i oppgjersordninga.

8.4 Rettslege rammer for utanbygds gravlegging

8.4.1 Kommunen er den geografiske avgrensinga

Sjølv om den avlidne var knytt til ei grend, ei kyrkje eller ein gravplass, må ein halde seg til vedtektene når det blir tale om utanbygds gravlegging. Utvalet meiner at det er sakleg og rimeleg at gravplassforvaltninga avgrensar utanbygds gravlegging til ein eller fleire gravplassar. Det må gå fram av vedtektene kva for gravplassar dette er. Dette treng ikkje regulerast nærare, men spring ut av den rettslege kompetansen ein har lokalt til å regulere kva for gravplassar innanbygds og utanbygds avlidne høyrer til (gravplassdistrikt), sjå kapittel 8.2.7.

8.4.2 Gravleigaren rår

Vilkåra i vedtektene er ikkje sterkare enn retten som gravleigaren har etter gravferdslova § 15 til å ta avgjerd om kven som skal gravleggjast i grava. Dette inneber at sjølv om vedtektene gjev heimel til å avvise ei utanbygds gravlegging på den aktuelle gravplasssen, kan gravplassforvaltninga ikkje avvise at gravleigar lèt ein avliden som var folkeregistrert i ein annan kommune, bli gravlagd i den leigde grava.

8.4.3 Gravleige ved utanbygds gravlegging

8.4.3.1 Bør ein ta bort høvet til å krevje høgare gravleige for utanbygds?

Dersom ein opphevar heimelen til å krevje kostnadsdekning for utanbygds gravlegging, vil gravplassforvaltninga lokalt framleis kunne krevje meir av gravleigarane av slike graver. Dette taler for at ein bør slå fast i gravferdslova at gravleiga skal vere like stor for innanbygds og utanbygds, sjå kapittel 7.5.6 og framlegg til ny § 21a i gravferdslova.

8.4.3.2 Bør ein oppheve heimelen for å krevje gravleige frå dag éin ved utanbygds gravlegging?

Rettsleg er det skilnad på betaling for gravlegginga og avgifta for leige av grav ved utanbygds gravlegging. For dei etterlatne spelar likevel denne skilnaden inga rolle. Utvalet viser til at kravet om gravleige frå dag éin gjer utanbygds gravlegging dyrare for dei etterlatne enn innanbygds gravlegging, og gjer framlegg om å oppheve heimelen til å krevje gravleige frå dag éin ved utanbygds gravlegging.

8.4.4 Også oppgjeret for tilrettelagde graver i ein annan kommune skal følgje satsane i oppgjersordninga

Utvalet kjenner ikkje til at graver «særskilt tilrettelagt for å imøtekomme religiøse og livssynsmessige minoriteters behov», sjå gravferdslova § 6 andre ledd, er dyrare enn andre graver. Ikkje alle gravplassforvaltningar har slike tilrettelagde graver.

Gravferdslova § 6 andre ledd regulerer kva for gravplassforvaltning som betaler kostnadene ved gravlegginga. Dersom gravplassforvaltninga der den avlidne var folkeregistrert ved dødsfallet, ikkje har tilrettelagd grav, skal gravplassforvaltninga i heimkommunen betale dersom den avlidne blir gravlagd i ein annan kommune. Føresegna gjev ei praktisk regulering av kostnadsfordelinga når gravplassforvaltninga ikkje har tilpassa graver trass i kravet i gravferdslova § 1, sjå Prop. 81 L (2010–2011) side 15 og 43.

I og med at tilpassa graver jamt over ikkje er dyrare enn andre graver og plikta til å halde seg med slike graver følgjer av gravferdslova § 1, meiner utvalet at oppgjeret mellom kommunane kan følgje satsane i den generelle oppgjersordninga utvalet gjer framlegg om. Omsynet til likskap taler for å ha same oppgjersordning for all utanbygds gravlegging. Utvalet gjer framlegg om å endre gravferdslova § 6 andre ledd siste punktum slik at det blir tydeleg at gravplassforvaltninga har plikt til å ha tilpassa graver. Fordi føresegna då endrar karakter frå å dreie seg om eit oppgjer mellom gravplassforvaltningane til å presisere det generelle sørge for-ansvaret, bør setninga skiljast ut som nytt tredje ledd.

8.4.5 Satsane gjeld for gravlegging av avlidne som ikkje var busette i Noreg

Gravplassforvaltninga har ikkje plikt til å gje fri grav til utanlandske statsborgarar heller. Dersom dei etterlatne ønskjer at avlidne utanlandske statsborgarar skal gravleggjast i Noreg, har dei same behov som andre for at kostnadene er føreseielege. Utvalet gjer framlegg om at satsane i oppgjersordninga skal gjelde når gravplassforvaltninga fakturerer dei etterlatne for gravlegging av personar som ikkje var folkeregistrerte i Noreg ved dødsfallet.

