Prop. 46 L (2022–2023)

Endringar i straffegjennomføringsloven (tilsynsråd for kriminalomsorga)

Til innhaldsliste

4 Tilsynsordningar i andre land

Ved ein revisjon av norsk tilsynsordning er det nyttig å sjå på kva for løysingar andre land har vald for tilsyn med kriminalomsorga.

4.1 Danmark

I Danmark fører Justisministeriet tilsynet med kriminalforsorgen på linje med tilsyn med andre underliggjande verksemder. Folketingets ombudsmand har tradisjonelt gjennomført hyppigare og meir systematiske tilsynsbesøk med stader kor personar er fråteke fridomen enn det norske Sivilombodet. Saman med Dansk institut mot tortur (DIGNITY) og Institut for menneskerettigheder (IMR) er det frå 2009 gjennomført tilsyn som følgje av FNs torturkonvensjon. Folketingets Ombudsmand fekk i 2012 eit eige Børnekontor, som fokuserer på gjennomføring av barnekonvensjonen i dansk rett.

Ut over dette, legg ikkje det danske systemet opp til ytterlegare eksternt tilsyn med kriminalforsorgen.

4.2 Sverige

I Sverige er det ikkje etablert ei særskild tilsynsmynde, men det er lagt fram forslag om dette i SOU 2015-57. Forslaget inneber at det etablerast eit uavhengig forvaltningsorgan, som ikkje er underlagt instruksjonsmynde frå departementet eller kriminalvorden. Uavhengigheita til tilsynsorganet blir òg trekt fram som viktig, ved at det sjølv styrer sitt arbeide, og vel ut saker og korleis dei skal handterast ut frå risikoanalysar. Tilsynsorganet skal føre systematisk tilsyn med at lover og bindande forskrifter blir respekterte, men òg anna verksemd i kriminalvorden er omfatta. Forslaget har vore høyrt, men det ligg framleis ikkje føre ein proposisjon frå svenske styresmakter.

4.3 England og Wales

I England og Wales er det eit fleirmaska system for tilsyn og inspeksjonar med stader kor personar er fråteken fridomen. Independent Monitoring Boards (IMB) er en samansetning av mange lokale råd der frivillige ubetalte utan krav til fagkompetanse besøker sin institusjon 3-4 gongar pr. månad. De har berre ansvar for ein einskild institusjon, og det omfattar òg internering av utlendingar i Detention Center og på flyplassar. Råda skal ha tilgang til lokala, og innsette som ønskjer det. Fengselsadministrasjonen skal yte ei viss bistand til inspeksjonane. IMB skal føre tilsyn med alle sider ved livet til dei innsette, utan krav til at det skal haldast opp mot lov og rett. IMB kan ikkje avseie bindande fråsegn, men kan ta opp problemstillingar med fengsla, og adressera dei sentralt til styret eller sentralleddet The National Chair.

Råda skal rapportera, og regionale medlemar skal støtte verksemda og vere bindeledd mellom lokale Boards og The National Chair og styret.

HM Inspectorate of Probation fører tilsyn med straffedømte som gjennomfører straff utanfor institusjon, til dømes med fotlenkje. Enkelte straffar spesialtilpassa for ungdommar, tilbakeføring og frigang er tema for tilsyn frå dette organet.

HM Inspectorate of Prisons (fengselsinspektoratet) førar tilsyn med lukka institusjonar, og omfattar alle fengsel og arrestar, og interneringsanstaltar for utlendingar. The Chief Inspector blir utnemnd av kongen på åremål for fire år, og er rekruttert på grunn av si erfaring. Sjølv om midla kjem frå budsjettet til justisministeren, er inspektoratet uavhengig av parlament og regjering. Etter inspeksjonane blir merknader offentleggjort, og inspektoratet utarbeidar årsmeldingar og kan fremje særskilde meldingar til ministeren. Årsmeldinga skal ministeren sende til parlamentet, og sjefsinspektøren blir ofte kalla inn til høyring. Særskilde meldingar må ministeren svare på offentleg innan 48 dagar.

Inspektoratet har ein stab på om lag 70 personar, kor av sekretariatet hjelper med planlegging av arbeidet, førebuing av publikasjonar, er kontaktpunkt for innsette og andre og støttar inspeksjonsverksemda. Research-avdelinga analyserer funn frå inspeksjonane, fengselsombodet og lagar statistikk og analyser som blir brukt i val av tilsynsobjekt og metode. I tillegg er det fem tverrfaglege team, og eitt helseteam. Kven som deltar i den einskilde inspeksjonen, avheng av erfaringa med institusjonen og storleiken på han. Det blir ikkje stilt yrkeskvalifikasjonar, men lagt vekt på relevant erfaring. God løn samanlikna med andre statstilsette fører til god rekruttering.

The Prison Ombudsman er eit uavhengig organ som handsamar klagar frå domfelte og innsette og granskar alle dødsfall på stader kor personar er fråteken fridomen, uavhengig av dødsårsak. Ordninga i England og Wales er nærare kommentert i Tilsynsråd for kriminalomsorgen, status og reform punkt 9.3 på side 50 flg.

Til forsida