Prop. 19 S (2022–2023)

Endringar i statsbudsjettet 2022 under Helse- og omsorgsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag til endringar av løyvingane under dei enkelte kapittel

Kap. 3700 Helse- og omsorgsdepartementet

Post 03 Refusjon fra Utenriksdepartementet av ODA-godkjente utgifter

Departementet foreslår å opprette ein ny inntektspost under kap. 3700, post 03 knytt til Medevac-pasientar.

Departementet syner til omtale under kap. 732, post 70 om utgifter knytt til Medevac-pasientar.

Visse innanlandske utgifter for mottak av asylsøkarar og flyktningar kan etter OECD/DAC sine retningsliner godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA) det fyrste året i Noreg og bli telt som bistand. Helseføretaka sine ekstraordinære utgifter til behandling av Medevac-pasientar frå Ukraina kan bli rekna som utviklingshjelp (ODA), jf. omtale under Utanriksdepartementet, kap. 179 Flyktningtiltak i Norge, post 21. Departementet foreslår ei løyving på posten på 140 mill. kroner.

Kap. 701 E-helse, helseregistre mv.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Etter takstforhandlingane med Legeforeningen og fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund, er det for avtaleåret 2022–2023 avsett midlar frå båe partar til utvikling av elektronisk pasientjournal (EPJ). Statens andel utgjer 8,5 mill. kroner til utvikling av leganes EPJ, og 1,5 mill. kroner til utvikling av fysioterapeutanes EPJ for inneverande avtaleår. Legane og fysioterapeutanes andel ble ved takstforhandlingane trekt frå rammeaukingane inneverande avtaleår. På bakgrunn av desse endringane foreslår departementet å auke løyvinga med 10 mill. kroner til kap. 701, post 21, kor 8,5 mill. kroner flyttast frå kap. 2755, post 70 og 1,5 mill. kroner frå kap. 2755, post 71.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 8 mill. kroner til utgreiingsarbeid av ein helseteknologiordning.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 118 mill. kroner mot tilsvarande mindreinntekt over kap. 3701, post 02 knytt til reduserte inntekter til Helsedataservice og frå dei regionale helseføretaka.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 19 mill. kroner knytt til modernisering av folkeregisteret. Reduksjonen skyldast endra innføringsstrategi av persontenestene.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 34 mill. kroner knytt til mindreutgifter til Program digital samhandling. Reduksjonen skyldast endra periodisering.

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga med 153 mill. kroner.

Post 73 Tilskudd til E-helse i kommunal sektor

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 47 mill. kroner knytt til Felles kommunal journal.

Departementet foreslår å flytte 8 mill. kroner av løyvinga knytt til Felles kommunal journal til kap. 701, post 21, sjå omtale der.

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga med 55 mill. kroner.

Kap. 3701 E-helse, helseregistre mv

Post 02 Diverse inntekter

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 118 mill. kroner, sjå omtale under kap. 701, post 21.

Kap. 702 Beredskap

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Departementet foreslår å flytte 2 mill. kroner frå kap. 451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, post 01 knytt til at årets Barents Rescue-øving er avlyst, sjå omtale der.

Post 22 Beredskapslagring legemidler, kan overførast, kan nyttast under post 71

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 950 mill. kroner knytt til at det ikkje er behov for å kjøpe fleire hurtigtestar for å oppretthalde beredskapen i tråd med strategi- og beredskapsplanen til regjeringa for koronaviruspandemien.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 200 mill. kroner knytt til legemiddelberedskap.

Løyvinga dekkjer utgifter til innkjøp, kapitalbinding, drift og forvalting av beredskapslager for legemiddel. Anslag knytt til beredskapslager er usikre som følgje av m.a. pandemiutviklinga, tidspunkt for utbetalingar, pågåande arbeid med dimensjonering og tilgang. Det vert vist til omtale under kap. 5309, post 29 om inntekter på 20 mill. kroner grunna redimensjonering av beredskapslageret for legemiddel.

