Prop. 46 L (2022–2023)

Endringar i straffegjennomføringsloven (tilsynsråd for kriminalomsorga)

Til innhaldsliste

8 Oppnemning av medlemar til tilsynsrådet

8.1 Gjeldande rett

Det følgjer av straffegjennomføringsforskrifta § 2-3 at departementet nemner opp leiaren for tilsynsrådet, nestleiar og minst to medlemar med varamedlemar, slik at alle fylka i regionen er representerte. Oppnemninga gjeld for to år. Etter førespurnad frå Justis- og beredskapsdepartementet, foreslår statsforvaltarane medlemar og varamedlemar til tilsynsråda. Sjølve oppnemninga skjer ved brev frå departementet.

Retningslinjene seier at minst eitt av rådsmedlemane bør vere eller ha vore dommar, og at dei andre medlemane bør representere ulike yrkesgrupper. Vidare går det fram av retningslinjene at rådet om mogleg bør ha like mange kvinner og menn, og at ein bør ha aldersspreiing mellom medlemane. Personar som fyller 70 år eller meir i løpet av oppnemningsperioden, kan etter retningslinjene ikkje nemnast opp, og medlemar bør ikkje gjenoppnemnast meir enn to gongar, jf. retningslinjene punkt 9.1.

8.2 Framlegg i utgreiinga og høyringsnotatet

Ifølgje utgreiinga om tilsynsordninga bør rådet bemannast med ein leiar, nestleiar og ytterlegere eitt medlem, som alle skal vere beskikka av Kongen som faste medlemar av rådet. Leiar og nestleiar må etter forslaget fylle krava for å vere dommar, og det er tilrådt at dei tre som utgangspunkt bør tilsetjast på heiltid for eit åremål på seks år. Den tredje medlemen skal det ikkje stillast formelle kompetansekrav til, men erfaring frå kriminalomsorga eller sosialt arbeide kan gje viktige perspektiv i tilsynsarbeidet. Dette er grunngjeve med at det vil gje stabilitet og fagleg tyngde. Vidare skal den faste bemanninga etter forslaget supplerast med medlemar med ulik bustad og yrkesbakgrunn som nemnast opp av kongen eller departementet for kortare tid enn dei faste, normalt for fire år. Grunngjevinga for dette er:

Et slikt element vil videreføre et hovedtrekk ved dagens tilsynsråd og dermed de positive – potensielle eller realiserte – sidene ved en slik ordning. Det legger blant annet til rette for å nyte godt av ulike livserfaringer og spre kunnskap om fengselsvesenet og dets utfordringer i befolkningen. (Smith side 67).

I forslaget ligg det ikkje noko krav om at fylka eller regionar skal vere representert, og det er ikkje satt tal på kor mange som skal nemnast opp. Kva for kriterium som skal brukast for fordeling av tilsynsoppgåvene, til dømes geografiske eller institusjonsbaserte, er opp til tilsynsrådet sjølv å avgjere. Både medlemane i leiinga og lokale medlemar skal kunne gjenoppnemnast ein gong, og nokon må ved første konstituering nemnast opp for kortare tid, for å sikre at ikkje alle skal veljast eller skiftast ut på ein gong.

I høyringsnotatet foreslo departementet at Kongen i statsråd nemnar opp leiar, nestleiar og ein tredje medlem. Etter forslag frå statsforvaltarane, blir eit hensiktsmessig tal medlemar nemnd opp slik at alle fylker er representert. Det er ikkje foreslått ei lovfesting av at det skal nemnast opp varamedlemar. Oppnemning av den sistnemnde gruppa medlemar kan delegerast til departementet. Funksjonsperioden er fire år.

