Ot.prp. nr. 6 (2007-2008)

Om lov om endringar i straffeprosessloven og tvisteloven m.m.

Til innhaldsliste

4 Merknader til dei einskilde paragrafane

Til lovforslaget del I – endringar i tvisteloven

Til § 18-3 første ledd

Tilvisinga til domstolloven § 146 a er fjerna. Domstolloven har ingen § 146 a.

Til § 20-11 fjerde ledd andre punktum

Tilvisinga til tvangsfullbyrdelsesloven § 3-6 første ledd er uriktig ettersom denne paragrafen vart § 3–4 første ledd ved endringslova 26. januar 2007 nr. 3. Det vert foreslått å rette dette opp, slik at det vert vist til tvangsfullbyrdelsesloven § 3-4 første ledd.

Til § 22-11 første ledd

§ 22–11 første ledd tredje punktum vert foreslått fjerna fordi det er overflødig ved sidan av tredje ledd bokstav a.

Til § 32-2

Formuleringa «unntatt § 19–13» vert foreslått endra til «unntatt § 19–13 første og annet ledd». Endringa inneber at retten som i dag etter tvangsfullbyrdelsesloven § 2–12, jf. tvistemålsloven § 400, vil kunne avgjere å utsetje gjennomføringa av avgjerder om mellombels sikring, jf. § 19–13 tredje og fjerde ledd.

Til § 32-12

Det vert foreslått å rette opp ei lovtilvising. Sjå merknaden til den tilsvarande endringa i tviste­loven § 20-11 fjerde ledd.

Til § 32-13 andre ledd

Det vert foreslått å rette opp ei lovtilvising. Sjå merknaden til den tilsvarande endringa i tviste­loven § 20-11 fjerde ledd.

Til § 37-3 nr. 5

Lov 26. januar 2007 nr. 3 gjorde endringar i domstolloven for å få han tilpassa tvisteloven, jf. tvisteloven § 37–3 nr. 5. Etter dette er domstolloven endra ved lov 15. juni 2007 nr. 38 om endringer i domstolloven mv. (valg og uttaking av lekdommere). Denne lova endrar og opphevar mellom anna fleire av dei same paragrafane som lov 26. januar 2007 nr. 3. Nokre av føresegnene i tvisteloven § 37– 3 nr. 5 må derfor bli oppheva.

Utover dette er nokre openberre skrivefeil retta opp, og det vert foreslått ei endring for å gje kjønnsnøytral nemning.

Til § 37-3 nr. 14

Det vert foreslått ei endring som følgje av den nye omgrepsbruken i ny tvistelov. «Tvistemål» vert foreslått erstatta av «sivile tvister».

Til § 37-3 nr. 17

Det vert foreslått ei endring til kjønnsnøytral nemning.

Til § 37-3 nr. 18

Det vert foreslått ei endring til kjønnsnøytral nemning.

Til § 37-3 nr. 21, 22, 31, 35, 77, 111

Forslaga til endring gjeld endra nemning av ymse etatar som følgje av skifte av etatsnamn. I § 37–3 nr. 21, 22, 31 og 35 vert omgrepet «Rikstrygdeverket» erstatta med «Arbeids- og velferdsetaten». I nr. 77 vert omgrepet «fylkestrygdekontoret» erstatta med omgrepet «Arbeids- og velferdsetaten», og i nr. 111 vert uttrykket «Trygdens organer» erstatta med «Arbeids- og velferdsetaten».

Til § 37-3 nr. 25

Tvisteloven § 37–3 nr. 25 endrar lov 3. desember 1951 nr. 2 om pensjonstrygd for skogsarbeidere, som er oppheva frå 1. januar 2006. Endringa vert derfor foreslått oppheva no.

Til § 37-3 nr. 28

Ein skrivefeil i attgjevinga av ein lovtittel vert foreslått retta.