I dag er det i følgje Helsedirektoratet om lag 13 mill. hurtigtestar lagra i kommunane, og om lag 37 mill. slike testar på det nasjonale felleslageret. Folkehelseinstituttet si oppdaterte risikovurdering om nye utbrot av covid-19, syner at med økt immunitet i befolkninga kan ein forvente lågare belastning på befolkninga og helsetenestene. Om lag 20 mill. av testane går ut på dato i 2023, medan dei resterande går ut på dato i fyrste kvartal 2024. Med bakgrunn i dette, meiner Helsedirektoratet at det er forsvarleg å donere inntil 25 mill. testar. Departementet syner til forslag til romertalsvedtak III. Noreg har allereie, etter førespurnad, donert 1,5 mill. testar til Ukraina.

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga med 1 150 mill. kroner.

Post 71 Tilskudd beredskapslagring legemidler og smittevern, kan overførast, kan nyttast under post 22

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 40 mill. kroner knytt til legemiddelberedskap, sjå omtale under post 22 og kap. 5309, post 29.

Kap. 703 Internasjonalt samarbeid

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Departement foreslår å redusere løyvinga med 4 mill. kroner som følgje av lågere utgifter enn venta på posten.

Post 71 Internasjonale organisasjoner

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 113,5 mill. kroner knytt til lågare programutgift utbetalt i Euro og valutautvikling. Løyvinga dekkjer mellom anna kontingentar til Noreg si deltaking i program og byrå i EU under EØS-avtalen. Storleiken på kontingentane vert fastsette av EU og vil variere frå år til år med mellom anna BNP, valutaforhold og kostnadsutviklinga i programma.

Kap. 704 Norsk helsearkiv

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Departementet foreslår å auke løyvinga med 1,9 mill. kroner mot tilsvarande meirinntekt over kap. 3704, post 02 knytt til auka oppdrag for bistand til helseføretaka med avleveringsprosessen av arkivmateriale.

Kap. 3704 Norsk helsearkiv

Post 02 Diverse inntekter

Departementet foreslår å auke løyvinga med 1,9 mill. kroner, sjå omtale under kap. 704, post 21.

Kap. 710 Vaksiner mv.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner til mindreutgifter som følgje av nye vaksineavtalar og justering av lagerbehaldning. Løyvinga over kap. 710, post 21 dekkjer utgifter til Folkehelseinstituttets innkjøp av vaksinar til barnevaksinasjonsprogrammet og beredskapsavtale for vaksine mot pandemisk influensa.

Post 22 Salgs- og beredskapsprodukter mm.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 7 mill. kroner knytt til meirutgifter som følgje av nye vaksineavtalar og justering av lagerbehaldning. Løyvinga over kap. 710, post 22 dekkjer utgifter til Folkehelseinstituttets innkjøp av vaksinar til utbrot, beredskap og salsvaksinar, under dette vaksinar mot sesonginfluensa. Innkjøp omfattar òg etablering av beredskapslager med vaksinar for gjennomføring av smitteverntiltak som ikkje vert dekt gjennom vaksinasjonsprogramma.

Helse- og omsorgsdepartementet har bestillingsfullmakt til å gjennomføra bestillingar knytt til sals- og beredskapsprodukt utover gitte løyvingar, men slik at samla ramme for nye bestillingar og gammalt ansvar ikkje overstig vedteken ramme. Gjennom etatsstyringa vert fullmakta delegert til Folkehelseinstituttet. Estimert kontraktsforplikting overgår gjeldande bestillingsfullmakt på post 22. Departementet foreslår difor å auke bestillingsfullmakta frå 91,8 mill. kroner til 279,2 mill. kroner, sjå forslag til romertalsvedtak II.

Post 23 Vaksiner og vaksinasjon mot covid-19, kan overførast

Departementet foreslår å flytte 264 mill. kroner til kap. 571, post 60 under Kommunal- og distriktsdepartementet knytt til vaksinasjon mot covid-19. Løyvinga skal dekkje oppfriskingsdose til befolkninga 65 år og eldre og risikogrupper. Midlane vert fordelte etter innbyggartal.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 302,2 mill. kroner som følgje av endra prognoser for utgifter til vaksiner og vaksinekjøp i 2022.

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga med 566,2 mill. kroner.

Kap. 3710 Vaksiner mv.

Post 03 Vaksinesalg

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 31 mill. kroner knytt til at prognosen for sal av influensavaksinen i 2022 er oppdatert på bakgrunn av kor mange vaksinar som er bestilte.

Kap. 714 Folkehelse

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under postane 70, 74 og 79

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 13,55 mill. kroner som følgje av mindreutgift på tobakksområdet. Mellom anna som følgje av at ikraftsetjinga av tobakksdirektivet er forseinka, er aktivitetane på området reduserte.

