Prop. 46 L (2022–2023)

Endringar i straffegjennomføringsloven (tilsynsråd for kriminalomsorga)

Regjeringa legg fram ein proposisjon med forslag til nye reglar som skal styrke tilsyn med domfelte og innsette i kriminalomsorga.

Les dokumentet

Regjeringa foreslår at det blir oppretta eit uavhengig, landsomfattande tilsynsråd, med ei leiing på tre personar oppnemnd av Kongen i statsråd. Eit tilstrekkeleg tal lokale medlemar frå kvart fylke blir nemnd opp av departementet. Funksjonstida aukast frå to til fire år for medlemar, og til seks år for leiar.

Tilsynsrådet skal føre tilsyn med at personar som er innsett i institusjonar som kriminalomsorga har ansvar for, blir handsama i tråd med gjeldande rett, og at deira velferd blir varetatt. For personar som gjennomfører straff utanfor ein institusjon, skal tilsynsrådet føre tilsyn med at dei blir handsama i tråd med gjeldande rett.

Tilsynsrådet skal gjennomføre regelmessige tilsyn med institusjonane og kan gjennomføre både varsla og uvarsla tilsyn. Rådet skal ha åtgang til stader og opplysingar som er naudsynte for å gjennomføre tilsyn, og kriminalomsorga skal medverke til tilsyn. Domfelte og innsette skal kunne kommunisere fortruleg med tilsynsrådet under og mellom fysiske tilsynsbesøk.

Regjeringa varslar òg at det blit oppretta eit sekretariat for tilsynsrådet under Statens sivilrettsforvaltning, som skal hjelpe til mellom anna med opplæring av medlemar, handtering av korrespondanse og publisering, arkivering, rapportering, godkjenning og utbetaling av godtgjeringar. Rådet kan ta opp dei saker som det finn grunn til, og funn blir følgt opp ovanfor det nivået i kriminalomsorga som tilsynsrådet finn hensiktsmessig.

Tilsynsrådet skal ha ein ombodsliknande funksjon. Rådet skal publisere ein årsrapport om arbeidet sitt til departementet og Kriminalomsorgsdirektoratet.

Vidare behandling av saka

Følg proposisjonen på Stortinget