Prop. 79 L (2016–2017)

Endringar i opplæringslova (oppstart av grunnskoleopplæring og rett til vidaregåande opplæring)

Til innhaldsliste

4 Rett til vidaregåande opplæring for dei som har fullført vidaregåande opplæring i utlandet, men som ikkje får denne godkjend i Noreg

4.1 Bakgrunnen for forslaget

Mange vaksne innvandrarar kjem til Noreg etter å ha fullført og bestått vidaregåande opplæring i utlandet. Problemet for mange med fullført utanlandsk vidaregåande opplæring er at denne opplæringa ikkje blir godkjend i Noreg. Sjølv om opplæringa gir studiekompetanse i landet ho er fullført i, kan ho mangle fag som ein må ha for å oppfylle kravet til generell studiekompetanse i Noreg. Det er fastsett i GSU-lista (Generell studiekompetanse for utanlandske søkjarar) kva slags utanlandsk utdanning som gir grunnlag for å søkje høgare utdanning i Noreg. For ein del land blir det stilt krav om høgare utdanning frå heimlandet i tillegg til vidaregåande opplæring. Innanfor fag- og yrkesopplæringa er det mange land som har eit anna nivå på opplæringa, eit anna innhald i opplæringa eller heilt andre fag- eller sveinebrev, noko som gjer at den utanlandske opplæringa ikkje gir tilsvarande yrkeskvalifikasjon i Noreg. Den 1. august 2016 fekk Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) etablert ei ordning for godkjenning av utanlandsk vidaregåande fagopplæring. Dermed vil det etter kvart bli teke stilling til kva for utanlandske fagopplæringar som blir godkjende som sidestilte med tilsvarande norske fag- eller sveinebrev. Felles for dei som ikkje får godkjent den utanlandske vidaregåande opplæringa si i Noreg, er at dei ikkje har det same høvet til å få arbeid eller til å studere vidare som dei som har fullført vidaregåande opplæring i Noreg. For den enkelte kan dette gjere det vanskelegare å komme inn på arbeidsmarknaden og dermed auke risikoen for arbeidsløyse. Det kan òg føre til at folk ikkje får gjort seg nytte av den kompetansen dei faktisk har, og at dei i staden må ta arbeid som ufaglærte. Dette kan òg vere eit problem for arbeidslivet, som manglar kompetente fagfolk på mange område. For dei som har utanlandsk studiekompetanse som dei ikkje får godkjend i Noreg, inneber det at dei ikkje kan komme inn på høgare utdanning i Noreg.

I dag finst det ikkje noko system for å kartleggje og registrere utdanninga til innvandrarar. Derfor er det heller ikkje mogleg å seie kor mange som har fullført vidaregåande opplæring i utlandet, eller kor mange av desse som ønskjer å ta vidaregåande opplæring i Noreg. Førespurnader til departementet og underliggjande organ som NOKUT, Samordna opptak, Kompetanse Noreg og Utdanningsdirektoratet viser at det for ein del er eit problem at dei har ei utdanning frå heimlandet som ikkje blir godkjend i Noreg, men likevel ikkje har rett til å få den tilleggsutdanninga dei treng. Sidan 1. september 2016 har Kompetanse Noreg prøvd ut eit nytt elektronisk verktøy der flyktningar sjølve registrerer kompetansen sin og arbeidserfaringa si, mens dei sit i mottak. Dette systemet vil på sikt kunne gi betre indikasjonar på utdanningsnivået blant flyktningar.

4.2 Gjeldande rett

Opplæringslova § 3-1 regulerer retten til vidaregåande opplæring for dei under 25 år, mens § 4A-3 regulerer retten til vidaregåande opplæring for dei som er over 25 år.

Etter opplæringslova § 3-1 har ungdom som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, rett til tre års heiltids vidaregåande opplæring. Retten til opplæringa må takast ut innanfor ein samanhengande periode på fem år, eller seks år når opplæringa heilt eller delvis blir gitt i lærebedrift, og innan utgangen av det året ein fyller 24 år. Ved omval blir retten til opplæring utvida med eitt år. Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1, må normalt fullføre heile opplæringsløpet for å oppnå studiekompetanse eller yrkeskompetanse. Regelverket opnar for å få godskrive delar av tidlegare gjennomgått opplæring, slik at ein ikkje treng å fullføre eit heilt opplæringsløp. Det opnar derimot ikkje for at den enkelte kan få mindre opplæring eller kortare læretid på grunn av realkompetansen sin.