Post 70 Rusmiddeltiltak mv., kan overførast, kan nyttast under post 21

Departementet foreslår å flytte 0,3 mill. kroner frå kap. 765, post 74 til kap. 714, post 70 knytt til samling av tilskot til Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU).

Kap. 3714 Folkehelse

Post 04 Gebyrinntekter

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 8,4 mill. kroner. Det vert forventa ei mindreinntekt mellom anna som følgje av at ikraftsetjinga av tobakksdirektivet er forseinka.

Kap. 732 Regionale helseforetak

Post 70 Særskilte tilskudd, kan overførast, kan nyttast under postane 72, 73, 74 og 75

Departementet foreslår å auke løyvinga med 140 mill. kroner knytt til Medevac-pasientar. Noreg deltek i det europeiske samarbeidet for medisinsk evakuering av pasientar frå Ukraina, som skjer gjennom EU si ordning for sivil beredskap (UCPM). Regjeringa har vedtatt å ta imot inntil 550 pasientar for behandling i spesialisthelsetenesta. Hittil i år har det kome om lag 120 pasientar gjennom ordninga. Det er lagt til grunn mottak av 150 pasientar i år. Dei regionale helseføretaka har berekna at utgiftene knytt til desse pasientane blir på om lag 140 mill. kroner i 2022. Det vert lagt til grunn at dei regionale helseføretaka skal få dekt kostnadene ved behandling av desse pasientane. Departementet syner til omtale under kap. 3700, post 03.

Post 72 Basisbevilgning til Helse Sør-Øst RHF, kan overførast

Dei regionale helseføretaka har hatt store utfordringar i 2022. Dei har hatt høgare kostnadar som følgje av pandemien enn løyvinga ifm Prop. 51 S (2021–2022). Pandemien har gitt høgare nivå på beredskapen i fleire helseføretak, og lågare nivå på elektiv aktivitet. Lågare aktivitet i sjukehusa i andre halvår 2022 enn det som låg til grunn i budsjettet, gir lågare inntekter frå innsatsstyrt finansiering over kap. 732, post 76. Dette vert ikkje motsvara fullt ut av lågare kostnadar. Sjukehusa har, og har hatt høgare vekst i løn og prisar i 2022 enn det som låg til grunn i Saldert budsjett 2022. I budsjettet for 2022 er det lagt til grunn ein deflator på 2,7 pst. for driftsløyvinga til sjukehusa. Ved framlegginga av statsbudsjettet for 2023 er deflatoren i 2022 anslått til 4,9 pst. I Prop. 1 S (2022–2023) anslo departementet ein negativ realvekst i 2022 på -0,7 pst., samanlikna med anslag på rekneskap 2021.

Det økonomiske resultatet for helseføretaka vil gå ut over investeringane i framtida. Regjeringa meiner at det er viktig at investeringane i helseføretaka kan halde fram. For å legge til rette for at helseføretaka har økonomi som sett dei i stand til å vidareføre naudsynte investeringsplanar, foreslår departementet å auke løyvingane under kap. 732, postane 72–75, med 2 500 mill. kroner. Auken vil betre dei økonomiske resultata for helseføretaka i 2022. Dette vil over tid også sette helseføretaka i betre stand til å følgje opp prioriterte grupper, til dømes innan psykisk helsevern.

Departementet foreslår å auke løyvinga under post 72 med 1 347,9 mill. kroner. Dette er Helse Sør-Øst sin andel av forslaget på 2 500 mill. kroner.

Post 73 Basisbevilgning til Helse Vest RHF, kan overførast

Departementet foreslår å auke løyvinga med 477,4 mill. kroner, sjå omtale under kap. 732, post 72.

Post 74 Basisbevilgning til Helse Midt-Norge RHF, kan overførast

Departementet foreslår å auke løyvinga med 357,6 mill. kroner, sjå omtale under kap. 732, post 72.

Post 75 Basisbevilgning til Helse Nord RHF, kan overførast

Departementet foreslår å auke løyvinga med 317,1 mill. kroner, sjå omtale under kap. 732, post 72.