Til § 37-3 nr. 48

I § 37-3 nr. 48 vart det gjort endringar i tolloven § 39 første, fjerde og sjette ledd. Tolloven § 39 vart endra ved lov 29. juni 2007 nr. 48. Lova vart satt i kraft 1. september 2007. Paragraf § 39 fikk da eit nytt første ledd og tidligare første til sjette ledd ble andre til sjuande ledd. Tilvisinga til tolloven § 39 frå tvisteloven § 37–3 nr. 48 vert her endra i samsvar med dette. I tillegg vert ein openberr skrivefeil i tolloven § 8 retta.

Til § 37-3 nr. 49

Ved ein inkurie er det vist til galt ledd i lov 16. desember 1966 nr. 9 om anke til Trygderetten i innleiinga til endringa i § 23. Det skal vere fjerde, ikkje femte, ledd det vert gjort endringar i.

Til § 37-3 nr. 50

Endringa inneber at det kjem fram at fjerde punktum er nytt.

Til § 37-3 nr. 70

Endringa inneber at det kjem fram at fjerde punktum er nytt.

Til § 37-3 nr. 78

Straffeprosessloven § 277 andre ledd vert endra ved lov 15. juni 2007 nr. 38. Endringa i denne føresegna i tvisteloven § 37–3 nr. 78 er derfor foreslått oppheva. I tillegg er nokre klåre skrivefeil foreslått retta.

Til § 37-3 nr. 82

Uttrykket «som er gjenstand for anke» i § 76 tredje ledd er overflødig, og vert derfor foreslått endra. Det vert også foreslått nokre språklege endringar i § 152 for å tilpasse paragrafen tvisteloven sine reglar om rettsmidlar.

Til § 37-3 nr. 94

Ved lov 1. desember 2006 nr. 65 vart sosialtjenesteloven kapittel 9 oppheva. Loven skal tre i kraft samtidig med tvisteloven 1. januar 2008. Endringane tvisteloven § 37-3 nr. 94 gjer i sosialtjenesteloven kapittel 9, må derfor bli oppheva.

Til § 37-3 nr. 97

Det vert foreslått å rette opp ymse uriktige lovtilvisingar og skrivefeil.

Til § 37-3 nr. 99

Ved lov 1. desember 2006 nr. 65 vart det gjort endringar i barnevernloven kapittel 7, mellom anna i dei føresgnene tvisteloven § 37-3 nr. 99 gjer endringar i. Lov 1. desember 2006 nr. 65 skal tre i kraft samtidig med tvisteloven, 1. januar 2008. Tvisteloven § 37-3 nr. 99 må derfor bli oppheva.

Til § 37-3 nr. 110

Endringa ved lov 26. januar 2007 nr. 3 vert foreslått oppheva fordi ei seinare lovendring (jf. lov 30. juni 2006 nr. 52) har gjort ordlyden i tomtefesteloven § 43 andre ledd kjønnsnøytral.

Til § 37-3 nr. 119

Ein klår skrivefeil er foreslått retta.

Til § 3­7-3 nr. 127­­

Endringa vert foreslått fordi lov 3. mai 2002 nr. 13 om utenrikstjenesten § 20 andre ledd er oppheva.

Til § 37–3 nr. 148

I Ot.prp. nr. 1 (2007-2008) har Finansdepartementet gjort framlegg om eit nytt tredje punktum i ligningsloven § 11-1 nr. 4 og at nåværande tredje og fjerde punktum vert fjerde og femte punktum, jf. forslag til lov om endring i lov 17. juni 2005 nr. 67 (skattebetalingsloven) § 19-3 nr. 11 om endringer i ligningsloven § 11-1 nr. 4. Det er gjort framlegg om at lovendringa skal tre i kraft straks. Tvisteloven § 37–3 nr. 148 vert her tilpassa dette.

Til lovforslaget del II – endring i domstolloven

Til § 48 første ledd

Det vert foreslått ei endring for å gje kjønnsnøytral nemning.