Opplæringslova § 4A-3 gir rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Retten gjeld for dei som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring. Retten til vidaregåande opplæring etter § 4A-3 gjeld frå det året ein fyller 25 år. Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter § 4A-3, har rett til å få realkompetansen sin vurdert. Med utgangspunkt i denne vurderinga skal opplæringa tilpassast etter det behovet den vaksne har. Det vil seie at dei som berre treng litt opplæring for å få vitnemål eller fag- eller sveinebrev, ikkje treng å gjennomføre ei fullstendig vidaregåande opplæring.

Retten til vidaregåande opplæring i opplæringslova gjeld fram til ein har fullført vidaregåande opplæring. Med fullført vidaregåande opplæring siktar ein til om slik opplæring har vore gjennomført, ikkje til resultatet av opplæringa. Dei som har fullført vidaregåande opplæring tidlegare utan å stå, har dermed ikkje rett til vidaregåande opplæring etter §§ 3-1 eller 4A-3. Det same gjeld dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, sjølv om den opplæringa dei har fått, ikkje gir generell studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg.

4.3 Høyringsforslaget

Departementet foreslo i høyringa å endre opplæringslova slik at dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, og som ikkje får denne godkjend i Noreg, får rett til vidaregåande opplæring i Noreg.

Departementet foreslo at dei som er over 25 år, får rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3. Det vil seie at opplæringa skal ta utgangspunkt i den kompetansen den enkelte har, og det behovet den enkelte har for opplæring. Opplæringa vil dermed supplere den kompetansen vedkommande har fått gjennom opplæringa frå utlandet, slik at vedkommande kan oppnå studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg. Departementet la i høyringa til grunn at dei som har fullført vidaregåande opplæring i utlandet, vil ha ein del kompetanse som er relevant også i Noreg, og at dei dermed ikkje treng opplæring i alle fag for å kunne oppnå studiekompetanse eller yrkeskompetanse.

Når det gjeld dei som er under 25 år, var departementet i tvil om dei bør få rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 eller etter § 4A-3. Departementet viste til at det i mange tilfelle truleg vil vere mest tenleg for den det gjeld, om opplæringa kan byggje vidare på den kompetansen vedkommande har. Ifølgje høyringsforslaget talar dette for at også dei under 25 år bør få rett til vidaregåande opplæring etter § 4A-3, ettersom opplæringa etter denne føresegna skal tilpassast det behovet den enkelte har for opplæring ut frå den realkompetansen vedkommande har. Departementet viste òg til at det på den andre sida kan vere ein fordel om dei under 25 år får ungdomsrett etter § 3-1, slik at alle under 25 år blir behandla likt i lovverket. Opplæring etter § 3-1 inneber at ein normalt må gjennomføre tre års opplæring med mindre ein får delar av den utanlandske opplæringa godskriven.

Departementet bad særleg om å få vite korleis høyringsinstansane stilte seg til dette spørsmålet – altså om dei som er under 25 år og har fullført vidaregåande opplæring i andre land, og som ikkje får opplæringa godkjend i Noreg, skal få rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 eller § 4A-3.

4.4 Høyringsfråsegner

Om lag 70 høyringsinstansar har uttala seg om forslaget. Alle desse høyringsinstansane støttar forslaget om at dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, og som ikkje får denne godkjend i Noreg, får rett til vidaregåande opplæring i Noreg. Høyringsinstansane sluttar seg til at dei som er over 25 år, skal få vaksenrett etter opplæringslova § 4A-3, men dei deler seg i spørsmålet om dei under 25 år skal få rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1 eller etter § 4A-3.