Post 76 Innsatsstyrt finansiering, overslagsløyving

Saldert budsjett 2022 vart fastsett med utgangspunkt i Saldert budsjett 2021 etter fråtrekk frå ekstraordinære løyvingar i samanheng med koronapandemien, og legg til rette for ein aktivitetsvekst på om lag 1,6 pst. frå dette nivået. Faktisk aktivitet i 2021 vart 3,6 pst. lågare enn anslått, og Saldert budsjett 2022 gav dermed rom for ein aktivitetsvekst på om lag 5,1 pst. Løyvinga vart redusert med 700 mill. kroner i 2022, jf. Stortinget si behandling av Prop. 115 S (2021–2022). Etter reduksjonen i løyvinga på 700 mill. kroner, gjev budsjettet for 2022 rom for ein vekst på om lag 3,5 pst.

Oppdatert prognose for 2022, basert på aktivitetstal per andre tertial 2022, indikerer ein samla aktivitet i 2022 på om lag 0,3 pst. under budsjett, etter reduksjonen i løyvinga på 700 mill. kroner. Dette svarer til ein reduksjon på 147 mill. kroner.

Kvalitetssikring av endeleg grunnlag for avrekning for 2021 syner at det vert utbetala 161,4 mill. kroner for mykje i akontoutbetalingar i 2021. Dette vert handtert i samanheng med utbetalingane til dei regionale helseføretaka i desember 2022, og løyvinga for 2022 vert redusert med 161,4 mill. kroner.

Til saman foreslår departementet at løyvinga på posten vert redusert med 308,4 mill. kroner.

Post 77 Laboratorie- og radiologiske undersøkelser, overslagsløyving

Aktivitetstal per september 2022 gjev eit anslag for utbetalingar i 2022 på 4 180 mill. kroner. Anslaget er 70 mill. kroner lågare enn budsjett etter Stortinget si behandling av Prop. 115 S (2021–2022), der løyvinga vert satt opp med 812 mill. kroner. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 70 mill. kroner i 2022.

Post 80 Kompensasjon for merverdiavgift, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer kompensasjon for meirverdiavgift til dei regionale helseføretaka som følgje av ordninga med nøytral meirverdiavgift. Departementet foreslår å auke løyvinga med 652,4 mill. kroner som følgje av høgare anslag for kompensasjon i 2022 enn lagt til grunn i saldert budsjett.

Post 83 Byggelånsrenter, overslagsløyving

Departementet foreslår å auke løyvinga med 44 mill. kroner knytt til høgare rentenivå enn lagt til grunn i saldert budsjett. Dei regionale helseføretaka betalar renter på byggjelån fram til prosjekta er ferdige. Då vert byggjelånet tillagt renter og gjort om til eit langsiktig lån.

Post 86 Driftskreditter

Departementet foreslår å auke løyvinga med 800 mill. kroner knytt til høgare pensjonspremie. Oppdatert informasjon frå pensjonsleverandørane gjev eit nytt samla tal på pensjonspremie i 2022 på 21,7 mrd. kroner. Det er 800 mill. kroner høgare enn lagt til grunn i Prop. 115 S (2021–2022). Den auka pensjonspremien kjem av endra G-regulering og lønsoppgjeret for 2022. Departementet foreslår at det auka likviditetsbehovet som følgje av dette vert handtert gjennom å auke ramma for driftskreditt.

Kap. 3732 Regionale helseforetak

Post 80 Renter på investeringslån

Departementet foreslår å auke løyvinga med 52 mill. kroner knytt til høgare rentenivå enn lagt til grunn i saldert budsjett. I saldert budsjett vart det lagt til grunn flyterente for nye lån, men det vart i hovudsak fastrenteavtalar for desse låna. Dei regionale helseføretaka betalar renter på investeringslån som er gjort om til langsiktige lån.

Post 85 Avdrag på investeringslån f.o.m. 2008

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 45 mill. kroner knytt til lågare innbetaling av avdrag enn lagt til grunn i saldert budsjett. Det er vald annuitetslån framfor serielån på nye langsiktige lån, som gjev lågare innbetaling av avdrag dei fyrste åra.

Post 90 Avdrag på investeringslån t.o.m. 2007

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 41,2 mill. kroner knytt til lågare innbetaling av avdrag enn lagt til grunn i saldert budsjett.

