Prop. 79 L (2016–2017)

Endringar i opplæringslova (oppstart av grunnskoleopplæring og rett til vidaregåande opplæring)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kunnskapsdepartementet foreslår å endre reglane for oppstart av grunnskoleopplæring for barn som kjem til Noreg. I dag er reglane i opplæringslova utforma slik at barn i praksis skal ha opplæring frå første dag etter at dei har komme til Noreg. Forslaget i proposisjonen inneber at barn skal få opplæring så raskt som mogleg, og seinast innan éin månad.

Kunnskapsdepartementet foreslår vidare to endringar i retten til vidaregåande opplæring. Begge forslaga spring ut av Meld. St. 16 (2015–2016) Fra utenforskap til ny sjanse. Det eine forslaget går ut på å innføre ein rett til vidaregåande opplæring for dei som har fullført vidaregåande opplæring i utlandet og ikkje får denne utdanninga godkjend som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg. Etter dagens regelverk gjeld retten til vidaregåande opplæring berre for dei som ikkje alt har fullført slik opplæring, uavhengig av om opplæringa gir studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg. At dei som har fullført ei opplæring som dei ikkje får nyttiggjort seg i Noreg, ikkje har rett til opplæring, er svært uheldig for den enkelte og er ikkje i tråd med ønsket om ein betre bruk av den kompetansen individa har med seg. Dagens ordning er med på å auke risikoen for at innvandrarar kan bli ståande utanfor arbeidslivet og dermed ha redusert høve til å bli integrerte i det norske samfunnet. Forslaget om å innføre rett til vidaregåande opplæring for denne gruppa gir den enkelte høve til å ta høgare utdanning og betre høve til å delta i arbeidslivet.

Det andre forslaget går ut på å utvide ungdomsretten til vidaregåande opplæring slik at det i tid blir ein direkte overgang mellom ungdomsretten og vaksenretten til vidaregåande opplæring. I dagens opplæringslov er retten til vidaregåande opplæring avgrensa på ein måte som gjer at ein ungdom som ikkje får fullført innanfor ungdomsretten, kan måtte vente i inntil fire år for å få rett til å fullføre opplæringa. Eit slikt opphald i opplæringa kan føre til at ungdom ikkje fullfører vidaregåande opplæring. Forslaget om å utvide ungdomsretten vil leggje til rette for at dei som er motiverte til å fullføre opplæringa, ikkje blir tvinga til å vente.

Til forsida