Prop. 1 S (2020–2021)

FOR BUDSJETTÅRET 2021 — Utgiftskapittel: 20–51, 1600–1651 Inntektskapittel: 3024–3051, 4600–4620, 5341, 5351, 5580, 5605, 5693

Til innhaldsliste

Del 3
Andre saker

6 Likestilling og mangfald

Nedanfor kjem ei oversikt over stoda i arbeidet med likestilling og mangfald på Finansdepartementets område, jf. § 26 i likestillings- og diskrimineringslova. Som nemnt i pkt. 1.1 i del I omfattar denne proposisjonen av praktiske grunnar òg programkategori 00.30 Regjering, som Statsministerens kontor har ansvaret for. Difor er likestillingsstoda for denne programkategorien òg teken med.

Budsjettkapitla på området til Finansdepartementet gjeld for det aller meste administrasjon og statens gjeld og krav. Disponeringa av desse løyvingane har lite å seie for kjønns- og likestillingstilhøve. Departementet sitt arbeid med til dømes skatte-, avgifts- og pensjonsspørsmål har i nokre tilfelle følgjer for likestillinga. Det same gjeld personalpolitikken til departementet og dei underliggjande etatane.

6.1 Finansdepartementet

Kvinner utgjorde 47 pst. av dei tilsette ved utgangen av 2019. Blant leiarane var talet 43 pst. Av seniorsaksbehandlarane var 48 pst. kvinner, og av juniorsaksbehandlarane var 55 pst. kvinner. 50 pst. av juristane og 41 pst. av økonomane var kvinner.

Det følgjer av tilsettingspolitikken at Finansdepartementet skal leggje til rette for at tilsette med varig eller mellombels nedsett funksjonsevne kan bruke kompetansen sin og røynsla si.

Ved utgangen av 2019 hadde om lag 5 pst. av dei tilsette innvandrarbakgrunn. Talet på søkjarar med innvandrarbakgrunn var 13 pst. i 2019.

Sjukefråværet har vore lågt i mange år. Samla legemeldt sjukefråvær var 2,1 pst. i 2019 mot 2,5 pst. i 2018. For kvinner var det likt som i 2018, 3,1 pst., og for menn 1,2 pst. mot 1,9 pst. i 2018.

6.2 Etatane under Finansdepartementet

6.2.1 Likestilling

Tabellen under gjev ei oversikt over prosentdelen kvinner og prosentdelen kvinnelege leiarar ved utgangen av 2019 i verksemdene under Finansdepartementet. Tal i parentes er frå 2018.

Tabell 6.1 Likestilling mellom kjønna

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

Finanstilsynet

Tilsette

6 399 (6 509)

1 529 (1 614)

841 (848)

457 (433)

302 (268)

Prosentdelar:

Kvinner i etaten

61 (62)

46 (47)

49 (49)

60 (62)

53 (53)

Kvinnelege leiarar,

heile etaten

60 (55)

38 (36)

44 (50)

62 (58)

56 (50)

Kvinnelege leiarar region, direktorat og avdeling nivå 2

45 (46)

25 (36)

50 (50)

80 (50)

57 (60)

Kvinnelege leiarar nivå 3

55 (55)

37 (38)

44 (54)

57 (60)

59 (50)

Kvinnelege leiarar nivå 4

63 (59)

44 (42)

Tabellen nedanfor syner tal for legemeldt sjukefråvær for 2019 for båe kjønn, kvinner og menn. Tal i parentes er frå 2018.

Tabell 6.2 Legemeldt sjukefråvær i pst. – båe kjønn, kvinner og menn

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

Finanstilsynet

Båe kjønn

4,0 (4,6)

4,4 (4,7)

3,4 (3,1

3,6 (4,2)

3,0 (2,4)

Kvinner

4,8 (5,8)

5,8 (6,3)

4,6 (4,1)

4,7 (5,4)

3,5 (2,9)

Menn

2,8 (2,9)

3,2 (3,4)

2,2 (2,1)

2,0 (2,1)

2,5 (1,9)

Alle etatane i departementsområdet er IA-verksemder og har plikt til å leggje til rette for at tilsette med varig eller mellombels nedsett funksjonsevne kan vere i arbeid.