8.4.6 Framlegg til lovendring

Gravferdslova § 6 andre og tredje ledd skal lyde:

Gravplassforvaltningen skal sørge for gravlegging av avdøde personer med bopel i en annen kommune på gravplass i kommunen, dersom den som sørger for gravferden ber om det. (…)
Gravplassforvaltningen skal sørge for grav som er særskilt tilrettelagt for å imøtekomme religiøse og livssynsmessige minoriteters behov, dersom den som sørger for gravferden, ber om det.

Merknader:

  • Kommunen har fått eit sørgje for-ansvar som inneber at kommunen har ei plikt til å yte ei teneste, men den er ikkje formulert som ein rett for den avlidne. Retten til grav følgjer av første ledd og gjeld berre i kommunen der den avlidne var folkeregistrert ved dødsfallet. For innbyggjarane bør denne skilnaden ikkje merkast.

  • Føresegna fører vidare prinsippet i lova om at retten til grav gjeld kommunen som område, det vil seie at retten ikkje gjeld på nokon enkelt gravplass. Vedtektene lokalt kan regulere kva for gravplass ein avliden høyrer til.

  • Gravplassforvaltninga har plikt til å sørgje for særskilt tilrettelagd grav. Plikta gjeld både ved innanbygds og utanbygds gravlegging. Kostnadene ved tilrettelagd grav ved utanbygds gravlegging blir dekte av heimkommunen etter satsane i oppgjersordninga.

8.5 Oppgjersordning mellom gravplassforvaltningane med nasjonalt fastsette prisar

8.5.1 Partar i oppgjeret

Oppgjersordninga som utvalet gjer framlegg om, er enklare enn den svenske fordi det offentlege ansvaret er meir avgrensa i Noreg og omfattar berre gravlegging og kremasjon. Eventuell leige av gravkapell må dei etterlatne betale der dei vel å ha seremonien. Dette ligg utanfor oppgjersordninga. Det gjer òg eventuell betaling for leige av kyrkje og betaling for organist, forsongarar og prest.

Transporten av kista eller urna må dei etterlatne betale for sidan NAV ikkje gjev stønad til båretransport bort frå kommunen der ein er folkeregistrert. Også dette ligg utanfor oppgjersordninga.

Dette inneber at det berre vil vere to partar i oppgjeret: gravplassforvaltninga der avlidne var folkeregistrert og gravplassforvaltninga der gravlegginga skjer.

8.5.2 Felles nasjonale satsar eller oppgjer ut frå lokalt kostnadsnivå?

Oppgjer ved utanbygds gravlegging inneber at gravplassforvaltninga der gravlegginga skjer, sender ei rekning til gravplassforvaltninga der den avlidne var folkeregistrert. Satsane for oppgjeret kan vere baserte anten på nasjonale gjennomsnittskostnader eller på lokale gjennomsnittskostnader.

Utvalet vurderer det slik at rekneskapa til gravplassforvaltningane ikkje gjev godt nok grunnlag til å skilje dei lokale kostnadene ved urnegravlegging frå kostnadene ved kistegravlegging. For å unngå usemje om prissetjinga meiner utvalet at prisane i oppgjersordninga bør bli fastsette nasjonalt.24 Ein føremon ved å fastsetje nasjonale satsar er at prisen vil vere den same for gravplassforvaltningar over heile landet.

For gravplassforvaltningane kan ein leggje til grunn at kostnadene i samband med å tine jorda i forkant av graving om vinteren vil jamne seg ut. Det vil seie at gravplassforvaltninga eit år tek imot utanbygds på vinteren og eit anna år sender frå seg avlidne på vinteren.

8.5.3 Element i oppgjersordninga

Oppgjersordninga skal dekkje gravlegginga. Fordi det kostar meir å grave ei kistegrav enn ei urnegrav, må det vere to ulike satsar. Utvalet har lagt til grunn at ei urnegrav normalt har to urner, ikkje fire som det er plass til. Derfor tek satsen for etableringa av urnegrava utgangspunkt i halvparten av kva det kostar å etablere heile urnegrava. Ved oskespreiing er det ikkje noko arbeid med gravlegginga og ikkje etableringskostnader å gjere opp for.

Ein gravplass er ei investering på svært lang sikt. Fordi ei grav kan nyttast om att etter fredingstida og leigetida, bør satsen for utanbygds gravlegging ikkje dekkje meir enn ein del av dei gjennomsnittlege etableringskostnadene. Utvalet legg til grunn at ei grav nyttast tre gonger, og at satsane bør dekkje ein tredel av dei gjennomsnittlege etableringskostnadene for ei urnegrav og kistegrav.