Fylkeskommunane Nordland, Aust-Agder, Vest-Agder, Oppland, Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag, Hordaland og Hedmark, i tillegg til mellom andre Spekter, Akademikerne, KS og Helsedirektoratet, meiner at dei som ikkje får godkjent utdanninga si frå utlandet og er under 25 år, bør få ungdomsrett etter § 3-1. Dei legg mellom anna vekt på at ungdomsretten kan gi rett til spesialundervisning, gratis skyss og særskild språkopplæring. Retten til særskild norskopplæring kan vere særleg viktig for denne gruppa. Somme legg òg vekt at det for mange vil vere viktig å få gå på skolen saman med andre i omtrent same aldersgruppe. Nordland fylkeskommune, som alt praktiserer den foreslåtte retten, seier mellom anna:

«Fylkesrådet har erfaring på dette felt gjennom å ha vedtatt og praktisert en slik rett. Fylkesrådet mener derfor at minoritetsspråklig ungdom under 25 år bør gis rett etter ungdomsretten i § 3-1 og ikke behandles annerledes enn ungdom under 25 år oppvokst i Norge. De får da de samme rettighetene som andre under 25 år som er koplet til ungdomsretten (bl.a. spesialundervisning og skyss). Godkjent fag som de har fra sin utenlandske utdanning kan gi fritak for enkeltfag, men samtidig beholder de elevstatusen.»

Mellom andre Telemark fylkeskommune, Sør-Trøndelag fylkeskommune, Oslo kommune, Kompetanse Noreg, Hovedorganisasjonen Virke og Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund meiner at dei under 25 år som ikkje får godkjent utdanninga si frå utlandet, bør få vaksenrett etter § 4A-3. Dei legg mellom anna vekt på at mange i denne gruppa har mykje kompetanse og bør få eit opplæringstilbod som er lagt til rette på grunnlag av den realkompetansen den enkelte har. Dei viser òg til høvet til å få komprimerte løp. Enkelte høyringsinstansar viser òg til at ein del unge under 25 år har forsørgjaransvar og jobb og derfor vil ha nytte av det høvet vaksenopplæringa gir til å få fjernundervisning og undervisning på kveldstid. Nasjonalt senter for felles system og tenester for forsking og studium (CERES) meiner dei som ikkje får den utanlandske utdanninga si godkjend, bør få vaksenrett uavhengig av alder. CERES seier mellom anna:

«CERES presiserer at disse søkerne ikke har behov for et nytt og fullstendig vitnemål, men kun trenger å ta de fagene som vil gi dem generell studiekompetanse. På denne bakgrunnen mener CERES det er mest hensiktsmessig at personer med fullført videregående opplæring fra et annet land der opplæringen etter GSU-listen ikke gir studiekompetanse i Norge, får rett til videregående opplæring etter § 4A-3 i opplæringsloven, uavhengig av alder.»

Somme høyringsinstansar, mellom andre Buskerud fylkeskommune, Landsorganisasjonen i Noreg, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og Norsk organisasjon for asylsøkere, foreslår ei fleksibel løysing. Dei peikar på at aldersgruppa det gjeld, er svært samansett, og at somme vil ha best nytte av ungdomsrett, mens andre vil ha best nytte av vaksenrett. Derfor meiner dei at lova bør vere slik at den enkelte kan få det tilbodet vedkommande har best nytte av. Enkelte høyringsinstansar foreslår å flytte aldersgrensa mellom ungdomsretten og vaksenretten til for eksempel 23 år.

Somme høyringsinstansar meiner at retten må avgrensast til å gjelde den opplæringa som den enkelte manglar for å få opplæringa si godkjend i Noreg. Andre peikar på at det må avklarast om dei som berre manglar norsk og engelsk for å få godkjend studiekompetanse, skal ha rett til dette. Vestfold fylkeskommune peikar på at det må presiserast om retten til opplæring gjeld restopplæring, eller om dei som er omfatta av retten, får rett til ei ny utdanning. Fylkeskommunen viser til at opplæringsbehovet vil bli meir omfattande og strekkje seg over lengre tid dersom retten ikkje blir avgrensa til å gjelde restopplæring.

Enkelte høyringsinstansar spør kva som skal til for å få rett til vidaregåande opplæring etter forslaget, og korleis det skal dokumenterast at ei opplæring frå utlandet ikkje gir studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg. Oslo kommune spør om fylkeskommunane kan stille krav om at utdanninga er vurdert av Samordna opptak eller NOKUT før ein gir rett til vidaregåande opplæring. Vidare spør Oslo kommune om søkjarar med høgare utdanning frå utlandet òg får rett til vidaregåande opplæring dersom verken den høgare utdanninga eller den vidaregåande opplæringa blir godkjend i Noreg.

Fleire av fylkeskommunane som har uttala seg, meiner at forslaget vil føre til ein større utgiftsauke enn det departementet har lagt til grunn i utrekningane sine.

