Prop. 46 L (2022–2023)

Endringar i straffegjennomføringsloven (tilsynsråd for kriminalomsorga)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Proposisjonen inneheld forslag til nye reglar om tilsynsråd for kriminalomsorga. Departementet foreslår å vidareføre eksternt tilsyn med kriminalomsorga, og legg fram forslag til nye reglar for uavhengigheit, oppnemning, mynde og organisering av tilsynsrådet, saman med prosessuelle reglar og enkelte materielle rettar og plikter knytt til gjennomføring av tilsyn. Dei nye reglane er foreslått som eit nytt kapittel 2 A i Lov om gjennomføring av straff 18. mai 2001 nr. 21 (straffegjennomføringsloven). I det følgjande blir nemninga «straffegjennomføringslova» brukt.

Framlegget skil seg på nokre punkter frå forslaget i høyringsnotatet. Dette vil bli drøfta i dei enkelte kapitla.

Til forsida