I kapittel 7 gjorde utvalet framlegg om å oppheve heimelen for å krevje gravleige i dei første 20 åra også i leigde graver. Ovanfor gjorde utvalet framlegg om å oppheve heimelen til å krevje gravleige frå dag éin ved utanbygds gravlegging. Framlegga inneber at gravplassforvaltninga ikkje får inntekter frå gravleige før etter 20 år etter gravlegginga. Dei første 20 åra inneber ein kostnad for gravplassforvaltninga. For det første skjer utanbygds gravlegging til fortrengsel for innanbygds. For det andre må gravplassen haldast ved like, graset bli klipt osb. Denne kostnaden bør inngå i satsen som heimkommunen betaler.

Sjølv om det kostar meir på kort sikt å etablere ei grav enn å nytte ei leigd grav til gravlegginga, legg utvalet til grunn at oppgjersordninga ikkje treng ha ulike satsar for gravlegging i tilvist grav og gravlegging i leigd grav. Etter fredingstida kan både leigde og tilviste graver nyttast til ny gravlegging. Ettersom det skal vere ledig gravkapasitet på 3 prosent av innbyggjartalet i ein kommunen, vil utanbygds gravlegging i tilvist grav innebere ein kostnad i 20 år som blir dekt av satsen. Etter dei 20 åra blir grava anten leigd eller frigjeven til ny gravlegging. Utvalet meiner derfor at ein ikkje treng satsar som skil mellom utanbygds gravlegging i tilvist og leigd grav.

Dersom ein legg til grunn at heimelen til å krevje kremasjonsavgift blir oppheva, sjå kapittel 6, må kostnaden ved kremasjonen gå inn i oppgjersordninga. Det vil seie at dersom kommunen der gravlegginga skjer, gjennomfører kremasjonen, skal gravplassforvaltninga der den avlidne var folkeregistrert, betale for kremasjonen. Dette vil typisk vere tilfelle der seremonien finn stad på staden der gravlegginga skjer, og før eventuell kremasjon.25 Det er også tenkjeleg at seremonien finn stad etter kremasjonen.

Investerings- og driftskostnadene for ein kremasjonsomn utan reinsing er truleg lågare enn for ein omn med reinsing. Dette kan tale for at det bør vere ulike satsar alt etter kva slags omn det er i krematoriet. Utvalet viser til at skilnaden i kostnader truleg ikkje er svært stor, og meiner at ulike prisar vil komplisere oppgjersordninga for mykje.

Ein får då følgjande element i oppgjersordninga:

  • A. utanbygds kistegravlegging

  • B. utanbygds urnegravlegging

  • C. kremasjon

Døme 1: Den avlidne var folkeregistrert i Lardal i Vestfold og skal gravleggjast i kiste i ei tilvist kistegrav i Drammen. Gravplassforvaltninga i Lardal skal betale satsen A til gravplassforvaltninga i Drammen.

Døme 2: Den avlidne var folkeregistrert i Oslo og skal gravleggjast i urne i ei tilvist urnegrav på Hamarøy. Seremonien finn stad i Oslo. Gravplassforvaltninga i Oslo skal betale satsen B til gravplassforvaltninga på Hamarøy, men kan gjennomføre kremasjonen på krematoriet i Oslo. Dette inneber at dersom kremasjonen kan skje før transporten til gravplasskommunen, har gravplassforvaltninga der den avlidne var folkeregistrert, ein valrett når det gjeld kremasjon: anten gjennomføre eventuell kremasjon sjølv eller betale satsen for kremasjon i oppgjersordninga og overlate til gravplassforvaltninga der gravlegginga skjer, å sørgje for gjennomføring av kremasjonen.

Døme 3: Den avlidne var folkeregistrert i Bergen kommune og skal gravleggjast i urne i ei leigd kistegrav på Hjelmås i Lindås kommune. Seremonien finn stad i Lindås. Gravplassforvaltninga i Bergen skal betale satsane B og C til gravplassforvaltninga Lindås. Gravlegging av ei urne i ei leigd kistegrav er ikkje dyrare enn urnegravlegging i ei urnegrav. Det er gravplassforvaltninga i Lindås som har ansvaret for å gjennomføre og betale for kremasjonen. Kremasjonen finn truleg stad i Bergen, som er næraste krematorium. Satsane i oppgjersordninga vik for avtale mellom gravplassforvaltningane. Dersom Lindås og Bergen har ein avtale om gjennomføring og betaling for kremasjonar, vil betalinga for kremasjonen følgje av denne avtalen og ikkje sats C.