Forslaget om fast tilsetjing av leiinga blei ikkje vidareført i høyringsnotatet. Grunngjevinga var at dette ikkje var naudsynt, då betaling etter brukt tid er den vanlege løysinga for arbeid i statlege utval. Eit utval som tilsynsrådet stundom blir samanlikna med, er Kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll. Utvalet er bemanna med personar som ikkje er fast tilsett, og det er truleg mogleg å finne velkvalifiserte juristar som kan utføre arbeidet på verv. Med unntak av at leiar og nestleiar må fylle krava til å kunne utnemnast som dommar, blei det ikkje stilt kompetansekrav til medlemane ut over dei som gjeld for meddommarar etter domstollova § 70 med unntak av kravet om bustad i ein bestemt kommune, som ikkje er relevant for tilsynsrådet.

8.3 Synet til høyringsinstansane

Kriminalomsorgsdirektoratet sluttar seg til den foreslåtte samansetninga av tilsynsrådet. Domstoladministrasjonen er opptatt av å vidareføre at regelen i domstollova § 121 om at Domstoladministrasjonen skal uttale seg viss det nemnast opp ein dommar til tilsynsrådet.

Tilsynsrådet region vest seier at alle medlemane bør nemnast opp av kongen i statsråd, medan Kriminalomsorgsdirektoratet meiner at dei lokale medlemane ikkje treng å nemnast opp av Kongen i statsråd.

Tilsynsrådet region vest ber om ei avklaring av forholdet mellom dei ulike medlemsgruppene.

Departementet bør, ifølgje Jussbuss, Jurk, Jussgruppen Wayback og Tilsynsrådet region vest, ta ei ny vurdering av forslaget om bemanning med betalte bierverv. Tilsynsrådet region vest viser til at Kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll skil seg frå tilsynsrådet ved at den kontrollerte har tilgang på advokat, og at prejudisiell prøving er lettare tilgjengeleg enn for innsette i fengsel. Synspunktet får støtte frå Kriminalomsorgsdirektoratet, som viser til at tilsynsråda i dag er underfinansierte, og at kritikken har vore retta mot manglande ressursar, kontinuitet og kompetanse.

Rettspolitisk forening, Jurk, Jussbuss og Jusgruppen Wayback meiner at alle dei tre faste medlemane bør tilsetjast i heiltidstillingar. Likestillings- og diskrimineringsombodet seier at heiltidsstillingar for desse faste medlemane er riktig på grunn av stor deltaking i landsomfattande reiseverksemd.

Forlenging av funksjonstid for medlemane får brei støtte i høyringa. Tilsynsrådet region vest legg vekt på at endringa bidrar til å sikre kontinuitet og at medlemane skal kunne gjenoppnemnast. Funksjonstida får òg støtte frå einingane i kriminalomsorga, men det blir peika på at ei lengre funksjonstid utan tilsetjing vil kunne bli utfordrande å føre til hyppig utskifting av dei faste medlemane. Gjenoppnemning og funksjonstid for dei lokale medlemane får støtte frå både Norsk fengsels- og friomsorgsforbund, Straffedes organisasjon i Norge, Rettspolitisk forening og Norsk forening for kriminalreform Sistnemnde meiner at funksjonstida for dei tre statsrådsoppnemnde medlemane bør vere seks år på grunn av opparbeida fengselsfagleg kompetanse. Sivilombodet viser til si erfaring med 19 fengselsbesøk, og meiner at ei heiltidsbemanning med tre faste medlemar på seks år er eit absolutt minimum for å kunne vareta eit effektivt og forsvarleg tilsyn.

Advokatforeningen er kritiske til at pensjonistar kan nemnast opp som medlem av tilsynsråda, og meiner at dei som skal nemnast opp bør ha erfaring med tilsynsarbeid. Barneombodet viser til at kompetansen til den tredje faste medlemen ikkje er nærare klårlagt i høyringsnotatet, men at utgreiinga nemner erfaring frå kriminalomsorga eller sosialt arbeid. Barneombodet etterlyser ei vurdering frå departementet om korleis få eit best mogleg tilsyn for mindreårige i fengsel. For denne gruppa nemnast barnefagleg kompetanse, eller kompetanse innan helse, opplæring og barnevern som relevant. Sivilombodet viser til at kravet til kompetanse må vurderast opp mot internasjonale føringar. Norsk forening for kriminalreform og Straffedes organisasjon i Norge er samd i kravet om dommarkompetanse for leiar og nestleiar, og peiker på at det er viktig at tilsynsrådet tilførast medisinsk/psykologisk og tverrfagleg kompetanse.

