Prop. 62 L (2022–2023)

Endringar i Finnmarksloven (endringar som følgje av delinga av Troms og Finnmark fylke)

Til innhaldsliste

5 Merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget

Til § 7 andre ledd, § 7 sjette ledd, § 10 tredje ledd og § 10 sjette ledd, § 16 første ledd, § 16 femte ledd og § 31 andre ledd.

I loven, slik han er i dag, ligg nokre oppgåver og funksjonar til Troms og Finnmark fylkesting. For eksempel vel fylkestinget tre styremedlemmer med personlege varamedlemmer jf. Finnmarksloven § 7 andre ledd. Dersom styret ikkje blir einige om kven som skal vere leiar, følgjer det av § 7 sjette ledd at fylkestinget, i oddetalsår, vel kven som skal vere leiar og nestleiar. Paragraf 10 inneheld særskilde reglar om endra bruk av utmark og avhending av fast eigedom. Fylkestinget har også i oppgåve å utnemne ein medlem til kontrollkomiteen, jf. § 16 første ledd, og fylkestinget skal også ta imot rapporten til kontrollkomiteen jf. § 16 femte ledd. Forslaget inneber at desse oppgåvene blir lagde til Finnmark fylkesting.

Til § 15

Verksemda til Finnmarkseigedommen har ikkje som føremål å gå med overskot, men dersom dette skjer, kan styret vedta å dele ut heile eller delar av overskotet frå verksemda. Framlegget til departementet inneber at denne føresegna blir endra tilbake slik ho var før samanslåinga. Formuleringa vil då bli at styret i Finnmarkseigedomen kan avgjere at eit eventuelt overskot kan delast ut til Finnmark fylkeskommune, Sametinget eller allmennyttige føremål til gagn for innbyggarane i fylket.

Til §§ 18 og 46

Føresegnene regulerer klageinstansen for klager etter offentleglova. Når loven viser til «statsforvalteren», står det for det statsforvaltarembetet som dekker det geografiske området Finnmark.