Døme 4: Den avlidne var busett i Bærum, men hadde søkt og fått løyve til å få oska spreidd utanfor øya Herdla i Askøy kommune. Dersom kista blei kremert i Bærum, blir det ikkje tale om noko oppgjer. Krematoriet i Bærum er etter framlegget i kapittel 6.6.2 ansvarleg for transporten av urna til gravplassforvaltninga i Askøy kommune. Dersom kista blei kremert i Bergen, til dømes etter seremoni på Rossland i Meland kommune, skal Bærum kommune betale satsen C til Askøy kommune. Askøy får ikkje særskilt kompensert for saksbehandlinga av løyvet til oskespreiing, men eventuelt for kremasjonen.

8.5.4 Nærare om satsane i oppgjersordninga

Endringane i betalinga for utanbygds har to dimensjonar. Den eine gjeld kva dei etterlatne skal betale. Denne brukarbetalinga gjer utvalet framlegg om å fjerne, og gravplassforvaltningane må få tapet kompensert frå staten. Den andre dimensjonen gjeld kva gravplassforvaltninga som tek imot utanbygds, skal få betalt. Gravplassforvaltninga på staden der den avlidne var folkeregistrert ved dødsfallet, sparer pengar på at dei etterlatne ikkje gravlegg der. Utvalet meiner at gravplassforvaltninga der den avlidne var folkeregistrert ved dødsfallet, skal betale eit oppgjer til gravplassforvaltninga der gravlegginga skjer.

Oppgjeret flyttar pengar mellom gravplassforvaltningane, men inneber ikkje at staten skal kompensere noko. Satsane i oppgjersordninga er dermed ubundne av nivået på brukarbetalinga i dag. For utvalet er det eit omsyn å skape ei oppgjersordning som blir opplevd som rettferdig, og som gjev insitament til å ta imot utanbygds gravleggingar. Utvalet meiner at satsane i tabell 8.4 bør vere treffande, men strekar under at oppgjersordninga og satsane må evaluerast med jamne mellomrom. Satsane tek utgangspunkt i framlegget ovanfor om at gravplassforvaltninga ikkje kan krevje gravleige frå dag éin ved utanbygds gravlegging. Oppgjersordninga er då einaste kjelde til inntekter i samband med utanbygds. Satsane tek utgangspunkt i prisane i den samfunnsøkonomiske kostnadsberekninga, sjå vedlegg 3.

Utvalet legg til grunn at gravplassforvaltninga har dei same kostnadene til kremasjon og til sjølve gravlegginga av utanbygds som av innanbygds. Utvalet meiner at satsane i oppgjeret bør reflektere faktiske kostnader. Det inneber at gravplassforvaltninga der gravlegginga skjer, tek imot oppgjer som er om lag like stort som det gravplassforvaltninga der den avlidne var folkeregistrert ved dødsfallet, sparer. Målet er at utanbygds gravlegging ikkje skal vere ei økonomisk ulempe for dei som tek imot, og ikkje ein økonomisk fordel for dei som slepp å gravleggje eigne innbyggjarar. Utvalet er fullt klar over at kostnadstilhøva varierer rundt om i landet, og at satsane ikkje vil treffe på krona. Over tid og i gjennomsnitt bør satsane treffe, men utvalet strekar under at det er behov for å evaluere satsane jamleg.

Tabell 8.4 Framlegg til satsar i oppgjersordninga samanlikna med gjeldande gjennomsnittlege brukarbetaling og satsane den svenske oppgjersordninga.

Namn

Innhald og grunngjeving

Kroner

Sml. brukarbetaling i dag

Sml. Sverige

A: Utanbygds kistegravlegging

Satsen skal dekkje kistegravlegginga, kr 5000.

Satsen skal dekkje ein tredel av etableringskostnaden, kr 5165 (15500 / 3).

Satsen skal dekkje grava sin del av stell og vedlikehald av gravplassen i 20 år. 20 x 177 (gjennomsnittleg gravleige) = kr 3540.

5000 + 5165 + 3540= 13 705

4023 + 4000 i gravleige frå dag éin

4232 for gravlegginga + anten 5888 for etablering av tilvist grav eller inntil 5750 i staden for leige for leigd grav

B: Utanbygds urnegravlegging

Satsen skal dekkje urnegravlegginga, kr 1100.

Satsen skal dekkje ein tredel av etableringskostnaden, kr 1550 (kr 4650 / 3).

Satsen skal dekkje grava sin del av stell og vedlikehald av gravplassen i 20 år. 20 x 177 (gjennomsnittleg gravleige) = kr 3540.

1100 + 1550 + 3540= 6190

1573 + 4000 i gravleige frå dag éin

644 for gravlegginga + anten 1564 for etablering av tilvist grav eller inntil 1610 i staden for leige for leigd grav

C: Kremasjon

Etter framlegget i kapittel 6 betaler ikkje dei etterlatne for kremasjon. Satsen skal dekkje kostnadene ved kremasjon (dersom gravplassforvaltninga der den avlidne var folkeregistrert, ikkje gjennomfører kremasjonen sjølv).

