Meld. St. 8 (2022–2023)

Menneskerettar for personar med utviklingshemming — – Det handlar om å bli høyrt og sett

Til innhaldsliste

1 Menneskerettsseminar

For å sikre at røystene til personar med utviklingshemming vart høyrde i samband med meldingsarbeidet, inviterte kultur- og likestillingsministeren eit utval av personar med utviklingshemming til eit menneskerettsseminar. Kandidatane som fekk invitasjonen, var foreslått av brukar- og interesseorganisasjonane og er personar som har vist eit betydeleg engasjement for rettane og stillinga utviklingshemja har i samfunnet. Dei har ulike interessefelt og ulik alders- og kjønnsfordeling. Personane kom frå store delar av landet. Seminaret vart arrangert av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) i samarbeid med Stiftelsen SOR på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet.

Menneskerettsseminaret vart halde 19. til 20. august, 2019. Det er første gongen i Noreg at det har blitt halde eit høyringsseminar for menneske med utviklingshemming i samband med ei stortingsmelding.

Basert på innhaldet i oppmodingsvedtaka om meldinga til Stortinget vart det særleg arbeidd med følgjande tema under seminaret:

  • retten til arbeid

  • retten til eigen heim

  • retten til gode helsetenester

  • retten til skole og utdanning

  • retten til å bestemme i eige liv

  • retten til å delta på fritidsaktivitetar, i kulturlivet og å ha ferie

Alle innspela frå seminaret vart personleg overrekte til kultur- og likestillingsministeren. Representantar frå departementet deltok på heile seminaret. TV BRA dekte hendinga.

I forkant av seminaret fekk deltakarane tilsendt eit informasjonsbrev. Her vart dei oppmoda til å ta stilling til nokon spørsmål knytte til menneskerettane. Desse spørsmåla vart eit utgangspunkt for fleire av aktivitetane på seminaret. Samtidig vart kvar enkelt deltakar anbefalt å setje seg inn i lettlesen-versjonen av CRPD.1

Figur 1.1 Deltakere på menneskerettsseminar 19.–20. august 2019.

Figur 1.1 Deltakere på menneskerettsseminar 19.–20. august 2019.

Figur 1.2 Deltakere på menneskerettsseminar 19.–20. august 2019.

Figur 1.2 Deltakere på menneskerettsseminar 19.–20. august 2019.

Fotnotar

1.

Bufdir (2012).

Til forsida