Til lovforslaget del III – endring i forbrukertvistloven

Til § 1 femte ledd

Feil lovtilvising er retta.

Til lovforslaget del IV – endringar i jordskifteloven

Til § 89 a sjuande og åttande ledd

Etter jordskifteloven § 89 a sjuande ledd gjeld lov 17. juni 1985 nr. 51 om utmarkskommisjon for Nordland og Troms § 12 (innkalling av partane) ved jordskifteretten si gjennomføring av dommar av utmarkskommisjonen om grensemerking o.a. Lov om utmarkskommisjon er oppheva ved tvisteloven § 37–3 nr. 83. I høyringsbrev hausten 2007 vil departementet fremme forslag i forskrift om overgangsføresegner om at eventuelle saker om gjenopning av kommisjonen sine avgjerder skal verte handsama av Hålogaland lagmannsrett. Føresegna i lov om utmarkskommisjonen § 12 bør gjelde tilsvarande for jordskifteretten si gjennomføring av ei avgjerd i ei eventuell gjenopningssak. Føresegna er derfor teke inn i jordskifteloven § 89 a sjuande og nytt åttande ledd.

Til lovforslaget del V – endringar i straffeprosessloven

Til § 219

Feil lovtilvising vert foreslått retta opp.

Til § 395 andre ledd første punktum

Endringa inneber at lengda på åremålet til leiaren av gjenopptakingskommisjonen vert endra frå fem til sju år. Sjå elles under 3.

Til lovforslaget del VI – endring i rettsgebyrloven

Høvet vert nytta til å rette ein skrivefeil.

Til lovforslaget del VII – endring i tvangsfullbyrdelsesloven

Til § 6-4

Omgrepet «i søksmåls former» vert endra i samsvar med ny nemning i tvisteloven, sjå tilsvarande tvangsfullbyrdelsesloven § 6-6.

Til lovforslaget del VIII – endringar i eierseksjonsloven

Til §§ 26 og 27

Omgrepet «i søksmåls former» er endra, som i forslaget til endring i tvangsfullbyrdelsesloven.

Til lovforslaget del IX – endringar i burettslagslova

Til §§ 5–9 andre ledd og 5–23 første ledd

Omgrepet «i søksmåls former» er endra, som i forslaget til endring i tvangsfullbyrdelsesloven og eierseksjonsloven.

Til lovforslaget del X – endring i voldgiftsloven

Til § 6 tredje ledd

Feil lovtilvising er foreslått retta.

Til lovforslaget del XI – endring i lov 17. juni 2005 nr. 89 om endringar i tvangsfullbyrdelsesloven

Endringa i tvangsfullbyrdelsesloven § 7–20 ved lov 2005 nr. 89, som ikkje er satt i kraft på dette punktet, vart ikkje endra tilsvarande da § 7–20 vart endra ved lov 2005 nr. 130.

Til lovforslaget del XII – endring i lov om endringar i patentlova m.m.

Høvet vert nytta til å rette ein skrivefeil i lov 2007 nr. 80.

Til lovforslaget del XIII – ikrafttredelse

Lovforslaget del I, XI og XII vert satt i kraft straks. Del XI og XII vert satt i kraft straks fordi dei ikkje har samanhang med tvisteloven og det ikkje er andre grunnar til å utsette ikraftsetjinga. Endringane i tvisteloven i lovforslaget del I vert satt i kraft straks av omsyn til å få dei innarbeida i god tid før tvisteloven vert satt i kraft 1. januar 2008. Sjå under 3 i proposisjonen om grunngjevinga for tidspunktet for ikraftsetjing av endringa i straffeprosessloven § 395. Dei andre endringane i lovforslaget vert sett i kraft samtidig med tvisteloven, 1. januar 2008, fordi dei er konsekvensendringar av tvisteloven i lover som allereie er i kraft.