4.5 Departementet sine vurderingar

4.5.1 Generelt

Mange som har gjennomført og bestått vidaregåande opplæring i utlandet, opplever at studiekompetanse frå utlandet ikkje nødvendigvis gir studiekompetanse i Noreg, eller at fagopplæringa ikkje blir anerkjend i norsk arbeidsliv. Departementet meiner det er viktig at alle som er busette i Noreg, får rett til ei opplæring som kan føre fram til studiekompetanse eller yrkeskompetanse som blir godkjend i Noreg. Dette er viktig for den enkelte med utanlandsk opplæring, slik at vedkommande kan komme i arbeid og forsørgje seg sjølv og bli betre integrert i samfunnet. Vidare er det viktig at den kompetansen innvandrarar har med seg når dei kjem til landet, kan supplerast så han blir sidestilt med den kompetansen norsk opplæring gir. Då vil arbeidslivet kunne nyttiggjere seg denne kompetansen best mogleg. Dette vil òg vere tenleg sett frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Slik departementet vurderer det, bør derfor dei som har vidaregåande opplæring frå utlandet som ikkje gir studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg, få rett til vidaregåande opplæring.

Fleire fylkeskommunar meiner at forslaget vil føre til ein større utgiftsauke enn det departementet har lagt til grunn i utrekningane sine. Inntil regelverksendringa er sett i kraft og har fått verke ei viss tid, er det vanskeleg å talfeste kor ressurskrevjande utvidinga av retten vil bli for fylkeskommunane. Departementet har i vurderinga av økonomiske konsekvensar bygd på erfaringstal over søknader til vidaregåande opplæring frå personar med innvandrarbakgrunn. Erfaringstala er innhenta frå nokre fylkeskommunar i samarbeid med KS. Departementet meiner at dette er det beste grunnlaget for å vurdere dei økonomiske konsekvensane. Sjå omtalen av økonomiske konsekvensar i kapittel 6.

4.5.2 Vilkår for retten til vidaregåande opplæring

Somme høyringsinstansar spør kven som skal vurdere om den utanlandske utdanninga gir studiekompetanse, og om fylkeskommunen kan krevje at søkjaren legg fram ei vurdering frå Samordna opptak. Departementet viser til at det går fram av Generell studiekompetanse for utanlandske søkjarar, også kalla GSU-lista, kva for utanlandske utdanningar som gir studiekompetanse. I tillegg til å ha gjennomført utdanning som står på lista, må den enkelte dokumentere tilstrekkelege kunnskapar i norsk og engelsk.

Slik departementet vurderer det, er det mest tenleg at fylkeskommunen, på bakgrunn av ein søknad frå ein med utanlandsk vidaregåande opplæring, tek stilling til om vedkommande alt har fullført ei vidaregåande opplæring som blir godkjend i Noreg. Dersom opplæringa står på GSU-lista, og dersom personen òg har tilstrekkelege kunnskapar i norsk og engelsk, har vedkommande godkjend norsk studiekompetanse. Dersom det er tvil om norsk- og engelskkunnskapane, må den enkelte sjølv sørgje for å få teke testar som dokumenterer kunnskapane.

I enkelte høyringsfråsegner blir det stilt spørsmål om korleis vurderinga av utanlandsk fagopplæring skal skje, og kven som skal gjere vurderinga. Departementet viser til at det for utanlandsk fagopplæring førebels ikkje finst ei tilsvarande liste over kva for opplæringar som er godkjende. NOKUT har fått i oppdrag å etablere ei ordning for godkjenning av utanlandsk fagopplæring. Førebels behandlar NOKUT søknader som gjeld utvalde lærefag frå Tyskland og Polen. Gradvis vil NOKUT utvide ordninga til å gjelde fleire lærefag frå fleire land. Kva for utanlandske lærefag som er godkjende som sidestilte med norsk fagopplæring, vil gå fram av ei liste på heimesida til NOKUT. Lista vil òg gi opplysningar om opplæring frå utlandet som er vurdert av NOKUT, men som ikkje blir rekna som sidestilt på grunn av manglar når det gjeld nivå eller innhald. Denne lista vil vere utgangspunkt for å avgjere om den enkelte har rett til vidaregåande opplæring. For fagopplæring som framleis ikkje er vurdert av NOKUT, vil utgangspunktet vere at opplæringa ikkje er godkjend i Noreg, og at den enkelte då har rett til vidaregåande opplæring i Noreg. Mange av flyktningane og asylsøkjarane i Noreg kjem frå opphavsland der utdanningssystemet er så forskjellig frå det norske at fagopplæring frå desse landa som hovudregel ikkje vil kunne bli godkjend. Departementet har bede NOKUT om å lage ei oversikt over slike land. I somme land er infrastrukturen øydelagd og viktige samfunnsfunksjonar sette ut av spel på grunn av krig eller interne konfliktar. Etter det NOKUT har erfart, er det i slike tilfelle ofte vanskeleg å få tilgang til stadfesta læreplanar i fag og å få stadfesta at enkeltpersonar har gjennomført og bestått ei bestemt opplæring. Dette tyder på at personar med opplæring frå slike land, ikkje vil kunne få eit vedtak på at dei har fullført fagopplæring som er sidestilt med ei tilsvarande norsk fagopplæring.