8.4 Vurdering frå departementet

8.4.1 Samansetjing

Talet på medlemar som skal nemnast opp er ikkje foreslått lovfesta. Departementet har merka seg den breie tilslutninga frå høyringsinstansane til forslaget om at tilsynsrådet bør vere bemanna med ei leiing og lokale medlemar. Både fordi driftseiningane til kriminalomsorga er spreidd rundt i landet, og det dessutan vil ha ein eigenverdi at tilsynsarbeidet inkluderer personar frå heile Noreg, er det ønskjeleg at medlemane av tilsynsrådet blir rekruttert frå ulike stader. Departementet ser det som viktig at alle fylka er representert i rådet med minst eitt medlem.

Samstundes tilseier behovet for kontinuitet, oversikt og heilskapleg drift at rådet òg har medlemar som har fagleg tyngde og er skikka til å leie tilsynsarbeidet.

Tilsynsrådet må ha så mange medlemar som er naudsynt for ei forsvarleg gjennomføring av tilsynsverksemda. I avgjerda må departementet, i samråd med leiinga av tilsynsrådet, sjå på mellom anna geografiske avstandar, talet på driftseiningar og kva for straffegjennomføringsformer som finst i dei ulike fylka.

8.4.2 Oppnemning og godtgjering

Fleire høyringsinstansar har etterlyst ei avklaring av rollene til dei ulike medlemane. Skilnaden består mellom anna i at det føreslås å stille kompetansekrav til tre medlemar, og at dei skal dele deltakinga i dei fysiske tilsyna mellom seg, sjå proposisjonen punkt 8.4.3.1 og punkt 7.1.4. Sjølv om leiaren har hovudansvaret, vil dei to øvrige medlemane delta i planleggjing, koordinering og samordning. I tillegg vil dei saman med leiaren ha nær dialog med sekretariatet. Departementet finn at både omsyn til fagleg tyngde, kontinuitet og kapasitet tilseier at dei tre medlemane blir oppnemnd i statsråd. Dette er same oppnemningsmåte som for andre utval, til dømes Kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll.

For oppnemning av lokale medlemar kan det vere tenleg at mynde til oppnemning ligg hjå departementet. Grunngjevinga for dette er at oppnemning i statsråd er ei ressurskrevjande avgjerdsform. I motsetting til andre eksterne tilsynsordningar og kontrollutval, vil dette tilsynsrådet ha fleire medlemar. Departementet foreslår at alle fylker skal vere representert med minst ein medlem, noko som inneber ei meir omfattande oppnemning enn for andre utval. Både det totale talet på lokale medlemar og behovet for endring i den aktive medlemsmassen på grunn av ønskje om fritak, sjukdom eller anna fråvær, gjer at det truleg blir snakk om ei stor belastning om alle oppnemningane skal gjerast i statsråd. Departementet finn det naturleg at oppnemning som lokalt medlem av tilsynsrådet framleis kan gjerast etter forslag frå statsforvaltaren.

I utgreiinga om tilsynsordninga har professor Smith anbefalt at både leiar, nestleiar og ein tredje medlem av tilsynsrådet skal tilsetjast på heiltid. Forslaget blei ikkje følgt opp i høyringsnotatet. Departementet har merka seg at alle rettshjelpsorganisasjonane, Kriminalomsorgsdirektoratet, Sivilombodet, Likestillings- og diskrimineringsombodet og Tilsynsrådet region vest har uttalt at leiinga bør tilsetjast på heiltid. Det blir grunngjeve med at tilsynsråda i dag er underfinansierte, og at kritikken har vore retta mot manglande ressursar, kontinuitet og kompetanse, og at det i høyringsnotatet leggjast opp til at dei tre statsrådsoppnemnde medlemane skal delta i landsomfattande reiseverksemd i betydeleg omfang.