4800

4512 (gjennomsnitt utanbygds)

2300

Dei svenske prisane er henta frå vedlegg 6 og omrekna i norske kroner.

Oppgjeret vil i døma ovanfor bli slik:

Døme 1: A = kr 13 705

Døme 2: B (fordi Oslo kremerer sjølv)= kr 6190

Døme 3: B + C = kr 10 990

Døme 4: Ingenting ved kremasjon i Bærum. Ved kremasjon i Bergen C= kr 4800

8.5.5 Prisutviklinga

Utvalet har vurdert kvar satsane i oppgjersordninga skal stå. Alternativa har vore rundskriv, statsbudsjettet eller forskrift. Ei forskrift tek lengst tid å få endra, men er mest tilgjengeleg.

Kostnadane for gravplassforvaltninga utviklar seg truleg i takt med prisutviklinga for kommunesektoren elles. Det er likevel slik at ein gravplass kan vere etablert for lenge sidan og skal liggje der i mange år framover. Investeringane kan vere gjorde ein gong då krona var meir verd og arbeidstimane rimelegare. Like eins kan verdien av kapasiteten som oppgjersordninga finansierer, vere meir verd når grava i framtida er klar for gjenbruk. Utvalet meiner derfor at satsane i oppgjersordninga for utanbygds gravlegging kan gjelde for fleire år og ikkje treng ta utgangspunkt i prisutviklinga frå år til år.26 Dessutan ligg det mykje skjøn i fastsetjinga av etableringskostnadene for graver, og utvalet meiner at det ikkje er fornuftig å etablere ein prisjusteringsmekanisme som følgjer prisutviklinga tett, når prisen i utgangspunktet er basert på så mykje skjøn. Dette kan stille seg annleis om ein del år når satsane og oppgjersordninga har blitt evaluert.

Utvalet gjer derfor framlegg om at satsane i oppgjersordninga blir fastsette i forskrift og skal gjelde til dei blir endra. Det er ei oppgåve for departementet å evaluere og endre satsane.

8.5.6 Framlegg til regulering i lov og forskrift

8.5.6.1 Framlegg til lovendring med heimel for forskrift om nasjonale satsar for oppgjeret ved utanbygds gravlegging

Det er naudsynt med lovheimel for å gje forskrift om oppgjersordning. Ein må òg oppheve heimelen til å krevje kostnadsdekning. Utvalet gjer framlegg om nytt andre punktum i gravferdslova § 6 andre ledd som legg til rette for ei oppgjersordning basert på nasjonale satsar.

Det kan da kreves dekning av kostnadene ved gravferden og avgift som ved feste av grav. Ved gravlegging av avdøde personer med bopel i en annen kommune dekkes kostnadene av gravplassforvaltningen i hjemkommunen etter satser fastsatt av departementet i forskrift med mindre annet er avtalt mellom gravplassforvaltningene.

Merknader:

  • Føresegna heimlar forskrift om satsane, medan gjeldande § 26 heimlar forskrift om framgangsmåten ved oppgjeret.

8.5.6.2 Framlegg til føresegner i forskrift om nasjonale satsar for oppgjeret mellom gravplassforvaltningane ved utanbygds gravlegging

Nytt kapittel VI i gravferdsforskrifta vil romme føresegnene om oppgjer og om avgifter og betalingar. Det noverande kapittel VI blir kapittel VII, og paragrafane blir omnummererte slik at ein unngår fleire paragrafar med bokstavar etter seg. Utvalet gjer framlegg om ei ny føresegn i gravferdsforskrifta:

§ 40 Oppgjør mellom gravplassforvaltningene ved utenbygds gravlegging
Gravplassforvaltningen der gravleggingen skjer, kan kreve kostnadene ved gravleggingen dekket av gravplassforvaltningen i kommunen der avdøde var folkeregistrert ved dødsfallet, etter følgende satser:
  • a) Gravlegging av kiste: kr 13 705

  • b) Gravlegging av urne: kr 6190

  • c) Kremasjon: kr 4800

Satsene kan fravikes ved avtale mellom gravplassforvaltningene. Satsene gjelder også dersom gravplassforvaltningen krever betaling fra den som sørger for gravferden, for gravlegging av person som ikke var bosatt i Norge ved dødsfallet.
Oppgjøret utløser ikke krav om merverdiavgift.
Krav om oppgjør sendes innen 6 uker etter gravleggingen.

Merknader:

  • Oppgjersordninga gjeld berre for avlidne som var folkeregistrerte i ein norsk kommune, men satsane skal nyttast dersom gravplassforvaltninga krev betaling for gravlegging av ein person som ikkje var folkeregistrert i Noreg.