Skatteetaten har i 2019 endra organiseringa av vernetenesta og det er laga ei ny handbok for vernetenesta og ny samarbeidsavtale. Vold og truslar frå publikum mot tilsette i publikumsmottak, rettleiingsteneste og i kontrollar er ein stor risikofaktor for utvikling av dårleg helse, sjukefråvær og nedsett funksjonsevne. Eit omfattande prosjekt for persontrygging har laga nye rutinar og verktøy, og leiarar og medarbeidarar har fått opplæring.

Tolletaten har lagt opp til god støtte frå bedriftshelsetenesta i oppfølginga av sjukefråværet og har inngått ein landsdekkande rammeavtale om kjøp av psykolog- og rettleiingstenester ved behov.

Nokre tiltak

Alle verksemder skal leggje til rette for at ingen vert diskriminerte, jamfør òg krava i diskrimineringslovene. Kvar arbeidsplass skal òg leggje forholda til rette for eit godt arbeidsmiljø som inkluderer alle, uavhengig av seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk.

I Skatteetaten var prosentdelen kvinnelege leiarar 60 pst. Det er fleire menn enn kvinner på dei to høgaste leiarnivåa, medan det på dei to lågaste leiarnivåa er fleire kvinner enn menn.

For likestilling mellom kjønna vil etaten særleg arbeide for lik løn for arbeid av same verdi. Vidare har etaten mål om å utjamne utilsikta skilnader i løn.

I Tolletaten var prosentdelen kvinnelege leiarar 38 pst. i 2019. Etatens strategi for kjønnsbasert leiing har som hovudmål om at kvart kjønn skal vere representert med minst 40 pst. innan 2021 i toppleiargruppa og i de andre leiarstillingane.

Tabell 6.3 Kvinners del av menns lønn for nokre yrkeskodar

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

Finanstilsynet

1227 Produksjonsdirektørar innan offentlig adm.

96 (97)

102 (104)

97 (96)

101 (uendra)

97 (98)

2411 Økonomisk og samfunnsvitenskapleg planlegging og utgreiing

92 (90)

83 (89)

96 (99)

99 (uendra)

93 (91)

2412 Juridisk planlegging og utgreiing

95 (96)

101 (99)

110 (101)

Berre kvinner

102 (99)

3432 Revisorar

94 (94)

98 (98)

85 (89)

96 (97

2122 Statistikarar

94 (93)

3441 Tollfunksjonærar

97 (96)

98 (97)

Tala er frå 2019, med 2018-tal i parentes.

6.2.2 Etnisitet

Tabell 6.4 Tilsette med innvandrarbakgrunn

Prosentdelar

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

Finanstilsynet

Heile dep.omr.

Statleg tariffomr.

I alt

8,4 (8,1)

6,0 (5,9)

14,6 (14,3)

13,0 (13,0)

6,8 (7,0)

8,7 (8,5)

11,9 (11,5)

– Frå landgruppe 11

3,0 (3,0)

2,8 (2,9)

4,6 (4,8)

4,2 (4,3)

3,2 (3,1)

3,2 (3,2)

6,0 (5,8)

– Frå landgruppe 22

5,4 (5,1)

3,1 (2,9)

10,0 (9,5)

8,8 (8,7)

3,6 (3,8)

5,5 (5,3)

5,9 (5,6)

1 EU/EFTA-land, Nord-Amerika, Australia og New Zealand.

2 Resten av verda.

Tabellen over syner prosentdelen tilsette med innvandrarbakgrunn i statleg tariffområde, departementsområdet og etatane. Tala er frå 2019, med 2018-tal i parentes.

Alle etatane har innarbeidd statleg praksis om innkalling av minst ein kvalifisert søkjar med innvandrarbakgrunn til jobbintervju. Fleire av etatane deltek òg i mangfaldsnettverk.

