Prop. 62 L (2022–2023)

Endringar i Finnmarksloven (endringar som følgje av delinga av Troms og Finnmark fylke)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i lovproposisjonen

Kommunal- og distriktsdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg om endringar i Finnmarksloven. Finnmarksloven gjeld forvalting av grunn og naturressursar i Finnmark og inneber ei eiga ordning som skil seg frå forvaltinga i dei andre fylka i landet.

Som følgje av Stortingets vedtak av 14. juni 2022 (Prop. 113 LS (2021–2022) S-delen, Innst. 452 S (2021–2022)) skal Troms og Finnmark fylke delast frå 1. januar 2024. Finnmark blir igjen eit eige fylke.

I samband med samanslåinga av fylka Troms og Finnmark vedtok Stortinget lov 20. desember 2019 nr. 108 om endringer i finnmarksloven (endringer som følge av sammenslåingen av Troms og Finnmark fylker). Dette var reglar om det geografiske verkeområdet for loven, val av styremedlemmer til styret til Finnmarkseigedommen og reglar for utdeling av overskot. Desse endringane var påkravde fordi nemninga «Finnmark» fekk endra tyding i loven.

Når Finnmark no igjen blir eit eige fylke, må det igjen gjerast endringar i loven.

Når departementet vurderer endringar i Finnmarksloven, har departementet plikt til å konsultere Sametinget om desse. Sametinget har ikkje ønskt å konsultere om desse endringane, men viser til standpunkt dei hadde i konsultasjonane om endringane i Finnmarksloven da fylka vart slegne saman (Prop. 134 L (2018–2019)).

Sametinget ønsker sjølv å avgjere måten styre- og varamedlemmer til Finnmarkseigedommen blir valde på. Derfor ønsker Sametinget ei endring av Finnmarksloven §§ 7 og 8. Sametinget meiner at denne løysinga vil vere i samsvar med sjølvråderetten til samane og den sjølvstendige stillinga til Sametinget. Sametinget ber om at departementet vurderer ein eigen prosess for å endre desse føresegnene i Finnmarksloven. Sametinget meiner det er viktig at departementet følgjer opp denne problemstillinga i framtida.

Troms og Finnmark fylkeskommune fekk høve til å komme med innspel til forslaget. Dei meinte det ikkje var behov for det.