  • Referansen til folkeregistrering er meint å fange opp det same kriteriet som i gravferdslova § 6 der kriteriet er «personer som ved dødsfallet hadde bopel i kommunen». Også utanlandske statsborgarar kan vere busette i Noreg og folkeregistrerte i ein kommune. Ifølgje forskrift om folkeregistrering § 4-1 er hovudvilkåret at vedkommande har hatt opphald i seks månader: «Personer som oppholder seg i norske kommuner i minst seks måneder regnes som bosatt i Norge, med mindre annet følger av bestemmelsene i § 4-2 til § 4-7.»

  • Satsane i forskrifta gjeld til dei blir endra.

  • Satsane bør bli evaluerte etter ei tid. Det vil vere tenleg om evalueringa og vurderinga finn stad på ein måte som dekkjer krava til førebuing av endring av forskrift i forvaltningslova § 37 andre ledd. I så fall treng ein truleg ikkje å sende framlegget til endringar på høyring, sjå utgreiingsinstruksen punkt 5.4.

  • Føresegna vik for avtalar mellom gravplassforvaltningane. Dette inneber at gravplassforvaltningane kan avtale andre prisar eller fråvær av betaling seg imellom.

  • Praktiske omsyn taler for at gravplassforvaltninga ikkje skal leggje meirverdiavgift på oppgjeret og mottakaren få det kompensert. For å unngå tvil om gravplassforvaltninga skal leggje meirverdiavgift på kravet, er det uttrykkjeleg regulert i føresegna at dei ikkje skal leggje på meirverdiavgift.

  • Gravplassforvaltninga sender krav om oppgjer innan seks veker etter gravlegginga. Føremålet med fristen er å medverke til at oppgjeret blir avklart.

8.6 Økonomiske og administrative konsekvensar

8.6.1 Oversyn

Dei samla inntektene frå betaling for utanbygds gravlegging i 2013 var om lag 12,1 millionar kroner. Dersom heimelen til å krevje kostnadsdekning blir oppheva, må kommunesektoren bli kompensert for tapet av brukarbetaling ved at dei årlege overføringane frå staten til kommunane aukar tilsvarande.

Gravplassforvaltningane vil tape inntekter om ein opphevar heimelen for å krevje gravleige frå dag éin ved utanbygds gravlegging. Tapet på om lag 5,2 millionar kroner bør bli kompensert for kommunesektoren som heilskap over rammetilskotet.

Det er urealistisk å fordele kompensasjonen slik at gravplassforvaltningane får det same som brukarbetalinga dei tapte. Dessutan kan talet på utanbygds gravleggingar variere frå år til år. Kompensasjon som blir lagd inn i rammetilskotet, inneber at kommunesektoren får dekt tapet samla sett, men at fordelinga mellom kommunane ikkje vil følgje dei faktiske kostnadene.

Lokalt kan oppgjersordninga gje eit avgrensa tap dersom gravplassforvaltninga der gravlegginga skjer, i dag krev meir betalt av dei etterlatne enn gjennomsnittet av gravplassforvaltningane. Lokalt kan oppgjersordninga òg gje eit avgrensa tap dersom gravplassforvaltninga tek imot og får betalt for relativt mange utanbygds gravleggingar, men må nøye seg med sin del av kompensasjonen frå staten.

Oppgjersordninga har avgrensa administrative konsekvensar for det offentlege. Det som før berre var ei sak mellom kommunen der gravlegginga skjer, og dei etterlatne, blir no ei sak mellom kommunen der gravlegginga skjer, og kommunen der den avlidne var folkeregistrert. Sidan satsane blir eins i heile landet, blir oppgjeret meir føreseieleg for gravplassforvaltninga, og ein unngår usemje om prissetjinga.

8.6.2 Lovendringa

Endringa i gravferdslova § 6 vil ikkje i seg sjølv føre til fleire utanbygds gravleggingar.

Lovendringa kan gjennomførast utan å endre finansieringsmodellen for utanbygds gravlegging, men då vil ein truleg sjå at nokre av gravplassforvaltningane, som i dag, vil nytte høge prisar som reiskap for å unngå fleire utanbygds eller for å få inntekter av dei som kjem.

Plikta til å sørgje for tilrettelagd grav følgjer implisitt av gravferdslova § 1, men blir først no formulert uttrykkjeleg. Finansieringsplikta følgjer av gjeldande § 6 andre ledd når det gjeld gravlegging i tilrettelagd grav i ein annan kommune. Føresetnadsvis gjeld same finansieringsplikt ved gravlegging i tilrettelagd grav innanbygds. Det er dermed ikkje aktuelt å kompensere kommunesektoren fordi plikta no blir fastsett uttrykkjeleg i lova.