Departementet ser at det er fleire fordelar med å byggje opp ei fast tilsett leiing. For det første vil ikkje tilsynsarbeidet kome i konflikt med andre arbeidsoppgåver, noko som kan skje om vedkommande har ei anna hovudstilling. Vidare kan det stillast større krav til innsats og resultat. Som nemnd i proposisjonen punkt 7.2.4 er det lagt til grunn at talet på tilsynsbesøk vil auke. I proposisjonen punkt 7.1.4 er det foreslått at ein av dei statsrådsoppnemnde medlemane skal delta på kvart fysiske tilsyn. For dei statsrådsoppnemnde medlemane resulterer forslaga i mykje reiseverksemd i løpet av tilsynsperioden. Ein kan argumentere for at dette enklare let seg gjennomføre for fulltidstilsette enn om vedkommande har dette som eit bierverv som må koordinerast med anna arbeid.

Målsetjinga for den foreslåtte lovendringa er å styrke tilsynsrådet på ein effektiv måte. Ved å opprette eit sekretariat for tilsynsrådet og leggje dette til Statens sivilrettsforvaltning, som har sekretariatsfunksjon for ei rekkje råd og utval, blir det tilført kompetanse og ressursar. Tilsynsrådet blir ikkje ei eiga verksemd, og det er derfor mest hensiktsmessig at leiar og dei statsrådsoppnemnde medlemane oppnemnast til verv.

Storleiken på verva er ikkje foreslått lovfesta, men avgjerast av departementet. Andre råd, kommisjonar og utval har ulike løysingar for storleiken på verv. Det avgjerande for departementet er at storleiken på verva må gje rom for at dei statsrådsoppnemnde medlemane av tilsynsrådet får frigjort tilstrekkeleg tid til å løyse dei oppgåvene dei er pålagde og utføre sine verv på ein måte som styrkar tilsynsrådet og sikrar forsvarleg tilsyn med kriminalomsorga. Dei statsrådsoppnemnde medlemane må få nok tid til gjennomføring og oppfølging av tilsyn, planleggjing og rapportering. Dette kan innebere at nokre av verva, særleg leiaren, kan utgjere eit engasjement på fulltid. Skulle verva få eit betydeleg omfang, kan departementet vurdere om ein skal bruke ein annan tilknytingsform enn verv for leiar eller dei andre medlemane i leiinga.

Saman med forslaget om kompetansekrav til dei statsrådsoppnemnde medlemane, og om å etablere eit sekretariat som kan utføre oppgåver og vere til hjelp for tilsynsrådet i sitt arbeide, inneber dette ei styrking av gjeldande ordning.

Departementet har kome til at leiaren og dei to andre statsrådsoppnemnde medlemane ikkje tilsetjast, men oppnemnast til verv.

8.4.3 Krav til dei som skal oppnemnast

8.4.3.1 Krav til dei statsrådsoppnemnde medlemane av tilsynsrådet

Departementet opprettheld forslaget om at leiar for tilsynsrådet bør fylle krava for å vere dommar, jf. utkastet til § 9 b andre ledd første punktum. Kven som kan utnemnast til dommar, er regulert i domstollova § 53 flg. Det går fram at den som utnemnast må vere norsk statsborgar, vederheftig (betalingsdyktig) og ikkje vere frådømt stemmeretten. Vidare må vedkommande ha juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap, og vere fylt 25 år. Departementet finn ikkje grunn til å stille krav om at leiaren må fylle vilkåra for å kunne utnemnast til høgsterettsdommar, slik tilfellet er for leiaren for Kontrollutvalget for kommunikasjonskontroll. Bakgrunnen for å velje ei anna løysing for leiaren av tilsynsrådet, er at rådet skal ha ein rein ombodsfunksjon. Dei generelle krava for å kunne utnemnast til dommar bør då vere tilstrekkeleg. Dei aktuelle krava inneber ikkje at vedkommande må vere eller ha vore dommar; det er nok at vedkommande oppfyller krava til eit slikt embete. Det er sjølvsagt viktig at leiaren er skikka og har gode leiareigenskapar, men departementet finn ikkje grunn til å lovfeste dette kravet.

