Prop. 62 L (2022–2023)

Endringar i Finnmarksloven (endringar som følgje av delinga av Troms og Finnmark fylke)

Til innhaldsliste

3 Høyring

Lovforslaget har ikkje vore på offentleg høyring. I samsvar med utgreiingsinstruksen skal lovforslag normalt sendast på alminneleg høyring. Det kan gjerast unntak dersom høyring vil vere «åpenbart unødvendig» jf. utredningsinstruksen punkt 3-3 andre ledd. Lovendringa er ei oppfølging av eit vedtak frå Stortinget om å dele Troms og Finnmark fylke, og det er klart korleis saka må løysast. Forslaget har derfor ikkje blitt høyrd.