8.6.3 Insentiv til å unngå utanbygds eller til å ta imot utanbygds gravlegging

Ei oppgjersordning fører til inntekter for kvar utanbygds gravlegging. Blir prisen sett riktig, vil gravplassforvaltninga få tilstrekkeleg kostnadsdekning, og gravplassforvaltninga der den avlidne var folkeregistrert, vil betale ein sum som står i forhold til det ein sparer på ikkje å gjennomføre gravlegginga hos seg sjølv.

Oppgjersordninga inneber at gravplassforvaltninga vil få dekt ein del av kostnadene ved utanbygds slik som i dag. Satsane vil ikkje dekkje heile kostnaden ved utanbygds gravlegging fordi ei grav ikkje blir nytta berre éin gong. Etter fredings- og leigetida har gravplassforvaltninga ei grav som kan nyttast til innanbygds gravlegging.

Utvalet meiner at gravplassforvaltningane bør få eit sørgje for-ansvar for å ta imot utanbygds gravlegging, og at oppgjersordninga er den same for alle gravplassforvaltningar. Det inneber at gravplassforvaltninga veit at det same vil gjelde det året dei sjølve sender frå seg mange avlidne, som det året dei tek imot mange avlidne.

8.6.4 Må staten kompensere kommunesektoren for tapet dersom ein tek bort høvet til å krevje at dei etterlatne dekkjer kostnadene for gravlegging av utanbygds?

På den eine sida er oppgåva med gravlegging finansiert gjennom overføringane til kommunane gjennom inntektssystemet. For kvar gravlegging som finn stad utanbygds, er det ein kommune som sparer utgifter på å sleppe å gravleggje sin eigen innbyggjar. Dette taler for at dersom ein fjerna heimelen for å krevje betaling frå dei etterlatne ved utanbygds gravlegging, ville det ikkje innebere større kostnader enn om alle kommunar skulle gravleggje sine eigne innbyggjarar sjølve. Dette kunne tale for at det ikkje er behov for at staten kompenserer kommunane for denne regelendringa.

På den andre sida må finansieringa sjåast i samanheng med reguleringa i gravferdslova som gjev gravplassforvaltninga heimel til å krevje betaling for løyse denne oppgåva. Då kan staten ikkje utan vidare fjerne heimelen. Det høyrer med at gravplassforvaltninga har fridom til å gje løyve til gravlegging av utanbygds eller ikkje, altså er dette ei frivillig oppgåve som staten har gjeve heimel til å krevje betaling for av dei etterlatne. Utvalet meiner derfor at dersom ein opphevar heimelen for å krevje betaling for gravlegging av utanbygds, må staten kompensere kommunane for tapet.

Utvalet legg til grunn at kommunane vil kompensere fellesråda gjennom auka løyvingar; det er jo ikkje kommunane som har hatt tapet.

8.6.5 Økonomisk og administrative konsekvensar av å ta bort høvet til å krevje høgare gravleige for utanbygds

Ein veit i dag ikkje kor mange gravplassforvaltningar som krev høgare gravleige av utanbygds. Denne praksisen er ikkje eit lovbrot. Ut frå kjennskapen utvalet har, legg ein til grunn at praksisen med å krevje høgare gravleige for utanbygds ikkje er vanleg.

Eit lovpåbod om felles gravleige for innanbygds og utanbygds vil føre til reduserte inntekter der ein i dag differensierer. Utvalet legg til grunn at tapa samla sett vil vere avgrensa, og rår ikkje til at dette tapet blir kompensert særskilt. Lokalt vil eit lovpåbod om like stor gravleige for innanbygds og utanbygds kunne vere administrativt forenklande fordi ein då vil ha færre satsar å halde orden på.

Fotnotar

1.

Tal frå kundedatabasen til Ecclesia viser færre utanbygds gravleggingar i 2012 enn kyrkjeverjene sjølve rapporterte om i den nettbaserte undersøkinga. Basert på tala til Ecclesia var det 6 prosent utanbygds gravleggingar i 2012. Dette kjem truleg av at utanbygds gravlegging ikkje blir registrert i systemet på stader der ein ikkje skil mellom utanbygds og innanbygds gravlegging. Dette er truleg også grunnen til at prosenten utanbygds i dei ulike fylka (basert på tala til Ecclesia) ikkje samsvarer med figur 8.1.

2.

Oslo er ikkje teke med i landsgjennomsnittet, men er lagt til utanom.

3.

Marjavaara 2012 side 265. Artikkelen gjev eit oversyn over fagfeltet «post-mortal mobility».

4.

