Prop. 1 S (2020–2021)

FOR BUDSJETTÅRET 2021 — Utgiftskapittel: 20–51, 1600–1651 Inntektskapittel: 3024–3051, 4600–4620, 5341, 5351, 5580, 5605, 5693

Til innhaldsliste

1 Tilsetjingsvilkåra for leiarane i heileigde statlege føretak

1.1 Noregs Bank

Sentralbanksjefen er tilsett på åremål frå 1. januar 2017 og ut 2022. Sentralbanksjefen leier òg hovedstyret i Noregs Bank.

Løna til sentralbanksjefen utgjorde 2 450 028 kroner i 2019. Verdien av andre føremoner utgjorde same året 173 643 kroner. Sentralbanksjefens pensjon er regulert gjennom ei eiga pensjonsordning. Maksimalt pensjonsgrunnlag er 12 ganger Folketrygdens grunnbeløp (12 G).

1.2 Folketrygdfondet

Folketrygdfondet er eit særlovselskap, jf. lov 29. juni 2007 nr. 44 om Folketrygdfondet.

Løna til administrerande direktør utgjorde 3 515 000 kroner i 2019 og anna godtgjersle 31 000 kroner.

Administrerande direktør må fråtre si stilling seinast ved fylte 70 år. Oppseiingstida er seks månader. Administrerande direktør har rett til etterløn tilsvarande seks månaders løn, rekna frå utgangen av oppseiingstida, dersom han vert oppsagd eller sjølv seier opp etter avtale med styret. Det er ikkje knytt rett til feriepengar eller pensjon til etterløna.

Folketrygdfondet har ein avtale om innskottsbasert pensjonsordning for dei tilsette. Dersom administrerande direktør i perioden frå han er 65 til 67 år tek imot yting knytt til sjukdom eller arbeidsuførleik, frå Nav og/eller tenestepensjonsordningar, vil desse ytingane kome til frådrag i pensjonen frå Folketrygdfondet i denne perioden. Pensjon for administrerande direktør vil verte samordna med alderspensjon frå folketrygda, oppsett rettighet i Statens pensjonskasse og innskottspensjon frå 67 år.

Til forsida