Kap. 734 Særskilte tilskudd til psykisk helse og rustiltak

Post 01 Driftsutgifter

Gjennom 2022 har mengda av saker som kontrollkommisjonane i det psykiske helsevernet skal behandle auka meir enn det opphavelege anslaget frå Helsedirektoratet. Oppdatert prognose tyder på at utgiftene til kommisjonanes arbeid vil verte 10,6 mill. kroner høgare enn budsjettert for året. Departementet foreslår å auke løyvinga tilsvarande.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner knytt til ein marknadsanalyse for vaksineproduksjon, sjå omtale under kap. 781, post 21.

Post 71 Tvungen omsorg for psykisk utviklingshemmede

Departementet foreslår å auke løyvinga med 75 mill. kroner. Behovet for styrkja løyving har årsak i ein sterk auke i talet på nye dommar til tvungen omsorg, som heng saman med at målgruppa for ordninga vert utvida med dei nye utilreknelegheitsreglane som gjeld frå 2020. Ordninga er no ikkje lenger reservera for psykisk utviklingshemma personar. I tillegg til auka i talet på dommar har dei fleste av dei dyraste butiltaka kome dei seinare åra, som følgje av at mange av dei nye dømte har ein særleg alvorleg og krevjande åtferdsproblematikk. Dette gjer det naudsynt med høgt sikkerheitsnivå/personellinnsats for å verne samfunnet.

Kap. 737 Historiske pensjonskostnader

Post 70 Tilskudd, overslagsløyving

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 18,1 mill. kroner knytt til lågare utbetaling av tilskot enn lagt til grunn i saldert budsjett. Løyvinga dekkjer tilskot til ideelle og andre verksemder sine historiske pensjonskostnader knytt til offentleg tenestepensjonsordning.

Kap. 3740 Helsedirektoratet

Post 05 Helsetjenester til utenlandsboende mv.

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal t.o.m. september 2022. Inntektene for 2022 vert talfesta til 65 mill. kroner, som er noko lågare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 15 mill. kroner.

Kap. 741 Norsk pasientskadeerstatning

Post 70 Advokatutgifter

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 5 mill. kroner. Oppdatert prognose for 2022 gjev eit lågare anslag for utbetalingar i 2022.

Post 71 Særskilte tilskudd

Departementet foreslår å auke løyvinga med 4 mill. kroner. Ein ekstraordinær erstatning på 13 mill. kroner medfører eit forventa meirforbruk på posten.

Kap. 745 Folkehelseinstituttet

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å auke løyvinga med 11,7 mill. kroner kor 10 mill. kroner er knytt til overvaking og handtering av covid-19-pandemien. Resterande 1,7 mill. kroner er knytt til beredskap for lagring av vaksine frå Pfizer til alle over 12 år.

Det er i 2022 avsett 15 mill. kroner til eit nasjonalt tverrfagleg kompetansemiljø for helsestasjons- og skulehelsetenesta. Midlane er knytt til Folkehelseinstituttet og lokaliserast i Levanger. Departementet foreslår å flytte 15 mill. kroner frå kap. 762, post 70 til kap. 745, post 01.

Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 26,7 mill. kroner.

Kap. 746 Statens legemiddelverk

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 3,5 mill. kroner som følgje av mindreutgifter på tobakksområdet. Legemiddelverket har hatt utgifter i samband med å førebu ikraftsetjing av nytt regelverk, og har m.a. kjøpt inn ymse utstyr knytt til registreringsordninga for e-sigarettar. Som følgje av at ikraftsetjinga av tobakksdirektivet er forseinka, er ikkje registreringsordninga for e-sigarettar tredd i kraft endå, og aktivitetane på området er reduserte.

Kap. 3746 Statens legemiddelverk

Post 04 Registreringsgebyr

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 12,8 mill. kroner. Det vart forventa ei mindreinntekt på 10 mill. kroner som følgje av at ikraftsetjinga av tobakksdirektivet er forseinka, og 2,8 mill. kroner i mindreinntekt grunna reduserte endringssøknader for marknadsføringsløyve for legemiddel i 2022.

Kap. 747 Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 4,3 mill. kroner mot tilsvarande mindreinntekt over kap. 3747, post 02 knytt til avviklinga av persondosimetritjenesta.

Kap. 3747 Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet

Post 02 Diverse inntekter

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 4,3 mill. kroner, sjå omtale under kap. 747, post 01.