Marjavaara 2012 side 265. Svenska kyrkan står for over 80 prosent av gravferdene i Sverige, sjå Marjavaara 2012 side 264. Ein kan truleg leggje til grunn at delen utanbygds i Sverige er lik for dei som blir gravlagde av Svenska kyrkan, som for dei som blir gravlagde etter andre seremoniar.

5.

Marjavaara 2012 side 267–270.

6.

Personleg informasjon frå Kjetil Sørlie ved NIBR.

7.

Marjavaara 2012 side 263.

8.

Marjavaara 2016 side 267–268.

9.

Marjavaara 2012 side 268–270.

10.

Marjavaara 2012 side 271.

11.

Det blei ikkje stilt spørsmål i undersøkinga om årsaker til at gravplassforvaltninga sa nei, eller kor mange avlidne det gjaldt. Tala her svarer godt til situasjonen i Sverige der undersøkinga til Kammarkollegiet viste at 3 prosent av forvaltningane har sagt nei til utanbygds gravlegging, sjå «Sammanställning av enkät angående Kammarkollegiets föreskrifter om taxa vi begravningsclearing», 2013-05-30.

12.

Sjå NOU 1989: 7 side 314.

13.

Kjelder for dette avsnittet: Handbok för begravningsverksamheten 2013 side 87 og 178.

14.

«Sammanställning av enkät angående Kammarkollegiets föreskrifter om taxa vid begravningsclearing», 2013-05-30 (svarprosent: 46). Ei utfordring med å spørje slik er at berre 72 gravplassforvaltningar driv eige krematorium. Alle dei andre forvaltningane vil vere tente med å svare at dei er nøgde med satsen for kremasjon sjølv om satsen er låg. Gjennomgåande meinte forvaltningane at satsane låg på rett nivå, men 28 prosent meinte at satsen for kremasjon var for låg.

15.

Innanfor Svenska kyrkan er det etablert ei eiga oppgjersordning for situasjonen der gravferdsseremonien finn stad i eit anna sokn enn der den avlidne var medlemsregistrert, sjå Handbok för begravningsverksamheten 2013 side 177 og 182–183.

16.

Handbok för begravningsverksamheten 2013 side 177–178.

17.

I Trondheim fører flytting internt i kommunen etter at ein er 67 år, ikkje til at ein mister tilknytinga til soknet: «Personer på sykehjem, aldershjem, pleiehjem og i trygdeboliger, samt personer som er flyttet etter fylte 67 år, opprettholder den kirkegårdstilhørighet som de hadde ved flytting.» Sjå punkt 1.2 i vedtektene.

18.

Personleg opplysning frå avdelingsdirektør Thom M. Rafoss i Kyrkjeavdelinga i Kulturdepartementet.

19.

Resultata av undersøkinga blei opphavleg presenterte med litt brei pensel og gjennomsnittet sett til kr 3000 og 1000. Ein detaljert gjennomgang av svara trekte gjennomsnittet opp. Personleg informasjon frå Bjarne Kjeldsen i KA.

20.

Gravplassforvaltningane fekk valet mellom ulike intervall på kremasjonsprosent. Utrekninga byggjer på talet midt i intervalla.

21.

Utrekninga er basert på midten av intervalla for delen utanbygds i urner, respondentane kunne velje mellom i undersøkinga. Ein har korrigert dataa for openberre feil i satsen på gravleige, sjå omtalen av denne undersøkinga i kapittel 2. Oslo blei halden utanfor då landsgjennomsnittet blei rekna ut. Ein har teke omsyn til at 44 prosent av gravplassforvaltningane ikkje tek gravleige frå dag éin ved utanbygds gravlegging.

22.

Kr 517 403 x 0,5 x 20 år.

23.

Av desse 130 gravplassforvaltningane var det 12 prosent som ikkje krev gravleige elles. Å ikkje krevje gravleige ved utanbygds gravlegging er eit medvite val, ikkje berre ei følgje av at ein ikkje krev gravleige elles.

24.

I utgangspunktet skal dette vere eit nullsum-spel. Dette kan tale for at ein kunne registrere utanbygds gravleggingar og fordele kostnadene i etterkant (til dømes etter eit år) ved å trekkje i rammetilskotet. Per i dag blir ikkje data registrerte på ein slik måte at ein kan gjennomføre oppgjeret på denne måten.

25.

Marjavaara 2013 side 262 legg til grunn at staden for gravferdsseremonien er den same som staden for gravlegginga. Utvalet er i tvil om dette alltid er rett. Inntrykket er at ein del seremoniar finn stad i folkeregistrert kommune, og at kista eller urna deretter kjem til kommunen ho skal gravleggjast i, men utvalet kan ikkje dokumentere dette.

26.

I kommunal sektor blir det rekna ut ein såkalla deflator som blir nytta for å følgje med på kommuneøkonomien, sjå nærare i rapportane til Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi.

Til forsida