Departementet har merka seg at fleire høyringsinstansar etterlyser kompetansekrav til dei andre statsrådsoppnemnde medlemane. Både helsefagleg og barnefagleg kompetanse er trekt fram som viktig, men òg fengsels- og tilsynskompetanse er etterspurt. I årsmeldingane frå tilsynsråda er det handsama tilhøve som vedkjem velferdstenester, som tilgang til helsetenester, eller korleis tenesta blir utført i dei ulike institusjonane.

Vidare inneheld internasjonale oppmodingar krav til kompetente tilsynsorgan. I Mandelareglane rule 83.2 står det: «External inspection teams shall be composed of qualified and experienced inspectors appointed by a competent authority and shall encompass healthcare professionals.»

Generell kommentar nr. 24 avsnitt 95 bokstav (j) til FNs barnekonvensjon inneheld òg krav om eksternt tilsyn frå uavhengige og kvalifiserte inspektørar.

Det kjem fram i ulike rapportar at førekomsten av psykiske lidingar er større mellom domfelte og innsette enn i befolkninga elles. Sjå mellom anna Cramer, V. Forekomst av psykiske lidelser hos domfelte i norske fengsel (prosjektrapport 2014-1), Oslo Universitetssykehus, som var basert på sjølvrapporterte symptom. Rapporten viser at 92 prosent av dei innsette hadde symptom på psykiske lidingar. Undersøkinga tyda på at 73 prosent av dei kartlagde kan ha hatt forstyrringar i personlegdomen, 42 prosent kan ha hatt ei angstliding, 12 prosent kan ha hatt risikofaktorar for sjølvdrap, og 4 prosent hadde teikn på ein pågåande psykose. Tendensen bekreftast av kriminalomsorga, som hausten 2018 rapporterte at det truleg var 25 prosent av dei innsette på eit gitt tidspunkt som hadde behov for oppfølging av psykiske lidingar som ikkje kriminalomsorga hadde kompetanse til å gje. Både psykiske lidingar og rus er utfordringar som går igjen i årsrapport frå Helsedirektoratet (Helse- og omsorgstenester til innsette i fengsel – Årsrapport 2018). «Senter for omsorgsforskning viser i sin rapport «Kartlegging av helse- og omsorgsbehov blant innsatte i fengsel» frå 2022 både at behovet for ulike former for tenester og omsorg auker, og at disse ikkje blir dekte.

Å sikre at tilsynsrådet har riktig kompetanse til å drive mest mogleg effektivt tilsyn i tråd med dei utfordringar og behov som ein veit finst, vil innebere ei reell styrking av ordninga. Helse- og barnefagleg kompetanse vil vidare kunne utgjere ei effektivisering, då rådet slepp å dra på seg utgifter ved å hente inn ekstern ekspertise, eller å måtte føre tilsyn utan denne kompetansen. Fagkompetanse vil både vere nyttig for å sortere kva som er viktig, vurdere risiko og vesentlegheit, og ta konkrete val om kva for tilhøve tilsynsrådet bør handsame, eller korleis spørsmål bør handterast og følgjast opp. Fråsegn frå tilsynsrådet kan bli meir tydelege og treffsikre om dei kjem fram med større fagleg tyngde. Dette kan føre til auka tillit hjå innsette, i kriminalomsorga, i det offentlege ordskiftet og mellom folk flest. Auka tillit og eit godt omdøme skaper auka merksemd og kan medverke til effektiv oppfølging av fråsegna frå tilsynsrådet.

For tilsyn med ungdomseiningar, institusjon oppretta under refusjonsordning og for kriminalomsorg utanfor fengsel, krevst dessutan ein annan kompetanse, i tillegg til den reint fengselsfaglege. For behov for kompetanse knytt til tilsyn med barn og unge, sjå proposisjonen punkt 12.

Ulempa med å stille kompetansekrav er at det kan vere meir utfordrande å rekruttere, særleg når oppdraget skal lønast som verv. Departementet meiner utfordringa ikkje er større enn at det blir vege opp av fordelane med å ha relevant fagkompetanse mellom medlemane, og at godtgjering for verv òg kan tilpassast behov og arbeidsmarknaden.