6.2.3 Inkluderingsdugnaden

Regjeringa har som mål at fem prosent av alle nytilsette i staten skal være personar med nedsett funksjonsevne eller «hòl i CV-en». Sektoren under eitt oppnådde 1,4 pst. i 2019. Se tabellen under:

Tabell 6.5 Inkluderingsdugnaden

Nytilsette i 2019

Nytilsette i målgruppa

Måloppnåing

Finansdepartementet

29

0

0 pst.

Skatteetaten

445

5

1,1 pst.

Tolletaten

30

1

3,3 pst.

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring

78

1

1,3 pst.

Statistisk sentralbyrå

77

1

1,3 pst.

Finanstilsynet

40

2

5 pst.

Heile sektoren

699

10

1,4 pst.

Finansdepartementet har hatt mange søkjarar til kunngjorde stillingar i 2019, men svært få søkjarar frå målgruppa. Ein person vart rekruttert i 2019 og tiltredde i 2020. Departementet får rekrutteringsstøtte frå Nav St.Hanshaugen og arbeider aktivt for å få fleire tilsette frå målgruppa etterkvart.

Finanstilsynet har oppnådd 5 pst.-målet for 2019 og har hatt eit innlegg på arbeidsgivarportalen om Inkluderingsdugnaden og «hòl i CV-en».

Skatteetaten har teke imot personar med nedsett funksjonsevne til praksisplassar i samarbeid med Nav. Stillingar vert kunngjorde i «jobbforalle», ein møteplass for personar som har problem med å få arbeid gjennom dei mest brukte rekrutteringskanalane. Rekrutteringsprosessen startar med samtalar med leiarane for både å motivere og å peike på ansvaret etaten har i samband med Inkluderingsdugnaden.

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring har etablert eit samarbeid med Nav St.Hanshaugen som inneber at Nav kan søke etter aktuelle kandidatar før stillinga lysast ut offentleg. Etaten har òg bidratt til utviklinga av ein digital rettleiar og verktøy for årsrapportering.

Statistisk sentralbyrå inngår jamleg avtalar om arbeidspraksis med kandidatar som ønskjer å teste ut arbeidsevne eller få praktisk røynsle, ofte i samarbeid med Nav og andre aktørar som arbeider med tilpassing. Etaten har hatt fleire slike avtalar i 2019 og held fram med dette i 2020.

Tolletaten har i 2019 utarbeidd eit e-læringsprogram i rekrutteringsprosedyrane. Etaten har siste året inngått ny avtale om rekrutteringstenester, og der det i utlysinga vart krav om kompetanse på inkludering og mangfald i rekrutteringsarbeidet. Rutinane på dette området vert følgde opp.

6.3 Programkategori 00.30 Regjering

Statsministerens kontor

Statsministerens kontor har som mål å fremje likestilling og mangfald gjennom personalpolitikken. Kontoret legg vekt på å gje kvinner og menn same moglegheit til utvikling i oppgåver og kompetanse, og dermed same høve til lønsutvikling.

Tilstandsrapport kjønn

Tala i tilstandsrapporten er per 1. januar 2020. Tala i parentes er frå 1. oktober 2018.

Fordeling tilsette i %

Kvinner sin del av løna til menn i %

Menn

Kvinner

Alle tilsette

56 (58)

44 (42)

109 (110)

Toppleiing

50 (40)

50 (60)

113 (107)

Andre leiarstillingar

56 (71)

44 (29)

111 (119)

Seniorrådgjevarar

52 (52)

48 (48)

93 (92)

Andre saksbehandlarar o.a.

28 (31)

72 (69)

96 (95)

Sjåførar

86 (89)

14 (11)

98 (99)

Målet er ei jamn kjønnsfordeling blant dei tilsette ved kontoret. Kjønnsfordelinga kan verte betre i einskilde grupper, som sjåførgruppa og gruppa andre saksbehandlarar og støttefunksjonar. I sekretærgruppa var det ti kvinner og ein mann, og i sjåførgruppa var det 24 menn og fire kvinner.