Kap. 761 Omsorgstjeneste

Post 64 Kompensasjon for renter og avdrag

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 29,4 mill. kroner knytt til oppdatert faktisk gjennomsnittsrente for 2022 frå Husbanken.

Post 73 Særlige omsorgsbehov

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 7,9 mill. kroner knytt til forventa mindreforbruk på tilskottet til lindrande eininga og 0,5 mill. kroner knytt til forventa mindreforbruk på tilskottet til drift av Mosserødhjemmet og Jødisk bo- og seniorsenter. Årsaka til forventa mindreforbruk er at det er overført ubrukte midlar frå 2021 mot avkorting på tilskott i 2022.

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga med 8,4 mill. kroner.

Kap. 762 Primærhelsetjeneste

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 4,6 mill. kroner. 3 mill. kroner er knytt til leiarutdanning for legar. Dette er ei ny satsing av året, og mindre bruk av midlar kjem av at det ikkje er opptak av nok studentar. 1,6 mill. kroner er knytt til overførte midlar frå 2021 som ikkje er nytta.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 54,8 mill. kroner knytt til ordninga med praksiskompensasjon for fastlegar grunna covid-19. Praksiskompensasjonen blei avvikla 1. april i år. Det blei utbetalt meir praksiskompensasjon for siste del av perioden enn forventa.

Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 50,2 mill. kroner.

Post 63 Allmennlegetjenester

Departementet foreslår å auke løyvinga med 100 mill. kroner knytt til testing ved grenseovergangar og i karantenehotell. Kostnadane for etablering og drift av teststasjonar på grensa skal dekkjast over denne tilskotsordninga. Fleire kommunar enn føresett har hatt kostnadar knytt til avvikling, og har vore seine med å melde krav til Helsedirektoratet. I følgje strategien og beredskapsplanen for handtering av koronaviruspandemien skal det oppretthaldast beredskap for etablering av teststasjonar på flyplassar med utanlandstrafikk og på Svinesund og Storskog. Denne beredskapen vert anslått å ha ein månadleg kostnad på om lag 14 mill. kroner.

Det er avsett meir midlar til pilotering av primærhelseteam i 2022 enn det er behov for til å drifte eksisterande pilotar. Dette utgjer 12 mill. kroner. Desse midlane foreslår departementet å nytte til å auke løyvinga til legevakttilskot frå 50 mill. kroner til 62 mill. kroner. Helsedirektoratet fekk fleire søknadar enn det var avsett midlar til. Beredskap for teststing på grensa avvikles ved utgangen av året.

Post 70 Tilskudd, kan nyttast under post 21

Det er i 2022 avsett 15 mill. kroner til eit nasjonalt tverrfagleg kompetansemiljø for helsestasjons- og skulehelsetenesta. Departementet foreslår å flytte 15 mill. kroner til kap. 745, post 01. Sjå omtale der.

Kap. 765 Psykisk helse, rus og vold

Post 60 Kommunale tjenester

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 30 mill. kroner knytt til tilskotet til tenester til menneske med langvarige og samansette tenestebehov. Koronapandemien har sørgt for færre søknadar enn normalt og meir overførte midlar på ordninga.

Post 73 Utviklingstiltak mv.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 28 mill. kroner knytt til tilskotet til arbeid og psykisk helse. På grunn av juridiske avklaringar er det berre utbetalt tilskot til mottakarar som allereie var inne i eit etableringsløp. I Prop. 1 S (2022–2023) foreslår departementet endringar i innretninga på tilskotet frå 2023.

Post 74 Kompetansesentre, kan overførast

Departementet foreslår å flytte 0,6 mill. kroner til kap. 765, post 75, sjå omtale der.

Departementet foreslår å flytte 0,3 mill. kroner til kap. 714, post 70, sjå omtale der.

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga med 0,9 mill. kroner.

Post 75 Vold og traumatisk stress, kan overførast

Departementet foreslår å flytte 0,6 mill. kroner frå kap. 765, post 74 knytt til omlegginga av forskingsfinansiering for kompetansesentera som vart innført i 2022. Ein del av tilskotet skal fordelast til Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS), og difor foreslår departementet å flytte pengane til 75-post.