Oslo kommune spør om søkjarar med høgare utdanning frå utlandet òg får rett til vidaregåande opplæring dersom verken den høgare utdanninga eller den vidaregåande opplæringa blir godkjend i Noreg. Departementet viser i denne samanhengen til at formålet med forslaget er at dei som har utanlandsk utdanning, skal kunne gjere seg nytte av den kompetansen dei faktisk har, og få det same høvet til arbeid eller til vidare studium som dei som har fullført vidaregåande opplæring i Noreg. Dersom ein søkjar med høgare utdanning frå utlandet ikkje får denne godkjend i Noreg, vil søkjaren vere i same situasjon som ein som ikkje har høgare utdanning. Dersom heller ikkje den vidaregåande opplæringa blir godkjend, vil dette hindre søkjaren i å skaffe seg høgare utdanning i Noreg. Slik departementet vurderer det, skal ein òg i slike tilfelle ha rett til vidaregåande opplæring.

4.5.3 Ungdomsrett eller vaksenrett til vidaregåande opplæring

Når det gjeld søkjarar som har gjennomført vidaregåande opplæring i utlandet, og som er over 25 år når dei søkjer vidaregåande opplæring i Noreg, meiner departementet – til liks med høyringsinstansane – at dei bør ha same rett som andre vaksne som er over 25 år og ikkje har fullført vidaregåande opplæring. Det vil seie at dei får rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3. Dei vil då ha rett til vidaregåande opplæring som er tilpassa etter det behovet dei har. Dei vil òg ha rett til å få vurdert realkompetansen sin for å finne ut kva slags opplæring dei treng.

Når det gjeld dei som har gjennomført vidaregåande opplæring i utlandet og er under 25 år, er det nokre omsyn som talar for at dei òg bør ha rettar som vaksne etter opplæringslova § 4A-3. Særleg for dei som er tett oppunder aldersgrensa på 25 år, har forsørgingsbør eller manglar veldig lite opplæring for å få studiekompetanse eller yrkeskompetanse, vil det vere tenleg å få ei opplæring som er komprimert og tilpassa i innhald, og som blir gjennomført slik at ho kan kombinerast med arbeid. For dei som er rundt 20-årsalderen eller manglar store delar av vidaregåande opplæring, vil det kunne vere ein fordel å få rett etter opplæringslova § 3-1. Då får dei høve til å få ei opplæring som strekkjer seg over tre fulle opplæringsår, og dei kan få ho saman med jamaldringar. Dei som treng spesialundervisning eller særskild norskopplæring, vil òg vere best tente med å få rett til opplæring etter § 3-1 i lova. Dei som får opplæring etter ungdomsretten, har rett til stønad frå Lånekassa etter ei ordning som er stipendbasert, med behovsprøving mot forsørgarøkonomi. Dei som får opplæring etter vaksenretten får derimot stønad som lån, med omgjering til stipend etter bestått eksamen, uavhengig av forsørgarøkonomi.