På leiarnivå har kvinner noko høgare gjennomsnittsløn enn menn. Gjennomsnittsløna for menn og kvinner i andre grupper varierer, avhengig av fagområde, kompetanse og arbeidsrøynsle.

Legemeldt sjukefråvær:

Prosentdelar

Båe kjønn

Kvinner

Menn

2018

2,8

5,0

1,2

2019

2,5

4,5

1,0

Tiltak for å fremje likestilling og mangfald

Personar med nedsett funksjonsevne, personar med «hol i CV-en» og personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje ledige stillingar ved kontoret. Dersom det finst kvalifiserte søkjarar i desse gruppene, vert minst ein søkjar kalla inn til intervju.

Statsministerens kontor er IA-verksemd. Kontoret legg vekt på å tilpasse den fysiske arbeidsplassen, utstyr, arbeidsoppgåver og arbeidstid for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne eller for andre med behov for særskild tilrettelegging, til dømes på grunn av sjukdom, graviditet eller omsorgsoppgåver.

Kontoret ynskjer å leggje til rette for gode arbeidsvilkår for ulike fasar i livet. For tilsette over 60 år vert det i medarbeidarsamtalen utført ein seniorsamtale for å kartleggje eventuelle ynskjer om endra arbeidsoppgåver, tilrettelegging av arbeidssituasjonen og andre tiltak som kan styrkje moglegheita for å stå lenge i stillinga.

Regjeringsadvokaten

Regjeringsadvokaten har ein likestillingsplan med mål som skal hindre forskjellsbehandling på grunn av kjønn innanfor område som bemanning, leiing, faglege utfordringar, løn, tilrettelegging for omsorgsplikter m.m. Embetet legg vekt på å gje kvinner og menn same moglegheit for utvikling gjennom oppgåver og kompetansetiltak.

Tilstandsrapport kjønn

Alle tal i tilstandsrapporten er frå 1. januar 2020. Per 1. januar 2020 var to av sju medlemar i leiargruppa kvinner, mot tre av sju per 1. oktober 2018 . Kvinnene utgjorde 44 pst. av advokatane ved embetet og 76,5 pst. av dei administrativt tilsette. Alle advokatane arbeidde i 100 pst. stilling.

Gjennomsnittsløna for kvinnelege advokatar (inkludert leiarar og vikarar) er lågare enn for mannlege advokatar (inkludert leiarar og vikarar), tilsvarande 90,8 pst. av løna til menn (85,6 pst. per 1. oktober 2018). Differansen heng saman med den aldersmessige samansetjinga av kjønnsgruppene. Hos Regjeringsadvokaten får advokatane eit betydeleg lønshopp når dei får møterett for Høgsterett. Tildeling av prøvesaker for Høgsterett følgjer i stor grad ansienniteten og vil såleis alltid skje på kjønnsnøytrale premiss.

Legemeldt sjukefråvær:

Prosentdelar

Båe kjønn

Kvinner

Menn

2018

3,5

5,0

1,9

2019

1,9

3,5

0,2

Tiltak for å fremje likestilling og mangfald

Ved utlysing av stillingar i grupper med skeiv kjønnsfordeling, vert det underrepresenterte kjønnet oppmoda til å søkje. Regjeringsadvokaten kallar som hovudregel inn minst ein søkjar, som regel fleire, med innvandrarbakgrunn til intervju. Tilsvarande gjeld dersom det er kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne eller «hòl i CV-en».

Regjeringsadvokaten legg vekt på å tilpasse den fysiske arbeidsplassen, utstyr og arbeidsoppgåver for medarbeidarane i tillegg til arbeidsoppgåver og arbeidstid for dei med behov for særskilt tilpassing. Embetet tilbyr arbeidsplassvurdering til alle tilsette og gir moglegheit til trening.

For dei som har minimum fem år til fyrste moglege avgangstidspunkt, vert det lagt opp til ein seniorsamtale. Føremålet er å diskutere framtidsutsikter og kva moglegheiter arbeidsgjevar har til å foreslå utfordrande oppgåver og kompetansehevande tiltak som kan gjere det attraktivt å stå lenger i stillinga. For at dei eldre skal stå lenger i stillinga, har embetet innført betre ordningar for seniorar.