Kap. 781 Forsøk og utvikling mv.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 79

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 5,5 mill. kroner knytt til ein marknadsanalyse for vaksineproduksjon. Stortinget løyvde i 2021 10 mill. kroner til ein marknadsanalyse for vaksineproduksjon, sjå Prop. 232 S (2020–2021), Innst. 41 S (2021–2022). Grunna avventing av internasjonalt arbeid på området, er ikkje løyvinga nytta. Regjeringa vil kome tilbake på eigna vis for å følgje opp Hurdalsplattforma sine punkter om legemidler. Sjå i tillegg omtale under kap. 734, post 21 og kap. 783, post 21.

Post 79 Tilskudd, kan nyttast under post 21

Helse- og omsorgsdepartementet sender kvart år eit revidert tildelingsbrev til Helsedirektoratet i månadsskifte juni/juli. I inneverande års brev vart tildelt budsjettramme til Helsedirektoratet over kap. 781, post 79 ikkje korrigert med 6 mill. kroner, slik Stortinget hadde vedteken ved behandling av Prop. 115 S (2021–2022). Då dette vart oppdaga har etaten fortløpande redusert ulike tiltak finansiert over budsjettposten. Løyvinga er forslått auka med 4,2 mill. kroner.

Kap. 783 Personell

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 79

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 3 mill. kroner knytt til ein marknadsanalyse for vaksineproduksjon, sjå omtale under kap. 781, post 21.

Kap. 2711 Spesialisthelsetjeneste mv.

Post 70 Spesialisthjelp

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2022. Dette gjev eit anslag for utbetalingar i 2022 på 2 490 mill. kroner. Dette er 30 mill. kroner meir enn budsjett etter Stortinget si behandling av Prop. 115 S (2021–2022) der løyvinga ble satt ned med 70 mill. kroner.

Forhandlingane mellom staten, regionale helseføretak, KS og Den norske legeforening om økonomiske vilkår for perioden 1. juli 2022–30. juni 2023 vart ikkje avslutta i tide til at dei budsjettmessige konsekvensane kunne leggjast fram for Stortinget i vårsesjonen. Ved behandling av Prop. 122 S (2021–2022) fekk departementet fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane frå 1. juli 2022 som følgje av eventuell avtale. Avtale ble inngått 30. juni 2022. Den medførte ein auke i honorarinntekta til legane tilsvarande 3,4 pst. Dette er likt med ein auke i folketrygda sine utgifter for refusjonar mv. til spesialistane på 54 mill. kroner i 2022.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 30 mill. kroner.

Post 71 Psykologhjelp

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2022. Dette gjev eit anslag for utbetalingar i 2022 på 398 mill. kroner. Dette er 20 mill. kroner meir enn budsjett etter Stortinget si behandling av Prop. 115 S (2021–2022) der løyvinga ble satt opp med 3 mill. kroner.

Forhandlingane mellom staten, regionale helseføretak og Norsk Psykologforening om økonomiske vilkår for perioden 1. juli 2022–30. juni 2023 vart ikkje avslutta i tide til at dei budsjettmessige konsekvensane kunne leggjast fram for Stortinget i vårsesjonen. Ved behandling av Prop. 122 S (2021–2022) fekk departementet fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane frå 1. juli 2022 som følgje av eventuell avtale. Avtale ble inngått 20. juni 2022. Den medførte ein auke i honorarinntekta til psykologane tilsvarande 5,2 pst. Dette er likt med ein auke i folketrygdas utgifter for refusjonar mv. til psykologane på 14 mill. kroner i 2022.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 20 mill. kroner.

Post 76 Private laboratorier og røntgeninstitutt

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2022. Dette gjev eit anslag for utbetalingar i 2022 på 1 185 mill. kroner. Dette er 50 mill. kroner mindre enn budsjett etter Stortinget si behandling av Prop. 115 S (2021–2022) der løyvinga ble satt opp med 192 mill. kroner. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 50 mill. kroner.

Kap. 2751 Legemidler mv.

Post 70 Legemidler

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2022. Dette gjev eit anslag for utbetalingar i 2022 på 12 370 mill. kroner. Dette er 310 mill. kroner meir enn budsjett etter Stortinget si behandling av Prop. 115 S (2021–2022). Departementet foreslår å auke løyvinga med 310 mill. kroner.

Post 72 Medisinsk forbruksmateriell

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2022. Dette gjev eit anslag for utbetalingar i 2022 på 2220 mill. kroner. Dette er 40 mill. kroner meir enn budsjett etter Stortinget si behandling av Prop. 115 S (2021–2022). Departementet foreslår å auke løyvinga med 40 mill. kroner.