Departementet foreslår at det lovfestast at dei tre statsrådsoppnemnde medlemane til saman bør inneha barnefagleg og helsefagleg kompetanse, men at dette ikkje er eit absolutt krav. Anna kompetanse kan unntaksvis òg vere tilstrekkeleg. Dette relative kompetansekravet, samanhalde med etablering av sekretariatet, gjer at departementet meiner det ikkje er naudsynt at nestleiar fyller vilkåra for å kunne vere dommar.

Dommarar fråtrer som hovudregel seinast når dei er 70 år, men juristar kan bli oppnemnd som ekstraordinær lagdommar fram til fylte 73 år. Departementet vurderer at den øvre aldersgrensa kan vere over 70 år for leiar for tilsynsrådet. I domstollova § 70, som ligg til grunn for dei lokale medlemane, er ramma at eit medlem ikkje fyller 74 år i oppnemningsperioden. Departementet legg til grunn at denne aldersgrensa kan vere høveleg også for leiaren og dei andre statsrådsoppnemnde medlemane av tilsynsrådet.

8.4.3.2 Krav til dei lokale medlemane

Domstollova § 70 inneheld særskilde krav for å kunne blir vald som medlem av eitt av utvala av meddommarar. Det følgjer av føresegna at den som blir vald til slike utval må ha tilstrekkelege norskkunnskapar, og utover det vere personleg skikka til oppgåva. I tillegg må vedkommande vere over 21 år og under 70 år ved valperiodens start, ikkje vere frådømt den alminnelege stemmeretten, ikkje vere under offentleg gjeldsforhandling eller konkurshandsaming eller i konkurskarantene, vere innført i folkeregisteret som busett i kommunen på valdagen, og vere statsborgar i et nordisk land eller ha stått innført i folkeregisteret som busett i landet dei tre siste åra før valdagen. Tilknytinga til ein bestemt kommune er ikkje relevant for å kunne ha verv som medlem av tilsynsrådet. Elles antar departementet at vilkåra etter domstollova § 70 er høvelege òg for medlem av tilsynsrådet.

Endringane i alderskravet inneber at en person som fyller 70 år i løpet av funksjonsperioden ikkje lenger er utelukka frå oppnemning. Det finst mange i 60- og 70-åra som framleis har kapasitet til å delta i tilsyn og vurdere tilhøve til domfelte og innsette. Samfunnet bør kunne gjere nytte av slike ressursar gjennom deltaking i tilsyn. Det vises til at tilsynsrådet framleis skal ha ein ombodsliknande funksjon, og skal ikkje treffe rettsleg bindande avgjerder. Det einskilde medlem av tilsynsrådet skal dessutan ikkje utøve funksjonen åleine, men ved stadlege tilsyn vere saman med minst eitt anna medlem, jf. utkastet til § 9 a tredje ledd. I tillegg kjem at livserfaring i seg sjølv er verdfullt for tilsynsarbeidet, og at det har vore vanskeleg å rekruttere medlemar til tilsynsrådet. Med forslag om ei funksjonstid på fire år, sjå proposisjonen punkt 8.4.4 betyr dette at medlemar av tilsynsrådet kan vere opp mot, men ikkje fylle 74 år. Dette harmonerer godt til dømes med at juristar som har oppnådd pensjonsalder kan utnemnast til ekstraordinære lagdommarar fram til dei fyller 73 år. For eit medlem av tilsynsrådet som har fylt 70 år, vil det ikkje vere aktuelt å forlengje vervet for ein ny periode.

I tillegg meiner departementet at det mellom dei lokalt oppnemnde medlemane bør finnast tilsyns- eller straffegjennomføringskompetanse.