6.4 Verknader av virusutbrotet i 2020

I oppmodingsvedtak nr. 537 (2019–2020) av 30. april 2020 bad Stortinget regjeringen om å «kartlegge effekten av koronakrisen på likestillingsfeltet, og komme tilbake til Stortinget med resultater og funn på egnet måte.» I tråd med dette gjev Finansdepartementet nedanfor ei overordna oversikt over likestillingsmessige konsekvensar av virusutbrotet så langt i 2020 på dei område proposisjonen her gjeld.

Finansdepartementet

Finansdepartementet har ikkje registrert likestillingsutfordringar i samband med virusutbrotet i 2020.

Frå veke 10 vart det lagt til rette for at alle medarbeidarar i departementet kunne arbeide heimanfrå med ei oppgradert heimekontorløysing. Frå veke 17 vart det gradvis opna for at fleire kunne vere i departementet sine lokale.

På grunn av arbeidet med koronatiltaka vart det nytta markant meir overtid frå midten av mars til mai, jamført med same periode i 2019. Fordelt på kjønn har menn i snitt arbeidd 2,3 timar meir overtid i veka, medan kvinner har arbeidd 1,6 timar meir overtid i veka enn i dei same vekene i 2019.

Fråværet på grunn av omsorg for sjuke barn fram til desse fyller 13 år er til vanleg lågt. Då barnehagar og skular vart stengde 13. mars, vart dette fråværet fem gongar høgare i mars og nesten tre gongar i april, jamført med dei same månadene i 2019. Mødre tok i snitt ut 2,4 dagar, medan fedre tok ut 3 dagar. Det var ein mindre del fedre som tok ut fråvær for omsorg for sjuke barn (30 pst., mot 43 pst. av mødrene).

Det er ikkje registrert eigenmeldt eller legemeldt sjukefråvær i 1. halvår 2020 med virusutbrotet som orsak. Det eigenmeldte fråværet har vore svært lågt sia mars 2020 for båe kjønn. I 1. kvartal 2020 var det som i 2019 (0,9 pst.) og i 2. kvartal berre 0,1 pst., mot 0,7 pst. i 2019. Fråværet har gått ned både for kvinner og menn.

Det legemeldte sjukefråværet har vore lågt i fleire år og var i 1. kvartal og 2. kvartal 2020 berre på 1,8 pst., mot 2,1 pst. i 1. kvartal 2019 og 1,0 pst. i 2. kvartal 2019. I 1. halvår 2020 har det vore svært lågt, spesielt for menn, medan det for kvinner er på same nivå som i 2019.

Etatane

Skatteetaten har ikkje registrert likestillingsutfordringar eller endringar i kjønnsbalanse og løn i samband med virusutbrotet

Etaten har gjort store tilpassingar for heimekontor. Tilsette med uheldig fysisk arbeidsmiljø eller belastningar heime vert prioriterte for tilbakeføring til kontoret. Utbrotet har for dei fleste i etaten ikkje ført til auka belastningar, men det vart brukt mykje meir overtid for dei som arbeidde med grunnlaget og systemet for kompensasjonsordninga for inntektssvikt.

Det samla sjukefråværet har gått ned med om lag 31 pst. for menn og 21 pst. for kvinner. Det har gått mest ned i aldersgruppa 30–39 år og minst i aldersgruppa over 60 år. Det er registrert ein stor auke i fråvær på grunn av omsorg for sjuke barn i perioden med stengde barnehagar og skular.

Tolletaten har ikkje registrert likestillingsutfordringar i samband med virusutbrotet. Det er ikkje noko som tyder på at arbeidsbelastning og overtidsbruk, fordelt på kjønn og alder, er endra.

Talet på fråværsdagar på grunn av omsorg for sjuke barn har auka i perioden, men det er ikkje noko som syner endra ansvarsdeling mellom kvinner og menn.