Kap. 2752 Refusjon av egenbetaling

Post 72 Egenandelstak

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal t.o.m. september 2022. Utgiftene for 2022 vert talfesta til 7 390 mill. kroner, som er noko lågare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 130 mill. kroner.

Kap. 2755 Helsetjenester i kommunene mv.

Post 62 Fastlønnsordning fysioterapeuter, kan nyttast under post 71

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal t.o.m. september 2022. Utgiftene for 2022 vert talfesta til 489 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner.

Post 70 Allmennlegehjelp

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal t.o.m. september 2022. Utgiftene for 2022 vert talfesta til 6 680 mill. kroner, som er noko lågare enn tidlegare grunnlag.

Forhandlingane mellom staten, regionale helseføretak, KS og Den norske legeforening om økonomiske vilkår for perioden 1. juli 2022–30. juni 2023 vart ikkje avslutta i tide til at dei budsjettmessige konsekvensane kunne leggjast fram for Stortinget i vårsesjonen. Ved behandling av Prop. 122 S (2021–2022) fekk departementet fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane frå 1. juli 2022 som følgje av eventuell avtale. Avtale vart inngått 30. juni 2022. Den medførte ein auke i legane si honorarinntekt tilsvarande 3,4 pst. Dette er likt med ein auke i folketrygda sine utgifter for refusjonar mv. til allmennlegane på 178 mill. kroner i 2022.

Departementet foreslår å flytte 8,5 mill. kroner knytt til EPJ-løftet for leger, til kap. 701, post 21, sjå omtale der.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 528,8 mill. kroner.

Post 71 Fysioterapi, kan nyttast under post 62

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal t.o.m. september 2022. Utgiftene for 2022 vert talfesta til 1 425 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag.

Forhandlingane mellom staten, KS og fysioterapeutorganisasonane om økonomiske vilkår for perioden 1. juli 2022–30. juni 2023 vart ikkje avslutta i tide til at dei budsjettmessige konsekvensane kunne leggjast fram for Stortinget i vårsesjonen. Ved behandling av Prop. 122 S (2021–2022) fekk departementet fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane frå 1. juli 2022 som følgje av eventuell avtale. Avtale vart inngått 15. juni 2022. Den medførte ein auke i fysioterapeutane si honorarinntekt tilsvarande 4,48 pst. Dette er likt med ein auke i folketrygda sine utgifter for refusjonar mv. til fysioterapeutane på 62,2 mill. kroner i 2022.

Departementet foreslår å flytte 1,5 mill. kroner knytt til EPJ-løft for fysioterapeutar til kap. 701, post 21, sjå omtale der.

Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 63,5 mill. kroner.

Post 72 Jordmorhjelp

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal t.o.m. september 2022. Utgiftene for 2022 vert talfesta til 81 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 2 mill. kroner.

Post 75 Logopedisk og ortopedisk behandling

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal t.o.m. september 2022. Utgiftene for 2022 vert talfesta til 243 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår å auke løyvinga med 19 mill. kroner.

Kap. 2756 Andre helsetjenester

Post 71 Helsetjenester i utlandet mv.

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal t.o.m. september 2022. Utgiftene for 2022 vert talfesta til 420 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår å auke løyvinga med 3 mill. kroner.

Post 72 Helsetjenester til utenlandsboende mv.

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal t.o.m. september 2022. Utgiftene for 2022 vert talfesta til 260 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 40 mill. kroner.

Kap. 2790 Andre helsetiltak

Post 70 bidrag

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2022. Dette gjev eit anslag for utbetalingar i 2022 på 230 mill. kroner. Dette er 32 mill. kroner meir enn budsjett etter Stortinget si behandling av Prop. 115 S (2021–2022).

Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 32 mill. kroner.

Kap. 5572 Sektoravgifter under Helse- og omsorgsdepartementet

Post 74 Tilsynsavgift

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 3,8 mill. kroner i tilsynsavgift for e-sigarettar. Gebyret skal dekkje Legemiddelverkets tilsynsaktivitetar med e-sigarettar, men som følgje av at ikraftsetjinga av tobakksdirektivet er forseinka vil det ikkje verte krevje inn tilsynsavgift i 2022.

Til forsida