Prop. 46 L (2022–2023)

Endringar i straffegjennomføringsloven (tilsynsråd for kriminalomsorga)

Til innhaldsliste

12 Særleg om tilsyn som vedkjem barn og unge

Som nemnd i proposisjonen punkt 3.4 gjeld det særskilde reglar for å vareta barn og unge sine rettar når dei er domfelte eller gjennomfører straff.

Når tilsynsrådet skal føre tilsyn med barn og unge som er domfelte eller innsette, vil det kunne krevje ei anna tilnærming enn for tilsyn med vaksne. Rådet må innrette tilsyna slik at ein oppnår kontakt med barn og unge, og at ein kjem i posisjon til å få de opplysingane som trengst for å gjennomføre tilsyn. Dette vil krevje barnefagleg kompetanse hjå medlemane som gjennomfører tilsynet, og ein tilpassa metodikk. Både val av kor mange medlemar som bør delta, kven som bør delta og tidsbruken må vurderast særskilt for å sikre at tilsyn der barn og unge oppheld seg, er forsvarleg. I tillegg tilseier både nasjonale reglar om tilsyn med barneverninstitusjonar kor barn kan haldast tilbake, som er eit samanliknbart tilsynsområde, og internasjonale oppmodingar at tilsyn på stader kor barn er fråteken fridomen skal skje hyppig. Dette gir føringar for prioriteringane til tilsynsrådet.

Informasjon om verksemda til tilsynsrådet, og om det konkrete tilsynet, må utformast på en slik måte at barn og unge forstår kva dei er med på og kva dei kan forvente av oppfølging frå tilsynsrådet. Eit viktig punkt vil vere å utforme god informasjon om kva opplysingar tilsynsrådet kan få frå kriminalomsorga, og at sjølv om dei kan ta opp saker med lokalt eller overordna nivå, så kan dei ikkje fatte rettsleg bindande avgjerder. Informasjonen om tilsynsrådet må gjerast tilgjengeleg i dei fysiske og digitale kanalane som treff barn og unge. Tilsynet må òg ha gode moglegheiter for at barn og unge som er domfelt, innsett eller pårørande, lett kan kome i kontakt med rådet. Dette inneber at sekretariatet for tilsynsrådet må ha kompetanse i utforming av informasjon for, og kontakt med, barn og unge.

Det er ikkje berre når sjølve tilsynet omhandlar barn og unge som er domfelte og innsette, at barneperspektivet har relevans. Det særskilde vernet til barn kjem inn òg i dei tilfella tilsynet gjeld vaksne domfelte og innsette sitt samvær med barn, eller for barn som pårørande til domfelte og innsette. Det er derfor naudsynt at alle medlemane i tilsynsrådet får tilstrekkeleg kjennskap til det særskilde vernet av barn, og at det blir utvikla gode rutinar for handtering av ulike former for tilsyn som vedkjem barn. Eit fellestrekk for barn som er i kontakt med kriminalomsorga, er at dei ofte er i ein sårbar situasjon. Vidare vil tilsynsrådet ofte vere eit av mange organ som ønskjer å snakke med barna om deira situasjon, og ha den ulempa at dei normalt ikkje vil kjenne barna frå før. Ei opplæring av medlemane må innebere kunnskap om rettane til barn og unge, og verktøy for eit forsvarleg tilsyn i saker som omhandlar barn, mellom anna for gjennomføring av samtaler med barn. Viktige element her er kunnskap om at det beste for barnet er eit grunnleggjande omsyn som alltid må vege tungt i alle prosessar som vedkjem eit barn, eit barns rett til å uttale seg og dei særskilde rettane som gjeld når barn er fråteken fridomen eller er i konflikt med lova.

Til forsida