Det samla sjukefråværet hadde ein auke i mars 2020, samanlikna med 2019. Dette kjem av at det var mange som vart sjukmelde på grunn av isolasjon, karantene eller skjerming. I april hadde etaten eit lågare fråvær enn i 2019, mest på grunn av eit lågare eigenmeldt sjukefråvær. I mai og juni hadde etaten eit lågare sjukefråvær.

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring antar at det kan vere ei svak auke av likestillingsutfordringar på grunn av virusutbrotet. Etaten har nytta sentrale tiltak og heimekontor i store delar av etaten.

Kvinner hadde auka fråvær i 1. halvår 2020 sjølv om det samla sjukefråværet gjekk ned. Fråvær på grunn av omsorg for sjuke barn dobla seg i perioden. Kvinners del av dette fråværet var om lag 80 pst. i både 2019 og i 2020.

Statistisk sentralbyrå har undersøkt korleis medarbeidarane har fungert på heimekontor, med vekt på effektivitet, HMS og trivnad. Stort sett synte resultata at det gjekk ganske bra.

Tilbakemeldinga til leiarar var at småbarnsforeldre opplevde det svært krevjande å balansere arbeids- og familieforpliktingar i perioden då barnehagar og skular var stengde. Tilbakemeldingane kom frå båe kjønn. Det vart lagt til rette for fleksibilitet og god leiar- og kollegastøtte, men jamvel vart det ei periode med store belastningar for mange.

Talet på dagar med omsorg for sjuke barn auka kraftig i perioden mars–juni 2020, jamført med same periode året før. For kvinner var det ei tredobling, medan det for menn var ei firedobling.

Sjukefråværet i 2. kvartal 2020 på sitt lågaste sidan 2000. Etaten trur at heimekontor og dei generelle smitteverntiltaka har hatt ein effekt for sjukdom generelt. Legemeldt og eigenmeldt sjukefråvær har gått ned for båe kjønn.

Finanstilsynet har ikkje hatt nokon likestillingsutfordringar i samband med virusutbrotet.

Belastinga har vore stor for einskilde og grupper, uavhengig av kjønn i mars og april. Det var generelt uvanleg høg overtidsbruk i perioden 13. mars og fram til og med 3. april, men totalt sett ikkje meir overtid i perioden mars–juni 2020 enn i same tidsrom i 2019.

Talet på dagar med omsorg for sjuke barn auka kraftig i perioden mars–juni 2020, jamført med same periode i fjor. Auken er knytt til stengde barnehagar og skular, og menn hadde ein større del av fråværet enn før.

Sjukefråværet har gått kraftig ned i perioden mars–juni, jamført med same periode i 2019. Det vart nesten halvert (2,5 pst. mot 4,8 pst.).

7 Omtale av klima- og miljørelevante saker

7.1 Finansdepartementet

Regjeringas klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle sektorar i samfunnet har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at ein kan nå dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla. I Prop. 1 S (2020–2021) for Klima- og miljødepartementet finst ei samla omtale av klima- og miljørelevante saker for regjeringa.

Berekraftig utvikling

Finansdepartementet har eit sektorovergripande ansvar for å leggje grunnlaget for effektiv forvalting av dei økonomiske ressursane. I arbeidet med den økonomiske politikken skal Finansdepartementet medverke til at den økonomiske utviklinga skjer på eit miljømessig forsvarleg grunnlag.

Oppfølginga av Dei Sameinte Nasjonanes 17 mål for berekraft er integrert i regjeringas ordinære politiske arbeid. Kommunal- og moderniseringsdepartementet koordinerer den nasjonale oppfølginga, Utanriksdepartementet koordinerer oppfølginga internasjonalt og Finansdepartementet samanfattar rapporteringa i nasjonalbudsjettet.

Sektorovergripande klima- og miljøverkemiddel

Finansdepartementet har det overordna ansvaret for innretting av avgifter i miljøpolitikken. Rett utforma miljøavgifter gjev tildriv til å minke utsleppa og sikrar òg at forureinarane betaler.

