Prop. 62 L (2022–2023)

Endringar i Finnmarksloven (endringar som følgje av delinga av Troms og Finnmark fylke)

Til innhaldsliste

2 Departementet sine vurderingar

I loven er det vist til Troms og Finnmark fylke, Troms og Finnmark fylkeskommune, og Troms og Finnmark fylkesting. Departementet foreslår å endre teksten slik at det blir vist til instansane i «Finnmark». På denne måten vil ein gå tilbake til ordninga som var før fylkeskommunane Troms og Finnmark vart samanslegne. Når det gjeld statsforvaltaren, gjer departementet framlegg om å utforme føresegnene slik at dei vil fungere uavhengig av korleis den geografiske inndelinga er mellom dei ulike statsforvaltarembeta.

Finnmarksloven § 7 regulerer korleis medlemmer til styret i Finnmarkseigedommen skal veljast. Ifølje gjeldande føresegn vel Sametinget og Troms og Finnmark fylkesting tre medlemmer med personlege varamedlemmer. Departementet gjer framlegg om at føresegna blir endra tilbake slik ho var før samanslåinga. Finnmark fylkesting skal velje tre medlemmer med personlege varamedlemmer. Framlegget inneber at fylkestingspolitikarane frå Troms ikkje lenger vil vere med å bestemme kven som skal styre Finnmarkseigedommen.

Paragraf 15 i loven seier at styret i Finnmarkseigedommen kan fastsetje at eit eventuelt overskot kan delast ut til Troms og Finnmark fylkeskommune, Sametinget eller allmennyttige føremål. Departementet gjer framlegg om at føresegna vert endra slik at Finnmark fylkeskommune kan vere ein av de moglege mottakarane. Ifølgje siste setning i føresegna skal overskot som blir fordelt til Finnmark fylkeskommune eller allmennyttige føremål vere til gagn for innbyggarane i Finnmark. Departementet føreslår at føresegna blir endra tilbake slik ho var før samanslåinga. Formuleringa vil då bli at styret i Finnmarkseigedommen kan bestemme at eit eventuelt overskot kan delast ut til Finnmark fylkeskommune, Sametinget eller allmennyttige føremål til gagn for innbyggarane i fylket.

Korleis medlemmene til kontrollkomiteen blir valde, er regulert i § 16. Departementet føreslår at medlemmen til kontrollkomiteen og den personlege varamedlemmen, som ikkje blir vald av Sametinget, blir vald av Finnmark fylkesting. Denne framgangsmåten blir slik han var før samanslåinga.

Statsforvaltaren i Troms og Finnmark blir nemnd i §§ 18 og 46. Desse føresegnene fastset at statsforvaltaren i Troms og Finnmark skal vere klageorgan ved klagar etter offentleglova. Departementet føreslår at det vert fastsett at dette skal vere statsforvaltaren, utan å namngje fylket. Det vil seie det statsforvaltarembetet som dekkjer det geografiske området Finnmark.