8.4.4 Funksjonstid

Det er foreslått at alle medlemane av tilsynsrådet framleis skal oppnemnast for ein bestemt periode. Denne forma for tidsavgrensing er vanleg for mange verv, og kan bidra til å sikre både behovet for kontinuitet ved at medlemane blir i vervet ei viss tid, og legg til rette for utskifting som kan vere positivt for utvikling av eit best mogleg tilsynsarbeide. For eit tilsynsråd som har hovudvekt av si verksemd knytt mot besøk i ulike institusjonar, vil to år truleg vere for kort tid til å sikre tilstrekkeleg kontinuitet. Departementet opprettheld forslaget om at funksjonstida bør vere lengre enn to år.

Spørsmålet er om det bør skiljast mellom leiaren og dei øvrege medlema. For samanliknbare heiltidsstillingar som oppnemnast av kongen i statsråd, er det mest vanleg med eit åremål på seks år. Dette følgjer mellom anna for barneombodet jf. barneombodslova § 1 og for likestillings- og diskrimineringsombodet jf. diskrimineringsombodslova § 4. Sjølv om ikkje leiaren av tilsynsrådet er tilsett, men utfører oppgåva på verv, ser ikkje departementet grunn til å velje ei anna løysing for leiaren av tilsynsrådet, som i likskap med dei nemnde verva er ein ombodsliknande funksjon.

For verv som ikkje utgjer eit fulltidsengasjement, er det ikkje like naturleg å etablere like lang funksjonstid. I slike tilfelle har medlemane i varierande grad fleire stillingar, kor deltakinga i tilsynsrådet er eit bierverv. Fire år er ei dobling av gjeldande funksjonstid og vil truleg vere meir føreseieleg og lang nok tid til å sikre tilstrekkeleg kontinuitet. Vurderinga til departementet er at fire år er ein funksjonell funksjonsperiode for begge kategoriar medlemar av tilsynsrådet; både dei som oppnemnast etter utkastet § 9 b første ledd første punktum og dei som blir oppnemnd etter same føresegn andre punktum.

Det er foreslått at alle former for oppnemning kan forlengjast med ein ny periode på fire år for medlemane, og seks år for leiaren. Medlemane har ikkje krav på slik gjenoppnemning, men denne opninga kan vere eit godt grep for å halde på kompetanse og sikre kontinuitet.

Om det oppstår ledige verv, skal det rekrutterast eit nytt medlem. Spørsmålet blir om den nye medlemen bør rekrutterast for den resterande perioden til vedkommande som hadde vervet, eller ein heilt ny periode. Departementet ser at både praktiske omsyn og omsynet til kontinuitet kan tale for at den som rekrutterast inn, rekrutterast for en full periode. Dette er derfor lagt inn i lovutkastet, sjå § 9 b fjerde ledd.

8.4.5 Løysing frå verv som medlem av tilsynsrådet

Det er ein naturleg følgje av krava etter forslaget § 9 b første og andre ledd at oppnemninga kan avsluttast om vilkåra ikkje lenger er oppfylte. Då tilsynsrådet skal ha ein rein ombodsfunksjon, oppstår det ikkje spørsmål om ugyldigheit om eit medlem ikkje fyller vilkåra. Derfor er regelen i tredje ledd utforma som ein kan-regel.

I praksis vil gjennomføringa av verv som medlem av tilsynsrådet vere avhengig av at medlemen ser seg i stand til å utføre oppgåva.

Departementet foreslår at leiar oppnemnast av kongen i statsråd for seks år med moglegheit for ei gjenoppnemning, sjå lovutkastet § 9 b første ledd første og tredje punktum. Nestleiar og eit anna medlem oppnemnast av Kongen i statsråd, og saman med leiar bør desse inneha helsefagleg og barnefagleg kompetanse, sjå lovutkastet § 9 b andre ledd andre punktum. Krav til leiar og andre medlemar går fram av utkastet § 9 b andre ledd første og tredje punktum.

Departementet opprettheld forslaget om fire års funksjonstid og gjenoppnemning for medlemane av tilsynsrådet, sjå utkastet § 9 b første ledd fjerde punktum. Departementet opprettheld òg reglane om fråtreding, med nokre mindre endringar, sjå lovutkastet § 9 b tredje ledd.

Til forsida