7.2 Statistisk sentralbyrå

Statistikk over utslepp til luft er eit prioritert område. Statistikken over utsleppa av klimagassar er mellom anna knytt til oppfølginga av Noregs klimamål slik dei mellom anna kjem fram i Kyoto-protokollen og i Paris-avtala, til ei ny forordning om miljørekneskapar i Eurostat, samt rapportering som følgjer av klimalova. I tillegg til dei krava som Kyoto-protokollen set, vert det no teke med tal for utslepp frå internasjonal luft- og sjøfart og opptak av CO2 i skog. Norsk klimapolitikk er nært knytt til EU. Noreg og EU vil frå 2021 ha eit samarbeide om klimaskyldnadene for 2030.

Statistikken over langtransportert forureining er mest knytt til oppfølginga av Gøteborg-protokollen. SSB har bygd ei produksjonsløysing for energirekneskapen og energibalansen. Ho vart teken i bruk i statistikkproduksjonen i 2017 og vil gje meir robust og effektiv produksjon av desse rekneskapane. Samstundes med omlegginga av produksjonsløysinga, er metodane gjennomgått. Dette òg vil betre grunnlaget for berekningane av utslepp til luft. Tal frå det nye systemet for heile perioden 1990–2017 vart publisert i juni 2018.

Utviklinga av statistikk over verkemiddelbruk, m.a. avgifter og utsleppskvotar, skal halde fram. I 2019 vart statistikken utvida med tal for miljøsubsidiar. Statistikken over reinsing og utslepp av kommunalt avløpsvatn vert utvikla vidare. SSB følgjer òg opp statistikkforordninga om materialrekneskapar; «Sirkulær økonomi» (materialstraumar og attvinning). Ein skal finne målepunkt som er tilpassa nytt direktiv, tilpasse innhentinga av data og avklare korleis statistikken skal kunne ta vare på nasjonale og internasjonale behov. SSB hentar inn data om matsvinn for Landbruksdirektoratet (avlingsstatistikk, grovfor og potet) som kartlegg svinn hos produsentane. SSB skal oppdatere og publisere arealstatistikken for Noreg (arealbruk og arealressursar) og andre meir analyseprega temastatistikkar om areal. Statistikk og analysar er publisert som planlagd.

Etterspurnaden etter miljøstatistikk til internasjonale publikasjonar og indikatorsystem, særleg i EU og OECD, er aukande.

Frå 2017 gav ei EU-forordning rapporteringsplikt på områda rekneskap for miljøvernutgifter (EPEA), statistikk for produksjon, bruttoprodukt, sysselsetting og eksport av miljørelaterte varer og tenester (EGSS) og næringsfordelt energibruk. Alle desse områda vert utarbeidd etter den internasjonale standarden SEEA (System for Environmental and Economic Accounting) og i tråd med prinsipp i nasjonalrekneskapen. Miljørekneskapane er under stadig utviding og utvikling.

Innanfor forskingsverksemda i SSB på miljø- og klimafeltet er det fleire analyseprosjekt i gang, knytt til energimarknadstrendar, klimapolitisk utvikling og bruk av naturressursar. I desse nyttar ein økonomiske analysemodellar av norsk, europeisk og global økonomi. Modellar av norsk økonomi (SNOW) vert òg leverte til Finansdepartementet for bruk der. Forskingsprosjekta nyttar norske data, i hovudsak frå SSB, og medverkar til statistikkarbeid på energi-, utslepps- og miljøfeltet. Prosjekta omfattar mellom anna omstilling av norsk økonomi og studiar av Noregs klimapolitiske mål og verkemiddel, løysingar for låge utslepp i transport, energi og industri, samt verdsetjing av naturressursar og tenester frå økosystema. Forskarane arrangerer og deltar i aktivitetar overfor norske brukarar i forvaltninga, nærings- og organisasjonslivet, allmenta, samt nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar, mellom anna gjennom det samfunnsfaglege senteret for energiforsking, CREE, som miljø- og energiforskarane i SSB er ein del av.

Til forsida