Nokre av omsyna følgjer alder, mens andre gjeld opplæringsbehov uavhengig av alder. Slik departementet vurderer det, vil det derfor ikkje vere tenleg å innføre eigne aldersgrenser for dei som har vidaregåande opplæring frå utlandet, slik enkelte høyringsinstansar foreslår. Departementet går i staden inn for ei fleksibel løysing, der dei som er under 25 år, har rett til å velje mellom opplæring etter § 3-1 og § 4A-3. Forslaget blir utforma slik at ungdom under 25 år får rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1, men dei kan velje å i staden få opplæring etter § 4A-3. Opplæring etter vaksenretten går vanlegvis raskare enn opplæring etter ungdomsretten fordi ho er komprimert, og fordi ho byggjer på realkompetanse. Departementet går ut frå at dei som har føresetnader for å velje vaksenretten, derfor vil velje dette alternativet. Ettersom opplæring etter vaksenretten ikkje inkluderer rett til spesialundervisning, gratis skyss eller særskild språkopplæring, vil ho normalt vere det rimelegaste alternativet for fylkeskommunen.

4.5.4 Kor mykje opplæring den enkelte skal ha

Enkelte høyringsinstansar spør om retten til dei med utanlandsk opplæring som ikkje blir godkjend, gjeld restopplæring, eller om dei får rett til ei ny vidaregåande opplæring. Departementet viser til at formålet med lovforslaget er å gi dei det gjeld, eit høve til å få studiekompetanse eller yrkeskompetanse. Ein del vil kunne oppnå dette med supplerande opplæring, mens andre vil måtte gjennomføre eit heilt opplæringsløp. Slik departementet ser det, er det grunn til å tru at søkjarane vil ønskje seg løysingar som gir dei studiekompetanse eller yrkeskompetanse raskast mogleg, og at det dermed er liten risiko for at retten blir brukt på ein annan måte enn det som er tenkt. Departementet meiner derfor ikkje at det er nødvendig å innføre nokon særskilde avgrensingar i retten til vidaregåande opplæring for dei med opplæring frå utlandet som ikkje blir godkjend i Noreg. Kva slags opplæring den enkelte skal få, vil dermed følgje av opplæringslova med forskrifter og av systemet i lova med inndeling i ungdomsrett og vaksenrett. Departementet foreslår at denne inndelinga òg skal gjelde for søkjarar med utanlandsk opplæring, slik at dei under 25 år får rett etter opplæringslova § 3-1 og dei over 25 år får rett etter opplæringslova § 4A-3 (sjå punkt 4.5.3).

Ved opplæring etter vaksenretten i § 4A-3 skal ein vurdere realkompetansen til søkjarane for å finne ut kva slags opplæring den enkelte treng for å oppnå studiekompetanse eller yrkeskompetanse. I tilfelle der den vaksne tidlegare delvis har fullført vidaregåande opplæring, vil det ofte vere ønskjeleg å fullføre ei påbyrja opplæring. Lova stiller derimot ikkje noko krav om dette. Opplæringa skal i alle tilfelle byggje på realkompetansen til den enkelte, og den vaksne får ikkje rett til opplæring i fag og delar av fag som vedkommande alt har kompetanse i. Dei som berre manglar enkelte fag eller delar av fag, til dømes norsk eller engelsk, kan velje å ta opplæring berre i desse faga.

Dei som gjennomfører opplæring etter ungdomsretten i § 3-1, må normalt fullføre eit heilt opplæringsløp. Regelverket opnar for at ein kan få godskrive fag og opplæringsår frå andre land, men i denne ordninga kan ein ikkje få mindre opplæring eller kortare læretid på grunn av den realkompetansen ein har. Slik departementet ser det, vil det ikkje ha noko særleg å seie om den enkelte søkjer seg til tilsvarande opplæring som vedkommande har gjennomført i utlandet, eller ei anna vidaregåande opplæring. Vedkommande skal uansett fullføre eit heilt opplæringsløp. Som nemnt i punkt 4.5.3, har fylkeskommunen høve til å tilby dei som har ungdomsrett etter § 3-1, å ta vidaregåande opplæring etter vaksenretten i § 4A-3 i staden. For dei under 25 år med utanlandsk opplæring som berre manglar enkelte fag eller delar av fag, vil truleg både den enkelte søkjaren og fylkeskommunen ha interesse i at opplæringa blir fullført etter § 4A-3.

4.6 Departementet sitt forslag

Departementet foreslår å innføre ein rett til vidaregåande opplæring for dei som har fullført vidaregåande opplæring i utlandet, og ikkje får denne godkjend som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg. Forslaget inneber at dei som er over 25 år, vil få rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3. Dei som er under 25 år, vil få rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1, men dei får i tillegg ein rett til å velje opplæring etter § 4A-3 i staden.

Til forsida