Ot.prp. nr. 6 (2007-2008)

Om lov om endringar i straffeprosessloven og tvisteloven m.m.

Til innhaldsliste

2 Fullbyrding av avgjerder om mellombels sikring

Det følgjer av tvisteloven § 32–2 at § 19–13 om fullbyrding av rettslege avgjerder ikkje gjeld i saker om mellombels sikring. I staden vert dette regulert i §§ 33–5 til 33–7 og § 34–4, jf. Ot.prp. nr. 51 (2004–2005) side 488. Men desse paragrafane dekkjer ikkje føresegnene i § 19–13 tredje og fjerde ledd om høve for retten til å utsetje gjennomføringa av rettslege avgjerder som vert anka. Dette inneber at det ikkje som i dag etter tvangsfullbyrdelsesloven § 2–12, jf. tvistemålsloven § 400, vil vere høve til å utsetje fullbyrdinga av ei avgjerd om mellombels sikring. Denne endringa var ikkje tilsikta frå departementet si side. Derfor går departementet inn for å endre § 32–2 slik at § 19–13 tredje og fjerde ledd også gjeld i saker om mellombels sikring.